Gå til innhold

Garegaupa

Medlemmer
  • Innlegg

    1 445
  • Ble med

Om Garegaupa

  • Bursdag 09. feb. 1981

Profile Information

  • Kjønn
    Mann

Nylige profilbesøk

11 076 profilvisninger

Garegaupa sine prestasjoner

84

Nettsamfunnsomdømme

  1. Takk for alle innspel så langt! Det hadde eg ikkje tenkt på som ei mogelegheit, men no skal eg sanneleg sjå på det. Takk for tipset! OK, greitt å vite at du har dårlege erfaringar med KVM. Viss det er eit generelt problem så er det eit godt argument for å sjå på alternative løysingar.
  2. På heimekontoret så har eg per i dag ein kraftig stasjonær PC med USB-tastatur, USB-mus og 32" Samsung Odyssey G7-skjerm. No er eg i ferd med å byte arbeidsplass, og kjem såleis til å sitje mykje på heimekontor frametter. Som ny arbeids-PC har eg fått ein Microsoft Surface Pro 6. Snerten sak å reise rundt med, men alt for liten for dagleg arbeid. Difor ynskjer eg å kunne bruke tastatur, mus og skjerm som eg allereie har opp mot Surface-en, og å kunne byte enkelt mellom heime-PC og arbeids-PC. Slik eg ser det så har eg to mogelegheiter: Ein KVM-switch der eg koplar til både skjerm, tastatur og mus. Ein enklare switch der eg berre koplar til tastatur og mus, og så brukar ein av dei ledige portane på skjermen (den har 2 x DP og 1 x HDMI) til å kople til arbeids-PC-en. Viss eg skal gå for løysing nummer 1 så vil eg ha ei løysing som gjer at eg får utnytta det fulle potensialet i G7-en, altså 2560x1440@240 Hz. Slike veks ikkje akkurat på tre, så langt eg kan forstå. Eg har funne ein så langt som eg meiner skal fungere: https://www.connectpro.com/products/udp-12ap-displayport-1-4-kvm-switch-for-single-monitors-and-2-systems Dyr som berre rakkaren, men ny arbeidsgjevar har sagt at dei planlegg med å kjøpe inn ei heimekontorpakke til dei som jobbar mykje heimanfrå (innhaldet i denne pakka er enno ikkje heilt avgjort), så sluttsummen for dei vert fort mindre på denne måten uansett. Likevel, viss det vil fungere like bra (eller betre) å berre kople dei to PC-ane rett i skjermen og så ha ein billegare og enklare sak for mus og tastatur så kan eg like godt gjere dette. Kva slags løysing ville folket her ha gått for?
  3. Takk for tipset, dette skal eg sjå nærare på.
  4. Takk for tipset, eg var ikkje klår over den hurtigtasten.
  5. Eg har prøva å finne ut nøyaktig korleis dette med ultrabreie skjermar fungerer i praksis, men eg har ikkje klara å søkje meg fram til det svaret eg ynskjer på nettet. Kanskje er det berre eg som er usedvanleg treg i oppfatninga... Det eg lurar på er rett og slett om det er best å bruke desse som to enkeltståande skjermar i ein (altså med to kablar frå skjermkortet), eller å berre bruke det som ein svær, brei skjerm (med ein kabel frå skjermkortet)? Viss ein gjer sistnemnde, kan ein då få det til å gå automatikk i at skjermen vert dela i to ved kontorbruk? Det er nok greitt å spele på brei skjerm, men å ha Word eller nettlesaren smurt utover heile den skjermflata verkar ikkje særleg praktisk for meg. Ein kan sjølvsagt endre storleiken på vindaugo og tilpasse kvar gong ein opnar eit nytt program, men det enklaste (for min del, i alle høve) ville vere at alt berre fungera som om der var to separate skjermar.
  6. Ja, det var planen å gjere uansett. Alt skal på bordet ved eit eventuelt sal, både denne og ein del mindre skavankar som eg veit om. Det var berre det at eg hadde fått ei oppfatning av at eg uansett kunne ende opp som ansvarleg sjølv om eg opplyste om alt eg veit om som er gale, men då er det kanskje feil oppfatning frå mi side?
  7. Eg har ein traktor som eg vurderer å selje privat. Den er nokon år gammal, og den har i alle fall eitt teknisk problem som potensielt kan verte dyrt for ein eventuell ny eigar (eller det kan gå bra resten av traktorens levetid). Spørsmålet er om eg kan selje den "som den er" slik at eg ikkje risikerer ein eventuell reklamasjon på dette? Eg har alltid trudd at dette var ei mogelegheit, men her om dagen sa ein kjenning til meg at det ikkje er lov å selje køyretøy med slikt atterhald lenger? Er det nokon her som veit noko om dette?
  8. Takk for tipset, @Hanne9867, den skal eg sjå nærare på!
  9. Eg lyt kome i gong att med å trene regelmessig etter eit lengre opphald. Eg er slik at eg treng eit spark bak for å kome i gong, og då kunne det ha vore greitt å hatt ein god app på telefonen (Android) som kunne mase litt på meg og brukast til å fylgje opp resultat av treninga. Eg har null erfaring på dette området, er det nokon som har nokon tips? Krav/ynskje til ein slik app: Må støtte trening utan bruk av apparat/treningsstudio. Eg vil kunne trene heime utan "ekstrautstyr" eller ta meg ein joggetur i skog og mark. Eg ynskjer ein kombinasjon av styrketrening (for heile kroppen), kondisjonstrening og "oppstramming" (mageskinnet heng noko laust etter eit større vekttap for nokon år sidan ). Må fungere, ikkje berre love gull og grøne skogar - eg veit godt at eg ikkje kjem til å sjå ut som Arnold Schwarzenegger i sine glansdagar på seks månadar med ti minutts trening per dag, sjølv om enkelte appar tykkjest love det ). Bør kunne brukast til å fylgje opp resultata av treninga slik at eg kan setje meg mål og sjå korleis det går i forhold til måla over tid. Alle gode forslag vert mottekne med takk! Eg kan godt betale nokon kroner for ein god app, men det hadde vore greitt med i alle fall ein gratis testperiode så eg får sett om den passar for meg.
  10. Eg lurar på om det er nokon her som brukar (Mamut) daTax Totaløkonomi enno trass i at det er eit utgått produkt? Eventuelt om der er nokon som kjenner dette såpass godt frå "gammalt" av at de veit svaret på spørsmålet mitt. (Viss nokon skulle lure på kvifor eg brukar eit produkt som vart teke ut av drift i 2017 så er det rett og slett av di eg ikkje har funne noko anna produkt som dekkjer alle mine ynskje i høve til både privatøkonomi og enkeltmannsføretak, samt at eg ikkje vil ha desse skyløysingane som "alle" synest å skulle prakke på ein i dag.) Det eg lurar på er fylgjande: I kontoplanen kan ein setje konti som aktive eller inaktive. Når dei er inaktive så forsvinn dei som forventa frå kontoplanen. Det eg ikkje heilt skjønar er kvifor inaktive konti ikkje forsvinn frå nedtrekksmenyane under bilagsføring? For min del er dette noko av det største poenget, då eg har ein god del inaktive konti som eg ikkje ynskjer å bla gjennom kvar gong eg skal føre eit bilag. Så vonar eg det er nokon fleire her som er like gamle/sta som meg og kan hjelpe meg med dette.
  11. Er det nokon som har erfaringar med korleis vurderinga til NAV i høve til denne forlenga ventetida vert gjort? Frå nettsidene til NAV: Kva vil i praksis verte vurdera som "rimeleg grunn til å seie opp"? @kremt nemner mobbing eller trakassering. Kva med ugreie arbeidsforhold, rovdrift på tilsette, dårleg arbeidsmiljø, dårleg behandling frå overordna, og så vidare (mykje av det som trådstartar nemner)? Mykje av dette vil vel vere særs vanskeleg å dokumentere? Eg lurar berre noko på korleis NAV sjekkar dette? Dei tek vel neppe berre den som søkjer om dagpengar på ordet?
  12. No ser eg forresten at eg truleg har eit anna problem... Gjenstanden det er snakk om er eit smykke av sylv. Ut frå det eg kan lese hjå Posten så kan ting tyde på at dette rett og slett ikkje er lov å sende til USA i det heile teke, uavhengig av verdi/forsikring... 🤔 Nettsidene til Posten verkar likevel rimeleg tvitydige. På ei generell side som går på sendingar til utlandet står dette på lista over ting som er forbode å sende (mi utheving): Slik sett skulle ein tru at det var berre brevpost og ikkje pakker som er problematiske med tanke på denne typen innhald. På sida for sending av pakker til utlandet står likevel dette (igjen mi utheving): Kva for ein av desse skal ein rette seg etter, tru? Og kva er eventuelt årsaka, er det edle metall i seg sjølve som er problemet, eller er det at Posten ikkje vil ha ansvaret? Eg kan godt ta sjansen på å sende dette med avgrensa eller manglande forsikring, men eg har ikkje noko ynskje om å kome i klammeri med tollmyndigheitene i USA. Ut frå søk på nettet så har eg sett indikasjonar på at ein kan få problem med eventuelle framtidige søknadar om visum til USA viss ein legg seg ut med tollvesenet der borte. Så lurar eg òg på kvar grensa går. Der finst då til dømes AV-utstyr og kablar med gullkontaktar. Vil dette òg vere forbode? Eller er det berre når det kjem over ei uspesifisert grense som heiter "verdifullt", slik som i teksten eg siterar over? No har eg prøva å søkje att og fram på dette på nettet i to dagar, og eg har ikkje blitt noko klokare... 🥴
  13. He he, ja, ikkje mykje vits viss ein lyt betale like mykje som det innhaldet kostar for å vere fullforsikra... 😅 I løpet av mine over førti år på denne kloden så har eg aldri opplevd at noko eg har sendt med posten (verken innan- eller utanlands) har forsvunne, så det er vel ikkje så rare sjansen å ta. ☺️
  14. Heisann! Kva slags løysing ville folket her valt for å sende ei pakke med relativt høg verdi (ikring kr 1.200,-) til USA? Det er snakk om ei gåve, liten vekt og storleik (omtrent same vekt og storleik som ein kortstokk, vil eg tru). Hjå Posten vil det koste kr 348,- for inntil 1 kg, men så vidt eg forstår så er ein då berre forsikra opp til og med SDR 40 (ca. kr 400,-) pluss SDR 4,5 (cirka kr 45,-) per kg. Eg kunne tenkt meg å ha full dekning for heile verdien, men alt kjem sjølvsagt an på prisen. Alle tips og erfaringar vert mottekne med takk. 😊
  15. Ikkje berre det, nei, eg sjekka ein del andre kjelder òg. 😉 Eg sette meg så ned og rekna etter beste evne på kor mykje av tida eg brukar utstyret privat og i føretaket, og sette opp nokon tal på grunnlag av det. Viss der vert spørsmål om det i etterkant så kan eg fint stå inne for det eg har sett opp. Eg var meir ute etter om der var noko grense for kor lite ein kan bruke privat utstyr i eit føretak for å kunne forsvare å utgiftsføre noko av det. Svaret eg fekk her, i tillegg til det eg las meg fram til via dei andre kjeldene eg nemnde, gjorde at eg landa på at det var heilt innanfor å utgiftsføre ein liten prosentdel av dette utstyret. ☺️
×
×
  • Opprett ny...