
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 838 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
La oss snakke om norsk antisemittisme
The Avatar svarte på Eirikraude sitt emne i Politikk og samfunn
Om det berre hadde vært så enkelt. Det er mange som har fått merkelappen antisemitt utan å ønske død over jøder eller vandalisere gravlunder, men fordi at på bakgrunn av å kritisere staten Israel så har andre tillagt deg antisemittiske meiningar som du ikkje har. Det er svært svært få her i landet som går aktivt ut og skriv eller seier at alle jødar må dø, og enda færre er det som aktivt går inn for det ved bruk av vold og vandalisme. Alikevel er det mange nordmenn som har fått merkelappen kasta etter seg, så då er definisjonen av antisemittisme langt mindre streng i daglegtalen enn din definisjon. Det er då betydninga blir utvatna. Det er nøyaktig det same som å kalle Frp for rasitiske når dei er imot innvandring. Når dei som står på venstresida berre antek at alle i Frp eigentleg ønsker død over alle utlendingar og at kirkebrannane heilt sikert er påtent av Frp sympatisørar. Det må være mogleg å skille snørr frå bart. Det er ein ting at det er lett å blande saman jødar som folk og den jødiske staten Israel, men når ein ikkje ein gong er einig i om at ein antisemitt skal være uttalt antisemitt eller om det er nok å anta at ein eigentleg har antisemittiske tankar innerst inne, det er då betydninga av ordet har mista sin betydning.- 292 svar
-
- 4
-
-
Det er riktig, men det er også fordi at slik dugnadsbetaling er ein måten å aktivt gå rundt regelverket. Dugnad skal strengt tatt være 100% frivillig, og helt utan forventning til produktivitet. Andelseigaren har ansvaret for å halde sin eigen bustad i forsvarleg stand (om ikkje anna er fastsatt i vedtektene). Sjølve bygninga og uteområda er er det burettslaget ved styret som skal halde i forsvarelg stand. Det vedlikehaldsarbeid som burettslaget ikkje kan eller vil utføre som dugnad må styret leige inn folk til å gjere. Ei slik utgift vil det være naturleg å dekke via fellesutgiftene som igjen følger eigarbrøken. Ved å fastsette denne ekstrainnbetalinga etter eigarbrøken så vil det i praksis bety at to andelseigarer med svært forskjellig eigarbrøk får svært ulik avlønning for 1 time med dugnadsarbeid. Samtidig så er det kanskje ikkje urimeleg at den som eig ein stor andel av burettslaget også er den som bør betale mest dersom ein ikkje møter opp. Dersom den eine av dei to andelseigane var ein stor næringsseksjon (som vel aldri sender representant til å delta på dugnad) så er det både rett og rimeleg at denne omvendte bota for å ikkje møte på dugnad er størst for den seksjonen som også representerer største eigarbrøken i laget?
-
Se den første traileren for The Witcher IV
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Witcher universet har vært flinke til å skildre utanforskap på ein ryddig måte, men utan å gå til det steget at ein liten isolert landsby langt ute på landsbygda har alle verdens etniske bakgrunnar representert til tross for at folketallet er langt under 100 personar. Slik form for mangfold finner vi i moderne storbyar som resultat av at teknologien har gjort det enkelt å reise over store avstandar. The Witcher spela sin måte å vise mangfold på er gjennom metaforar om monster og monsterjegere, men det er kanskje ikkje alle som forstår det når ikkje "noen barn er gule og noen barn er rød, noen barn er hvite og noen nesten blå". Takker. Var det eg trudde at det også var ein slik referanse også i Witcher 3 spelet.- 69 svar
-
- 3
-
-
-
-
Se den første traileren for The Witcher IV
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Har absolutt trua på at Ciri kan bli ein god kvinneleg frontfigur utan at ein legg alt for mykje Mary Sue eigenskapar til karakteren. Kjenner meg veldig sikker på at Ciri kjem til å ha massevis av svakheiter og utfordringar. Når det gjeld woke-sida så var Ciri biseksuell i bøkene, og utan at eg heilt husker det så var det vel i det minste nokre hint og undertoner også i Witcher 3 på at Ciri likte jenter? Eg vil gjette på at eit av rollespelmomenta i dette spelet er at du som speler kan velge om Ciri skal være i eit forhold med ein mann eller ei dame. Eg rekner like vel med at det blir store ramaskrik og anklagar om at det er woke og urealistisk med ei lesbisk dame som svinger sverdet og tek ned skumle monster. -
Hvorfor er nedgang i befolkningstall et problem?
The Avatar svarte på mellomkjøttet sitt emne i Politikk og samfunn
Det er eigentleg motsatt, framtidens eldrebølge må forhindrast med å få fleire barn (eller meir innvandring). Eldrebølga har ingenting med talet på gamle å gjere, det som betyr noko for eldrebølga er fordelinga mellom unge og gamle. Ideelt sett bør vi til ei kvar tid ha like mange 9 åringar som vi har 56 åringar, og med ein svak reduksjon i aldersgruppene frå pensjonsalder av. Du har likevel ikkje heilt feil. For dersom vi slutter å få barn (og stopper innvandring) så vil dagens barn utgjere ei siste eldrebølge som ikkje har ein yngre generasjon under seg.- 393 svar
-
- 2
-
-
Ja dersom ein ikkje aksepterer eit forenkla forelegg så må saka avgjerast rettsleg. Då er det alltid ein lite sjans for at saka blir henlagt og at saka aldri kjem opp slik at ein slepp heilt unna, men som hovudregel så skal saka behandlast i retten. Det er også ein liten sjans for at domstolen slår fast at det ikkje er lagt fram tilstrekkeleg med bevis for at du kan dømmast. Stort sett så er det nok bevis å ha logg frå lasarmålaren samt vitneforklaring frå politiet, men du kan sjølvsagt ha flaks der politimannen som stoppa deg roter saman din sak med ei anna sak og at det derfor blir tvil om politiet huskar rett. Om ein blir dømt i retten så vil du normalt få ei litt høgare bot samt saksomkostningar, det er likevel ikkje så avskrekkande mykje høgare bot du risikerer. I det forenkla forelegget så er det innrekna ein liten rabatt til dei som aksepterer det forenkla forelegget og får saka ut av verden. Ved straffeutmålinga så vurderes det om det finnes straffeskjeprande eller formildande omstendigheiter. Det at trådstartar angrer og er lei seg for lovbrotet kan gi grunnlag for ei mildare straff, særleg om det er fyrste gongen ein er tatt for eit lovbrot. Det er også rom for å legge vekt på den tiltaltes økonomiske evne, særleg om får store konsekvensar for den tiltaltes evne til å forsørge eigne barn og andre særdeles viktige økonomiske forpliktingar. Eg tenker at domstolen er nok relativt tjukkhuda for tiltalte som med tårer i augene lover å aldri bryte loven igjen, så ein skal nok ha veldig gode arugment for å få særbehandling. Det som kanskje kan være mest realistisk å få til er at bota erstattes av eller kjem i tillegg til samfunnsstraff. Det vil nok ikkje oppleves som mildare straff sidan det ofte er ganske mange timar som må jobbast dersom du blir dømt til samfunnsstraff, men det er sjølvsagt ein fordel å sleppe å betale ut i kontantar. Berre under forutsettninga av at du har eit arbeidsforhold der du får jobbe så mykje du vil. Dei aller fleste som har full jobb har arbeidsavtale på å jobbe 7,5 time kvar dag, og at ein berre unntaksvis blir pålagt overtidsarbeid når det er behov for det. Det er langt frå alle arbeidsplassar som kan akseptere at du jobbar 110% prosent på ei 100% stilling då dette gir høgare lønnskostnadar enn det som er budsjettert, samt at det føreligg lovar og regler for å hindre at tilsette jobbar formykje. Det du sparer på å køyre for fort til og frå jobb vil for dei aller fleste bli målt i fritid til å gjere andre ting, og ikkje som tapt moglegheit for inntektsgivande arbeid.
-
Burettslag kan ikkje stiftast som aksjeselskap. Burettslaget er undelagt burettslagslova, og aksjeselskap er underlagt askjeloven. Aksjeloven er meir detaljert på det meste, inkludert korleis eit aksjeselskap skal styrast og organiserast. Det er derfor vanleg at når ein kjem opp i situasjonar som ikkje er omtalt i burettslaglova (eller eierseksjonsloven der det er eit sameige), så ser ein til korleis dette er løyst i aksjeloven og legg dette til grunn som "best practise" ettersom akjselselskap er drevet av profesjonelle.
- 44 svar
-
- 2
-
-
Brannmelder med bevegelses sensor i utleie leilighet. Problematisk?
The Avatar svarte på Evil-Duck sitt emne i Juss
Du må nesten informere om kva data som blir samla inn. Det viktigaste er likevel kva du bruker opplysningane til. At bevegelser blir logga er ikkje problematisk i seg sjølv, men det er eit problem om du går inn for å sjekke dataene utanom at det er brann eller at det ellers er innafor den bruken som det er avtale om. Merk at det et litt same problematikk med straumforbruk ettersom du sannsynlegvis kan sjekke når på døgnet leigetakaren er heime og brukar straum.- 3 svar
-
- 1
-
-
Det er i teorien mogleg å få retten til å dømme deg mindre strengt, men det skal nok ein del til når vi har såpass standariserte satsar for forenkla forelegg.
-
Eg kan ikkje forstå anna enn at dette er fastsetting av fellesutgifter og at det skal vedtakast av årsmøtet. Eg er også einig i at hovudregelen er at det er eigarbrøken som legges til grunn. Reint pragmatisk så ha eg sans for ordninga, då det ikkje er lov å bøtelegge manglande oppmøte, og ved at dette gjer det heilt legitimit å betale seg ut av dugnaden. Så spørsmålet er om det er verdt å krangle berre for å krangle.
- 16 svar
-
- 2
-
-
-
Måtte bytte eller bytta fordi det var leverandøranbefalinga? Det er lurt å høyre på kva bilprodusenten anbefalar, men merk at bilprodusenten har god sikkerheitsmargin både fordi ein vil at færrast mogleg får øydelagt registerreim før det har gått fem år. I tillegg så har bilprodusenten økonomisk incentiv til å anbefale hyppig utskifting til ny original registerreim.
-
Kanskje litt på sidelinja, men det er også så smått utruleg at bompengeinnkrevinga ikkje er administrert av Statens vegvesen og heller satt ut på anbud til fem ulike private selskap som har fått delegert kvar sin landsdel; Fjellinjen, Ferde, Vegamot, Vegfinans og Bompengeselskap Nord. I tillegg til Autopass ferje som er eit eige selskap. Alle brukar (idag) Autopass systemet, men for å få rabattane så må du identifisere rett bompengeselskap i forhold til kva vegar du køyrer mest på og inngå autopassavtale med akkurat dette firmaet. Burde det ikkje være så enkelt at alle som inngår autopassavtale som gjer det enkelt å kreve inn betlalinga får same rabatten overalt? Grunnen til at vi har brikker er at det er mykje meir tungvindt og dyrt å skulle ha fysiske bommer med betjening eller basere all innkreving på skiltgjenkjenning. For sjølv om eg har avtale i eit bompengefirma så er det også mykje lettare for bompengefirmaet i ein anna landsdel å kreve inn betaling frå meg når eg er registrert med brikke, så kvifor får eg ikkje same rabatten frå alle som har fordel av at eg bruker brikka mi?
- 96 svar
-
- 2
-
-
Det har ingen hensikt å legge ut 13 000 kr når det er igjen 25 000 km før det er tid for bytte. Du får uansett ikkje disse 13 000 kronene igjen som verdistigning når du selg bilen. Det får være opp til ny eigar om vedkommande vil bytte registerreim med ein gong for å være på den sikre sida, vente til bilen har køyrt 170 000 km, eller ta sjansen på å håpe på at bilen kan gå i mange år til utan ny registerrein. Realistisk sett kan du tyne bilen mykje lenger enn dei anbefalte 170 000 km, det er berre at når registerreima fyrst ryk etter 250 000 km så blir det mykje dyrare. Det er masse folk som har køyrt type 300 000+ km og aldri bytta registerreim, det medfører ein risiko men det kan for mange være ein akseptabel risiko. Marginen på 25 000 km utgjer over 3 år med køyring for dei som køyrer under 8000 km i året, så det kan også være at den nye kjøparen selg bilen vidare igjen lenge før kilometerstanden tilseier at det er anbefalt å bytte registerreim.
-
Grunnen til at du har oppfatta det slik er at kravet om nye tette hus som gjer at ein må ha luftekanal til vedovnen kom omtrent samtidig som kravet til reintbrennande ovnar. I nye hus der du må ha luftekanal enten gjennom pipa, under golvet, eller gjennom ytterveggen så er det uansett ikkje lov å montere vedovnar som ikkje er reintbrennande. Også reintbrennande ovnar fungerer utan luftekanal, men då må det være nok ventilar og naturlege utettheiter i huset til at vedovnen får nok luft. Sjølv om det kanskje ikkje er så aktuelt for deg sidan du har ein gamal ovn (som du ikkje har lov til å montere), men kan det være aktuelt å kjøpe ein bioetanolovn? Då fyrer du med bioetanol som du kjøper på dunk. Ein slik ovn treng du heller ikkje å ha skorstein til. Du kan kjøpe f.eks. ein slik til 3000 kr https://www.expondo.no/uniprodo-bioetanol-peis-1-2-l-frittstaaende-10250860
-
Mest truleg er det logga kva eldstadar du hadde ettersom det kommunen fører register over er sjølve skorsteinen med tilhøyrande eldstadar. Sidan skorsteinen er ein del av huset så kan eg aldri sjå for meg at historikken blir sletta før huset eller skorsteinen blir revet. Merk også at det er motsatt. Regelverket seier at det ikkje er lov å montere ovn som ikkje er reintbrennande, det er du som må bevise at eldstaden høyrer til i huset og berre har blitt flytta. Du kan riktignok ha rett i at det ikkje er sikkert at det blir reagert på det så lenge ovnen ikkje er brannfarleg, det store spørsmålet er om feiaren har gode rutiner for å melde frå til andre i kommunen som byggesak eller miljøavdelinga. Feiaren bryr seg kanskje ikkje om å følge opp ei sak om partikkelutslepp, men miljøavdelinga har fort interesse av å følge opp.
- 23 svar
-
- 1
-
-
Har du erfaring med å få juridisk hjelp eller rådgivning fra advokat?
The Avatar svarte på miell9077 sitt emne i Juss
Savner eit alternativ i korleis ein finn advokat, og det er advokatkontor som er anbefalt av forsikringsselskap. Mange har ein eller anna form for advokatbistand som del av sin forsikringsavtale, typisk gjennom innboforsikringa. -
Nei. Det finnes ikkje eigne reglar for dette, så kva som er lov følger av forståinga av andre lover. Kort oppsummert så har du lov til å ta opptak av møter som du sjølv deltek i. Det du ikkje har lov til er å forlate rommet og la mobilen ligge igjen for å høyre kva dei andre snakkar om når du er ute av rommet. Det er også avgrensingar på kva du kan gjere med opptaket, og då særleg når det gjeld publisering. Uavhengig av jussen, så kan kan du oppnå det du vil ved å justere din framtreden. Sidan formålet ditt er at referatet skal avspeile dei sakene som vart diskutert, så treng du ikkje å ta skjult opptak. Du kan derfor mes fordel starte med å opplyse om at du tek opptak. Du treng ikkje løyve frå kvar enkelt som er tilstades i møtte. Ved å ta den framgangsmåten så er det ikkje sikkert at du treng å faktisk ta opptak for å oppnå det du vil. Eit anna alternativ er at du kan ta eigne notatar i møtet og spele inn eventuelle avvik i det offisielle møtereferatet. Du kan endog til ta på deg å føre referatet for styret. Eit tredje alternativ er enkelt og greit at du ber om at møtet blir avslutta med ei oppsummering av kva som blir referert, slik at du då kan presisere kva som er din forståing av saker som det er viktig for deg å få referert. Eg synes at du kanskje gjer deg unødig upopulær om styret eller dei andre andelseigarane ikkje setter pris på å bli tatt opp. At du har lov til å gjere dette, treng ikkje å bety at du bør gjere det. Du kjem nok ikkje til å klare å belære styret i kva som er korrekt forståing av lovverket, så det at lekfolk i eit burettslag skal krangle om kva dykk trur regelverket seier vil stort sett berre føre til meir konflikt, som i verste fall medfører at burettslaget må betale for juridisk bistand i eit juridisk spørsmål som eigentleg ikkje er så viktig. Alt du vil er jo at det skal være einigheit og felles forståing for kva som har blitt diskutert og konkludert med i bebuarmøtet, og det kan du som nemt oppnå med andre metoder enn opptak.
- 44 svar
-
- 6
-
-
-
Du kan flyte ein gamal ovn til ein anna stad i huset sjølv om den ikkje er reintbrennande. Utanom det så må ovnen være reintbrennande. Konsekvensane ved å montere ikkje-reintbrennande kjem ann på kven i kommunen som grip tak i saka. Dette vil utgjere både brot på forurensningsforskrifta og byggteknisk forskrift. Fyringsforbod, krav om tilbakeføring, bruksforbod og dagsmulkt er alle moglege konsekvensar.
- 23 svar
-
- 2
-
-
-
Kiwi har 50% avslag, Rema 1000 har berre 30%. Coop Extra har 40%. 70% rabatt har eg berre sett heilt unntaksvis på ulike butikkar, eg har blant anna sett det på Coop butikkar av og til, men då er det ofte snakk om varer som har utgått 'best før' dato og som også har gått ut av assortementet. Typisk brus som ingen ville kjøpe blir ofte solgt med større rabatt en 40% for at butikken skal ha sjans til å bli kvitt varene. I følgje kjedene sjølv så seier f.eks. Rema 1000 at dei gir mindre rabatt fordi dei priser ned varene nokre dagar før datoen. Og det kan sikkert stemme at Kiwi fyrst priser ned varene dagen før datoen og at det er derfor rabatten er høgare, men dette har eg heilt ærleg ikkje merka så mykje til. Reint logisk så burde butikkane ha ein meir gradvis rabatt der du får større og større rabatt jo eldre varene er. Og varer som toler veldig godt eller som kanskje også bli betre etter best før datoen slik som ost og kjøtt burde kanskje ha mindre i rabatt enn grønsakene som nesten rotner før du klarer å kome deg heim med matvarene.
- 18 svar
-
- 1
-
-
Personleg så er eg ikkje så glad i konseptet til too good to go ettersom at modellen med å kjøpe "forundringsposer" fort kan føre til at maten blir kasta frå ei privat husholdning i staden for at det er restauranten som kaster maten. Her er trådstarter eit godt eksempel, han/ho har ein pose frå bensinstasjonen og er skuffa over innhaldet. Resultatet er at enten så har trådstarter kasta bollane og vafflene fordi det er dårleg mat, eller så har trådstarter spist den usunne maten likevel. Konseptet er at ved å kjøpe forundringsposar så får ein 66% rabatt, og personleg så synes eg det er for liten rabatt sett opp mot risikoen for at at du får mat du ikkje klarer å nyttegjere deg av. Her foretrekker eg ei løysing der forbrukaren får plukke mat som faktisk blir spist, og så kan resten av maten som ingen vil ha gå vidare som dyrefôr eller i det miste bli kasta og levert som matavfall.
- 18 svar
-
- 2
-
-
-
Det er fordelar og ulempar med alt. Med drivstoffavgift så betalar den som køyrer mykje meir enn andre bilistar. Det kan skje at ein nesten berre køyrer på vegar som ikkje har blitt utbetra, men samtidig så vil eg tru at dei fleste som køyrer mykje og køyrer ein god del på hovudvegane. Sett over tid så skal alle vegar vedlikehaldast og utbetrast, så om ein ser stort på det så burde det bli eit null spel. Den som køyrer mykje på småvegar må med drivstoffavgift være med å finansiere hovudvegen, men neste gong når småvegen blir utbetra så hjelper alle som køyrer hovudvegen til med å betale for småvegen som ganske få bruker. Etter mitt syn så er det ei meir rettferdig fordeling forutsatt at at drivstoffavgifta blir krevd inn over lang tid, og at vegutbetringa er fornuftig fordelt geografisk. Så vidt eg kjenner til så er det berre Tromsø som har hatt ei ordning med drivstoffavgift fordi det der var såpass lang avstand til bensinstasjonane som ikkje hadde drivstoffavgift at ein fekk mesteparten av bilistane til å betale drivstoffavgifta likevel. Dersom drivstoffavgift blir innført veldig lokalt så vil det berre føre til at bilistane fyller bensin/diesel i nabokommunen der drivstoffet er billegare. I tillegg så blir dette ein problematisk finansieringsmodell når stadig fleire køyrer elektrisk. Så dersom ein skal innføre drivstoffavgift i dag så er nok den einaste fornuftige måten å gjere det på ved å bake det inn i ansvarsforsikringa slik at ein betalar avgift etter kilometerstanden. Ulempen då er at ein "straffar" dei som køyrer mykje i utlandet på utanlandske vegar som då er med å betalar kilometeravgift for vegar som ein i liten grad er med å slite på. Den største ulempen med vanleg bomring slik som eg ser det er at det er veldig svart kvitt. Butikken som ligg på rett side av bomringen vil fort få eit konkurransefortrinn foran nabobutikken 500 meter lengre borti gata som kundane må betale bomavgift for å kunne besøke. Tilsvarande blir det for bustadprisane der bustadar som gjer at ein slepp bompenger for å kome seg på jobb og fritidsaktivtetar får ei positiv utvikling medan bustadane på andre sida får ein negativ utvikling. Dette synes eg er særleg problematisk ettersom den eksakte plasseringa av bomringen kan være utsatt for korrupsjon eller lobbyverksemd. I eksempelet til @Dubious så hadde nok kjøpesenteret på Melhus vært frista til å bruke ein god del pengar på å prøve å få flytta bomringen for å behalde eit størrre kundegrunnlag.
- 96 svar
-
- 2
-
-
-
Fyrste rådet er å ikkje kjøpe "too good to go" frå bensinstasjonar, gatekjøkken og kioskar. Burde ikkje være ein stor overrasking at det slike stadar sitter igjen med søte bakevarer, grillpølser og liknande usunn kioskmat. Sats heller på vanlege restaurantar og hotell som serverer vanleg mat. I kva grad du kan kome med ønsker og preferanser er avhengig av plass til plass. Du kan nok ikkje forvente at du får veldig med service når du kjøper too good to go ettersom ein berre fordeler det som er av rester eller mat som held på å gå ut på dato. Det er også eit prinsipp at alle kundane skal få omtrent likt tilbod, det skal ikkje være slik at ein kunde får masse påsmurte baguettar og andre kundar berre får tørre brødskalkar. På ein frokostbuffet så er det nok mange som helst vil ha egg og bacon, så der er det nok relativt kurrant å få mest mogleg frå salatbaren.
- 18 svar
-
- 2
-
-
-
Komponist: burde jeg slutte å publisere gratis musikk?
The Avatar svarte på Martelè sitt emne i Jobb og karriere
1. Kva som er rett taktikk blir veldig tilfeldig. Den store fordelen med å publisere gratis er at det aukar din synlegheit, som at din musikk vart brukt i denne dokumentaren, som igjen gjer at folk får vite om kva musikk du lager, som igjen kan gi grunnlag for at du seinare får betalte oppdrag. Det store spørsmåler om denne eksponeringa og reklameeffekten vil slå til raskt nok til at du kan nyttegjere deg av det. KVa tidsperspektiv ser du får deg? Er det slik at du må ha inntekt på musikken din i løpet av 1 år, 5 år, eller 50 år? Ved å ta betalt for musikken så får du betalt, men sannynelgheita for at nokon velger å betale for akkurat din musikk i eit hav av gratisalternativ blir fort liten. Samtidig så er det jo slik at du blir ikkje lottomillionær om du ikkje kjøper lottokuppong 2. Det er nok ein kombinasjon. Det er nok ikkje heilt tilfeldig at det er din musikk som vart brukt, så produsenten av dokumentaren må like musikken litt, eller som minimum ha vurdert at musikken din passar perfekt til ein slik dokumentar. At musikken din i tillegg var gratis gjer det sjølvsagt veldig enkelt å bruke den framfor å betale for musikk som ein ikkje er like fornøgd med. Det kan være at din musikk var den aller beste, og at produsenten ville brukt musikken din også om du hadde solgt den dyrt, men det får du nok aldri vite. -
Hvorfor er nedgang i befolkningstall et problem?
The Avatar svarte på mellomkjøttet sitt emne i Politikk og samfunn
Om vi legg dette til grunn så ser vi også vekk frå det som årsaken til dei negative konsekvensane. Det blir litt som å sjå vekk frå dei arbeidsledige og spørre seg om kva som eigentleg er dei negative konsekvensane ved høg arbeidsledigheit Norge som nasjon hadde nok klart seg heilt fint med 2 mill innbyggarar, men berre om dei to millionane er fordelt på ein fornuftig måte. Problemet no er at vi går i retning der det er kraftig auking i den delen av befolkinga som kostar pengar og ei kraftig reduksjon i den andelen av befolkninga som genererer inntekter. Statistisk sentralbyrå har kalkulert at i 2031 så vil vi for fyrste gong ha fleire personar av 65 år enn vi har unge under 19 år. Eller sagt på ein anna måte så vil vi ha like mange pensjonistar som vi har barn og unge i skulealder. Det er spådd at i 2031 vil det være omtrent 1,2 mill i kvar gruppe, som igjen betyr at 2,4 mill vil være enten for gamle eller for unge til å jobbe i særleg grad. Same prognose frå SSB seier at vi i 2031 også vil runde 6 mill innbyggarar. Om dette slår til så vil i 2031 berre ha 60% av befolkninga i yrkesaktiv alder, og vi veit at ikkje alle disse vil være i jobb på grunn av sjukdom, uføre, arbeidsledigheit, osv. Dette kombinert med færre barn så ser det heller ikkje ut til at situasjonen kjem til å endre seg vesentleg. Det Norge står ovanfor no er den motsette utfordringa som ein har i mange fattige land. Mange fattige land har svært låg forventa levealder og kan fort ha 50% av befolkninga beståande av personar under 18 år. Så der vi i Norge har problemet med at 50% av befolkninga må tene godt til å kunne betale for livsopphaldet til alle dei gamle, så vil dei i fattige land ha problemet med at 50% av befolkninga må tene godt nok til å betale for livsopphaldet til alle barna. Til dømes Uganda har i dag 45% av befolkninga si beståande av personar under 15 år Ein ein global samanheng så er dette i teorien lett å løyse. Vi kan sende alle gamle i Norge til land som har ein solid andel yrkesaktive men som ikkje har hatt baby boomen som vestlege land hadde etter andre verdenskrig, som til dømes Brasil. Brasil har relativt god økonomi og har ein mindre prikær aldersbølge enn vi har. Om vi då samtidig importerer masse barn frå Uganda som kan vekse opp i Norge og bli gode skattebetalarar så er det meste løyst. Problemet er ikkje folketalet i seg sjølv, problemet er fordelinga. For Norge sin del så er største problemet fordelinga basert på alder. I eit globalt perspektiv så er det også eit problem at verdensbefolkninga ikkje er jamt fordelt, og at levestandarden er vilt forskjellig. Dei realistiske løysinga er arbeidsinnvandring, reduksjon i pensjon og aldersomsorg, samt auking i fødselstala som kan ta over jobben til arbeidsinnvandrarane når dei blir gamle og pleietrengande. -
Eg reknar med at alle forstår at det er kaloriar inn kontra kaloriar ut som er det avgjerande. Det som dei fleste slit med er det å gå rundt å være svolten, for det er ubehageleg både fysisk og mentalt. Det å få i seg nok kaloriar er i dag det minste problemet. Tran er svært kaloririkt og ei spiseskje med tran er fort 100 kcal. To spiseskjeier fire gongar om dagen er då 800 kcal, og det er eigentleg nok kalorinntak for heile dagen (alt avhengig av kjønn og vekt) ettersom ein ved slanking bør prøve å ha eit kaloriunderskot på ca 1000 kcal om dagen om ein vil gå fort ned i vekt. For meg så vil ein slik diett være svært vanskeleg å holde seg til ettersom det ikkje gir mettheit i det heile tatt. Svoltsmertene tek fort 3-4 dagar før det gir seg, så har komt over den kneika så blir det litt lettare. Salat og grønsaker er fin slankemat ettersom det er kalorifattig mat som gir mykje magefyll. Etter mitt syn så er trådstarters "diett" å nesten slutte heilt å ete mat, og heller få i seg næring i form av fett frå tran eller rømme.