Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 237
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Sveits er vel kjent for å ikkje utlevere data om bankkundane sine. Men har det ikkje vore gjort avtalar mellom Norge og ulike skatteparadis som Sveits i dei seinare åra for å hindre snyting på skatten, kvitvasking osv.?
  2. Er ikkje dette eigentleg oppsiktsvekkjande i eit land der til og med postar som nemner Ole Brumm blir sensurerte?
  3. Dette er ikkje meir enn å korrigere for inflasjonen. Støtta må vel fleirdoblast dersom ein skal kompensere for at USA fell vekk.
  4. https://direkte.dn.no/krigen-i-ukraina/#163800
  5. Poenget mitt var at ein må ha overføringslinjer for å få vekk flaskehalsane, og at dette vil komme alle til gode både ved at ein får større tilgang på kraft og at spesielle vêrsituasjonar ein stad vil gje mindre utslag. Ein får utnytta krafta i staden for at vatnet renn forbi fulle demningar og rett i fjorden. Som du nemner er det mange omsyn å ta, og det spørst om det er mogeleg å få bygd ut kraft og straumnett på grunn av interessekonfliktane. Men eg tykkjer uansett at det er bra at ein ikkje trekkjer tilbake konsesjonar som forlengst er gitt. Når løyvet fyrst er gitt må ein kunne stole på at ikkje alle investeringar ein har gjort plutseleg blir verdilause på grunn av uføreseieleg politikk frå eit skiftande politisk fleirtal. Elles vil ingen tore å investere pengane i noko som helst. Og med det er denne avsporinga byrja å nærme seg det som er temaet i denne tråden.
  6. Det er framleis 10% toll på amerikansk import frå alle land bortsett frå Russland og Belarus, samt frå Bjørnøya og nokre pigvinøyer m.m. Så tollkrigen er på ingen måte over.
  7. https://www.dn.no/politikk/-norge-skal-ikke-bli-en-bank-for-eus-forsvarsinvesteringer/2-1-1803296 Artikkelen er bak betalingsmur, men sitatet seier iallefall sitt om kva Norge kunne ha bidrege med om vi berre ville.
  8. Billeg straum får ein ved å byggje ut vass- og vindkraft, investere i solcelletak og ENØK i staden for straumstøtte og "Norgespris", samt byggje kraftlinjer som jamnar ut flaskehalsane mellom ulike område i landet. Det er lite hjelp i ein straumpris på 1 øre/kWh i nord samstundes som kraftkrevjande bedrifter ikkje får etablere seg der på grunn av mangel på kraft. Kjernekraft gjev ikkje billeg straum, men vil redusere svingningar og vere nyttig for forsyningssikkerheita.
  9. Og når aktørane har posisjonert seg for at verdien skal gå opp må nokon selje. Og dermed blir nedgangen større. Når dollaren fell og rentene stig er dette eit teikn på at tilliten til USA som "trygg havn" er i ferd med å bli borte.
  10. https://www.nrk.no/urix/zelenskyj_-har-teke-kinesiske-soldatar-til-fange-i-ukraina-1.17375310
  11. "Ytringsfridom" i USA gjeld fyrst og fremst berre så lenge ytringane støttar dei høgrevridde makthavarane. Kan det vere slik at Twitter fjernar ytringar som ikkje er i favør av Russland, evt. at ytringane blir "rapporterte" av russiskvennlege botar og deretter fjerna?
  12. Norge, Lichtenstein, Island og Sveits inngår frihandelsavtale med Ukraina. https://www.vg.no/nyheter/i/wgQv2o/norge-signerer-ny-frihandelsavtale-med-ukraina
  13. https://www.vg.no/nyheter/i/1MbVRM/video-avsloerer-russisk-loegn-om-nato-offiserer-i-ukraina Målet for det russiske angrepet på Kryvyj Rih var ein skjønnheitskonferanse.
  14. Og dermed var oljeprisen ned igjen, og Oslo og dei andre børsane fell vidare.
  15. Det er visst høgst usikkert kva Trump "vurderer". https://www.dn.no/bors/wall-street-faller-igjen-etter-elleville-bevegelser/2-1-1803541
  16. Det ser ut til at fallet avtek. Oslo er i grønt. Men høyrer ikkje denne tråden eigentleg til i økonomiforumet?
  17. For å sitere ein kommentar i eit kommentarfelt for nokre år sidan: Renta vil gå opp eller ned eller forbli uendret. Hilsen "ekspert".
  18. Raudt, Frp, SV, KrF Eg likar ikkje parti på ytterfløyane. Raudt er i tillegg uaktuelle på grunn av at partiet vil vende ryggen til våre allierte, og har vanskar med å støtte Ukraina. (Krf har eg faktisk stemt på ein gong, men stemma til Bondevik var like mykje ei stemme til SP og ein protest mot Jagland sitt ultimatum om å gå av dersom ikkje AP fekk minst 36,9%).
  19. https://www.nrk.no/urix/flere-skadde-etter-luftangrep-mot-kyiv-1.17372011 Dette viser iallefall at Russland bles ein lang marsj i Trump sine forsøk på å få til fred i Ukraina. Men dei målretta angrepa på sivile er kanskje også eit teikn på at det går dårleg for Russland ved fronten for tida?
  20. At ein FN-organisasjon fordømmer Russland er vel ikkje akkurat kvardagskost?
  21. Kryvyj Rih har vel blitt angripe mange gonger sidan 2022. Terroriseringa av Kryvyj Rih er neppe tilfeldig, men viser eit ynske om å ramme Zelenskyj.
×
×
  • Opprett ny...