Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 813
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Lavo/telt kan være praktisk ved til dømes langvarig straumutfall. I mange tilfeller kan det være mykje enklare å både varme opp og bu i ein telt heilt utan elektrisitet enn det er å prøve å bu i eit hus som ikkje er designa for å fungere utan straum i det heile tatt. Det er nok at du bur i eit nytt hus med balansert ventilasjon for at det kan bli problematisk med luftkvaliteten om ventilasjonsanlegget står lenge stille. Med lavo og god sovepose kan du nok klarere deg ganske lenge midtvinters med minimalt med ressursar. Det som eg savner i eigenberedskapsråda er eit tydelegare skille mellom det du må ha og det du bør ha. Så vidt eg har forstått ut av dei råda som er gitt så er tanken at du skal ha nok mat, vatn, medisinar og brensel til å kunne leve relativt normalt i 7 dagar. Det er noko anna enn å ha nok på lager til at du klarer deg i ei veke. Til dømes så er 20 liter ganske mykje vatn for berre ei veke. Sjølv med eit relativt høgt væskeinntak på 2 liter i døgnet så har du fortsatt mykje vatn igjen i dunken til å vaske deg med vaskeklut og pusse tenner. Og skal du berre klare deg heilt OK i ei veke medan du venter på at du skal få hjelp frå myndigheitene så lever du ganske godt på berre 1 liter væske per dag også.
  2. Enig. Etter min erfaring så er folk for dårlege på å oppbevare nok vatn. Mat har dei fleste relativt mykje av frå før, særleg om vi rekner med frysaren som held i alle fall i tre døgn før alt innholdet har blitt temperert. Dei fleste har ein plan om å hente vatn frå ein lokal bekk i nærområdet. Den planen har store svakheiter i alt frå at skal du få med deg vatn av betydning tilbake så vil dei aller fleste være avhengig av transportmiddel, at du nok ikkje er den einaste som har ein plan om å dra til same "hemmelige" vasskjelda, og ikkje minst at slikt vatn kan potensielt være forureina ved til dømes atomnedfall. Det er egentlig uten betydning. Innholdet er vakumert og skal derfor i teorien ha same holdbarheit som vanleg hermetikk. Det er likevel nokre svakheiter med papp-hermetikken som det er verdt å merke seg. For det fyrste er papp-hermetikken naturleg ok utsatt for slag og støt mot harde kantar, mister du ned ein papp-hermetikk så kan du risikere at det går hol på pappen. Ei blekkboks vil stort sett berre få ein bulk i verste fall. Det er også ei svakheit at slik papp-hermetikk kan være utsatt for skadedyr som mus som veldig lett kan gnage seg gjennom pappen. Så til heimebruk så kan du nok fint ha kjøkkenskapet fullt av papp-hermetikk, men på hytta eller andre stadar der det oftare er rotter og mus så kan du ikkje nødvendigvis være heilt sikker på at all papp-hermetikken er like fin som då du forlot hytta.
  3. Uttaler med mer generelt i lys av innlegget til @Abigor om problemstillinga med oversetting og omskriving opp mot reglane for plagiat.
  4. Eg meiner at den akademiske definisjonen av juks ikkje heilt heng med i den tekniske utviklinga som har vært, og ikkje minst talet på oppgåver som er skrevet verden rundt. Reint statistisk så begynner det å bli vanskeleg å kome med 100% originale formuleringar som ikkje liknar på noko som andre har formulert før deg på noko som helst slags språk. Eg trur nok at det før var veldig vanleg å være "inspirert" av andre sine formuleringar og at det var ein aksept for å hente inn slike formuleringar fritt frå hukommelsen utan å måtte grave fram dokumentasjon på originalsitatet, utfordringa no er at jukseverktøya har blitt så gode at også det som tidlegare var akseptert no blir flagga som juks. Det høyrer også med at ei masteroppgåve er per definisjon forskning, men sidan det er så mange som no tek mastergrad så blir det sjølvsagt stadig meir utfordrande å finne heilt nye ting å forske på. Veldig mange ender opp med å skrive masteroppgåve som omhandlar tematikk som har vært skrevet mykje om før også, men med ein eigen liten vri. Særleg vil dette gjere seg gjeldande innafor realfaga, det er avgrensa kor mykje unikt du kan skrive om til dømes dei kjemiske eigenskapane til hydrogen. Då er det lettare i dei "mjuke" faga der informasjonsinnhentinga skjer i form av intervju og subjektive vurderingar. Min spådom er at på grunn av KI generert tekst og tilgang til store oppslagsverk så blir vi nok på eit eller anna tidspunkt nødt til å droppe å vektlegge sjølve skrivearbeidet. Med dei gode jukseprogramma som universiteta i dag bruker så er det strengt tatt unødvendig å bruke tid på føre opp referansar undervegs i skrivearbeidet. Må få tilpassingar i programvaren så kan vi i dag køyre heile oppgåve gjennom KI og få spytta ut ein ferdig referanseliste. Eg vil også spå at dette vil bli ein del av den akademiske måten å jobbe på ved at ein brukar KI til å kryssreferere at kjeldene er korrekte når du les forskningsrapportar som er utarbeida av andre. Litt på same måte som at det i dag ikkje er hensiktsmessig å vurdere ei mastergrad på antallet med stavefeil. Alle brukar i dag skriveprogram som setter raud strek under stavefeil, og til og med gramatikk-verktøyet har starta å bli såpass bra at både dårleg setningsbygging og feilaktig bruk av ord lett blir påpeikt og endog automatisk retta opp. Framtidas masteroppgåver må nok legge mykje meir vekt på sjølve forsknings og informasjonsinnhentinga. Detaljgraden på sjølve oppgåveteksta kjem heilt ann på om du ber ChatGPT oppsumere dine hovudfunn med 100 eller 100 000 ord. Sannsynlegheita er uansett stor for at lesaren av oppgåva gjer same øvinga for å få ChatGPT til å oppsumere heile oppgåva som fem kulepunkt.
  5. Det er i alle fall ei lønn som ligg under tarifflønna som er avtalt på området (grossistoverenskomsten). Der er minstelønna for voksne arbeidararar 266,72 kr per time, og med 20% tillegg på alle arbeidede timer ved fast 2-skiftordning (og ikkje berre tillegg på skift nummer 2 om eg fortår tariffavatalen rett). Tilsvarande garantilønn for formenn og mekanikere er 270,08 kr i timen, og dersom ein også har fagbrev så skal det være 12 kr tillegg per time så det forklarer kanskje kvifor du får tilbod om ca 280 kr i timen. For fører at truck sin krev førarkort skal det være eit veketillegg på 56 (blir 1,48 kr per time ved normal 37,5 timers arbeid). Det er ikkje gitt at tarifflønn nødvendigvis er det korrekte, bedrifter som ikkje har tariffavtale kan avtale andre lønnssatsar. Det kan også være forskjellige lokale forhold som tilseier at dette er rett lønnsnivå. Kan det være at dette lønnstilbodet er ei startlønn med rom for å reforhandle lønna når han har bevist at han kan utføre arbeidet? Det kan være at enkelte er skeptiske til å utsette ein utlending på høg lønn før vedkommande har vist seg kapabel til å jobbe i eit norsk arbeidsmiljlø.
  6. Om ikkje anna er avtalt så skal husrommet tilbakeleverast rydda og reingjort, og ellers i den stand husrommet hadde ved overtaking bortsett frå slitasje. Husrommet treng ikkje nødvendigvis ein full nedvask om det ikkje var nedvaska når du flytta inn. Reingjeringa ved utflytting skal likevel være noko meir omstendeleg enn vanleg helgevask.
  7. Som nemt så blir det ei vurdering på om kjøparen forstod eller burde forstå at prisen var feil. At kjøpar har motteke ordrebekreftelse teller i kjøpers favør, også om ordrebekreftelsen er automatisert, for det er litt av risikoen med å automatisk bekrefte innkomande ordrer utan å sjekke at prisen er rett. 70% rabatt, og særleg på denne tida av året når mange butikkar vil bli kvitt det som har stått på lager heile vinteren for å få inn årets modellar så er ikkje 70% ein unaturleg rabatt. Eit kjapt søk på hagemøblar med 70% gav meg mellom anna dette treffet: https://www.oakland.no/produkt/duke-spisebord-rustfristal-ramme-med-fsc-teak-bordplate Riktignok berre 69% rabatt, og riktignok i ei lågare prisklasse med to stolar mindre. Eit anna eksempel frå Rusta er dette settet: https://www.rusta.com/nb-no/hage/hagemobler/mobelsett/bord-florens-uttrekkbart--8-stoler-amalfi3 Riktignok berre 23% rabatt på denne sittegruppa, men viser her at du kan få liknande utemøblar med to ekstra stolar til under 10 000 kr. Eg er ingen ekspert på design, men eg synes ikkje at der er openbart at du som kjøpar måtte ha forstått at 14 000 kr for eit bord og seks stolar i lakkert stål var urimeleg billig. Her er forøvrig eit eksempel frå same side som trådstarter handla på: https://www.lanna.no/grythyttan-stalmobler/high-tech-serien-high-tech-bord-110x70-cm-4-hoyteknologiske-stoler 16 500 kr for fire stolar og eit bord i lakkert stål, ja det er litt dyrare og med to stolar mindre enn det trådstarter betalte, men så er heller ikkje dette sette annonsert med tilbud. Spørsmålet er mest om du som kunder orker å kreve at selger opprettheld avtalen. Du må nok rekne med å ta nokre telefonar. Om butikken står på sitt og berre vil tilby heving eller 20% avslag så blir neste steg at du klagar inn saka til forbrukerklageutvalget. Det kostar deg 263 kr å mekle via Forbrukartilsynet, oppnås det ikkje einigheit kan du gå vidare med å sende inn ei klage, det er noko dyrare med eit rettsgebyr på 1314 kr. Dette gebyret vil du normalt sett ikkje få dekt frå motparten sjølv om du taper, men det hender seg at motparten tek på seg å dekke heile eller delar av gebyret som ein del av eit forlik. Det er vanskeleg å rådgi deg på generelt grunnlag, men i denne saka så er det snakk om såpass mykje pengar at 1500 kr i tillegg til forbrukerklageutvalget i tillegg ikkje blir den heilt store kostnaden. Det er svært stor forskjell på om du vinner fram og får møblementet til 13 699 eller til 30 874 kr som er det butikken tilbyr deg med 20% rabatt. Merk også at saksbehandlinga kan fort ta eit år, så dersom du tek opp kampen så bør motivasjonen din være det prinsipielle ved saka. Du får som tidlegare vist kanskje mykje greie utemøblar til 14 000 kr i andre butikkar også. Likevel, det å "krangle" med butikken der du truer med å klage inn saka kan fort få butikken til å gi etter då ei ei slik klagesak er både tidkrevande og gir butikken dårleg omdømme. Å betale 263 kr for at forbrukerklageutvalget skal ta kontakt med butikken er totalt sett såpass billeg at eg meiner at det vil være verdt det, om ikkje anna for å få butikken til å hoste opp ein betre rabatt slik at dykk kan inngå eit forlik og avslutte saka.
  8. Eg veit ikkje heilt om det reint fagleg sett er skille mellom tilfluktsrom og bomberom eventuelt andre benevningar, men dei norske tilfluktsromma er bygd på ein mal at alle større bygg skal ha tilfluktsrom til brukarane av det aktuelle bygget, og tilfluktsrommet skal ha ein kvalitet med luftfilter og slikt gir beskyttelse mot både stridsgassar og atomnedfall. Tilfluktsromma er designa for å være i bruk i opp til 6 timar om gongen. Mykje av poenget med slike tilfluktsrom er at store delar av befolkninga skal ha umiddelbar tilgang til eit slikt tilfluktsrom som typisk ligg i kjellaren i bygget du bur eller jobbar i. Eg er ikkje ueinig i at fjellanlegg hadde vært bra å bygge ut, men slike anlegg vil ha eit litt anna bruksområde ettersom det vil ta lengre tid å kome seg til nærmaste fjellanlegg. Eit slikt bomberom for å kalle det noko anna enn tilfluktsromma vil være eit heilt samfunn inne i fjellet som baserer seg på at innbyggarane effektivt sett bur inne i bomberommet så lenge det er ein fare for bombeangrep. Dei tilfluktsromma vi har er basert på at i det flyalarmen går så spring alle ned i kjellaren og er midlertidig trygge til bombeflya har returnert og vi kan ta oss ut av tilfluktsrommet. Så det å bygge bomberom inne i fjellet medfører også ei heilt anna tilnærming. I dag så har regjeringa gått vekk frå tilfluktsrom som løysing etter over 25 år med "midlertidig" byggestopp, sjølv om stadig fleire tek til orde for å satse på tilfluktsrom igjen så er dagens strategi for å beskytte befolkinga ein kombinasjon av å bruke eksisterande tilfultsrom (som ein berre forutsetter fortsatt er vedlikeholdte og funksjonelle) og befolkningsflytting til mindre utsatte områder. Det avgjerande spørsmålet er sjølvsagt økonomien og spørsmål om kor mykje pengar vi skal investere i slike bunkere kontra anna forsvarsmateriell. Eg er likevel som deg tilhengar av at vi godt kunne hatt fleire fjellanlegg, og med dagens tekniske innrettingar så burde det også være relativt uproblematisk å bruke slike anlegg til andre ting også. For sjølv om at byggereglane setter krav til dagslys ved varig opphald og liknande, så burde det være ein smal sak å både gi generell dispensasjon ved underjordiske anlegg som også har ein beskyttelsesfunksjon og å sette inn kunstig belysning/skjermar og liknande tekniske tiltak som gjer det fullt ut forsvarleg å etablere til dømes kontorarbeidsplassar under bakkenivå, for ikkje å snakke om parkering som det alltid er mangel på i tettbygde strøk.
  9. Det er viktig å skille mellom innvandring og flyktningar. Kor mange flyktningar vi kan ta imot vil nå ei grense. Flyktningar får jobbe om og når dei får innvilga oppholdsløyve på bakgrunn av flyktningsstatusen, den viktigaste grunnen til at flyktningar får jobbe er at dette reduserer utgiftene når flyktningen kan tjene til eige livsopphold i staden for å få alt via NAV. Innvandrarar er noko anna, det er per definisjon utlendingar som søker om å få kome til Norge for å jobbe, for å før å få løyve til dette så må dei vise til at dei har kompetanse som Norge treng. Slik som det er no så er så treng Norge å importere arbeidskraft, særleg innafor helsesektoren om vi skal oppretthalde tilsvarande tenestenivå. I Norge så har vi hatt ein innvandringspolitikk som gjer det relativt enkelt å få opphaldsløyve på bagrunn av å være flyktning som har behov for beskyttelse, og deretter endre status som arbeidsinnvandrar som kan bli værande i Norge sjølv om beskyttelsesbehovet har falt bort fordi dei bidreg i det norske arbeidsmiljøet. Mange av dei ukrainske flyktningane er både ressurssterke og høgt utdanna, om det skulle bli fred i Ukraina så legg systemet opp til at då skal dei reise heim, men mange av dei ukrainarane som har komt hit kan relativt enkelt søke om å få bli værande her fordi dei har kompetanse som vi treng i Norge. For vanlege flyktningar så kan vi respektere internasjonale konvensjonar ved å gi flyktningar beskyttelse, men vi treng ikkje nødvendigvis å gi flyktningane språkopplæring og arbeidsløyve. Om vi ikkje gir arbeidsløyve til flyktningar så må vi dekke meir av kostnadane over NAV systemet, på den andre sida så er det slik at dersom flyktningar ikkje får jobbe og etablere seg i Norge så opparbeider dei seg heller ikkje noko grunnlag for varig opphold, så det er fordelar og ulempar med begge løysingar.
  10. Ikkje veldig overraskande. Fleire dagar utan å ein gong få beskjed om at det er ein feil, ei vekes ventetid på at feilen er fiksa, og 10 dagar å vente for dei som fabrikkgjennopretta så er det lenge å vente når det i tillegg er så lite info om framgangen. Det er ikkje nokon stor ting, men det er nok mange som alt etter eit par dagar måtte finne alternativ, og når du må kjøpe ny strømmedings fordi den gamle Google devicen plutseleg slutta å virke så frister det nok ikkje å kjøpe Google igjen. Det eg savnar i artikkelen er lenke til test av kva alternativ til Chromecast som finnes, og kva av alternativa som er å anbefale.
  11. Er enig i dette, både kor mykje pengar vi skal bruke og kvar pengane skal plasserast er heilt avhengig av kva som er formålet til forsvaret. Som kystnasjon så må vi nesten ha ei krigsflåte. Det er likevel ikkje sikkert at det er hensiktsmessig å bruke heile budsjettet på 5 fregattar, på mange områder så er nok ei tilsvarande stor flåte med droner vel så fornuftig. Det er likevel mange fordelar med fregattar som gir stor mobilitet og stor rekkevidde i kombinasjon av helikopter. Alternativet blir fort å bygge veldig mange kystfort som har sine ulempar. Det kan godt være at mange militære skip med litt mindre teknologi er ei vel så god løysing ved forsvarskrig. Eg er forøvrig heilt einig i at vi bør droppe F-35, og særleg no når USA er ein uforutsigbar alliert. F-35 har aldri dekt norske behov, F-35 vart kjøpt inn fordi det var ønskeleg å fortsette det gode samarbeidet med USA og dra nytte av den kompetansen vi har bygd opp med F-16. Største fordelen med F-35 for Norge sin del var at denne flytypen gjorde det lett for oss å bidra i internasjonale operasjonar saman med andre alierte som bruker F-35. Lest mellom linjene så kjøpte vi F-35 slik at vi kunne hjelpe USA i sine militære operasjonar. Min meining er at JAS-Gripen hadde vært betre eigna for norske forhold sidan disse flya kan drive omtrent guerilla krigføring. På same måte som å plassere alle pengane våre i nokre få rådyre fregattar så meiner eg at det er ein tabbe å plassere alle våre rådyre jagerfly på berre nokre få flyplassar. Vi må rekne med at dersom vi blir angrepet så vil det være eit overraskingsangrep som er godt planlagt, så vi må rekne med at både flyplassar og fregatthavner vil være primærmåla for eit angrep, deretter må vi klare å forsvare oss med det som fienden ikkje har klart å kartlegge og slå ut i starten av krigen. Eg trur likevel at det beste vi gjer er å ruste opp med tiltak som ikkje kostar særleg mykje. Blant anna så bør vi ruste opp militærleiarar og talet på befal slik at vi har kapasitet til å som minumum sleppe til alle som ønsker å avtjene verneplikta, og helst bør vi vurdere å berre innføre verneplikt for alle. Vi får ikkje supersoldatar med eit års fyrstegongsteneste, men det vil være av stor verdi at vi har mange personar som har fått militær grunnopplæring og som er i stand til å bidra ved behov. Deretter så viser erfaringar frå Ukraina at droner er framtida, kanskje i vel så stor grad som jagerfly. Berre det å fylle opp lagera med nok våpen, ammunisjon og sprengstoff til at vi er i stand til å drive motstandskamp er eit relativt billeg grep.
  12. Sjølv om vilkåra seier at ein ved betinga dom må sone dersom ein begår nye straffbare handlingar så er det i praksis berre snakk om straffbare handlingar som fører til fengselsdom at den betinga dommen blir lagt til. Det er ikkje slik at med ein betinga dom så ryker ein rett i fengsel om ein i løpet av to år får bot. For dei aller aller fleste så medfører betinga dom at ein ikkje treng å sone. Eg trur nok at eg ville telt litt på knappane i forhold til om det er verdt det å køyre tilståingsdom. Normalt sett vil ein tilståingsdom som har stor betydning for utfallet gi 30% rabatt, og med 50% som maksimal strafferabatt. Det gis ikkje strafferabatt på førarkortbeslaget, så realistisk sett er det her snakk om at straffa blir 14 eller 21 dagars betinga fengsel. Sidan det er god sjans for å sleppe å måtte sone den betinga fengselsdommen så er det relevant å vurdere å ikkje tilstå og heller ta sjansen på ei frifinning. Tilstår du så vil rettssaka gå fort, men du vil bli dømt til i alle fall 14 dagars betinga fengsel, nektar du straffeskuld så kan du være heldig å vinne fram på at dette var eit uhell som ikkje er straffbart slik at du slepp unna utan å bli dømt, og alt du risikerer er ei veke med teoretisk fengselsstraff. Merk også at sjølv om at betinga fengsel normalt ikkje må sonast, så er det ein straffereaksjon som blir logga. I forhold til saker der du seinare treng politiattest så vil ein betinga dom kome med på attesten dei neste tre åra, noko som fort kan være den delen av straffa som er mest problematisk.
  13. Dette stemmer ikkje. Ja alkohol er dyrt, men det er på grunn av alkoholavgifta som ville vært på same nivå om også andre butikkar fekk selge vin. Vinmonopolet er saman med dei andre nordiske vinmonopola verdens største innkjøper av alkohol, noko som gir låge prisar. Disse låge prisane ser ein lite av på billigvin, men det merkes på dei dyrare produkta. Det er ikkje monopolordninga som gir høge prisar, snarare tvert imot. Det er avgiftspolitikken som gir høge prisar på alkohol. På ei vinflaske som kostar 150 kr på Vinmonoplet så er 45 kr alkoholavgift og 30 kr moms, så sjølve vinen hadde kosta 75 kr om det var avgiftsfritt. Då er det liten forskjell om på sluttprisen om Vinomopolet kjøper inn ei så stort parti at produsenten slår av 5 kr per flaske. Men om vi snakkar om vin til 1000 kr flaska der Vinmonopolet får kvantumsrabatt og får kjøpe vinen til 800 kr så vil dei 75 kronene med avgifter som legges på være forsvinnande lite. Når Vinmonoplet har vinslepp på dyr vin så er det også mange utlendingar som står i kø fordi slike vinflasker er billegare i Norge på Vinmonoplet enn dei er i utlandet. Denne prisforskjellen ser vi også mellom Vinmonopolet og daglegvarebutikkane. Ei flaske med Ginger Joe ingefærøl kostar på polet 47,90 for ei 0,33 flaske. På dagligvarebutikken selg kostar ei slik flaske akkurat det same for 0,33 liter. Men reknar du inn at daglegvareversjonen berre er på 4% alkohol medan vinmonopolets versjon er over 50% sterkare med 6,5% så medfører det at det billegare å handle på polet enn det er å handle den utvatna versjonen på daglegvarebutikken.
  14. Dette er sjølvsagt mogleg å få til, men ein statleg daglegvarebutikk vil nok fort slå bein under dei andre butikkane, med det resultat at dei i praksis berre er den statlege daglegvarebutikken som er igjen. Då får vi ein monopolsituasjon der det staten som åleine bestemmer over både utvalg og prisnivå. Det kan bli veldig bra, men det kan også ende opp med å bli både dyrt og dårleg. Merk også at når staten er inne i slike selskap som er nemt så er det fleire ulike måtar staten er innvolvert på, alt frå at det er Staten sjølv som driftar tenesta utan å måtte forholde seg til krav om at bedrifta skal gå med overskot, til at Staten driv selskapet som om det var eit privat selskap, og til at Staten berre er inne som investor som tek sin del av profitten. Opp mot daglegvarebutikkar så gir det alternativa at Staten kan starte ein daglegvarebutikk som ein "gratisbutikk" der Staten deler ut gratis mat og finansierer alt over statsbudsjettet, eller at Staten drifter ei daglegvarekjede som må gå i pluss for å ikkje bli lagt ned, til at Staten kjøper seg i alle daglevarebutikkar og i rolla som eigar tek ein del av overskotet tilbake til statskassa.
  15. Det er mykje som er rasjonelt med å bygge tradisjonelt også. 3D printing av hus er ein type teknologi som berre gir meining om ein uansett skal bygge i betong/mur. Som erstatning for trehus så er det ingen god erstatning. Som tildlegare nemt så er det også slik at det finnes mange nyvinningar på byggefronten, men utfordringa er at kvalitetskrava sette avgrensing på kor billeg det er praktisk gjennomførbart å bygge. For å få ei billig og brukbar garasje så kan du kjøpe garasjetelt på Jula til 7000 kr det er sjølvsagt ikkje i nærheita av same kvaliteten som ei garasje bygd i treverk med garasjeport og innlagt straum, men skal du berre ha ein tørr plass å sette bilen din så er dette ei heilt kurrant løysing. Skal du ha ei litt meir kostbar løysing men som fortsatt er billig så kan ein ta mellom løysinga ved å sette opp reisverket i treverk og spenne opp duk som veggar. Det er likevel slik at dei aller fleste som bygger garasje bygger seg garasje for å kunne bruke garasjen til litt meir enn berre oppbevaring av bil. Ei garasje med teltduk er til dømes ikkje særleg innbruddssikker så den er lite eigna til å oppbevare gjenstandar av verdi.
  16. Du kan føre leilegheita di til slektning i rett opp eller nedstigande linje, så du kan gi bort leilegheita til din far og din far kan gi leilegheita tilbake til deg utan at det utløyser forkjøpsrett. Hinderet her er nok at styret kan nekte å godkjenne deg som ny andelseigar med begrunnelsen at du ikkje har intensjon om å flytte inn i den nye leilegheita og at du ikkje kan bu i din gamle leilegheit når den er overdratt til din far. Skal du bu i den leilegheita som du har overdratt til din far så må din far også bu i leilegheita. Din far kan også overlate heile leilegheita til andre i oppp til 30 dagar i året, men då må han fyrst bevise at han sjølv bur i bustaden. Din far som andelseigar kan overlate bruken av bustaden til deg i opp til tre år, men det krev at din har har budd der i minst eit av dei siste to åra, samt at du må ha godkjenning frå styret.
  17. Dette er ikkje lett tilgjengeleg på nett. Du må ta kontakt med Brønnøysundregisterert for å be om innsyn i historiske opplysningar. Om det er snakk om opplysningar frå før 1990 så må du ta kontakt med Arkivverket.
  18. Å pålegge deg å ta med elevane ligg nok godt innafor arbeidsgivars rett til å styre og organisere arbeidet. Det er likevel bedrifta som har ein avtale om kva elevane skal lære, og det å sitte å sjå på deg trykke på datamaskina gir nok dårleg læringsutbytte. Det kan derfor være relevant å ta opp dette med den i bedrifta som er opplæringsansvarleg for å finne noko meir produktivt som elevane kan gjere i staden for å sitte å sjå deg jobbe.
  19. Kor mange timar jobbar du dei andre vekene? Alminneleg arbeidstid skal ikkje være over 40 timar i løpet av 7 dagar. Det er lov å avtale gjennomsnittsberekning av arbeidstida, så då kan du jobbe 42,5 timar eine veka og 37,5 timar neste veke utan å gå over 40 timar per veke i snitt. Ein slik avtale kan enten være personleg via arbeidsavtalen, eller via tillitsvalgte i bedrift som har tariffavtale. Gjennomsnittsberekning av arbeidstida er noko anna enn overtid sidan det blir kompensert med kortare arbeidstid på eit seinare tidspunkt.
  20. At der er mulig å lure eit kamera ved å male eit realistisk bilde av ein veg på veggen burde ikkje være særleg overraskande. Det er heilt rett å kritisere Tesla for å at det å berre basere seg på kamera er sårbart i enkelte situasjonar, men det burde ikkje være veldig overraskande. På tilsvarande vis så vil eg tru at også LIDARen hadde slitt om ein før testen spenner opp ein tynn vaier som ikkje er stor nok til å sende gode refleksjonar tilbake. Eg er rimeleg sikker på at i 99.999% av tilfella så er det heilt uproblematisk at ein Tesla på autopilot ikkje klarer å oppdage ein vegg i vegbana som er kamfulert. Vil tru at mange mennesklege sjåførar også ville hatt problem i eit slikt tilfelle, særleg under dårlege lysforhold.
  21. Det litt både og. Det er svært mange som har enda opp på NAV på grunn av omsorgssvikt fordi dei vaks opp i eit hus med to foreldre som ikkje var i stand til å utføre oppgåva. Eg vil nok tru at i mange tilfeller så vil det å tidleg havne på ein barneheim og få trygge oppvekstrammer fort være mykje betre nettopp for å unngå at ungen veks opp ute av stand til å bli ein god samfunnsborgar. Min meining er at dersom vi hadde brukt litt av dei pengane som i dag går til dagpengar/uføretrygd, reparasjon av herpa kommunale leilegheier, osv, og brukt dette på førebyggande tiltak som trygger oppvekstvilkåra for ungane. Det er sjølvsagt dyrt å servere skuleelevane både frukost, lunsj og middag før dei går for dagen, men det sikrer at alle barn får dekt sine mest grunnleggande behov. Store delar av kostnaden ved ei slik ordning kan uansett takast inn over skatteseddelen. Om foreldra betalar for sine barns måltid direkte i kassa på Kiwi eller via eit påslag på skattetrekket skal gå for omtrent det same. Det er alt for mange barn som av ulike grunnar fell utanfor, og det er ikkje nødvendigvis berre fordi foreldra ikkje gir nødvendig omsorg, det kan vel så gjerne være at foreldra ikkje har kapasitet til å følge opp med f.eks. lekser. (Synes forøvrig at det er rart at vi skal ha elevane på skulen nesten ein heil arbeidsdag, og deretter sende med dei eit par timar med lekser. Det er ingen vanlege arbeidstakarar som hadde akseptert at dei etter å ha jobba heile dagen skal ha med seg to timar med arbeid som skal gjerast på kvelden i tillegg). Pensumet som elevane skal gjennom har utvikla seg ganske fort, og ideelt sett så burde det være enda meir avanserte læremål sidan så og seie alle jobbar i dag krever stor grad av teknisk kompetanse, også i praktiske yrker. Eg trur nok at ein av grunnane til at mange velger å være barnlause er at krav og forventningar blir stadig høgare. Mykje av krava er høgst reelle særleg det som går på sikkerheit. Det er ikkje så mange tiår sidan det var heilt greit å ha fire ungar sjølv du berre hadde fem-seters bil, for minstemann kunne jo ligge i bagasjerommet eller sitte på fanget. Til tross for at til dømes barnehageplass aldri har vært så billeg som der er no, så er det fortsatt for dyrt for veldig mange. Etter mitt syn så burde barnehage bli rekna som ein del av skulegangen og vært gratis, det er lenge sidan barnehagane slutta å berre passe på ungane på dagtid, i dag er det også mykje pedagogikk og opplæring. Mogleg off-topic: Eg trur nok også at nettopp det at vi i Norge setter barns behov veldig høgt, også bidreg til at det settes større krav til foreldra. Det at vi setter barnas behov høgt gjer også det er veldig krevande for enslige å få barn i Norge. Kvinner som ønsker å få hjelp til inseminering må ha sæd frå identifiserbar givar, og sædgivaren må identifisere seg og akseptere seg at barnet kan kontakte deg etter 15 år, og du får ikkje vite om din sæd har ført til gravididtet slik at du eventuelt kan førebu deg på at det plutseleg står ein 15 åring på døra med masse spørsmål. Disse reglane er sjølvsagt kjempebra for barna som har rett til å lære om sitt biologiske opphav, men det har også ført til at det er lite norsk sæd å oppdrive. Og er du mann som ønsker å få barn åleine så er det enda vanskelegare, det er ikkje lov med surrogati i Norge så då er einaste lovlege vegen å prøve å bli godkjent som adoptivfar med alle dei utfordringane det medfører for ein einslig mann. Til tross for at vi i Norge er eit inkluderande land, så er eit stabilt forhold ei absolutt forutsetning for å få hjelp frå myndigheitene til å få barn der du må bevise at du både har økonomi og motivasjon til eit slikt ansvar. Som adoptivforeldre så må du bevise at du er superforeldre, samtidig så skal det særdeles mykje til for at myndigheitene stiller tilsvarande krav til "lausungar" som oppstår etter tilfeldig seksuell omgang heilt utan trygge rammer for barnet å vekse opp i. Tilsvarande strenge reglar er det for å være beredskapsheim som kan ta imot barn frå barnevernet i ei kort periode, du skal ha både grunnopplæring og CV som viser til relevant kompetanse, til tross for at behovet for voksne som kan ta på seg ein slik jobb til barnets beste er skrikande dei fleste stadar i landet. Hadde vi stilt meir oppnåelege minstekrav til kva eit barn skal ha under oppveksten så trur eg nok at mange som i dag er enslige og som ender opp som "katte-kvinner" og "hunde-menn" hadde kunne valgt å oppdra eit barn i staden for eit husdyr, men det er i praksis veldig vanskeleg.
  22. At Europa trenger batterifabrikkar er ei sannheit som er veldig avhengig av andre faktorar. I forhold til miljøvern så vil store batteribankar være nødvendig om den grønne energien vi skal produsere skal produserast med metodar som gir store svingingar i produktiviteten, slik som sol-, vind, og eventuelt bølgekraft. Då må vi ha batterier for å magasinere opp nok straum til dei periodane det er dårlege forhold til å produsere slik straum. Likevel så har vi i Norge veldig gode mekaniske batteri i form av vasskraftverka som vi kan bruke til slik regulering, og går vi for atomkraftverk så er vi kvitt heile problematikken ved at vi kan produsere jamnt med miljøvennlig straum døgnet rundt. Sjølv om eg personleg ikkje finn det formålsteneleg så er også hydrogenproduksjon eit relevant alternativ for å lagre "overskotsenergi" som vi kan bruke av når det er både overskya og vindstille. Største argumentet for Europeiske batterifabrikkar er nok forsyningssikkerheita slik at vi ikkje er avhengige av Kina og USA, spørsmålet er berre om det Europeiske markedet er villige til å betale for dyre Europeiske batteri når det er billege batteri frå Kina og USA å kjøpe i staden for. Uansett så ivaretek vi ikkje europeisk sjølvforsyning ved å bygge amerikanske batterifabrikkar.
  23. Det er litt både og. Fordelen med dette byråkratiet er at uansett kvar i Norge du kjøper hus som er bygd etter eit bestemt årstal så kan du forvente eit standarisert minstekrav. Eg er ingen stor forkjempar for strenge isolasjonskrav, men eg er einig i at det er ein fordel at det er ein styrke at den som ikkje har råd til anna enn enkle billige hus ikkje blir flådd av straumrekninga veka etterpå fordi huset er uisolert. Der det stoppar litt opp for min del er at det same byråkratiet som stiller så strenge krav til hus også har innført unntak dersom du bygger hytte. Riktignok under føresetnad om at ein hytte ikkje skal være bustad meir enn maks halve året, men utan at det finnes nokon reell måte å nekte folk i å bu på hytta året rundt. Og er det ein type bygg som burde være godt isolerte så er det jo særleg slike skihytter som berre blir brukt på vinterstid og som krev mykje energi å holde varme.
  24. Det er vanskeleg å effektivsere vekk produksjonstida ved husbygging. Noko fortare går det sjølvsagt med spikerpistol kontra vanleg hammer, men det er ikkje nok til å dramatisk redusere tida det tek å sette opp eit bygg sjølv om vi legg til grunn at huset skal byggast etter 1925 standard og ikkje 2025 standard. Som nemt har vi delvis komt dit med ferdighus som i stor grad er bygd på fabrikk og som berre er montert på tomta, men også her er det transportkostnadane som spiser opp mykje av fordelen ein har med fabrikkproduksjon. Den andre viktige grunnen til at det er dyrt å bygge i dag er materialkostnadane. Ein enkel takstol kostar ca tusenlappen pluss transport. Så sjølv eit lite bygg med fem takstolar har brukt 1/4 av to-vekers budsjettet berre i takstolar. Eit enkelt spikertelt til campingvogn på ca 15 kvm beståande av isolerte sandwitch-element får du kjøpt til ca 50 000 kr, går du for heilt uisolert som i ei garasje så kan du nok så vidt klare dette på to vekeslønningar, men det er ikkje mykje til byggverk du sitter igjen med.
  25. Forskjellen ligg i at at krava blir stadig strengare. På 80 talet var kravet om til isolasjon i ytterveggane 10 cm, i 1997 kom kravet vart kravet 20 cm, og i dag er kravet minst 25 cm. Disse krava er også uavhengig av lokalt klima og temperartur. Så i dag må du ha 25 cm uavhengig av om du bur i innladet der temperaturforskjell på 50 grader mellom sommar og vinter ikkje er uvanleg, eller om du bur langs kysten der utetemperaturen er konstant 10 grader enten det er sommar eller vinter.
×
×
  • Opprett ny...