
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 822 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Personleg så synes eg at heile ordninga med fastlege og legevakt burde vært revidert. Fastlege er gull verdt for den delen av befolkninga som har hyppig kontakt med helsevesenet, hovudsakleg dei som har kroniske sjukdommar. For denne gruppa er det veldig greit å dra til same legen som ein alltid har gått til og som raskt og effektivt kan vurdere eventuelle endringar og skrive ut ny resept utan å måtte bruke så mykje tid på å intervjue pasienten. Ordninga med fastlege er ikkje i nærheita like god for dei som er sjeldan hos legen, svært mange er rett og slett listefyll for fastlegen. For å ta meg sjølv som eksempel så er er det slik at mellom kvar gong eg er til legen så har eg fått meg ny fastlege. Dei gongane eg treng å dra til legen så er det typisk legevakta eg bruker, ofte fordi eg har fått eit kutt som må syast eller liknande praktiske gjeremål. Mitt forslag er derfor at vi beheld fastlegeordninga for dei som er hos legen minst årleg, og at resten av befolkninga får eit betre tilbud gjennom ei forsterka legevaktordning som er i stand til å gi behandling "på samleband". Det er også ein del oppgåver som kunne vært delegert til andre yrkesgrupper. Som til dømes elevar på vidaregåande skule så burde det være unødvendig å bruke ein legetime for å skrive ut ei stadfesting på at pasienten er sjuk. Å sjå at elven som har møtt opp på legevakta ikkje er frisk nok til å dra på skulen kan ein kvar voksen person klare å sjå, og skulle ein være i tvil så får ein heller be legen om å ta ein ekstra kontroll. Eg meiner også at vi kunne spart inn mange unødige sjukefråværsdagar om vi i større grad kunne hatt "drop in" på legevakta for å avlegge blodprøve og som kombinert med god kapasitet til å analysere prøver vil kunne gi folk rett behandling mykje tidlegare. Det typiske eksempeler er når du får lungebetennelse, dei fyrste dagane tenker du kanksje at du berre er forkjøla og at det går over av seg sjølv, så etter nokre dagar så innser du at du ikkje blir friskare og bestiller ein legetime, der er der fleire dagar med venteliste, så då kan det fort gå to veker før du i det heile tatt får starte på antibotika slik at du blir frisk. Det er dette markedet som mange private klinikkar no sikter seg inn på, der dei har avtale med eit forsikringsselskap som har retta seg mot arbeidsgivarar som kan forsikre sine ansatte under ei ordning som sikrar dei rask tilgang til privat lege for å på den måten raskt kome i gang med behandling og då raskt kome tilbake til jobben.
-
Det er eigentleg fristande at vi i NATO svarer med å sender faktura til USA for det arealet som USA har lånt til å etablere militærbaser og militære lager. Eigedomsmogulen Trump vil heilt sikkert vise forståing for at det sjølvsagt må betalast husleige når ein disponerer areal som ein ikkje sjølv eig.
- 5 svar
-
- 1
-
-
Hvordan kan man klare seg greit økonomisk i dag?
The Avatar svarte på Madridista1212 sitt emne i Økonomi
Hadde ein berre hatt ei tidsmaskin så hadde vi nok vært rike heile gjengen. Før bustadprisane gjekk veldig mykje opp så var hus og leilegheiter for dei aller fleste meir som ein bruksgjenstand å rekne, at bustad kunne være investeringsobjekt oppdaga det store fleirtalet alt for seint. Før bustadprisane gjekk i været så kosta ei lita leilegheit på sentral stad omtrent det doble av ei vanleg inntekt, dette gjorde at det for dei fleste var nok å låne 2x årsinntekta si om dei skulle kjøpe åleine og 1x om dei var to. Dette gjorde det relativt enkelt å skaffe nødvendig finansiering. Rentenivået var mykje høgare på denne tida, men samtidig så var også skattefrådraget mykje større. Eg har sett artiklar der det har blitt rekna på det og ein har konkludert med at den effektive renta reelt sett har vært forholdsvis lik heile vegen. Til dømes når ein på 80 talet hadde 15% rente på huslånet så er det veldig høg rente men om ein tek med i reknestykket at ein fekk trekke frå 70% av rentekostnadane så tilsvarer det ei lånerente på 5-6% i dag når vi berre får trekke frå litt over 20% av rentekostnaden på skatten. I etterpåklokskapens lys så burde alle kjøpt fleire eller dyrare bustadar, men den primære grunnen til at folk flest ikkje turte å spekulere i dette var at fordi renta var så høg så var ein heilt avhengig av at politikarane opprettholdt eit høgt skattefrådrag for å kunne betjene lånet. For dei aller fleste så medførte dette for stor risiko, for sjølv om det kanskje var urealistisk at politikarane hadde snudd 180° på kort tid så var konsekvensen ved å miste huset og bli gjeldsslave såpass høge at det var få som turte å spekulere i dette. I tillegg til høgt skattefrådrag på rentekostnadar så hadde ein også gode ordningar med husbanklån som sikra at veldig mange kunne få bygd seg ein bustad i nøktern standard. For å hindre misbruk av ordninga så var husbanklånhus underlagt mange reguleringar på blant anna kort stort ein fekk bygge. Ein fekk ikkje bygge større enn kva som var nødvendig. I dag er det nok mange som kanskje angrar på at dei ikkje tøyde strikken, det var ein del som fekk husbanklån som bygde hus med full takhøgde i kjellaren og til og med takoppløft for å få større areal. Det var likevel ikkje heilt risikofritt, og mange turte rett og slett ikkje å jukse med dette i frykt for å miste husbanklånet. Det som var frekke nok nyter godt av dette i dag når dei kan selge einebustaden sin med større areal, fleire soverom, og lovleg opphaldsrom/utleigedel i kjellaren.- 91 svar
-
- 1
-
-
Synes det blir litt ulike ting. Uansett kva husordensreglane seier så vil det være lov å bedrive støyande aktivitet om natta om det er viktig nok. Ein kan nesten ikkje kreve at babyen skal kneblast om natta heller. Typiske eksempel på nattlig støy som er lov likevel er til dømes nødvendig arbeid for å stoppe ei pågåande vasslekkasje, for ikkje å snakke om å utløyse brannalarmen om det startar å brenne på natta. Det med å sende faktura til naboen er eit heilt uavhengig spørsmål og vil være avhengig av at det føreligg ein avtale om dette. Eg tenker at dette kjem litt i same gate som å bestille reinhaldar eller elektrikar til naboen din for deretter å vidaresende fakturaen sjølv om naboen ikkje har bedt om denne tenesta.
-
I blokk så bur det så mange personar som er veldig ulike, så sannsynlegheita for at den som liker å feste om kveldane blir nærmaste nabo til eit A-menneske er nok like stor som at den som liker å legge seg tidleg om kveldane blir nærmaste nabo til eit B-menneske som er våken til langt på natt. I tillegg så får du alltid ein fin blanding mellom dei som er veldig hårsåre på støy enten det er feststøy om natta eller støvsuging før kl 6 om morgonen, med dei egoistane som ikkje ein gong tenker på at ein kanskje skal vente til litt lengre utover morgonen før ein startar med støyande aktivitetar og dei egoistane som ikkje bryr seg om at ein kanskje burde flytte vorspielet frå leilegheita og ut på byen lenge før det blir midnatt. Og for å gjere det enda meir krevande så har du i tillegg stadig fleire som har avvikande døgnrytme. Den vanlege regelen om at det skal være stille mellom kl 23 og 07 er ikkje lenger ei universal ordning. Det er stadig fleire som har dette som har arbeidstid og som kjem heim frå jobb rundt kl 07 og som skal prøve å sove i det naboen startar betongborren presist kl 07. For ikkje å snakke om alle dei som har små barn som har leggetid leeenge før kl 23.
- 90 svar
-
- 2
-
-
parkeringsbot innenfor sameiets område som er låst med bom
The Avatar svarte på Tesla1856 sitt emne i Juss
At bebuaren har nøklar til bommen er vel med formål å kunne bedrive lessing og lossing utanfor hovuddøra, og ikkje eit frikort for parkering? Eigentleg så synes eg at 15 minutt utan at nokon er ved bilen er ganske lenge, i alle fall om parkeringsforbodet er begrunna med at bilar som står parkert rett utanfor er til hinder. Eg trur kanskje det er litt søkt å begrunne eit parkeringsforbod med tilgangen for ambulanse. Dersom slik av og pålessing potensielt kan hindre ambulansen frå å kome til blokka så burde området vært regulert som all stans forbudt. Opptil 15 minutt er alt for lenge for ein ambulanse å måtte stå å vente, det er nok likevel langt meir akseptabelt for andre ulemper som det å skulle passere med barnevogn, at det kjem ein anna flytte/bud-bil, osv. Disse kan vanlegivs fint vente i opptil 15 minutt til eigaren flyttebilen kjem tilbake og kan flytte bilen. Denne "15 minutt regelen" er eit kompromiss mellom at ein ikkje ynskjer at det står bilar rett utanfor døra, samtidig som at det skal være praktisk mogleg å lesse/losse utan å ha med seg heile vennegjengen. Ideelt sett så burde ein ved flytting ha ein dedikert sjåfør som sitt klar til å flytte bilen ved behov. At føraren sitt i bilen er ikkje eit frikort for å parkere der det ikkje er lov å parkere, men då kan ein både flytte bilen ved behov og ikkje minst kan ein flytte bilen når ein ser at parkeringsvakta står det med stoppeklokka klar for å bøtlegge. Alternativt så burde ein losse av så raskt som råd og sette alt innanfor døra, deretter flytte bilen, og så ta med alle kassene frå gangen og opp i leilegheita, men då er det nokre praktiske utfordringar rundt tjuveri når du må sette igjen ting ubevokta. Du kan potensielt også hisse på deg styret om du setter frå deg ting i gangen på blokka då dette ofte er brot på brannforskriftene, men at ulike forskrifter er i konflikt med kvarandre er ikkje noko nytt. Hadde du vært litt meir utspekulert så burde du eigentleg berre ha budsjettert med parkeringsbota på 660 kr som ein billig måte å parkere rett utanfor døra så lenge du vil. Parkeringsforskrifta er ganske tydeleg på at du ikkje kan få fleire bøter, men etter 3 døgn kan du i tillegg bli avkrevd prisen det ville kosta å stå parkert lovleg i tre døgn i tillegg til kontrollsanksjonen. Sidan det her ikkje er snakk om ein parkeringsplass med betaling så betyr det at du i praksis kunne stått så lenge du vil fram til du flyttar bilen. Det einaste du kan risikere etter at du har fått parkeringsbot er borttauing, men sidan dette ikkje er ein parkeringsplass så er det reglane for parkering på privat grunn som gjeld. Det medfører at køyretøyet må utgjere ein fare for brukarane av området, og du skal i alle tilfeller varslast og gis ein rimeleg frist for å fjerne køyretøyet. Slik fjerning må styret i burettslaget i funksjon av grunneigar stå for. Skal parkeringsselskapet taue bort bilen så må det i tillegg være skilting som både forteller at området er privat (kanskje unødvendig når det er bak ein låst bom), og det må være skilta informasjon om fjerning av køyretøy,- 16 svar
-
- 1
-
-
Dette er eit dårleg juridisk råd, men det kan være aktuelt å vurdere kor samarbeidsvillig du ønsker å være. Slik som eg forstår saka så vil det ikkje være utan vidare enkelt for utleigaren å kreve inn dette beløpet frå deg. Grunnlaget for å kreve inn dette som erstatning for tap er ikkje openbar så lenge faktureringa er knytt til oppdraget og ikkje er ein konsekvens av at du hadde fest. Eg har også vanskeleg for å sjå at manglande betaling av denne fakturaen kan gi grunnlag for at utleigar seier opp leigeavtalen. Til tross for dette så skal du ikkje undervurdere vikitgheita av å opprettholde eit godt forhold til utleigar, både fordi det er mykje enklare å være leigetakar når du ikkje til stadigheit blir trakassert av utleigaren, og fordi ein god referanse frå utleigaren kan være gull verdt neste gong du skal leige bustad. Forutsetter sjølvsagt at ein god utleigar-referanse fortsatt er aktuelt å få. Før du gjer deg alt for vanskeleg så vil eg likevel anbefale at du prøver å få avklart eksakt kva som er grunnlaget for denne fakturaen, og kva som er den underliggande avtalen mellom vekterselskap og burettslag/sameige/utleigar.
-
Dere har begge rett. Det er ein dårleg idé å ha nachspiel i blokk (eller flerimannsbustad), men at det er ein dårleg idé betyr ikkje at det ikkje er nettopp i blokk og liknande folk har nachspiel. Den juridiske nøtta her er at på den eine sida så er det slik at dei fleste husordensreglar og politivedtekter forbyr unødig støy etter kl 23, men på den andre sida så er det vanskeleg å følge opp ei slik sak. For styret i blokka så er det vanskeleg å få kasta ut bebuaren ettersom ein har eit sterkt rettsvern mot å bli tvungen til å flytte utan at det kan bevisast at ulempen er av betydeleg karakter., og at denne ulempen for dei øvrige bebuarane skal vurdast opp mot den enkeltes behov for livsutfolding. For politiet kan det ofte være vanskeleg å bevise at støyen er unødig, det er derfor at ein ved støyande festing ofte får fyrst ein munnleg advarsel/pålegg frå politiet, og at det fyrst ved neste besøk same kveld/natt at politiet gjer noko meir aktivt, som bøtlegging eller å beslaglegge høgtalarkabelen.
- 90 svar
-
- 1
-
-
parkeringsbot innenfor sameiets område som er låst med bom
The Avatar svarte på Tesla1856 sitt emne i Juss
Fyrste spørsmål er kva parkeringsvilkår som gjeld. Det er ikkje uvanleg at ein gjer det så enkelt at det står at det berre er lov å parkere på anviste plassar. Å parkere andre stadar på området er då ulovleg. Det er likevel mogleg at området utanfor parkeringsplassen er uregulert, så det må du sjekke opp. Så er neste spørsmålet om du har parkert eller berre stoppa. Definisjonen frå trafikkreglane er alt sitert, inkludert unntaket om kortast mogleg stans for av- eller pålessing. Kvar skillet går er ikkje lovfesta, om parkeringsselskapet legger til grunn fråvær av aktivitet i minst 15 minutt så vil det vanlegvis være rikeleg nok til å slå fast at køyretøyet er å rekne som parkert. Vegvesenet har utarbeida nokre eksempel på ulovleg parkering og viser då til: hente eller levere en letthåndterlig pakke, gjenstand, brev eller lignende. Du kan for eksempel ikke sette bilen fra deg et sted der det er parkeringsforbud, for så å hente eller levere mat (typisk takeaway), medisiner på apoteket eller handleposer fra butikken. vente på den eller de du skal hente Den som skal inn i bilen, må være klar, slik at påstigningen tar kortest mulig tid. gjøre andre ting den tiden du lesser Du kan for eksempel ikke ta en telefon, gå på butikken eller på toalettet. Du kan heller ikke pakke ned eller ut det som skal lesses, alt må være klart til selve lessingen. lesse av og på på skiltede plasser reservert for forflytningshemmede Det er lagt til grunn at det skal ha eit omfang som gjer det nødvendig å parkere veldig nært. Eit flyttelass vil heilt klart være gods som det er nødvendig å lesse av. Feilen du har gjort er at du ikkje har lessa av på kortast mogleg tid. Når du har brukt tid i leileheita på å pakke om flyttekassene så er du utanfor det som er å rekne som ein stans for av/på-lessing. I det du oppdaga dette behovet så skulle du eigentleg ha flytta bilen til lovleg parkeringsplass, pakka deg ferdig, og fyrst då stanse bilen framfor inngangsdøra for å på raskast mogleg råd lesse inn i bilen. I teorien speler det ingen rolle om du brukte 60 sekund eller 60 minutt på å pakke om, så fort du gjorde noko anna enn på/av-lessing så vart det ei parkering. Dersom du skulle kverulert på denne bota, så er fyrste bod å ikkje innrømme dei faktiske forhold. Så fort du gjekk i gang med å pakke om, eller tok ei lita pause så har du objektivt parkert bilen. Denne "15 minutts regelen" er ingen regel, det er berre ein forenkla måte å vurdere på. For om du tek 2 minutt pause oppe i leilegheita så er det sjølvsagt umogleg for parkeringsvakta å finne ut det, men også tilsvarande andre vegen. Om du treng 30 minutt med iherdig jobbing på å bryte flyttekassa opp alle trappene til leilegheita di, så er dette fortsatt den kortaste moglege tida for avlessing sjølv om du var borte frå bilen i meir enn 15 minutt. Grunnen til at parkeringsselskapet legg til grunn 15 minutt er at det gir litt slingringsmonn ovanfor dei som strengt tatt skulle hatt bot fordi dei tok ei rask tissepause eller drakk litt vatn oppe i leilegheita før dei gjekk ned for å hente neste kasse, samtidig som at ein i dei fleste tilfeller kan være rimeleg trygg på at det ikkje skal ta meir enn 15 minutt tur/retur per flyttekasse. Om du skal få kverulert deg vekk frå denne bota så må du kunne vise til at du var så effektiv som mogleg. Ein kan i teorien tenke seg heilt ekstreme tilfeller som ligg heilt i ytterkant. Eit døme er lastebilsjåføren som skal levere gods til ein butikk som ankjem rett etter stengetid på fredag, men som på grunn av at butikken må hjelpe til med sin gaffeltruck så kan ikkje lossinga starte før måndagsmorgonen. Det teknisk sett ikkje ei parkering sjølv om lastebilen blir ståande der heile helga. Eg trur likevel at lastebilsjåføren ville fått bot med den begrunnelsen at ein burde ha funnet ein lovleg parkeringsplass i mellomtida.- 16 svar
-
- 2
-
-
Vekterselskap som Securitas er vanlegvis ikkje tilgjengelege for å bestille oppdrag. Her er det sannsynleg at til dømes burettslaget har ein ståande avtale med Securitas om å tilby vektertenester gjennom ein fast avtale som då kan innbefatte ein fastpris for oppdrag. Det er då også truleg at burettslaget har gjennom anna avtale avtalt at denne kostnaden skal vidarefakturerast til aktuell andelseigar. Det er ikkje gitt at denne kostnaden nødvendigvis kan vidareførast til leigetakaren som erstatningskrav, det kjem ann på kva som er avtalt og ikkje minst på dei faktiske forhold. Bevissituasjonen er ikkje veldig komplisert her, det er rikeleg nok at vektar har bevitna forholda. Min erfaring frå konfliktar i burettslag som angår støy er uansett at opptak har ekstremt låg bevisverdi. Eit opptak kan dokumentere kva slags lydar det er snakk om, men det kan i svært liten grad dokumentere støynivået. Ofte fordi den mest plagsomme støyen er vibrasjonar og låge tonar som opptakaren ikkje fanger opp, men også motsatt at stemmer som i realiteten er vanskelege å høyre blir godt fanga opp på opptaket. @hamburger83 Det er greit nok at du ikkje husker at det var særleg støyande, men samtidig er du nok ikkje rette personen til å vurdere dette. Med høg promille så er ein langt mindre sensitiv for lydvolum enten det er frå høgtalaren eller frå pratinga, med fleire personar til stades så blir lydnivået fort mykje høgare enn ein sjølv trur. Merk også at det ofte ikkje er feststøyen i seg sjølv som er det verste. Det som folk reagerer på er ofte lyden av at det er aktivitet, slik som trinnlyd i korridorane, dører som slår, osv. Ironisk nok kan det føre til at støyklagane kjem i det du avsluttar festen og gjestane drar, og ikkje når festen pågår inne i ei lukka leilegheit. I motsetting til i "gamle dagar" så er det langt mindre vanleg med store anlegg med kraftig basslyd på fest, veldig mange har i dag berre minianlegg som gir klar lyd men utan særleg mykje trøkk som plagar naboane.
- 90 svar
-
- 4
-
-
-
Årsaken kjenner eg ikkje til, og kan nok være basert på forskjellige vurderingar, men eg registrerer likevel at det har blitt nesten vanleg at politiet tek beslag i førarkortet om du er uheldig på glatta og sklir rolig ut i grøfta, medan om du kræsjar skikkeleg med dødeleg utfall så får du behalde førarkortet. Om eg skal gjette så er nok dette basert på to forhold. For det fyrste så vil nok føraren som har vært direkte involvert i ei trafikkulykke nok unnlate å køyre på ei stund heilt frivilig på grunn av den psykiske belastinga. Ofte involverer slike ryggeulykker der barn er involvert eit nært familiemedlem, og i andre dødsulykker som front til front kollisjon så er inntrykka veldig sterke. Den andre grunnen er nok at ein vurderer det som lite hensiktsmessig og ei ekstrabelastning å skulle ta beslag i førarkortet og eventuelt ha ein eigen rettssak på å oppretthalde eit midlertidig førarkortbeslag når det tross alt er ein bagatel når ein står ovanfor ei dødsulykke. Det synes likevel å være ein klar trend på at ulykker som fører til dødsfall blir betegna som uhell medan ulykker som fører til materielle skadar eller mindre personskader oftare får merkelappen uaktsomheit.
-
Med atterhald om at eg ikkje har alle detaljane, så finner eg det sannsynleg at fakturaen på 3000 kr er fakturering for at vektaren har møtt opp. Det er ikkje gitt at vektaren også må ha konstatert festbråk for å kunne sende faktura. Det at vektaren har konstantert festbråk kan gi utleigar grunnlag for å vidarefakturere til leigetakar som erstatning for tap etter at leigetakar har mislegholdt husordensreglane. Om ikkje så har vektaren berre utført ein jobb som utleigaren normalt sjølv måtte ha tatt på seg ved å kontakte sin leigetakar for å syte for ro og orden i bustaden, i så tilfelle så det litt meir uklart i kva grad leigetakar har påført utleigar eit tap når dette primært var utgifter knytt til å undersøke saken som utleigar uansett måtte ha betalt uavhengig av funn.
-
Det må eventuelt være at utleigar/burettslaget/sameiget har ein ståande avtale med vekterselskapet. Vanlegvis vil slike fakturaer kome til huseigarar med alarmavtale der vekterselskapet tek seg betalt for unødige utrykkingar på grunn av ein feilalarm. Dersom vekterselskapet har ein avtale som å bedrive oppsyn med ro og orden i nabolaget så hadde eg tenker at eit slikt oppdrag er å rekne som eit "reelt" oppdrag som ein alt har betalt for gjennom vaktavtalen. Har du innbruddsalarm og alarmen blir utløyst av tjuvar så må du ikkje betale ekstra for at vekteren skal gjere jobben sin og rykke ut. Har du aktivert alarmen utan å sleppe ut katten fyrst, og det fører til alarm og uttrykking, så får du vanlegvis ei rekning.
-
Rekner med at disse 3000 kronene er noko som huseigar har blitt fakturert, og at huseigaren har vidarefakturert deg som legetakar? Utleigaren kan ikkje gi deg "bot", det må foreligge eit dokumentert tap. Eg skjønner heller ikkje i kva rolle vektaren var der? Kven er det som har leigd inn vekter? Slike oppdrag er det vanlegvis politiet som står for. At det skal være alminnelig nattero treng du nok ikkje skriftlege ordensregler for å forstå, om det ikkje står i husordenreglane så står det heilt sikkert i politivedtektene for din kommune. Eg er forsåvidt eining i at nabo/utleigar burde sendt ei melding fyrst. Ikkje berre hadde det vært billegare men det kunne også potensielt fått deg til å avslutte mykje tidlegare. Tida der du kan forvente at naboen kjem for å banke på er definitivt forbi, det har vært alt for mykje voldsepisoder etter at naboar har prøvd å klage på festinga til at du kan rekne med at nokon er villige til å ofre eiga helse på å prøve å stoppe ein fest.
- 90 svar
-
- 5
-
-
Bør kanskje også nevne at du bør være oppmerksom på om tinderdaten er ærleg med deg. Det er sjølvsagt alltids ein risiko for at tinderdaten er i eit forhold, men lyg til deg om å være singel for å ha eit sidesprang med deg. Men om det skulle skje så får du i det minste ei bekrefting på at dette ikkje var rette personen å inngå eit forpliktande forhold med.
- 21 svar
-
- 1
-
-
Den store forskjellen her er at det for eit år sidan var tinderdaten som tok kontakt året seinare for å høyre om TS fortsatt var singel, og fekk då til svar at TS hadde kjæreste. At TS no gjer det samme ved å seinare spørre om tinderdaten for tida er singel, underforstått eit spørsmål om å treffes igjen, er godt innafor. I ditt tilfelle så høyres det ut som at situasjonen er heilt annaleis, for dersom du tydeleg har gitt beskjed om at du ikkje er interessert i det heile tatt, så er eg einig i deg at det er upassande å skulle "mase" igjen og igjen lenge etterpå. Eg meiner at du skal køyre på TS. Her er det ingen av dykk som har avvist den andre, det virker som om dykk to har blitt offer for dårleg timing. Fyrst ved at du hadde fleire interessenter når dykk fyrst møttes, og seinare ved at du var opptatt når tinderdaten tok oppigjen tråden. Synes som sagt at det då er godt innafor at det denne gangen er du som melder frå om at du er ledig og inviterer han ut på ein date. Det kan tenkast at tinderdaten vil være avvisande til deg, nettopp fordi han fyrst no er "god nok" etter at det skar seg med fyrstevalget. Men for det fyrste så har du ingenting å tape på å spørre, sjølv om han i verste fall blir dritsur så gjer vel det ingenting? Du skal då ikkje forholde deg til dette mennesket uansett. Mest truleg så vil han ikkje ta dette ille oppe. Sjølv om det sjølvsagt er surt å være andrevalget, så trur eg dei aller fleste har forståing for at du måtte ta eit valg. Eg trur nok også at dei fleste vil oppleve det som eit positivt karaktertrekk at du valgte å berre date platonisk før du gjekk "all in" med berre ein person, framfor at du fortsatte å date mange menn samtidig. Det er openbart mykje sårare å bli dumpa etter å ha vært på mange dates og investert mykje tid i eit forhold som det då ikkje blei noko av. Eg tenker også at du/dykk er "for gamle" til å skulle drive "mind games" med kvarandre. Det er openbart betre odds for at det kan bli eit vellykka forhold av å ta oppigjen kontakten med ein person du kjenner til frå før og som i tillegg liker deg, enn at du skal satse på å få full klaff med ein heilt framand person som du aldri har møtt før. Av og til så treng forholda å modnast før det kan blir noko meir.
-
Regelen er enkelt og greit på plass for å hindre missbruk. Primært i det offentlege der det utan denne regelen kunne være lukrativt å jobbe heile sin yrkeskarriere med ei privat pensjonsordning, og så dei siste åra før pensjonstilværelsen ta seg ein jobb i det offentlege for å i tillegg få AFP resten av livet sjølv om ein berre har bidratt med innbetalingar i nokre få år. Når private bedrifter også fekk AFP så var det behov for ein tilsvarande regel for å hindre misbruk frå tilsette som tek seg ein jobb i ei AFP bedrift heilt på slutten av yrkeskarrieren. På tilsvarande vis skal reglane også hindre at dei som tidlegare har jobba i det offentlege eller i ei bedrift med AFP skal kunne søke om AFP sjølv om det er lenge sidan dei var tilsett i ei bedrift med AFP ordning. Den store ulempen med disse reglane er at det kan då sjølvsagt slå uheldig ut for enkelte, men samtidig så er det nødvendig å sette harde grenser. Ordninga er som nemt kostbar for bedriftene, så det er viktig at ein har nok tilsette som er tilknytta AFP avtalen lenge nok til at ein får inn minst like mykje pengar som ein betalar ut i AFP.
- 4 svar
-
- 1
-
-
Det kjem veldig ann på pensjonsordning du har. Med tanke på pensjonsutbetaling frå folketrygden så er det fyrste du må sjekke om du har opparbeida deg full opptjening (noko eg rekner med at du har). I all enhelheit så har du to realistiske valg. 1. Vente fram til du er 75 år som er maksgrensa for pensjonsutbetaling. Det er dette som gir den høgaste månedlege utbetalinga livet ut. 2. Starte med å ta ut pensjon (kan kombinerast med jobb). Då får du litt mindre sidan du tek ut pensjon utan maks opptjening, men samtidig så auker du pensjonsgrunnlaget ditt for kvart år du jobbar sidan du får eit år ekstra med opptjening. Hadde du vært ein del yngre så kunne det også vært eit alternativ å benytte seg av gradert pensjon der du startar litt tidlegare med å ta ut litt av alderspensjonen frå folketrygda. Dette alternativet er mest aktuelt når du frykter for at du døyr tidleg og du vil sikre at du i det minste får nytte litt godt av pensjonsoppsparinga. Du bør finrekne litt på det, men det er ikkje sikkert det utgjer så veldig stor forskjell for deg å starte å ta ut pensjon no kontra å vente 5 år til. Med alderspensjonen så inngår du veddemål med staten om at du skal klare å leve lenge nok til å få mykje alderspensjon utbetalt. Taperane er dei som døyr før dei tek ut pensjon og som då ikkje får igjen noko som helst. Merk også at dersom du ikkje døyr brått så må du rekne med at dine siste leveår blir på ein aldersheim. Då vil kommunen ta betalt frå deg, og vil i mange tilfeller ta ein stor andel av pensjonen din som betaling for sjukeheimsplassen. Reglane då er at kommunen kan ta 75% av alt du har utbetalt under 1G (122 225 kr), og 85% av det du har utover 1G i alderspensjon. Minste kravet er at du ikkje skal sitte igjen med mindre enn 25% av 1G til eige bruk. Har du høg pensjon så vil du sitte igjen med meir av pensjonen ettersom kommunen ikkje kan kreve meir betalt av deg enn det sjukeheimsplassen faktisk kostar. Det er derfor også relevant å tenke litt på kor lenge du trur du fortsatt vil være frisk, for det er dei friske åra der du bur i eigen bustad at du kan få nyttegjort deg av pensjonen. Får du dårleg helse så vil kommunen stikke av med mykje av pensjonen din. Så dersom du skulle bli sengeliggande som 80 åring, så speler det eigentleg lite rolle om du lever til du blir 100. I eit slikt tilfelle så er det openbart betre å ha 10 år som frisk pensjonist sjølv om utbetalinga er litt lågare, kontra å ha berre 5 år som frisk pensjonist med marginalt høgare pensjonsutbetaling.
- 6 svar
-
- 2
-
-
Du skal ha dokumentasjon på at bustaden tilfredsstiller dei krav som er satt i lov eller i medhald av lov, herunder dokumentasjon på elektrisk arbeid. Tanken med den nye avhendingslova var at det ikkje lenger skulle være lov å selge bustad "som den er" for å kunne avvise reklamasjonskrav på skjulte feil og manglar. No er det lagt meir vekt på at selgaren skal ha aktivt leita etter potensielle manglar før eit salg, medan ein før kunne gjemme seg bak ein påstand om at ein ikkje viste om mangelen. I tillegg er det satt sterkare krav til at kjøparen skal sette seg inn i den dokumentasjonen som selger har fått utarbeida, og at ein mister retten til å reklamere på ting som selgaren burde ha funnet ut ved å lese tilstandsrapporten. I praksis så har ikkje dette fungert like godt som myndigheitene hadde tenkt. Som nemt i denne tråden så er det fortsatt heilt vanleg at det er utført elektrisk arbeid utan medfølgande dokumentasjon. Dette er nok mykje fordi huseigarane har utført arbeidet sjølv, fått arbeidet utført som svart arbeid, eller enkelt og greit at dokumentasjonen har blitt rota vekk. Det sistnemte er markedsidéen til "boligmappa" der slik dokumentasjon kan lagrast og gjerast tilgjengeleg for framtidige eigarer. Det som då skjer i praksis er at selgaren oppgir at det er utført udokumentert arbeid på det elektriske anlegget, og sidan dei fleste kjøprarane er mest opptatt av utsikt og kvitmalte veggar så utgjer dette svært lite i på prisvurderinga. Ofte vil det ikkje lønne seg for ein selgar å innhente dokumentasjon på utført arbeid då det i alle fall foreløpig er veldig vanleg at det manglar dokumentasjon. Kanskje om nokre år når nesten alle bustadar har alt av dokumentasjon klappa og klart så kan det bli vanskeleg å få solgt til ein akseptabel pris dersom det manglar dokumentasjon på utført arbeid, men akkurat no så har det ikkje veldig stor betydning. Du som selger er uansett berre ansvarleg for eventuelle manglar ved arbeidet, så dersom det udokumenterte arbeidet er godt utført så er det heller ingen mangel for kjøper å pårope seg. Største praktiske forskjellen her er at dersom det skulle vise seg at det elektriske arbeidet har manglar så vil selgaren sjølv kunne bli sittande igjen med rekninga fordi det ikkje er lov å selge "som den er", medan om ein hadde hatt dokumentasjon på kven som utførte arbeidet så kunne ein retta kravet mot elektrikkaren som utførte arbeidet. Det er tydelegvis veldig mange selgarar som anser dette som såpass lite sannsynleg at dei er villige til å i verste fall ta kostnaden med å betale for å utføre arbeidet på nytt dersom det skulle vise seg å være feilaktig utført, framfor å betale ein elektrikkar for å gå over bustadne før salget. Og veldig mange av kjøparane tek det for god fisk at det udokumenterte arbeidet ligg langt tilbake i tid og derfor ikkje krever at selgaren skal utarbeide dokumentasjon (og dei som krever slik dokumentasjon ender ofte ikkje opp med å kjøpe huset likevel sidan det alltids er ein potensiell kjøpar som er villig til å legge inn eit tilsvarande bod utan å kreve dokumentasjon på arbeidet). Det er litt det same opp mot forsikring. Du vil nok få avkortning i forsikringa om forsikringsselskapet kan vise til at det er nettopp det udokumenterte el-anlegget som er brannårsak, men igjen så skal det litt til med mindre det elektriske arbeidet er særleg dårleg utført. I tillegg så er det ca 65% av alle bustadbrannar som blir rapportert inn med ukjent brannårsak, så sjølv om det skulle starte brann i det udokumenterte elektriske anlegget så er sannsynlegheita låg for at det blir oppdaga om det ikkje er openbare feil. Har du fått fagfolk til å utføre arbeidet så er nok arbeidet av rimeleg god kvalitet sjølv om du ikkje kan bevise det. Det er ein fyrst og fremst er ute etter å avdekke er hobbyelektrikkarane som til tross for manglande teknisk innsikt utfører slikt arbeid, og det finnes grele eksempler der ledninga er skøyta inne i veggar berre ved å tvinne koppartrådane saman utan å ein gong bruke tape eller at ein har kobla vekk sikringa slik at det er ingenting som hindrar for høg belastning. Alt det sagt så er det sjølvsagt langt tryggare for deg som huseigar at du har dokumentasjon på arbeidet som er utført. Så det å betale ein elektrikkar til å gå over det elektriske anlegget kan nok være ei billig forsikring både for å forebygge brann og berøringsfare, og for å ikkje risikere å måtte svare for gamle synder om neste huseigar finner manglar ved arbeidet.
- 19 svar
-
- 1
-
-
Det må ikkje foreligge faktura, grunnen til at denne slektningen setter seg på bakbeina er at han ikkje vill etterlate seg eit papirspor som viser at han har utført dette arbeidet. Det kan være at han er redd for å ikkje bli trudd på at han har utført arbeidet gratis og ikkje i form av svart arbeid med pengar under bordet. Det lettaste er uansett å leige inn ein elektrikkar til å gå over anlegget, dokumentasjonen frå slektningen din vil nok ha litt avgrensa med verdi også når det har gått ei stund, einaste konkrete ein då får ut av dokumentasjonen er kven som stod for arbeidet.
- 19 svar
-
- 1
-
-
USA vil absolutt ikkje være eit nøytalt land i denne samanhengen. Einaste formålet med å utplassere amerikanere i Ukraina vil være for å avskrekke Russland mot vidare angrep ettersom angrep retta mot amerikanske styrkar vil bli møtt med gjengeldelse frå USA. Saudia Arabia og Kina er nok heller ikkje veldig aktuelle, både fordi dei eventuelt må få betalt for å binde opp eige personell på eit slikt arbeid, men også fordi eg antek at Ukraina vil rekne disse landa som for Russland-vennlige til at det er aktuelt. Eg trur likevel at ei løysing for å sikre at krigen ikkje blussar oppigjen, og som ein garanti for at fredsavtalen blir respektert så kan det være aktuelt for FN å involvere seg ved å sende ein internasjonal styrke til å observere at gjenoppbygginga går fredeleg for seg. Behovet for en slik nøytral tredjepart vil nok også være heilt avhengig av kva som blir resultatet av ein fredsavtale, og då særleg spørsmålet om kvar grensa skal gå. Om Ukraina får tilbake sine okkuperte områder (og gir frå seg Kursk) så vil behovet for internasjonal deltaking være mindre viktig sidan Ukrainarane kjem til å bygge festningsverk langs den russiske grensa, slik at dei sjølv kan beskytte eiga grense med relativt få personar. Får Russland behalde dei områda som Russland har tatt så vil det være behov for internasjonal bistand for at den nye grensa blir respektert. Ukraina kjem då til å legge planar for korleis ein kan ta tilbake området, og vi må nok kunne forvente terror og sabotasjeaksjonar frå Ukrainarar som no er "fanga" i eit russisk område. Så for å hindre at ukrainske myndigheiter fortsetter krigen med guerilla krigføring så vil det nok være behov for internasjonal bistand for å sikre området.
- 5 svar
-
- 3
-
-
Vil egentlig anbefale at du fyrst fjerner alt som er laust, husk også å banke for å lytte etter hulrom på plassar som held på å løsne slik at du får tatt alt samtidig. Deretter ville eg tatt nokre bilder og gått ned på ditt lokale byggevarehus og spurt om råd. I tillegg til at dei ulike kjedene selger ulike merker av murpuss, så kan det også være greit å få råd om kva produkt som vil være best for deg, både når det gjeld prisklasse, kor enkelt pussen er å påføre, og ikkje minst kor lett det er å få ei fin overflate. Det er også eit spørsmål om kva krav du stiller til kvaliteten. Er dette eit hus som du skal selge og berre vil ha ein billig "spitt shine" av, så kan du strengt tatt bruke sparkel til å fylle inn der pussen har flassa av, og deretter male. Velger du å bruke strukturmaling så vil det være til hjelp for å skjule ujamn bakgrunn. Er dette eit hus du har tenkt å bu i lenge så vil det også være langt meir aktuelt å prioritere kvalitet på både materiell og arbeidsutføring.
- 6 svar
-
- 1
-
-
Enig med førre talar, puss ned og legg eit nytt lag med murpuss før du maler. Sidan dette er ein skorstein så kan du ikkje dekke over med plater ellwr liknande. Du kan likevel flislegge eller legge på tynn papirtapet som alternativ til murpuss.
- 6 svar
-
- 1
-
-
Dette kan nok stemme til ei viss grad, men dei to viktigaste grunnane til at mattilsynet stiller strenge krav er: 1. Det skal ikkje være for kven som helst å starte eigen restaurant, strenge hygiene krav sikrar at innehavaren ikkje berre kan å lage mat, men også å drive eit firma med dei dokumentasjonskrav og rutiner som høyrer til. Slike strenge krav motvirkar til dels også økonomisk kriminalitet, ikkje berre matsikkerheita. 2. Det skal være veldig trygt å kjøpe mat i Norge. Matforgifting kostar samfunnet dyrt, alt frå kortvarig sjukefråvær på folk som ikkje kan gå på jobb etterpå, til at matforgifting i ytterste konsekvens kan føre til død eller nedsatt levealder. Om du blåser støvet av biffen du mista på kjøkkengolvet og lager kjøttmiddag likevel så råker det deg sjølv og din nærmaste familie. Når gatekjøkkenet på hjørnet gjer det same så råkar det fort fleire hundre personar. For gatekjøkkenet så er det rein profitt å selge forderva mat ettersom det gir inntekter og veldig lite ulemper, om det ikkje hadde vært for mattilsynet som kan gi kraftig smekk på pungen om det blir oppdaga at gatekjøkkenet tek slike snarvegar.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Kina, en ny alliert som et alternativ til USA?
The Avatar svarte på pants sitt emne i Politikk og samfunn
1. USA er heller ikkje eit perfekt demokrati, på ingen måte. Det som gjer at mange setter merkelappen diktatur på Kina er at dei som sitter på makta også bruker sin makt for å kvitte seg med politiske motstandarar. For nokre år sida så hadde ein mellom anna ein større aksjon mot korrupsjon, som førte til at fleire politiske motstandarar vart fengsla for korrupsjon. Det er høgst uklart kor reelle disse korrupsjonsanklagene var, og kritikarane av aksjonen påpeiker at ingen i den sittande regjeringa måtte frammlegge dokumentasjon på at deira formuer ikkje stammer frå korrupsjon. 2. Frykta for nye terroraksjonar er på ingen måte ei god unskuldning for å sette store delar av ei etnisk gruppe i fangeleiarar for "opplæring" mot deira vilje. Særleg i eit land som Kina som har så utbredt bruk av overvåking av eiga befolking så kan det ikkje forsvarast at ein bruker så sterke virkemiddel ovanfor ei heil befolkning. Det kan kanskje være forståeleg kvifor kineserane er redde for terror og kvifor dei ynskjer folkemord på uyghurane, men det er i alle fall ikkje verdiar som vi kan støtte oss til. 3. Kina har blitt virkelig gode på kapitalisme, det er heilt sant. Det er likevel ikkje mykje å rope hurra for at Kina gjennom svært kyniske verkemiddel klarer å tene pengar. Dette gjeld sjølvsagt ikkje alt i kinesisk industri, men det bør gi ein bismak når ein veit at det er billig å kjøpe ting som er produsert i Kina så er det fordi ein utnytter fattigfolk til billig arbeidskraft, stjeler og kopierer patenter, dropper tiltak som kunne redusert faren for liv, helse og miljø, osv. Dette er ikkje verdiar som vi bør sjå opp til. 4. Her er eg til dels einig, Kina er veldig bipolart på dette området der ein på den eine sida fortsatt driv med mykje forureinande industri men samtidig sitt nok også Kina på litt av nøkkelen for å produsere til dømes solceller og batterier som er billig nok til at det er realistiske miljøtiltak ellers i verden. Eg er også av den oppfattinga at det er til dels hyklerisk av vesten å skulle kritisere Kina for å bygge opp sin industri på billig men forureinande kullkraft, når vi i Europa gjorde nøyaktig det same for 100+ år sidan. Kunnskapsnivået og tilgangen til meir miljøvennlege alternativ har blitt beire dei siste åra, men samtidig så bør vi tillate at også andre land får ha sin eigen indistruelle revolusjon som gjer at befolkinga kan løftast ut av fattigdom. 5. Ytringsfriheita i Kina er heilt bånn i bøtta, særleg satt opp mot at utan ei fri presse så vil det være veldig vanskeleg for politiske motstandarar å kome seg i posisjon til å kunne påvirke eller kanskje også ta over regjeringsmakta. Det er alltid ein sikkerheitsrisiko for alle lands regjeringar å tillate ytringsfriheit, retten til å protestere og retten til å samlast. Forskjellen er berre at i vesten så verdsetter vi disse verdiane og tenker som så at dersom befolkninga samlar seg og blir einige om at regjeringa ikkje gjer ein god nok jobb, ja då er det regjeringa som må gå av og ikkje befolkninga som må lære seg å holde meiningane sine for seg sjølv. I tillegg er Kina som nemt eit overvåkingsland, så at Kina spionerer på alt frå nabokona til andre lands regjeringsmøter har nok dei fleste fått med seg, einaste spørsmålet er eigentleg i kor stor grad Kina utnytter dette. I Kina så har staten ei rolle i alt som skjer i samfunnet, så alt som eit privat kinesisk firma som TikTok samlar inn, det får også staten Kina tilgang til. Eg tenker at det er svært lite aktuelt å skulle knytte tettare bånd til Kina berre fordi Kina er ein sterk part. Kina er beviseleg dårlege på å smarbeide, og alt som ikkje tener Kina kjem i andre rekke, alt frå utenrikspolitikk til miljøvern. Om vi skal knytte oss nærmare Kina så bør det være ved å utnytte Kina sine kapitalistiske eigenskapar til eiga vinning. Til dømes så har kinesiske selskap vært veldig aktive på å levere billige anbod på bygging av infrastruktur, truleg fordi Kina ser på det som verdifult å kunne samle inn etterretningsopplysningar ved å vinne eit anbod som sikrar ei kinesisk tilstedværelse i fleire år. Det siste eg las om no var Stadt skipstunnel der 2 av 6 tilbydarar var kinesiske selskap. Når den kinesiske staten er villig til å bruke pengar på å forsikre seg om at dei kinesiske selskapa kan levere dei billegaste anboda, så bør vi også stille spørsmål på om vi skal la oss utnytte? Så lenge vi er bevisste på den spionasjefaren det medfører å sleppe kineserane inn i Norge, så kan dette være ein billig måte å få bygd viktig og god infrastruktur i Norge for ein billig penge.- 149 svar
-
- 3
-
-