Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 070
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Det finst flyktningar som reiser tilbake til krigsområda: https://www.nrk.no/urix/_-rakettene-flyr-heldigvis-over-hustakene-na-1.16758367
  2. https://www.nrk.no/norge/listhaug-vil-ruste-norge-for-krig-med-oljepenger-1.16752947
  3. Eg klarer ikkje å sjå at fordriving av palestinarane på Gaza på nokon måte veg opp for den russiske aggresjonen i Aust-Ukraina. Blir Russland ein mindre trussel fordi om Gaza blir utsletta?
  4. Ein får i det minste håpe at når Starlink ikkje er blokkert for russarar i okkuperte område, så er det heller ikkje blokkert for ukrainske soldatar eller droner i dei same områda. Sidan Musk virkar å vere Putin-vennleg bør Ukraina finne alternativ til Starlink for kommunikasjon.
  5. Er det vanleg at eit intervjuobjekt berre lar seg intervjue av journalistar som er einige med dei? Kva om f.eks. Sylvi Listhaug ikkje ga intervju til andre enn resett.no? "Intervjuet" gjer skade ved at det finst folk som trur på alle løgnene som blir presentert. Det kan vere vanskeleg å nå fram med korrekt informasjon til dei som er utsette for påverknad. Her er eksempel på nokre av løgnene om Zelenskyj: Og her er 10 løgner om Polen og Ukraina: https://www.gov.pl/web/diplomacy/mfa-statement-on-president-vladimir-putins-10-lies-on-poland-and-ukraine-which-were-not-rectified-by-tucker-carlson-interview-of-8-february-2024 Journalistikk er å stille kritiske spørsmål. Å gje løgnarar ein talarstol er ikkje journalistikk.
  6. Nei. Samarbeid, dialog, rett og gale er det som gjer oss til det vi er. Forkastar ein dette har ein ikkje lenger demokrati eller rettsstat å forsvare. Ein må samarbeide og ruste opp for å forsvare demokratia våre. Israel er eitt av mange eksempel på demokrati og rettsstatar som har store problem, ved at politikarar vil setje seg over rettsstaten og ein statsminister som klamrar seg til makta for ikkje å bli dømt for korrupsjon. Ein må ha fleire tankar i hovudet på same tid. Ein må samarbeide for å bekjempe terror, men når ein bombar og svelt sivilbefolkninga fordi ein trur ein skal ta knekken på Hamas på den måten vekkjer det berre avsky. Historia om jenta som trygla om hjelp på telefonen medan alle rundt henne var døde, og som raude halvmåne og ambulansearbeidarar prøvde å redde, men der både ambulansearbeidarane og jenta døydde viser kor grufull og tragisk krig kan vere. Krigen på Gaza kjem til å henge som ein skamplett over Israel i lang tid. Då eg voks opp høyrde ein historier som Anne-Franks dagbok, men historia om den palestinske jenta som ville bli lege og hjelpe andre er ikkje mindre tragisk. Israelarar og palestinarar må lære seg å leve side om side i fred, noko anna endeleg løysing på konflikten er ikkje akseptabel.
  7. Er det faktisk journalistikk når Putin ikkje gjev intervju til andre enn dei som støttar han? Det er mange vestlege journalistar som har vilja intervjue Putin etter at Russland gjekk til fullskala krig mot Ukraina, men alle andre har vel så langt fått nei. Ein må rekne med at spørsmåla var godkjende på førehand, og Putin kom med mange løgner. Slik eg forstår det fungerte intervjuet som ein talarstol der Putin fekk framføre løgner og propaganda. (Eg har ikkje sett intervjuet).
  8. https://www.nrk.no/norge/fryktet-hemmelige-forsvarspatenter-pa-avveier-i-kina-1.16727386
  9. Russland var visstnok nær ved å starte atomkrig i 1995 etter at dei feiltolka forskingsrakett frå Andøya som amerikansk atomrakett. Det var visstnok også ein episode på 1980-talet med sovjetisk feildeteksjon. Lukka var at dei som skulle ta beslutningane hadde is i magen. Ein får håpe at ein har betre system i Vesten. Poenget mitt var at risikoen for feil aukar med utbreiinga, og då blir spørsmålet om nytteverdien er større enn den auka risikoen dei medfører. Å bruke atomvåpen i ein krig vil vere galskap, og atomvåpen vil såleis neppe kunne beskytte oss mot ein konvensjonell krig. Om Russland trykkjer på knappen risikerer dei å få atombomber i fanget uansett om dei er lagra i Norden eller ikkje. Vil atombomber lagra i Norge eller Norden utgjere nokon skilnad?
  10. Sidan litt av teksten er skjult limer eg inn lenke til uttalelsen: https://www.gov.pl/web/diplomacy/mfa-statement-on-president-vladimir-putins-10-lies-on-poland-and-ukraine-which-were-not-rectified-by-tucker-carlson-interview-of-8-february-2024
  11. Dette er eg heilt einig i. Men samstundes aukar også risikoen for at ein atomkrig blir starta ved ein feil.
  12. Tilsvarande tråd i Digitalarkivet: https://forum.arkivverket.no/topic/335157-informasjon-til-stort-kunstprosjekt-om-krigsaktivitet/
  13. Det kjem jo an på kor mykje data du treng. Eg har Chilimobil fri data, og har då 100 GB med fri fart for 399 kr. i månaden. Med på kjøpet følgjer fri bruk av tale til vanlege telefonnummer innanlands, sms eller mms. Ekstra data-sim kostar 59 kr. i månaden om eg hugsar rett. Dei har også tilsvarande abonnement til 349, men med lågare hastigheit.
  14. https://www.nrk.no/urix/presidentkandidat-vil-tillate-atomvapen-pa-finsk-jord-1.16755807 Atomvåpen er blitt tema i presidentvalkampen i Finland.
  15. https://www.nrk.no/urix/president-zelenskyj-mistet-troen-pa-ukrainas-_jerngeneral_-1.16755597
  16. Nettavisen hadde vel ein slik, der det var berre eitt svaralternativ. https://www.nettavisen.no/tror-du-putin-blir-karet-til-vinner-av-det-russiske-presidentvalget/x/5-95-1511281
  17. Ein god analyse. Om han ikkje skal bli utvist frå universitetet og hamne i fengsel må han vere litt forsiktig med kva han seier openlyst. Han nemner m.a. at russarar flest er irrasjonelle og tenkjer kortsiktig. Diverre kan ein ofte seie det same om folk i demokratiske land. Folk er opptekne av straumprisar, matvareprisar, innvandringspolitikk, krigen i Gaza m.m., medan ein ikkje er i stand til å ta inn over seg langsiktige endringar som f.eks. klima og sikkerheitspolitikk. Støre-regjeringa si handlingslamming er eit resultat av dette. Demonstrasjonar mot norske våpenprodusentar er eit anna resultat. Amerikanarane si beundring av Trump og isolasjonisme, samt handlingslamminga i kongressen er nok eit eksempel. I eit autoritært land blir folk tvinga til å dra i same retning. I eit demokrati spriker det i alle retningar, og det må ofte ei alvorleg hending til som f.eks. terror eller overfallsangrep til for å samle folk slik at ein dreg i same retning. Men då kan det vere for seint.
×
×
  • Opprett ny...