Gå til innhold
Spørsmål om hus eller oppussing? Still spørsmål her! ×

På utkikk etter jekketralle som fungerer på ujamnt underlag


Anbefalte innlegg

Hei!

 

Eg er på utkikk etter ei jekketralle som taklar ujamnt terreng. Ho skal brukast til å frakte Europallar med ved mellom vedlager og fyringsrom (skal ha vedfyra sentralfyring). Ho må kunne takle små høgdeforskjellar og til tider noko ujamnt underlag (betong/asfalt/grus).

 

Eg har sett litt på denne her, men eg er ikkje så glad i designet, for eg ser føre meg at det vert noko vanskeleg å få stabla pallar tett inntil kvarandre på langs grunna breidda på sjølve tralla: https://www.ajprodukter.no/lager-industri/transport-og-loft/jekketraller/jekketralle-off-road-for-ujevt-terreng/458731-19644007.wf?productId=19644008

 

Er det nokon som har erfaringar med ei meir "konvensjonell" jekketralle som taklar underlag og golv som ikkje er heilt flate?

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Med en egenvekt på 210 kilo høres den første du linker til ut som en tung affære å flytte på, selv tom... Ville nesten sagt at total fysisk innsats ved å lempe veden over i en tralle av noe slag, frakte den til fyringsrommet og lempe av igjen, er enklere enn å prøve å flytte Europallen med første alternativet ditt.

 

Vet ikke om noen andre alternativer, dessverre. Avhengig av avstander og om alt er på egen eiendom, kan du kanskje lage deg et skinne- eller taljesystem? Eller få laget en bedre vei frem til fyringsrommet? Bruke minitraktor eller ATV?

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Jau, traktor med pallegaffel vert nok løysinga på sikt. Eg lyt nok uansett ha ei jekketralle for å flytte pallane inne der eg har veden, samt inne i fyringsromet, og der er det betonggolv båe plassar. Når eg gjerne ville hatt eit tralle som taklar litt meir ujamnt underlag så er det meir for å ha ei reserveløysing, samt for å ha noko å bruke fram til eg får ordna meg med pallegaffel til traktoren (det er nok litt opp og fram med den traktoren eg har).

 

Uansett, takk for gode forslag!  :) Det spørs om eg ikkje berre kjøper ei litt solid vanleg jekketralle med polyuretan- eller gummihjul, og boggi på gaffelhjula. Då skulle ho kunne klare seg utanfor heilt flate golv, skulle eg tru.

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...

Wee har denne, som er omtrent lik den første du ikke likte, og pussig nok (de selger mye billig produsert i Kina...) litt dyrere:

https://www.wee.no/anlegg/traller-lifter-utstyr/traller/palletralle-terrengtralle

 

De har også prøvd å utstyre den med elektriske hjulmotorer:

https://www.wee.no/terrengtralle-med-elton-drift-for-kjoring-i-sno-mm                        

Endret av Inge Rognmo
Lenke til kommentar

Takk for tipset, Inge! No vart det til at eg kjøpte ein slik som dette her, med polyuretanhjul og boggi gaffelhjul:

 

https://www.witre.no/no/wno/jekketralle-bt

 

Fekk desse anbefalt av ein sambygding som har bruka dei mykje på arbeidsplassen sin, så då gjekk eg for ein slik. Uansett, takk for alle bidrag i denne tråden!  :)

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...