Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 810
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Skattereglane er ei heilt anna problemstilling. Forskjellen mellom hobby og næring er om aktiviteten er egna til å gi overskot, det er ingen definert beløpsgrense. Sjølv om aktiviteten er rekna som eigna til å gi overskot så er det likevel eit unntak for aktivitet som har hobbypreg eller som er rein eingongshending. Det fyrste salget var nok ei slik eingongshending, kjøpet av to nye bord for å gjere det same mot forteneste gjer nok at dette kan blir vurdert som skattepliktig inntekt. Når ein omsetter for meir enn 50 000 kr så skal ein normalt også registrere seg i meirverdiavgiftsregisteret, her er det eit unntak for kunst men ikkje for kunsthandtverk. Kva kategori disse borda kjem i er eg ikkje heilt sikker på men eg heller mot at det er brukskunst og dermed momspliktig. Og for å gjere det meir komplisert så er det i tillegg ei 5% kunstavgift. Det mest korrekte er å oppgi dette på skattemeldinga og la skatteetaten ta stilling til om dette er skattepliktig eller ikkje, det sagt så er sannsynlegheita for å blir oppdaga og få straffeskatt ganske liten men alikevel ein risiko å ta.
  2. Tenkte meir på at det å ikkje bli autorisert kan bli brukt av arbeidsgivar som eit argument for at pålitelegheita er for dårleg, noko som kan være ein gyldig oppseiingsgrunn i prøvetida. Det sagt så er eg heilt einig med deg i at argumentet er svakt. Utan at eg sitt med forarbeida til AML så er ganske sikker på at når AML omtalar pålitlegheit så tenker lovgivar meir påliteleg i betydninga av å være forutsigbarheit (til å møte på jobb når du skal), tillitskapande, og ein som held sitt ord, og ikkje som i dette tilfellet at du har blitt "tatt" i å gi ei uriktigopplysning etter å ha blitt pressa til å levere ny erklæring i full fart sjølv om det ikkje var nødvendig. Grunnen til at eg nevner dette er både for å nyansere påstanden om at ein i prøvetida kan bli oppsagt utan sakleg grunn, og fordi det einaste arbeidsgivar kan "ta deg på" er dette med pålitelegheit, så det er greitt å være førebudd på at dette kan bli brukt som argument sjølv om argumentet er svakt. Du har også heilt rett i at så lenge sikkerheitsklarering ikkje har vært eit absolutt krav for stillinga så kan du heller ikkje seiast opp fordi du ikkje har blitt sikkerheitsklarert, då må du omplasserast til å jobbe med andre prosjekt som ikkje krev slik klarering.
  3. Du får tenke på at neste generasjon vil bli langt meir lykkelige av at du no blir ulykkeleg av å betale skatt. Blir det krig i Europa så må neste generasjon både betale skatt og lide under ein krig, så då er det nok lettare å gledes over dei små tinga.
  4. Tviler på det er lettare å få jobb i utlandet, ksnskje snarare tvert imot sidan du er både "overutdanna" og vandt til eit høgare lønnsnivå i Norge så vil nok også utanlandske være skeptiske til å tilsette deg ettersom dei reknar med at seier opp så snart du får tilbod om ein betre jobb. Det er ein utfordrande bransje du prøver å å kome deg inn i, og då handlar veldig mykje om å skrive gode søknadar som også får fram motovasjonen din for å søke jobb. Som nemt er det viktig å få fram at du har intensjon om å holde på supportjobben om du får den og at motivasjonen din er å skaffe arbeidserfaring.
  5. Tvilsomt. Om ein hadde meint at du var lite effektiv så hadde du ikkje blitt satt til å sitte i kassa der det både er veldig synlig og ein får klager frå kundane om det går for treigt. Grunnen til at du får mykje kassaarbeid er nok at du ikkje klager (nok) på det. Dei andre vil helst gjere andre ting og om du kan finne deg i å sitte i kassa heile dagen så lar dei deg gjerne gjere det. Det er ikkje sikkert det er vondt meint frå kollegaene dine heller, det kan være at dei oppriktig trur at du synes det er greitt å sitte mest i kassa.
  6. Det ser ikkje ut som slik jobbrotasjon er regulert nokon stad, så då blir det opp til kvar enkelt butikksjef å lage eit system. Det er likevel brei einigheit i at ein rotasjon mellom kasse, hylle og lager gir betre produksjon og trivsel. Kor strengt ein skal struktutere slik rotasjon kjem nok mykje ann på talet på tilsette. Sidan det eigentleg berre er fordelar med rotasjon så bør ein ha eit system som hindrar at nokon blir ståande forlenge på ein stad. På ein mindre butikk vil eg tru at dei fleste butikkar har ein meir dynamisk rotasjon der ein spør ein kollega om å bytte når ein treng det. I større butikkar er det nok ei større nødvendigheit å ha ein nedskrevet rotasjonsplan.
  7. Kva som er innholdet i slike stillingar vil variere mykje frå arbeidsplass til arbeidsplass. Ein formann er ikkje meir definert enn at det er ein leiar, dette leiaransvaret kan være så lite at du berre er den fagarbeidaren som rapporterer til neste leiar. Eller det kan være så stort leiaransvar at du både tilsetter folk, lager arbeidsplanar, og følger opp fråvær. Størrelsen på arbeidsplassen er kanskje den største forskjellen. Det kan fort være mindre formelle leiaroppgåver om du har ansvaret for to fagarbeidarar og ikkje 200. Ein formann vil ofte være den mest erfarne fagarbeidaren på arbeidsskiftet, så dette er ein jobb du typisk får gjennom arbeidserfaring og ikkje gjennom utdanning. Vanligvis vil ein formann ha akkurat same utdanning som dei han/ho er leiar for. Du kan ikkje rekne med at ei stilling som formann medfører nemneverdig med kontorarbeid. Om du vil ha ei leiarstilling med både kontor og praktisk arbeid så er du nok på meir rett spor med å gå teknisk fagskule.
  8. Det er ikkje heilt korrekt. I prøvetida så kan arbeidsgivar bruke tilpasning til arbeidet, fagleg dyktigheit eller pålitelegheit so sakleg oppseiingsgrunn. Dette med pålitelegheit kan fort bli sakleg oppseiingsgrunnlag i prøvetida. Etter prøvetida kan det fortsatt være sakleg å seie opp ein tilsett med dårleg pålitelegheit, men terskelen er litt høgare for at grunnen skal være sakleg. Også i prøvetida har den tilsette vern mot usakleg oppseiing og kan reise søksmål mot arbeidsgivar for usakleg oppseiing.
  9. Det finst fleire aktørar som gir hjelp til leigetakarar. For din delar er ikkje det så viktig. Du har rett til å få retta opp i manglar, og manglande utbetring gir deg rett til å holdes tilbakebetalt husleige. Det ber no utleigar som må reisen søksmål mot deg, og som må bevise at din tilbakeholding av husleige er lovstridig og gir grunnlag for utkastinga. Og skulle det vise seg at du ikkje har gyldig grunnlag for å tilbakeholde husleige så kan du gi etter og betale, og då fell i alle fall grunnlaget for utkasting vekk ettersom du då er ajour med betalinga.
  10. Køyre etter forholda og alt det. Du kan gjere eit forsøk på å klage til Statens vegvesen då dette er ein riksveg. Vilkåret for at vegvesenet skal være erstatningspliktig er at du kan påvise uaktsomheit. I praksis betyr dette at du må bevise at skaden skuldast dette holet, og at vegvesenet ikkje gjorde tiltak til tross for at dei viste om holet og hadde tid til å gjere tiltak. Realistisk sett så vil du ikkje nå fram til med ei klage, og det minste du må ha er opplysningar om kva du punkterte på. At du har punktert er ikkje nok då det er forskjell på om du har truffet eit holni vegbana som er vegvesenet sitt ansvar eller om du har køyrt på ein spiker som ikkje er vegvesenet sitt ansvar.
  11. Korleis har du fått beskjed av politiet om at det ikkje har skjedd noko kriminelt? Har du anmeldt saka og fått brev tilbake om at "intet straffbart forhold er funnet bevist", eller har du snakka med ein tilfeldig politibetjent? Om det stemmer at du har blitt lurt ved at nokon har forfalska din signatur for å stjele ein eigedom frå deg så er dette sjølvsagt ei ulovleg handling. Det avgjerande spørsmålet er då om motparten din har ei fornuftig forklaring som indikerer at dette har vært ein lovleg transaksjon, og ikkje minst er det eit spørsmål om kva du kan føre bevis for.
  12. Sidan du ikkje har budd i Norge på mange år så er det kanskje også tvilsomt at du har ei forsikring som også dekker advokatbistand? Det er ikkje uvanleg at det er dekning for slik juridisk bistand i innboforsikring og andre forsikringsavtalar. Så dersom du har ein innboforsikring for å dekke tinga du har oppbevart i boda så kan det være at slik dekning. Det er i alle fall verdt å sjekke opp.
  13. Dei fleste eksempla eg har sett på at folk har mista jobben etter press på sosiale media gjeld forhold som går på vold (særleg mot dyr) og rasisme. Har ikkje inntrykk av at dette er noko som fyrst og fremst rammer høgrelente utsagn. Det som vanlegvis skjer er at arbeidsgivaren innser at det er dårleg business å ha ein tilsett som står for dårlege verdiar, og som ynskjer å redde inn ryktet til arbeidsplassen ved å meddele at vedkommande har blitt oppsagt. Slik oppseiing skjer ofte relativt fort etter at personen har blitt identifisert og at arbeidsgivar innser at vedkommande er tilsett hos dei. Dette er fyrst og fremst eit amerikansk fenomen sidan dei fleste statane er "fire at will" statar der arbeidsgivar når som helst og utan å oppgi grunn kan gi vedkommande sparken (og motsatt så står dei tilsette fritt til å slutte når dei vil).
  14. Kjem heilt ann på, og då særleg kva fagfelt du studerer og kva slag firma du vil starte. For veldig mange arbeidsgivarar så vil ikkje forskjellem mellom B og C være det viktigaste med mindre ein ellers står heilt likt med ein annan søkar. Det som i mange bransjer er største hinderet i å få seg jobb innafor det du har utdanna deg i er at ein etterspørr arbeidserfaring. Det er likevel også bransjar der karakterane blir svært viktige, særleg om ein vil ha dei beste jobbane. Personleg så ville nok eg starta firma dersom einaste konsekvensen for studiane er at du går frå å ha karakter litt over snittet til karakterar på snittet. Særleg når du har bytta jobb nokre gongar så blir karakterane ofte lite viktige, det arbeidsgivarane er ute etter er nokon som har bestått grad og gode referansar frå andre arbeidsplassar. Men om det er fare for at går ned til D eller lavare i snitt så ville eg fokusert meir på studiane for å få holde deg på snittkarakter. Dei fleste arbeidsgivarar vil ikkje være spesielt interessert i kva unskuldningar du har for karakterane du har fått. Så du kan ikkje rekne med å vise til at du har starta firma og med det få forståing for at du har lågare karakterar enn du meiner du kunne ha hatt om du hadde fullt fokus på studiane. Gevinsten med å ha starta firma er at du kan vise til relevant arbeidserfaring, noko som er meir enn dei fleste av dine medstudentar kan skilte med slik at du rett etter studiane blir meir attraktiv.
  15. Ja, bileigaren var passasjer og er dømt for sin del av hendingar. Har ikkje lest dommen men reknar med at ho er dømt for medvirkning og truleg også for å ha overlatt bilen til ein rusa sjåfør.
  16. Til ei viss grad så vil det å jukse seg til ei grad ha ein del likheitstrekk med dokumentforfalskning som er strengt ulovleg, men å jukse er ikkje i seg sjølv ulovleg. Den viktigaste grunnen til at ein har dette skillet er at dokumentforfalskning som er å lage uekte dokument eller bruke ekte dokument på ein misvisande måte er ei aktiv handling. Juks treng ikkje nødvendigvis å være ei aktiv handling, ein kan bli tatt for juks om ein gjer noko som ein trudde var lov eller fordi ein har slurva. Det sagt så er eg heilt einig i at dersom ein heilt bevist juksar for å oppnå ei grad som ein deretter legg fram på CVen for å få jobbar som ein ikkje hadde fått utan ei slik grad så ligg det særdels tett opp mot å sette utdanning som ein aldri har tatt på CVen. Nyheitsmediane har ein litt vanskeleg balansegang mellom både å rapportere om det som skjer når det skjer, og på den andre sida vurdere det redaksjonelle ansvaret ved å publisere nyheiter som ikkje er kvalitetssjekka. For offentlege personar så blir det nok særskilt belastande at saka skal opp på alle framsider før det i det heile tatt er avgjort om det er grunnlag for det. Sjølv i saker som virker å være ganske rett fram så har vi eksempel på at bildet blir meir nyansert etterkvart som ein får inn meir opplysningar, men innan den tid så kan skaden alt være gjort. I vanlege straffesaker med personar som ikkje er offentlege så blir det redaksjonelle ansvaret ivaretatt ved at den sikta ikkje blir identifisert før vedkommande er dømt, så då er belastninga med å skulle bli feilaktig anklaga langt mindre enn det offentlege personar må finne seg i.
  17. Journalisten har ikkje forstått kva det betyr å miste mastergraden. Det er ikkje "berre" å justere masteroppgåva. Om ho mister graden og får to semesters karantenetid så må ho vente til det har gått to semester. Deretter så må starte heilt på nytt eller gjere vesentlege endringar i oppgåva. Dette er langt meir enn ho klarer på eit par timar. Einaste måten å gjere så vesentlege endringar i masteroppgåva at den kan leverast på nytt er dersom ho igjen bruker klipp og liv frå andre oppgåver, men sjølv då så er det tvilsomt at ho kan endre så mykje så fort, for ikkje å snakke om kor dumt det er å kaste bort den andre og siste sjangsen til ny sensur ved å jukse på nytt. Når det gjeld spørsmålet om Kjerkhol har tillit så kjem det sjølvsagt ann på auga som ser, men det ser ikkje bra ut at ein statsråd har juksa på eksamen. Sjølv om ho kanskje ikkje har fått jobben som statsråd berre på grunn av mastergraden så er det nok god grunn til å tru at mastergraden var ein del av det som vart vurdert før ho blei utpeikt som statsråd. Dokumentforfalskning blir hardt straffa fordi det er så avgjerande for samfunnet vårt at vi kan stole på skriftlege dokument. No skal eg ikkje påstå at eksamensjuks er det same som dokumentforfalskning, men eg har vanskeleg for å sjå korleis ein statsråd som har blitt tatt i juks ikkje kan få redusert tillit. Om det at ho eventuelt mister mastergraden får særleg betydning for karrieren er ikkje gitt. Hennar viktigaste kvalifikasjon i dag er nok erfaringa som statsråd, og det er nok den kompetansen eventuelt andre arbeidsgivarar vil ha dersom ho skal jobbe ein annan stad. Er ganske sikker på at ho kjem til å få seg jobb som dagleg leiar, talskvinne eller i eit politisk rådgivningsfirma om ho vil, ho treng ikkje ein mastergrad til slike jobbar og særleg når ho er ein halvkjent statsråd.
  18. Det er slik ein skapar ekte kunst. 🙂 Om kjøparen kan kome tilbake med eit krav om tilbakebetaling kjem veldig ann korleis det har blitt markedsført. Det finnes ingen fast definisjon på kva som kan selgast som vintage, men ein litt vanleg definisjon er at ein vintage gjenstand bør være meir enn 20 år gamal, og over 100 år gamalt for å kunne kallast antikk. Sjølve ordet vintage kjem frå fransk og latin og betyr noko slik som vinhøst eller druehøsting, og var vel eigentleg mest eit ord for vellagra vin. Dette eksemplet tenderer mot svindel dersom kjøparen har blitt lurt til å tru at dette var eit gamalt orginalt bord som har blitt slitt på naturleg måte. Ein ekstra høg pris kan være med på å villede kjøparen på at dette er noko betre enn eit vanleg bord. Selgaren hadde vært på mykje tryggare grunn om bordet vart solgt som vintage-stil eller liknande. Den andre måten å sjå det på er at dette er prisen for å bearbeide bordet. Sjølv om det var ein smal sak for deg å kompisen å slite ned bordplata og deretter pusse å beise bordet så er ikkje dette ein jobb som alle får til. Om borda har blitt bearbeida ved å slepe dei langs grusveg i ein heil halvtime så er dette ganske kraftig bearbeiding. Skulle du utført dette arbeidet i garasja så tilsvarar nok denne raske løysinga mange kveldar om du skulle gjort dette med anna verktøy.
  19. Utspelet om 1 mill på bufferkonto var nok rein bait. Ikkje det at det å spare 1 mill er heilt uoppnåeleg, sjølv med vanleg inntekt så er det berre 2-3 årslønner, og klarer ein å halde alt av utgifter til eit minimum så kan mykje av lønna leggast til side som sparing. Kan ein bu gratis hos foreldra, eller om ein er ein gjeng som flyttar saman i eit kollektiv, eller liknande så er det ikkje urealistisk å tenke at ein kan sette halve lønnsutbetalinga på sparekontoen. Og sjølv med 50% skattetrekk så vil ein då nå 1 mill etter 4-6 år om ein klarer å leve på halve lønna. Eg synes likevel at det å ha 1 million som bufferkonto er heilt objektivt alt for mykje. Det er ingen nødvendigheiter som kan føre til behov for å ha så mykje pengar på bufferkonto. Ein bufferkonto er ein konto som ein per definisjon brukar som ein buffer som ein kan ta av i dårlege tider og sette inn på i gode tider. Å ha 1 mill ståande på konto er ikkje det same som at dette er bufferen ein treng å ha for å dekke heilt nødvendige utgifter som dukker uventa opp. Har du 1 mill på kontoen så kan du nok bruke 950 000 kr på fest og morro og fortsatt ha nok på konto til å utgjere ein fornuftig buffer for vanlege uforutsette utgifter for dei aller aller fleste. Det er ein tilsvarande forskjell mellom bufferkonto og sparepengar sjølv om dei aller fleste kan også bruke av sparepengane om det trengs, men sparepengane er oftast pengar som du sparer til eit formål. Bufferkontoen er ein reserve brukskonto som ein av og til må bruke litt av når det er tomt på brukskontoen.
  20. Dette er eit kontroversielt tema, og at to grupperingar (som etter min meining begge går over streken) står i så sterk konflikt at dei aktivt prøver å hindre den andre parten frå ytre seg er ikkje så rart. Personleg så synes eg at det er problematisk når ytringsfriheita går så langt at "alt" er lov så lenge ein kallar det for ei ytring. Eg ser heilt ærleg ikkje kva som er så aktverdig med ei ytringsfriheit som består at ein står på kvar sin såpekasse og skriker fornærmingar og provikasjon til kvarandre. Heile poenget med ytringsfriheita er at det skal bringe det demokratiske samfunnet vårt vidare, så eg meiner at det burde være eit krav om at alle ytringar skal ha eit format som inviterer til saklege motsvar (og ikkje fornærmingar og vold). Ein løyser ingen interessekonflikter med å prøve å utkonkurrere kvarandre i kven som kan rope høgast, ein løyser interessekonflikter ved å ha saklege diskusjonar. Eg meiner også at der ytringsfriheita blir brukt på ein sakleg måte for å invitere til debatt og for å finne ei løysing så bør ytringa ikkje berre være lovleg men også ha eit lovfesta vern mot andre motreaksjonar. I dag har du ytringsfriheit men ikkje for hatytringar, du har ytringsfriheit til å ytre deg med upopulære meiningar men du har ingen vern mot at arbeidsgivaren din blir pressa til å gi deg sparken på grunn av ytringane dine. Ytringsfriheita gir deg i dag rett til å ytre deg, men det gir deg ingen rett til å få ein plattform eller bli lytta til, og det gir deg ingen form for vern mot at meiningane dine kan føre til store konsekvensar for deg. Med eit slikt ssystem så burde det være mogleg å få til fleire kostruktive meiningsutmålingar, og det burde kunne være rom for å diskutere tema som i dag er såpass sensitive at ingen tørr å ta debatt ut i offentlegheita.
  21. Dette blir litt på sida. Men noko av grunnen til at ein i ulike fagmiljø brukar fleire synonym er at betydninga ikkje er 100% lik. Ordet "tilstrekkeleg" betyr ofte at det er akkurat nok av eit eller anna, altså eit minstekrav. Andre synonym til adekvat er "passeleg" som indikerer at det er litt meir enn det som må til utan å være for mykje. Eit anna synonym kan være "fullgod" som gir meir assosiasjonar til at det er meir enn nok. I fagfelt der slike små nyanseforskjellar er viktig så gir det meining å ha ein fagleg definisjon på ulike ord slik at ein kort og presist kan definere nøyaktig kva ein meiner. Det sagt så er det sjølvsagt også mykje "jåleri" i enkelte kretsar der ein brukar uvanlege ord for å heve seg over vanlege folk. Ein fordel med å ha eit komplisert stammespråk er at det også er ein måte å framstå som ekstra kunnskapsrik når dei andre i rommet ikkje forstår kva du snakkar om. Det minner meg om ei gamal Pondus stripe som eg desverre ikkje fant på norsk etter eit raskt googlesøk, sidan det ikkje er heile stripa så kan eg forklare vitsen som er at bilmekanikaren finner på sine eigne fagutrykk og lurer kunden til å betale i dyre dommar for feil på bilen som ikkje ein gong eksisterer. Det som verkeleg er jåleri er når det dukker opp moteord som utelukkande har til formål å høyres imponerande ut. For når til dømes politiet snakkar om sitt "samfunnsansvar", kva meinar dei då? Har dei ansvar for noko anna enn samfunnet? Er samfunn noko anna befolkning og lovverk?
  22. For dei aller aller fleste så er nok den største økonomiske utfordringa ein kan møte på at det skjer noko som gjer at du ikkje får lønnsutbetaling når du skal, og dette er nok den viktigaste grunnen til at ein anbefalar å ha ei månedslønn som buffer slik at ein kan klare seg som normalt fram til neste lønning som forhåpentlegvis kjem som den skal. Andre måtar ein kan sjå på det er å prøve å kartlegge kva som er det dyraste ein eig som kan bli øydelagt og som ikkje er dekt av forsikringsutbetaling. Huset ditt kan sjølvsagt brenne ned men har du forsikringa i orden så er det ikkje så enormt mykje som du må erstatte med ein gong frå eiga lomme. Strengt tatt burde nok folk ha meir fokus på at bufferkontoen bør være tinga som står på DSB si eigaberedskapsliste, og kanskje mindre med kva som står på kontoen. For folk flest som har fast inntekt og kredittverdige nok til å kunne dra kredittkortet i nødstilfeller så er vel det verste som kan skje at vi får krig, straumbrot, eller liknande ekstremsituasjonar der du ikkje får brukt pengane på kontoen i det heile tatt. Så om ein tenker "worst case" så er det vel viktigare å ha hermetikk, tørrvarer og vatn til å kunne klare seg ei stund enn det er å digitale pengar i banken som du kan bruke til å kjøpe ny vaskemaskin om vi fortsatt har straum og internett slik at du kan dra kortet.
  23. Tekstlikheiter er det som er brukt i media om den teksten som er lik, mykje fordi Nord universitet ikkje har formelt konkludert enda. Eit av spørsmåla der er om Kjerkhol har kopiert informasjonsinnhentinga og forskninga eller om ho berre ha kopiert formuleringane. Det er i alle fall ei kommune som har stadfesta at dei har hatt tilsette som har blitt intervjua av Kjerkhol, så det blir også feil å seie at ho har presentert andres funn som sine eigne, i alle fall fram til at Nord universitet har funnet bevis for det.
  24. Så vidt eg kan sjå etter ei skummlesing av forskrift om studier og eksamen ved Nord universitet så ser eg ingen tidsfrist for å innlevere masteroppgåve som ikkje har blitt godkjent. Det står at på masteroppgåva blir det berre gitt to forsøk, då må kandidaten velge mellom å levere på nytt med vesentlege endringar eller å skrive heilt ny oppgåve. Det er ikkje adgang til å rette oppe i påpeikte feil frå førre oppgåve. Kjerkol kan med andre ord ikkje rette opp i det som er kopiert og sette inn referansar for å få godkjent ny masteroppgåve, ho må starte heilt eller delvis på nytt. Sjølv om eg ikkje fant noko om det i forskrifta så blir det vel slik at når ho fyrst fekk godkjent oppgåva og fekk mastergraden så har ho også avslutta studieplassen sin, så for å ta masteroppgåva på nytt så må ho vel mellom anna søke ny studieplass. Før ho kan avlegge ny masteroppgåve så må ho dokumentere at ho har dei studiepoenga og emna som ligg til mastergraden. Ho kan fort risikere at læreplanen har blitt endra slik at ho i tillegg må ta nye fag dersom det sidan sist har blitt tatt inn nye emner som ho ikkje hadde på læreplanen då ho opprinneleg var student. Ho må nok kunne dokumentere at ho oppfyller dei same formelle krava som om ho hadde starta på mastergraden sin i år. Det er likevel mogleg at ho får lov til å levere ny oppgåve ettersom det i forskrifta ikkje står noko om ein absolutt frist. Andre universitet har typisk formuleringar om at ny masteroppgåve må leverast innan eit år eller liknande. Så er det også spørsmålet om dette i det heile tatt er i problemstilling. Fyrst må ho eventuelt få masteroppgåva og dermed graden annullert, og sjølv om tidlegare praksis rundt juks blant studentar har blitt bedømt svært strengt så er det ikkje gitt at Nord universitet kjem til same konklusjon i denne saka. Kjerkol sin kopierte tekst er ikkje like grov som i oppgåva til Sandra Borch, så sjølv om Borch nok må forvente å få sin grad annullert så er det ikkje fullt like sikkert at Kjerkol får same reaksjon. Det som blir spennande her er om universiteta tørr å være like konsekvente i juksesaker som dei er når dei kastar ut studentar som har svært avgrensa moglegheit til å forsvare seg. Klagebehandlinga hos Felles klagenemd tek i liten grad stilling til om det universitetet meiner er juks faktisk er juks, og gir universitetet nesten alltid medhald i at eksamenen kan annullerast og at studenten skal utestengast i eit år. Student kan ta saka til retten (om ein har råd), men det tar også fort eit år å få saka rettsleg avklart så då er studenten like langt. Dersom universitetet skal være prinsippfaste så har har dei eigentleg ikkje noko valg utan å annullere graden. Konsekvensane for dei som har juksa blir ekstra stor når denne annulleringa blir gjort fleire år seinare. Den standariserte utestenginga i to semester betyr også at sjølv om Kjerkol/Borch vil ta oppigjen masteroppgåvene sine så kan dei tidlegast melde seg opp etter at det har gått to fulle semester, så det betyr vel at dei tidlegast kan melde seg opp som studentar hausten 2025 og få masteroppgåva vurdert før om nesten to år i jula 2025. Konsekvensane for ein vanleg student som må vente eit år der dei jobbar litt og leser fag som privatist er ikkje like store som for ein som ikkje lenger er student og som har starta sin yrkeskarriere basert på mastergraden. Dersom universitetet velger å sjå mellom fingrane med denne plagiatsaka så vil denne svært offentlege vurderinga danne heilt ny praksis for plagiatsaker. Det nytter ikkje å gi unntak til ministerar og akseptere litt plagiering, og så gå tilbake å være like harde i klypa mot dei andre studentane igjen. Får Kjerkhol behalde graden så betyr det i praksis at Universitetet seier at til og med 27 tekstlikeheiter ligg innafor akseptabel mengde med kopiert tekst. Kva universitetet bestemmer seg for vil sjølvsagt bli offentleg kjent, og då vil openbart neste student som ikkje har fått sin masteroppgåve vurdert ha ein svært god klagesak om denne studenten kan vise til at vedkommande har juksa mindre enn Kjerkhol som fekk sin masteroppgåve godkjent.
  25. Basert på https://vegkart.atlas.vegvesen.no så ser det ut som at sjølve vegen er kommunal, men at dei innringa parkeringsplassane er private. Grunneigaren kan fastsette reglar for bruken av sin eigedom, når det er felleseige så blir denne råderetten ivaretatt av eit sameige eller velforeining på vegne av alle grunneigarane. Ei velforeining skal ha eit styre og ei vedtekt, i vedtektene vil du finne kva velforeininga har fått fullmakt til å ivareta. Vanlege ordensreglar inkludert parkeringsreglar vil vanlegvis ligge innafor det styret i velforeininga kan bestemme, men ikkje om det alt er fastsatt parkeringsreglar gjennom vedtektene for då må vedtektene endrast fyrst, det krever eit 2/3 fleirtal på generalforsamlinga. Så med mindre anna er bestemt i vedtekter så kan styret i velforeininga peike ut disse parkeringsplassane som gjesteparkering. Dersom plassane også blir skilta i samsvar med parkeringsforskrifta så kan det ileggast parkeringsgebyr for feilparkerte bilar. Parkeringskiltet må mellom anna ha tydeleg informasjon om vilkåra for å parkere som at det er parkering for besøkande og eventuell avgrensing på kor lenge ein får stå parkert, kven som er kontaktperson, og informasjon om gebyr og klageadgang. Eit generelt skilt som det berre står gjesteparkering på vil ikkje være tilstrekkeleg for å kunne følgje opp med parkeringsbøter. Blir dette gjort så kan styret i velforeininga ilegge kontrollsanksjon på 660 kr for feilparkeringar. I praksis vil mange velforeingar og sameiger leige inn eit parkeringsselskap til å gjere jobben, sidan det kan være både arbeidskrevjande og ubehageleg å være parkeringsvakt i eige nabolag. Dette vil sjølvsagt koste nokre kroner som då blir lagt inn som driftskostnadar i velforeininga som igjen må dekkast inn gjennom større innbetalingar. Det som vanlegvis i slike saker blir det store diskusjonstemaet er eksakt korleis parkeringsreglane skal være og korleis det skal handsamast. Parkeringskort er ofte ei enkel løysing å innføre men vil typisk være ei plage for bebuarane som då i praksis må gå bort til gjesteparkeringa for å ta imot besøket sitt og gi dei parkeringskortet slik at gjesten får parkere, og tilsvarande må ein følge besøket sitt heilt til bilen for å hente parkeringskortet igjen. Tilsvarande vil ei tidsavgrensing være relativt enkelt å administrere, men gir igjen utfordringar ved til dømes overnattingsbesøk om besøkstida er avgrensa til berre nokre timar. Rådet som er enkelt å gi, men vanskeleg å etterleve er at dykk som bur i nabolaget bør informere om problemstillinga og gjerne ta det med dei som eventuelt misbrukar gjesteparkeringa som parkeringsplass til bil nummer 2 om at dei må finne ei anna parkeringsløysing før det blir satt inn formelle parkeringsreglar og parkeringsbøter. Ei slik regulering sikrar tilgjengelege gjesteparkeringar men det blir både dyrt og plagsomt for alle bebuarane om dykk må til med parkeringsvakter. Så om det er sjans å ordne dette på ein minneleg måte så er dette til det beste for alle partar, også dei som i dag nyttar gjesteparkeringa og som i framtida kjem til å få bøter. Når det fyrst er fastsatt parkeringsreglar så er dette eit firkanta system med lite fleksibilitet.
×
×
  • Opprett ny...