
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 813 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Luftforsvaret har også aktive tenester, men det er ofte meir teknisk og mindre "grøn teneste". Det nærmaste tradisjonell grøn teneste i Luftforsvaret er nok luftvernartilleriet. Hundeførarane er også mykje i felt. Ellers vil eg dra fram vakt og sikring, der får du mykje våpentrening på ulike våpen men det er sjølvsagt mindre vandring ute i skogen. Brannvernsoldat kan også nemnast, er vel organisert under vakt og sikring. Her er det nesten ikkje vanleg militærteneste i det heile tatt, men du får lære og praktisere eit yrke.
-
De er egentlig feil kandidater begge to.
- 142 svar
-
- 2
-
-
Tviler sterkt. Det er lite nytt med energidrikkar. Kaffe pluss brus blir innholdsmessig veldig likt, og det er mange nok som har hatt eit stort nok forbruk til at skadevirkningane av energidrikk bør være kjent. Det er marginalt enklare å få i seg store doser med koffein gjennom energidrikkar, men i andre land som Sverige så har koffeintablettar vært tilgjengeleg, og det er mykje lettare å ta overdose på tablettar enn det er via drikke.
- 30 svar
-
- 1
-
-
Mitt beste råd er å være førebud på å svare ut kva prioriteringar du har tatt. Kva avgrensa du oppgåva til, kvifor valde du akkurat denne problemstillinga, kva kunne du jobba vidare med, osv er typiske spørsmål.
-
Det eg tenker mest på er at det ofte blir berekna så god sikkerheits margin med at fartsgrensa blir satt ned i veldig god avstand til dei farene som gir grunnlaget for nedsatt fartsgrense. Litt sikkerheitsmargin må ein uansett ha, men det tek vekk litt av respekten for fartsgrensene når fartsgrensa går ned utan at det er tydeleg kvifor fartsgrensa blir redusert. Eg er ingen forkjempar for høge fartsgrenser. Til dømes bør det fobi skuleområder og liknande være maks 40 eller 30 km/t, men så bør ein tørre å la trafikken gå litt opp i fart når ein har passert omsynssona. Å gi førarkortbeslag på målingar 100 meter bak 60 sone skiltet vil eg meine er litt strengt sjølv samanlikna med å holde 90 km/t gjennom heile 60 sona.
-
I mange tilfeller er eg einig, der eg ikkje er einig er der ein har standariserte høge bøter som i liten eller ingen grad tek omsyn til det reelle faremomentet. Til dømes så er det stor forskjell på å bli tatt i å skrive tekstmelding i 50 sona forbi ein barneskule, og det å bli tatt i å skifte sang på Spotify medan du står og venter på raudt lys med bilen i park. Likevel er bota den same. Dette er eg heilt einig i. Det som eg ikkje synes noko særleg om er at det i veldig mange tilfeller så er det førarkortbeslaget som svir. At du får 10 000 kr i bot er mykje pengar, men det er ein liten sum samanlikna med kostnaden du får dersom du mister jobben eller blir avhengig av å bruke taxi. Likevel så er det på den andre sida slik at dersom du er fullstendig galning i trafikken så blir du frådømt sertifikatet "for alltid", som i praksis betyr i 5 år før du har rett til å få starte å køyre igjen om du ikkje har blitt tatt i å bryte vegtrafikklova under tapsperioden. Det er greit nok at alle fortener ein ny sjanse, men har du blitt tatt for ørtande gang i å fyllekøyring, køyring utan førarkort eller anna farleg køyring så burde det være mogleg å frådømme dei verste galningane førarretten i minst 10 år om ikkje lenger. Sjølv om tap av førarrett formelt sett ikkje er ei straff, og at førarretten ikkje er ei rettigheit så stiller eg spørsmål om kva ein lærer av å få bot og førarkortet inndratt i minst 3 månedar som ein ikkje også hadde lært om ein hadde fått bot og 7 dagar utan sertifikat? For min del er så er det langt lettare å planlegge for eit par månadar med soning enn å klare seg nokre månedar utan førarkort. Skal eg i fengsel så skal eg nok klare å bruke ferie og ulønna permisjon og på den måten ikkje trenge å seie opp jobben min, men det er langt meir utfordrande å behalde jobben min om eg ikkje kan køyre bil dei neste tre månedane. Burde ikkje straffa for fartsoverskridelsar være bøter, og beslaglegging av førarkort forbehold hendingar der dette er nødvendig for å ivareta samfunnsikkerheita? For det kan vel argumenterast at at det ikkje er stor fare for at trådstarter som var alt for sein med å slakke ned i 60-sona vil fortsette å råkøyre etter å nettopp ha fått 13 500 kr i bot.
- 77 svar
-
- 2
-
-
-
Det betyr eigentleg berre at det fyrst blir eit spørsmål om påvirkningsgrad dersom du velter og skader deg. Er du ikkje synleg påvirka og ikkje har laga farlege situasjonar så har du lite å frykte. Største faremomentet er kanskje at du feilvurderer i kva grad du har blitt påvirka eller ikkje.
- 8 svar
-
- 1
-
-
Når du har fått forelegget så skal det mykje til for at saka blir henlagt. Det er sjølvsagt mogleg at det skjer dersom du ikkje aksepterer forelegget og det ikkje er kapasitet til å følgje opp saka di rettsleg, men det som er mest realistisk er at du berre må gå å vente veldig lenge før du får saka behandla og du får starta med tapsperioden. Skal du fyrst miste sertifikatet så er dette eigentleg beste tida, dei fyrste 2-3 månadane er sommartid så då får det ikkje like stor betydning for dine daglege rutiner og jobbpendling. Det er også openbart beste årstida for å gå eller sykle. Sånn sett er det mykje verre å miste førarkortet på hausten og måtte klare seg utan sertifikat gjennom vinteren. Akspeterer du forelegget så får du sertifikatet tilbake i starten av oktober. I 60 sone så er normal tapstid dersom du blit tatt i mellom 86 og 95 km/t 3 til 6 månedar. Her vart du tatt i 90 km/t så fem månadar viker å være omtrent korrekt. Så einaste grunnen til å ikkje skulle vedta forelegget er dersom du meiner at det er grunnar som gjer at tapstida burde vært kortare. Etter tapsforskrfita så legg ein til grunn at farta er målt på tørr vegbane i dagslys utan vegkryss, eller andre skjerpande forhold, så andre køyreforhold vil være straffeskjerpande ikkje formildande. Det som kan gi grunnlag for formildande omstendigheiter er dersom ein vart tatt i umiddelbartilknytting til forbikøyring under ellers aktsom forbikjøyring. Det er også ein paragraf som seier at tapsperioden skal ta hensyn til konsekvensane det tapet får for deg, men berre dersom det er meir byrdefullt enn det som er normalt. Dermed kan det her være eit lite rom for å krangle på tapstida dersom førarkorttapet før uforholdsmessige store konsekvensar for deg, men ein kan ikkje pårope seg ting som ein burde kunne forutsjå som at tap av førerkort gjer det utfordrande å kome seg på jobb, gå i butikken, osv.
- 77 svar
-
- 3
-
-
-
Trenger et nettbrett som bruker lite strøm, hva skal jeg kjøpe?
The Avatar svarte på doktorspiff sitt emne i Nettbrett
Det du bør sjå på er batterikapasitet opp mot skjermstørrelse og prosessor, liten skjerm og lav klokkefrekvens på prosessoren gir lågare straumforbruk enn ein stor skjerm og kraftig prosessor. På fjelltur så er det som ofte dreg mest straum at nettbrettet/telefonen konstant søker etter dekning i områder med dårleg eller ikkjeeksisterande dekning. Slår du av brettet så har du kontroll på dette, om ikkje så kan det være greit å laste ned det aktuelle kartutsnittet på førehand og ha nettbrettet i flymodus når du bruker brettet som GPS. Du bør være ekstra forsiktig med å bruke nettbrettet der du har dårleg signal ettersom det tappar batteriet fortare. Det kan også være ein idé å begrense nettbrettet til 4G (eller treigare) slik at nettbrettet ikkje brukar straum på å søke etter betre signal. Eg tenker at du kjem langt med eit billig nettbrett med OK batterikapasitet, så å kjøpe eit nettbrett av litt eldre modell på Elkjøp burde nok gå heilt fint. Til ditt bruk så hadde eg nok vurdert å kjøpe ein batteribank som også kan ladast med solcelle og/eller sveiv slik som denne: https://www.prisjakt.no/product.php?p=7323814 Då har du litt meir margin for høgt straumforbruk og du er ikkje fullt like avhengig av å være sparsomeleg i bruken. Merk likevel at det lader treigt når du bruker solcelle eller sveiv, men om du fester den utanpå tursekken så kan du vedlikeholdslade batteribakken i løpet av dagen.- 20 svar
-
- 2
-
-
Vegtrafikklova fastsetter ei promillegrense på 0,2 promille for fører av motorvogn. Så her blir det ein forskjell ettersom elsparkesykkel er motorvogn medan elsykkel er definert som sykkel så lenge hjelpemotoren ikkje er for stor. Det generelle kravet om å være skikka til å køyre gjeld uansett, men på elsparkesykkel og vanleg bil så må du avlegge promilleprøve som definerer om du har fyllekøyrt eller ikkje. På vanleg elsykkel så må det gjerast ei kontrekt vurdering om du er skikka. Tilsvarande så vil du som fører av elsparkesykkel være omfatta om regelen om at du må avstå frå alkohol eller bedøvande middel dei fyrste seks timane etter køyring der det er grunn til å tru at det kan bli ei politietterforskning, denne plikta har du ikkje som elsyklist. All ferdsel i trafikken skal være trygg, men du har litt meir slingringsmonn på elsykkel der elmotoren berre er ein hjelpemotor.
- 8 svar
-
- 2
-
-
Det er også forskjell på kva du som idrettsutøvar bli diska for. Ein kan bli diska både for å bli tatt for dopingbruk og ein kan bli diska fordi ein ikkje har betalt deltakaravgifta som krevs inn for å stille til start. Er du dopingtatt så blir alle dine sportslege kvalifikasjonar satt i tvil, men blir du diska på grunn av ein formalfeil så er det rett at du blir diska men det er ikkje rom for å tvile på at du har dine sportslege kvalifikasjonar i orden.
- 982 svar
-
- 2
-
-
Bilgodtgjersle/køyregodtgjersle/kilometergidtgjersle er kompensasjon for bruk av eigen bil. Alternativet er å ha firmabil der ein skatter for fordelen. Eg forstår det slik at du har firmabil som du brukar både privat og til jobb? Om NAV ikkje klarer å svare deg så skal ikkje eg være påståeleg, men eg tenker at du har 0 kr i bilgodtgjersle ettersom du ikkje får kilometergodtgjersle for køyringa i arbeidstida.
-
I staden for at A angrer seg to dagar seinare og starter ein stor og ressurskrevjande prosess, kan ikkje A berre følge vanleg saksgang ved å politianmelde? Det einaste ein oppnår med dette systemet er at det er litt enklare for A å få tilbake pengane i den uvanlege situasjonen det er å bli rana via Vipps. Ulempane er at funksjonen fort kan bli misbrukt, at det krev mykje ressursar frå politiet utan at det er grunnlag for at politiet skal innvolverast, og ikkje minst mykje av poenget med å motta betaling forsvinn dersom pengane fleire dagar seinare blir trekt frå kontoen. Kva er det som skal hindre at eg til dømes angrer kjøpet av togbillet etter at eg er ferdig med reisa og dermed har brukt opp tenesta?
- 5 svar
-
- 1
-
-
Kan dei true deg til å overføre pengar så kan dei også true til å installere appen på nytt. Synes også at det er rart at det ikkje er gjort pågripingar. Veit ein kvenske offeret er så kan vel politiet gå via Vipps loggen for å finne mottakaren?
- 171 svar
-
- 2
-
-
Du er faen meg dum hvis du tror på det. Eg tenker at forklaringa er plausibel nok, sjølv om det var utruleg korttenkt. Det å førebygge kriminalitet er også innafor politiets mandat, men dersom det var ein reell frykt for at han som filma kom til å henge ut Simensen ved å publisere videoen på sosiale medier, så burde situasjonen vært løyst ved å ta beslag i videoen utan å slette bevis/dokumentasjon. Sett i ettertid så kunne til og med videoen vært til hjelp for den voldsdømte politimannen ettersom denne mobilvideoen kanskje har fanga opp lyden, og dermed kva ordrer den voldsdømte politimannen eventuelt kom med rett før volden. Hadde dette vært ei anna sak med uønska filming, som til dømes filming av eit seksuelt overgrep så hadde telefonen heilt sikkert blitt beslaglagt for å på den måten både unngå publisering og sikre bevismaterialet. Det er noko som heiter "Never attribute to malice that which is adequately explained by stupidity", eg tenker derfor at det er minst like sannsynleg at denne slettinga av videoen var eit resultat av idioti og ikkje ondskap. Det er ikkje så lett å bevise at handlinga berre kan ha vært motivert av eit ønske om å slette bevis, og ikkje for å skåne identiteten til han som vart filma.
-
Det kan variere litt alt etter fagområdet. Veldig ofte så er det ikkje eit snitt på C eller B som avgjer om du får jobben, og då kva lønn du får. I veldig mange utdanningar så er det viktigaste at du har fullført og har den formelle kompetansen med akseptabelt resultat, og deretter er det alt det andre du har på CVen som avgjer om du får jobben. Arbeidserfaring, referansar, personlegheit, osv har også stor betyning. Det er ikkje så veldig mange fagområder der det å få C i snitt er heilt krise. Er det slik at lønn frå ei 1,5 fulltidsjobb er heilt nødvendig, eller har du litt spelerom? Har du gjort berekninga for korleis du kjem ut skattemessig? Jo større samla inntekt du har jo meir pengar forsvinn ut i skatt. Mange opplever at ved å gå ned frå 100% til 80% stilling så får dei nesten same utbetalinga pågrunn av at skattetrekket er mindre når ein har 20% mindre i inntekt. 50% stillinga du har er nok gull vekt ettersom du har god inntekt igjen for få investerte arbeidstimar. Men om du kan gå ned til 80% stilling i hovudjobben din så blir det enklare å kombinere med nattarbeidet, og du får 20% ledig arbeidskapasitet som du kan bruke på studiane, og på grunn av at du typisk betalar meir i skatt jo meir du har i inntekt så er det ikkje sikkert du taper så veldige mykje i rein utbetaling på å jobbe mindre. Det du tapar er sjølvsagt pensjonsoppsparing og slikt, men for ei kort periode så burde den ulempen være akseptabel.
-
I eit burettslag så er det ikkje ditt eige hus, der har du ein bruksrett og så er det fleirtalet i generalsforsamlinga / styret som bestemmer kva som er lov og ikkje lov. Du har rett i at ulempen også må være ein urimeleg ulempe for at den kan forbys, men det same gjeld ting som på unødvendig vis er til skade eller ulempe. Det er på ingen måte gitt at det å drive med snekring i boda er å ansjå som så nødvendig at styret må sjå vekk frå at det også medfører nokre ulemper. Det at eit burettslag har forbod mot støy etter kl 23 er ikkje det same som at ein har rett til å bråke så mykje ein vil fram til kl 23, det må uansett gjerast ei vurdering av om støyen er nødvendig, alternativt om ulempen er så stor at den er urimeleg. Det er opplest og vedtatt at ulemper som at ein har innekatt, røyker og høyrer musikk vanlegvis er godt innafor ettersom fordelen med å få ha livsutfolding er ei såpass stor fordel at eventuelle ulempar også må være store for å kunne forby dette. Grannelova har også ein bestemmelse for kva som skal vurderast som urimeleg. Eit tiltak er urimeleg om ulempen innafor teknisk og økonomisk ramme kan hindrast eller avgrensast, i tillegg så skal ein legge vekt på kva som er å ansjå som vanleg eller pårekneleg på staden. Når du flytter inn i ei blokk så må du rekne med å høyre at det bur folk i naboleilegheita, men det er ikkje gitt at du måtte rekne med at naboen har snekkerverksted. Kjøper du hus ute på landet så må du rekne med at du kjem til å høyre lyden av både motorsag og plenklippar, lyden av plenklipparar er likevel ikkje nødvendigvis pårekneleg at du skal høyre i ei boligblokk.
- 44 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
The Avatar svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg er i prinsippet heilt einig, men det er også heilt klart at Ukraina vil (bokstaveleg talt) krysse ei grense om og når dei startar å angripe mål innafor den russiske grensa. Nesten grenseskridande aktivitete er når ein i neste omgang sender fotsoldatar inn i Russland. Så lenge måler er å stoppe russiske angrep så er det fortsatt ein forsvarskrig, men ein må rekne med at Russland også vil finne støtte i at ein då kan definere Ukraina som den offensive parten. Alt no påstår Russland at den russiske grensa er varig flytta og at ein eventuell fredsavtale må medføre at Russland får behalde dei områda dei har klart å okkupere. Det er likevel også eit klart signal at Putin tydelegvis ikkje definerer Luhansk og Donetsk som så russisk at han er villig til å sette heile Russland på spel for å forsvare disse to ukrainske regionane med atommakt. -
Din største utfordring er at styret vil nok være på den sikre sida og er nok lite villige til å gi deg ein generell aksept. Samtidig så må styret gripe inn dersom du får klager. Eg skal være litt forsiktig med å gi deg råd, men akkurat i dette tilfellet så trur eg at det lettaste for deg er berre gjere dette utan å spørre om lov fyrst, og satse på at omfanget og eventuelle ulemper blir så små at du ikkje får klager mot deg. Klarer du å få tatt saging og slikt ein heilt anna stad slik at du unngår støy og støv så skal det ein del til for at nokon klager på at du sitt i boda di og driv med spikking og høvling. Og skulle du få klager likevel så får du heller være innstilt på at du då unnskulder deg og lover å slutte å bruke boda til treverksted. Som nemnt så er det også større sjangs for at du får holde på i fred dersom du kan late som at det er heilt unntaksvis at du snekrer litt i boda, du får nok meir motbør om det vises godt at du har tatt deg til rette og tydelegvis har tenkt å snekre mykje i boda. Det er ingen av naboane dine som kjem til å klage på at du i desember står i boda og sager av nedste delen av stammen på juletreet, eller at du demonterer eit gamalt møbel ned til mindre delar som er lettare å levere på avfallsmottaket. For slik sporadisk aktivitet er nok forventa, men du vil måtte rekne med å få klager om du innreder slik at det er tydeleg at du har tenkt å drive mykje med slikt arbeid.
- 44 svar
-
- 2
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
The Avatar svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er storpolitikk der ein må vurdere viktigheita av at Ukraina får dei våpensystema som dei treng for at ikkje Russland skal vinne opp mot i kva grad Russland kan få legitimt grunnlag for å angripe produksjonslokala til våpensystema sjølv om produksjonen skjer i eit NATO land. Det er ganske klart at Russland ikkje kan hevde seg angrepet av eit NATO land så lenge våpendonasjonane berre er tillete brukt til forsvarskrig. Dette endrar seg når våpensystema blir brukt til angrepskrig fordi Russland kan hevde at angrepet i realiteten kjem frå eit NATO land. Sidan NATO er ei forsvarsallianse så står det i artikkel 1 at: -Partene forplikter seg til, som fastslått i de Forente Nasjoners pakt, å bilegge enhver mellomfolkelig tvist som de måtte bli innblandet i, ved fredelige midler på en slik måte at mellomfolkelig fred og sikkerhet og rettferd ikke blir satt i fare, og i sine mellom folkelige forhold å avholde seg fra trusel om eller bruk av makt på noen måte som ikke er i samsvar med formålene for de Forente Nasjoner. Om ein donerer våpen til offensiv krigføring så er det opent for å diskutere om det aktuelle NATO landet har opprettholdt sin plikt til å med fredelige middel påsjå at sikkerheit og rettferdigheit ikkje vært satt i fare, og at ein slik våpendonasjon ikkje er maktbruk som ikkje samsvarer med formåla til FN. I ytterste konsekvens kan derfor slik våpendonasjon til å drive offensiv krigføring betyr at giverlandet også fråskriv seg retten til å bli beskytta mot angrep frå Russland. Ikkje at Russland nødvendigvis bryr seg så mykje om dette, men faktum er at jo meir NATO tek ein aktiv rolle i konflikten, jo større blir faren for å bli dratt med ut i ein krig. Og sjølv om at Russland er kraftig militært svekka, så utgjer fortsatt usikkerheita rundt russiske atomvåpen ein såpass stor risiko at ein må være litt forsiktig. Russland vil i utgangspunktet kunne være berettiga til å bruke atomvåpen ved invasjon av Russland sidan det utgjer ein eksistensiell trussel mot Russland som nasjon. Det at vi i NATO moralsk sett kanskje burde utnytte muligheita og invadere Russland frå alle andre NATO grenser medan mesteparten av dei militære ressursane til Russland er i Ukraina og på den måten bli kvitt trusselen frå Russland ein gong for alle, betyr ikkje at vi er villige til å betale prisen for å bli kasta ut i ein krig. Sjølv eit militært svekka Russland vil utgjere ein betydeleg militær trussel som forsvarsmakt dersom det blir begått militære angrep på Russland. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
The Avatar svarte i et emne i Politikk og samfunn
Ukraina har fått donert såpass mykje utstyr frå både nasjonar og privatpersonar at det at norske uniformsjakker med norske flagg har havna i haugen med donert utstyr og at ingen har tatt seg bryet med å sprette av flagget før uniforma vært tatt i bruk er ikkje heilt utenkeleg. Det er likevel folkerettsleg betenkeleg dersom krigførande på eine eller andre sida brukar kjennermerkene til nasjonar og organisasjonar som ikkje er part i konflikten. -
Støy frå oppussing blir akseptert fordi det ofte både er nødvendig arbeid og fordi det er eit forbigåande problem, slik at ulempen med støy ei lita stunda må kunne aksepterast når ein ser fordelane og ulempane opp mot kvarandre. I store burettslag så er det ikkje uvanleg at tidsrammene for når ein kan drive med byggearbeid er ytterlegare innskrenka i forhold til anna støy. Heimelen for å nekte å starte opp med hobbyverksted finn du i burettslagslova: Fyrste ledd seier eigentleg at det må gjerast ei interesseavvegning mellom kva fordelar du har ved å få lov til å bedrive din hobby, sett opp mot ulempane som naboane har. Den gleden du får ved å kunne snekre i boden vil fort måtte vike sett opp mot ulempen som naboane må tole, både med tanke på støy, eventuell støvproblematikk, osv. Fjerde ledd gir styret rett til å fastsette ordensreglar, einaste avgrensinga er at ordensreglane må være "vanlege", kva som er å sjå på som vanleg blir også eit vurderingsspørsmål men at bodene ikkje skal brukast til anna aktivitet enn lagring og oppbevaring av gjenstander er nok ikkje så uvanleg at det ikkje kan fastsettast som ordensreglar av styret. Siste del av fjerde ledd er ei spesifisering rundt dyrehald der det for nokre år sidan vart presisert at eit generelt forbod mot dyrehald ikkje nødvendigvis er gyldig. Sjølv om burettslaget har forbod mot dyrehald så skal det i alle tilfeller gjerast ei vurdering av dyreeigaren sine grunnar til å ha dyr og vurdere det opp mot kva ulemper som naboane blir utsatt for. Typisk døme er ein blindehund som er heilt nødvendig for ein blind person, då vil nok ulempen som den eine naboen har ved å være svakt allergisk ikkje være stor nok til å nekte blindehunden adgang. Der fordelane og ulempane er meir like så vil ein vanlegvis ende opp med at ein ivaretek interessene til den bebuaren som har lengst anisennitet. Det nærmaste du kjem å kunne kreve å få bruken boden på denne måten, er at du kan kreve at styret tek stilling til dei konkrete fordelane og ulempane før dei nekter deg å gjere om boda til snekkerverksted. PS. Eg vil også nevne at det at du planlegg å sette opp støvdør kan potensielt bli brukt mot deg. Styret kan hevde at det at du monterer støvdør i boda tyder på at endringa er varig og at du planlegg for å drive langt meir med snekkerarbeid enn berre heilt sporadisk aktivitet. Styret kjem til å være redde for å etablere ein praksis som medfører at alle bebuarane skal kunne bruke bodene sine til det dei vil. For sjølv om dei trur på deg på at du kjem til å ta alle nødvendige omsyn for å være til minst mogleg ulempe så er det ikkje sikkert at den neste naboen som vil bruke boda til verksted, ølbrygging, treningsstudio, osv, osv kjem til å vise same graden av omsyn.
- 44 svar
-
- 5
-