Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 104
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Samandraget ser ut til å vere av Denys sin video.
  2. Denys var inne på det same. Polen vart vel stansa (av USA?) då dei snakka om å skyte ned russiske droner over vest-Ukraina. Spørsmålet er om Romania kan flytte på denne sjølvpålagde avgrensninga, og gjere det lettare for Polen og evt. andre land å følgje etter. Eg har elles eit lite håp om at Biden, sidan han uansett ikkje vil bli attvald som president, no kan velje å gå litt meir "all in" og fjerne avgrensningar på bruk av amerikanske våpen slik at Ukraina slepp å kjempe med ei hand på ryggen. Russland vinn sakte men sikkert terreng, og skal krigen snu før ein ny mann eller kvinne inntar det ovale kontoret byrjar det å haste.
  3. Dette var ein lang vegg av tekst som for det meste er bullshit og whataboutism. Det var aldri fleirtal i Ukraina for at Ukraina skulle bli med i NATO, verken før annekteringa av Krim i 2014 eller før fullskalainvasjonen i 2022. Derimot har krigen i Ukraina gitt to nye NATO-medlemmer, NATO rustar opp, og land som grensar til Russland væpnar seg til tennene. Samstundes trekkjer Russland styrkar og utstyr vekk frå grensene mot NATO for å setje dei inn i kjøtkverna i Ukraina. Så kva var den eigentlege grunnen til annekteringa av Krim, krigen i Aust-Ukraina og fullskalainvasjonen i 2022?
  4. Dette er vel feil samandrag? Samandraget stammar frå videoen frå "reporting from Ukraine"
  5. Starytsia frigjort. Dette kan bane veg for knipetangsmanøver rundt Vovtsjansk.
  6. Gårsdagens oppdatering frå Denys: Google gjev no tilgang til skarpe satellittbilete frå Russland og okkuperte område, men bileta er ikkje oppdaterte slik at ein kan sjå resultatet frå dag til dag av jobben ulrainske droner gjer med russiske flybasar osv. Regimet er tydelegvis redde kritiske ytringar på nettet frå russiske soldatar, eller for at dei heime skal få vite korleis det går med krigen eller deira kjære. Difor har Dumaen vedteke at mobiltelefonar og kommunikasjonsutstyr som soldatane eig skal konfiskerast. Samstundes er russisk militært kommunikasjons- og navigasjonsutstyr dårleg og/eller manglande, slik at soldatane ofte må bruke sitt eige utstyr. Dette vil difor truleg hemme Russland i krigføringa. Elles er mykje av det han snakka om allereie gjort kjent i tråden, og nokre ting ikkje. Nokon kan kanskje lage ei ChatGPT-oppsummering.
  7. Straumbrota som har vore i deler av Russland og dei okkuperte områda i seinare tid er også godt nytt her.
  8. Skal det ikkje vere parlamentsval i Georgia i haust? Er alt håp ute for at den Russlandvennlege regjeringa skal bli kasta?
  9. Vil Kamala Harris som president kunne føre til endringar i forhold til støtta til Ukraina? Er ho "rett" dame på rett stad? Vil ho støtte Ukraina like sterkt som Biden? Vil ho lytte mindre til Sullivan og andre som er redde for atomspøkjelset, og vil ho vere den som fjernar restriksjonane på bruk av amerikanske våpen? (Eg er elles også spent på kven som blir visepresidentkandidat).
  10. https://www.nrk.no/urix/putin-nekter-a-diskutere-nikab-1.16962521
  11. Dyrehagen i Kharkhiv - Ein fristad i krigen. https://www.nrk.no/urix/et-fristed-i-krigen-1.16920709
  12. Må det ikkje kunne forsvarast uansett?
  13. Det gjorde at Russland ikkje kunne ta styrkane frå Kherson og setje inn andre stader. Russarane mista vel også mykje utstyr der, og heilt sikkert også ein del personell. Samstundes var det vel ein general som fekk sparken nyleg fordi han tilsynelatande saboterte dei ukrainske styrkane, enten på grunn av udugelegheit eller kanskje til og med fordi han var i lommen til russarane. Det er mogeleg at det kan ha noko med saka å gjere. Det er nok meir bruk for soldatane andre stader på fronten no. Så håpar eg at Ukraina kjem sterkt tilbake seinare og tek både den okkuperte delen av Kherson, Krim og dei andre områda som er okkupert av Russland.
  14. At dette viser at regimet er redd for at folk skal hoppe av.
  15. Samstundes har det blitt rapportert at presidenten har "korona". Det meste tyder vel på at Trump blir den neste presidenten. Eg trur at den einaste sjansen demokratane har til å gje han litt motstand er å la Harris ta over som presidentkandidat.
  16. Hugs at Europa inkluderer leiarar som Scholz og Orban, samt at putinistane frå ytre høgre har framgang mange stader. Tyskland sitt bidrag er å halvere støtta til Ukraina i ei tid der den burde ha vore auka.
  17. Det blir iallefall ikkje Tyskland og Scholz som bidreg til dette, og heller ikkje Støre. Polakkane har derimot skjønt det.
  18. Det går mange golfbilar, motorsyklar og droner, men også mykje artilleri og noko panser. I tillegg har 1130 orker forlate fronten, forhåpentlegvis for godt.
  19. Og dette finn vel lokalbefolkninga seg berre i, så lenge det er den store tsaren som krev det. Kjem det aldri ein gnist som tenner det endelege opprøret mot den store Putler, og som set ein stoppar for galskapen?
  20. Ho er vel lur nok til å tenkje på tida etter Trump. Ho har elles heilt rett i at USA treng ein sterk president for å avslutte krigen og setje Russland på plass. Biden-administrasjonen som stadig lar Ukraina kjempe med ei hand på ryggen har vore ein skuffelse. Hadde USA og NATO sagt i utgangspunktet at ein ville forsvare Ukraina (som med Taiwan) hadde kanskje ikkje invasjonen skjedd. Zelenskyj er heller ikkje utan skuld. Han tok ikkje truslane frå Russland alvorleg nok. Hadde Ukraina vore betre førebudde hadde kanskje ikkje Kherson og Zaporizja falle like lett som det gjorde.
  21. Eg kan ikkje hugse å ha høyrt at også USA bidrar med F16. Dersom tala i ChatGPT-samandraget stemmer og at flya faktisk blir levert i rimeleg tid før det har gått år og dag byrjar det å monne. Samstundes er det tragisk at Ukraina framleis vil måtte kjempe med ei hand på ryggen, også når det gjeld F16. Ukraina må ha lov til å bruke desse flya slik det passar best, inkludert over grensa til Russland.
  22. Dette er ei god påminning om råda om beredskapslager. Det viktigaste ein må lagre er drikkevatn.
  23. Både Ukraina og deler av Aust-Europa har vel vore avhengig av russisk gass, og det er vel snart tid for å reforhandle avtalen om transitt av russisk gass gjennom Ukraina. Avtalen vil vel sannsynlegvis bli skrota, og då kjem nok dette vel med vil eg tru.
  24. Eg har ikkje sett videoen, men er dette basert på den informasjonen ein hadde om britisk klarsignal før dette vart debunka? Edit: @Mannen med ljåen har stadfesta at det var slik eg frykta.
×
×
  • Opprett ny...