
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 822 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Kan sølvkre og sjeggkre føre til at boligen ikke blir solgt?
The Avatar svarte på Ørjanø sitt emne i Økonomi
Om alt anna er likt så er det jo nærliggande å tenke at dei fleste kjøparar vil kjøpe hus utan manglar. Men når du skriv at det er ulik standard og alder så mistenker eg at selgar har overvurdert verdien som ligg i standard som dette huset har, og at kjøparane ikkje er villige til å betale det som selger vil ha.- 49 svar
-
- 5
-
-
Argumentet et vel meir på at heile systemer for lading er dårleg tilpassa turistar, og det er nok ikkje noko noko enklare for utlendingar i Norge med bruksanvisning på norsk, og særnorsk betalingsapp.
-
Har full forståelse for at det kan være utfordrande for turistar som har leigd elbil i Norge. Det er vanskeleg nok som fersk elbileigar. Mykje appar, ladestasjonar som kan være vanskelege å finne, osv. Mange ladestasjonar tilbyr også enkel Vipps betaling, men det er ei teneste som ikkje er tilgjengeleg utan norsk bankkort.
- 56 svar
-
- 1
-
-
Poenget er at du skal bu i den kommunn du er politikar i. Om du er innflyttar speler ingen rolle. Som lokalpolitikar skal du sjølvsagt påvirke politikken i din eigen kommune. MDG hadde ikkje hatt innflyting i det heile tatt i Oslo om det var lokalpolitikarane i nabokommunene som skulle meine noko om politikken i Oslo. I teorien kan du kome rett inn på Stortinget, men i praksis er det vanskeleg å få nok støtte om du ikkje har "gått gradene" via lokalpartia.
- 14 svar
-
- 1
-
-
Det går ann å karbonisere andre væsker enn berre vatn med Sodastream, men det bryt med brukarveiledninga ettersom det er større for for at det bruser over, og at det då blir kliss som i verste fall kan hindre ventilane i å fungere. I beste at du ikkje får ut kullsyre, i verst fall at du tetter sikkerheitsventilen slik at overtrykket ikkje slepp ut. Av andre væsker som er aktuelle å tilsette kulsyre i så kan det være alt frå brusrestar som har blitt slapp og som blir betre av meir kullsyre, i tillegg kan det være spennande å karbonisere f.eks. juice.
-
Sodastream med cola-sirup frå Pepsi smaker fortsatt ikkje ordentlig Pepsi, det smaker i beste fall billigcola. Tilsvarande med 7up-siruppen, smaker ikkje ordentleg 7up men det smaker sitronbrus og det er kanskje godt nok for folk flest. Min personlege erfaring er at det blir minst like vellykka å lage min eigen brus basert på vanleg saft i staden for disse dyre sirupflaskene med brussmak. Har ikkje prøvd sodastrem på straum, den eg har brukar mekanisk knapp for å trykksette vatnet, og det fungerer godt nok. Eg trykksett to til tre gongar til eg høyrer lyden endrar seg og vatnet ikkje lenger tek til seg kullsyre.
-
Børsteløs vask, manuell vask i hall ...? (om vinteren)
The Avatar svarte på minimax sitt emne i Bil og motor
Ofte er det samanfallande at miljøvennlege vaskemiddel også er relativt lite harde, men det finnes også sterke syrer og baser som er 100% naturlege, men Svanemerket i seg sjølv er ingen garanti for skånsom vask. Eg tenker at det blir veldig situasjonsavhengig. Og sjølv om det er ein fare for å vaske vekk rustbehandlinga ved ugunstig innstilling på underspylingsdysene, så er jo spørsmålet om det er spesielt mykje betre utan underspyling. Å vaske bilen på undersida er notorisk vanskeleg å gjere manuelt. Eg tenker også at spørsmålet om manuell vask er betre enn maskinvask kjem veldig ann på den som vasker. Det er nok minst like stor fare for små riper i lakken om du står og skrubber for hardt, bruker høgtrykkspylaren med for høgt trykk eller hsr dysen for nært, eller andre feil. Og skal du vaske manuelt utan særleg mekanisk belastning så vil du ofte måtte bruke enten sterke vaskemiddel eller la vaskemiddelet stå å virke veldig lenge, og det er heller ikkje bra for lakken. Personleg så tenker eg at maskinvask er godt nok, og at det tross alt er enklare og billegare å lakke om bilen etter nokre år om du ikkje er fornøgd med at du har fått nokre miniriper etter børstevask, enn det er å utbetre rustskader på grunn av for lite vasking og underspyling.- 29 svar
-
- 1
-
-
Kan en kommune selv velge om den vil besvare henvendelser?
The Avatar svarte på Datata sitt emne i Forbrukerrett
Etter forvaltningsloven skal kommunen svare ut ei sak utan ugrunna opphald, om det er truleg at det tek uforholdsmessig lang tid så skal du få eit midlertidig svar. Det avgjerande spørsmålet er då om dine henvendingar er ei sak som skal ha forsvarleg salshandsaming.- 6 svar
-
- 3
-
-
Salg av laptop - risiko for å gjenopprette data?
The Avatar svarte på :utakt sitt emne i Hjelp til kjøp og salg av PC
Tenker at Windows sin tilnakestillingsfunksjon er god nok, den er tross alt utvikling for å slette personlege filer før PCen skal brukast av ny brukar. Heilt 100% sikkert blir det aldri, så du må nesten gjere ei vurdering på kor sensitive data du har lagra. Ein mellomting kan være at du bruker tredjeparts programvare for å slette og skrive over dei mest sensitive filene, og deretter gjenopprette PCen. Eit anna tips er å skru ut disken og sette inn ein ny som du installerer Windows på før du selg den. Den gamle disken kan du bruke som ekstern harddisk, som kan være greit for backup.- 27 svar
-
- 2
-
-
Det er nok veldig individuelt, men om eg skal legge mine mest rasistiske stereotypar til grunn så hadde eg nok vært langt meir positiv til ein som er adoptert av norske foreldrene og som er oppvokst med 100% norske verdiar og språk men kanskje med anna hudfarge, enn ein kvit person som er født i Norge men har lært ein heilt anna kultur og språk av sine utanlandske foreldre. Det er sikkert ulikt i ulike situasjonar, men om eg skal tenke som ein arbeidsgivar så vil eg mykje heller tilsette ein som er mørkhuda med flytande norsk, enn ein kvit øerson som har gebrokken norsk. Ikkje at ein som er født av utanlandske foreldre snakker nødvendigvis snakkar gebrokkent, men det er større sjangs kontra ein som er adoptert i ung amder og som aldri har blitt eksponert for andre språk.
-
Det finnes nok også heilt lokale tenester. Både Spania og Tyskland har vel sine ekvivalenter til finn.no der det blir lagt ut bustadar for kortidsleige. Fordelen med AirBnB er vel at tenesten både har mange brukarar og at dei har ordning for både betaling og tilbakemelding. Den store ulempen er at i dag er det nesten berre profesjonelle og spekulantar som tilbyr utleige slik at prisen ligg alt for nært opp mot hotellprisane utan at servicen står i stil.
-
Om dette er jern så burde kula vege ca 110 gram. I farta finn eg ikkje eigenvekta til kulenoritt som @Trippelure foreslår, men eg er tilbøyeleg til å være einig ettersom stein vanlegvis er lettare enn jern, og på grunn av glimmeret. Eg får heller ikkje dimensjonen til å stemme med eit prosjektil, det er vell litt vel stort til å være muskedunderkule og litt liten til å være kanonkule? Det er heller ikkje heilt utenkeleg at det kan være ein meteoritt.
-
Dei to alternativa du har satt opp er heilt forskjellige. Men dersom målet ditt er å framstå som mest mogleg norsk (begge alternativa tilseier at du er norsk) så vil eg påstå at det å ha vokse opp i Norge med norske foreldre så aukar sannsynlegheita for at du har fått tilsvarande norsk oppdraging, i alle fall om du er adoptert i ung alder. Om du seier at du er født i Norge med innvandrarforeldre så vil nok langt fleire være usikre på kven sine kulturelle verdiar du har blitt påvirka mest av. Eit anna spørsmål er jo om kvifor du skal fortelle om ditt opphav i utgangspunktet, og om du vil fortelle om det, kvifor skal du då lyge? Å være adopter av norske foreldre og å være født i Norge av innvandrarforeldre er to heilt ulike ting.
- 16 svar
-
- 1
-
-
Koreanske Ramen Nudler: Usunt - Kreftfremkallende
The Avatar svarte på DJViking sitt emne i Mat og drikke
Einaste grunnen til at det er ein viss grad av samanheng er at mange matprodusentar bruke E-nummer på ting som høyres skummelt ut, medan ting som har fått meir folkelege namn så bruker ein dette namnet i staden for. Lang liste over E-stoff kan indikere at produsenten prøver å glatte over noko, men det treng ikkje å bety det. -
Det som et mest kritisk med befolkninga et vel så mykje fordelinga av befolkninga. Planeten toler mykje meir folk om befolkninga er betre fordelt. Befolkninga kan likevel ikkje fortsette å vekse i det uendelege, for sjølv med perfekt fordeling av folk og ressursar så vil ein på eit eller anna tidspunkt nå ei maksgrense. Det et sjølvsagt ikkje nødvendigvis så veldig realistisk å tenke at ein kan flytte halve befolkninga i søraustasia til blant anna Europa, Nord- og Sør-Amerika.
-
Det har sjølvsagt med kva politiet prioriterer. Sjølv om eg har forståing for at dei prioriterer slåssing og utagering så synes eg også at politiet svikter litt når dei berre gir opp å ta lovbrytarar ettersom det er så mange av dei. Her kunne politiet starta i ein ende med å skrive ut bøter for drikking på offentleg stad, og sjølv om det er "urettferdig" at nokre få får bot medan dei fleste andre slepp unna, så er det jo dette politiet må gjere. Ved å ikkje skrive ut bøter fordi det er så mange som drikker så er det i praksis innført ein tradisjon med at fyllefest i Kollen er om ikkje lovleg så i alle fall straffefritt.
- 50 svar
-
- 1
-
-
Går det å kreve erstatning for skadet bil pga feil fra St.vegvesen?
The Avatar svarte på Sovna sitt emne i Trafikk
Språkleg sett har du i alle fall heilt rett. Utan at eg har noko haldepunkt for det så trur eg at fartsdump blir brukt om humpar (som går oppover) fordi effekten humpen har ved for høg fart er at det oppleves som ein dump når bilen har "hoppa" over humpen og landar hardt. -
Enkelte FrP politikere passer ikke inn i politikkens verden
The Avatar svarte på Boing_80 sitt emne i Politikk og samfunn
I dette tilfellet så er jo "folkets sak" basert på rasisme, og då er det uærleg å debattere ved å seie ein ting og meine noko anna. Ein politikar må kunne å debattere, og må både tole og kunne gi saklege tilsvar til kritikk. Men ein må også kunne debattere rett sak på ein måte som gjer at velgarane forstår kva saka gjeld. Vil ein debattere for at uføretrygda skal reduserast så bør vi forvente at politikaren er ærleg nok til å seie at uføretrygda skal ha mindre utbetalt, og ikkje gøyme meininga si bak eit forslag om å endre skattefrådraget på trygd. Resultatet er det same, men den fyrste måten er langt meir forståeleg.- 112 svar
-
- 1
-
-
Det argumentet vil nok være sant for dei aller fleste også om beløpet var ti gongar så stort. Lønnsomheita ved slikt tjuveri ligg vel i at ein ikkje nødvendigvis blir tatt kvar gong. Det er ikkje det at eg ikkje trur på at det var eit hendig uhell at denne politibetjenten gløymte å betale, men som du påpeiker så blir det problematisk dersom neste nasker blir dømt fordi vedkommande er baker eller anna yrke som ikkje krev plettfri vandel.
- 135 svar
-
- 2
-
-
Enkelte FrP politikere passer ikke inn i politikkens verden
The Avatar svarte på Boing_80 sitt emne i Politikk og samfunn
Sant nok, men mest fordi ein i fylla ikkje klarer å glatte over kva ein eigentleg meiner. Når ein dagen etter beklagar så er det vanligvis ikkje ei beklaging for meininga som vart ytra, vanlegvis beklager ein berre at meininga vart tatt ille opp. Å være så ærleg og direkte er ein dårleg eigenskap for ein politikar, men for debatten sin del så er det ganske effektiv at ein ikkje danser rundt grauten men heller seier det han meiner.- 112 svar
-
- 2
-
-
-
I og for seg så er dette heilt korrekt, men som du seier så er det eit spørsmål om same vurderinga blir lagt til grunn for andre som ikkje betalar for varene sine. Hadde denne politibetjenten i teneste måtte springe ut på grunn av et hasteoppdrag og då ikkje tok seg tid til å gjennomføre betalinga så kunne eg hatt forståing for at ein kan vurdere litt annaleis. Eg savnar også litt info i artikkelen, og då særleg om politibetjenten kom uoppfordra tilbake for å gjere opp for seg. Og om politibetjenten i det heile tatt har gjort opp for seg. For der også tenker eg at det er lettare å få tilgjeving når du kjem tilbake for å betale.
-
Kan tomtegrense justeres kun på en eiendom om eieren vil endre grenselinjer?
The Avatar svarte på VagifA sitt emne i Juss
Det blir same prosess uavhengig av om du bytter areal mot areal, eller om du kjøper/selg areal. Fyrste punkt er å finne ut kven som eig nabotomta, neste punkt er å inngå ein avtale. Om begge partar er einige om å bytte litt areal på eine sida for litt areal på andre sida så er det berre å melde inn til kommunen for å utføre grensejusteringa. Dette vil nok kommunen ta eit gebyr for, ligg nok på ca 15 000.- 17 svar
-
- 3
-
-
-
Kan tomtegrense justeres kun på en eiendom om eieren vil endre grenselinjer?
The Avatar svarte på VagifA sitt emne i Juss
Tenker du på frådeling av tomt? -
Det er ikkje mogleg å vite korleis befolkninga ender opp. Det kjem ann på veldige mange faktorar som utvikling i levestandard, økonomi, hungersnød, krig, osv. Det som er litt paradoksalt er at jo høgare levestandar ein har, jo færre barn får ein. Så ein måte å få ned befolkningsauken på er å gi dei fattigaste betre levevilkår, men betre leve vilkår fører også til høgare forbruk. Det betyr at "logisk" sett så kan vi enkelt løyse utfordringa med eldrebølg her i Norge ved å drastisk redusere levestandaren, for då vil unge starte å få barn igjen når det ikkje lenger er mogleg å ta utdanning og få gode jobbar. Uansett kor logisk det er så er det særdeles farleg å tenke at klimaløysinga er å redusere folketalet. For då er vi veldig nært opp mot folkemord. For sjølv om vi klarer å oppnå ein befolkningsreduksjon gjennom prevensjon og liknande så vil mange fattige få særdeles dårlege levevilkår på sine eldre dagar når dei ikkje har viksne barn som kan forsørge dei, eller ein velferdsstat å støtte seg på.
- 80 svar
-
- 1
-
-
Ellers så er det ikkje utenkeleg at etterforskinga kan ta over eit år. Merk at statusen mistenktngir ikkje særleg mykje rettigheiter i ei straffesak, i motsetting til å f.eks. bli sikta. Etter straffeprosessloven § 242 kan du be om å få gjere deg kjent med sakens dokumenter, men berre om det ikkje påvirker etterforskninga.