Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 067
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. https://www.nrk.no/urix/ukrainsk-smaby-trosser-alle-odds-_-gjenopptar-eksport-til-tross-for-russiske-angrep-1.16766173
  2. Så det einaste som vart sagt var altså at Ukraina endeleg skal få det som Danmark lova dei for eit år sidan? Det er i så fall på tide!
  3. Jaja... Kanskje dei kjem til Ukraina før ein skriv 2025?
  4. Kva som ville ha skjedd dersom han ikkje hadde torpedert atomavtalen får ein aldri vite. Det kan godt hende at resten ville ha skjedd uansett. Ein kan forresten seie det same om forholdet mellom USA og Kina. Her var det eit brukbart forhold fram til Trump sette opp tollmurar og nekta kinesarane tilgang på teknologi.
  5. Biden er "sikker" på at dei får pengane. Så langt er dette tomme ord.
  6. Her kom flya med på fyrste oversikt. Kvar i all verda vart det av dei forrige flya som aldri vart talde med?
  7. I stad fekk eg berre "noe gikk galt". Etter gjentekne forsøk måtte eg berre gje meg. No kom eg rett inn. Eg brukar Opera på Samsung s23 ultra, samt Chilimobil (Telia-dekning).
  8. https://www.vg.no/nyheter/meninger/i/ve033V/zelenskyjs-oppgjoer-med-putin
  9. https://www.nrk.no/urix/kvifor-doyr-fiendane-til-putin_-1.16766905
  10. Russisk tenestenektangrep fordi vi er for harde med trolla deira?
  11. Det går lang tid å laste i dag, og eg får bad gateway rett som det er.
  12. Men lavaen legg seg ikkje kvadratisk. Ved det siste utbrotet vart vel deler av den til ei lang elv som rann over vegar og kutta fjernvarmerøyr.
  13. Synest amerikanarane at det er betre med ein president som er berre 4 år yngre, men som i tillegg er klin kokos?
  14. Om ei løgn blir gjenteken mange nok gonger blir den til slutt oppfatta som sant. Det er vel dette ein ser i Russland også. Det er sikkert ein del som trur at Ukraina blir styrt av "nazistar", at Russland er "i krig med NATO", osv.
  15. Dersom Trump hadde trua med 3. verdskrig ville kanskje ikkje invasjonen i 2022 ha skjedd i det heile teke. Men heller ikkje eg har noko tru på at Trump ville ha gjort noko særleg for Ukraina verken då eller i framtida, berre så det er sagt. Analysen om at Putin ser på Trump som ein svak leiar som skaper kaos og forvirring er nok rett. Men eg er skuffa over at Biden-administrasjonen, Tyskland m. fl. ikkje har gjort meir på eit langt tidlegare tidspunkt for å støtte Ukraina medan dei hadde vind i segla og før russarane fekk reorganisert seg og gravd seg ned.
  16. Enten ein likar det eller ikkje, så har han eit poeng. Putin likar svake amerikanske presidentar som Obama eller Biden, fordi dei er redde for å eskalere og slit med å stå imot russisk press over tid. Når det gjeld Trump er det vanskeleg å vite kvar ein har han. I den eine augneblinken kan han skape usikkerheit om NATO, bruke Ukraina i eit politisk spel eller beundre Putin. I neste augneblink kan han snu tvert om. Det er ingen som veit verken kva han ville ha gjort dersom han hadde vore president då Russland invaderte Ukraina i 2022 eller kva han kan komme til å gjere dersom han endar opp som president etter at det politiske valkampspelet er over. Trump er i stand til å finne på nesten kva som helst.
  17. Også VG skriv om den mogelege atomtrusselen: https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/gE5WlB/advarer-om-russisk-atomtrussel-i-verdensrommet
  18. Eg tenkte på spelet rundt den forrige pakken, som omfatta innvandringsspørsmålet/grensespørsmålet mot Mexico. Elles er det i representanthuset slaget vil stå. Kongressen består som kjent av både huset og senatet.
  19. Meiner han dette? Er dette eit forsøk på å gjere Biden meir upopulær ved å gje han russisk "støtte"? Eller er det kanskje slik at Putin føretrekkjer Biden fordi han er svak? Trump har elles sagt mykje rart. Ein president som blir vald for sin andre periode kan ikkje veljast på nytt, og står såleis friare i forhold til veljarane. Eg har tenkt tanken at for alt ein veit kan Trump vere den som set hardt mot hardt og gjev Ukraina det dei treng for å slå Russland, vinne tilbake dei okkuperte områda og avslutte krigen ein gong for alle. Trump kalla Kim for "Rocket man", og var i neste augneblink på statsbesøk i Nord-Korea og forhandla om fred. Ingen veit kvar haren hoppar. Kanskje har Putin grunn til å frykte kva Trump kan finne på?
  20. Motstanden mot Israel sin brutale krig veks i USA, som tradisjonelt har stått last og brast med Israel. Korleis er stemninga når det gjeld Ukraina-krigen, den manglande støtta til Ukraina og NATO og spelet rundt innvandringsspørsmålet og pakken som vart stemt ned i senatet? Er dette gode valkampsaker for republikanarane?
×
×
  • Opprett ny...