Jump to content

Garegaupa

Medlemmer
  • Content Count

    1271
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Garegaupa

  1. Eg er så frimodig at eg legg inn ei vervelenkje her eg òg. 😊 https://invite.tibber.com/db0dc25 (Eller legg inn kode db0dc25 rett i appen.)
  2. Eg har av og til sett litt på mogelegheitene for å få eit GoPro-kamera til å kunne fylgje ein person eller ein ting som bevegar seg. (Eg tenkjer då altså ikkje på dronar eller slike ting som gjer at kameraet fysisk kan fylgje etter noko(n) rundt i terrenget, men at kameraet kan stå på ein brakett av eitt eller anna slag som held kameraet retta mot ein person/ting innanfor kameraets synsfelt.) Viss eg skaffar meg noko slikt så er det ikkje noko eg kjem til å bruke ofte, så det er ikkje noko eg har tenkt å bruke stort pengar på. På den andre sida så er det lite vits i å skaffe noko billeg skrot som ikkje fungerer (eller berre fungerer litt på halv åtte). Når eg har søkt etter dette på nettet så er det stort sett relativt dyre løysingar eg har funne (fleire tusen kroner). I dag kom eg noko tilfeldig over denne her: https://getpivo.com/collections/shop/products/pivo-pod/ Den er visst eit Kickstarter-prosjekt som i utgangspunktet er laga for smarttelefon, men der er ein brakett til GoPro å få tak i: https://getpivo.com/pages/action-mount/ Til saman ville dette kosta $140 med frakt, eller snaue kr 1.400,- etter dagens dollarkurs. Sjølv med norsk MVA og toll så skulle ein kunne kome under to tusen-talet ferdig levera. Då nærmar det seg eit nivå som eg kan leve med. Eg finn litt blanda erfaringar når eg søkjer på testar av dette utstyret her. Difor tenkte eg at eg ville prøve meg her og høyre om det er nokon på forumet som har testa dette? Eller like relevant: Om der er andre forslag til tilsvarande utstyr som er like bra (eller betre!) og like rimeleg (eller rimelegare!). Eg har ikkje så store krav til at slikt utstyr skal kunne fange opp ting som bevegar seg i veldig høg fart, men det bør kunne klare å halde ein person/ein gjenstand i fokus utan feilslag innan rimelege grenser. Eg kunne òg tenkje meg å ikkje vere avhengig av noko ein har på seg (brikke, armband eller liknande) for at sporinga skal fungere, men dette er absolutt ikkje noko ufråvikeleg krav. Alle gode forslag vert mottekne med takk! 😊
  3. Mange takk for tipset, dette skal eg så absolutt sjå nærare på! 😃👍
  4. Då fekk eg svar frå IBAS. Dei kan gjere ei gratis vurdering av tilstanden til kortet, og så tippar dei at ei gjenoppretting vil koste alt frå kr 3.000,- til kr 10.000,-... 😬 Ikkje akkurat småpengar, men det kostar i alle fall ikkje noko å få det evaluera. Så får ein heller gjere ei vurdering av kva innhaldet er verdt når ein får den endelege prisen.
  5. @The Avatar: Absolutt, eg skal kome med ei oppdatering når eg får svar. 😊 @Fleskefjeset: Ja, sikkerheitskopi er essensielt. Eg har det på min telefon, men dette var på konas gamle, og der hadde me oversett det... 😐 Men på den nye telefonen hennar er det i alle fall på plass, så me burde ikkje kome i dette uføret fleire gonger.
  6. Ah, tusen takk skal du ha! Der kom det namnet som eg visste eg hadde høyrt, men ikkje klara å hugse for alt i verda... 😂 Eg tek kontakt med dei og høyrer kva noko slikt kan kome på.
  7. Hei! Eg har Windows 10 Pro og Microsoft 365 på to PC-ar. For nokon månadar sidan kvitta eg meg med den gamle @hotmail.com-adressa mi og la inn ei ny E-postadresse som hovudalias for Microsoft-kontoen min. Dette har gått heilt som forventa, med eitt unntak: Med jamne mellomrom får eg feilmelding i Office-programma om at det er noko feil med kontoen min, og at eg må logge inn på nytt. Dette skjer berre på den eine PC-en, på den andre er alt normalt. Viss eg då går inn og prøvar å logge inn på nytt så kjem den gamle E-postadressa opp. Eg får ikkje noko val om å endre denne. Viss eg prøvar å logge inn med rett passord så får eg feilmelding. Viss eg sjekkar systeminstillingane i Windows så er det rett konto som ligg der. På mine sider hjå Microsoft er det berre den nye adressa som ligg, alle spor etter den gamle er sletta. Eg har prøva å køyre Microsoft Support and Recovery Assistant, og det såg ut til å hjelpe der og då, men problemet kom berre att. Eg har prøva å slette alle referansar til den gamle E-postadressa frå registeret utan at det hjelpte. Eg prøva å installere Office på nytt, men det hjelpte heller ikkje. Er det nokon som har ei aning om kva eg kan gjere for å endeleg få hiva ut den gamle kontoen? Eg er rimeleg tom for idear akkurat no... 🤔
  8. Hei! Eg sit med eit MicroSD-kort som eg skulle fått ut ein del data frå. Problemet er at eg ikkje får til å lese kortet. Det sat tidlegare i ein Android-telefon, men slutta å la seg lese/skrive til. Eg har prøva i to ulike PC-ar, og med og utan "MicroSD-til-vanleg-SD"-adapter. Eg har prøva både på vanleg måte og med bruk av Recuva. Systemet finn kortet reint fysisk (i alle fall av og til), men eg får feilmelding ved forsøk på å lese det. Eg kan ikkje sjå nokon opplagde eksterne feil/skadar på kortet. Har eg nokon fleire mogelegheiter som eg kan prøve heimanfrå? Viss ikkje, er det nokon som veit om eitt eller fleire selskap som driv med redning av data frå defekte lagringsmedium og kva eg må rekne med å betale for ein slik "redningsaksjon"?
  9. Til info, viss der skulle vere andre som slit med det same, så var det faktisk CMOS-batteriet som var problemet. Men er ikkje det noko snodig så lenge det klussa seg til medan PC-en var i drift? Burde ikkje då klokka få straum sjølv om dette batteriet var flatt...? 🤔
  10. Hei! Eg har ein berbar PC (ni år gammal Multicom Kunshan W155) der klokka plutseleg har begynt å gå heilt "amok". Plutseleg er det som om ho har stoppa og er alt for sein (alt frå nokon minutt til fleire timar, avhengig av når eg oppdagar det). Ei synkronisering mot tidsserver får ho på rett kjøl att ei tid. Eg er klår over at flatt CMOS-batteri vil kunne gje slike symptomar, men dette skjer medan PC-en er på og i bruk. I dag har eg sikkert stilt klokka 10-12 gonger. Det virkar vilkårleg kor lenge det går før ho kjem ut av det. Er det nokon som har vore borti noko liknande og/eller har nokon idear? Eg reknar med at det må vere maskinvarefeil av eitt eller anna slag? Han begynner trass alt å verte gammal etter PC-standard. 😊
  11. Etter noko om og men landa eg til slutt på Runbox. Dei fylte alle kriteria mine, samt at det ikkje akkurat skadar at det er eit norsk selskap. 😊
  12. Takk for tipsa, folkens, eg kikkar nærare på det de har føreslege! 😃
  13. Hei! Eg har eit eige domene som eg ynskjer å begynne å bruke til å sende/motta E-post på. I utgangspunktet var planen min å skaffe meg ein NAS (eller tilsvarande) og køyre eigen E-posttenar lokalt. Dette har eg blitt fråråda å gjere då mange meiner at det kostar meir enn det smakar å drifte E-posttenar sjølv. Grunnen til at eg ville gjere det på denne måten var for å ha full kontroll over min eigen E-post, med lokal lagring av rubb og rake. Viss dette ikkje er ei god løysing så er eg open for andre variantar. Er det nokon som i så måte har eit tips til eit bra webhotell som eg kunne bruka i staden? Krava mine er i så fall som fylgjer: God sikkerheit og respekt for andres private data. Må ha stor lagringskapasitet. Må vere stabil og solid, eg vil ikkje risikere å misse all E-posten min. Må ikkje vere Google (eller tilknytt Google). Må støtte både POP3 og IMAP. Eg leitar sjølv rundt på nettet og har allereie nokon idear, men eg ville gjerne høyre om nokon her har ei eller fleire personlege erfaringar å kome med. 😊
  14. Nei, har ikkje kjøpt enno. Eg har ikkje så veldig hastverk, men ser føre meg at det kan verte handel i løpet av hausten/vinteren. Ikkje så dumt å kikke litt rundt på om ein kan finne nokon gode tilbod så lenge ein har tida føre seg! Sei gjerne ifrå viss du skulle kome over noko som kan vere interessant for meg òg!
  15. Eg har aldri bruka å ta ut batteriet, nei, men eg burde sikkert ha gjort det. Batteriet på den PC-en eg har no er heilt øydelagt, det held ikkje eitt minutt ein gong. Viss eg skal flytte PC-en frå eitt rom til eit anna så må eg setje han i dvalemodus fyrst, elles er han daud innan eg rekk å kople han til nettstraum att... Noko slikt burde absolutt ha vore standard, ja. Det same gjeld moblitelefonar, eg meiner der burde ha vore ei mogelegheit for å kutte ladinga når batteriet når ein viss prosent. Ein skulle ikkje tru det hadde vore så overmåte komplisert å få til noko slikt for både PC-ar og mobiltelefonar, men det er kanskje meir komplisera enn eg trur sidan ingen (så vidt eg veit) har gjort det enno. Eller så er det så enkelt som at produsentane helst vil at slike ting skal ha redusera levetid så dei får selje oss nye ting heile tida...
  16. Jau, eg er klår over at ynskja mine nok kan vere i overkant med det pristaket eg har sett. Slik sett så er vel eit nøytralt design det fyrste eg kan ofre for å kome innanfor budsjettet. Så sant det ikkje ser ut som eit joletre med doble sett med farga, blinkande ljoslekkjer så kan eg nok leve med det. Nest etter dette så lyt det nok vere å gå ned på skjermstorleiken. Ideelt sett så ynskjer eg god yting på langt sikt òg. Den berbare som eg har no kjøpte eg i november 2011, og den har klara seg fint heilt til det kraftigaste skjermkortet tok kvelden for eit snautt års tid sidan. No kan eg ikkje spele stort meir enn kabal på han... Eg ser eg gav rett under 13k for han i si tid. Slik sett er eg vel ikkje av dei som har bruka mest pengar på datamaskin per år...
  17. Sikkert ingen dum ide, eg har Multicom per i dag og er godt nøgd (bortsett frå at han tek til å dra på åra og ikkje heng heilt med i svingane lenger, då ). Eg har kikka litt på desse. Synd at både 17,3"- og 16,1"-modellane deira er såpass dyre, eg har 15,4" per i dag og tykkjer dette vert noko snautt. Eg kunne godt tenkt meg å gå opp eit hakk eller to i storleik, men då må eg finne noko under 15k, eg kan ikkje rettferdiggjere å gå over det budsjettet. Det er klart ein slik som denne her freistar veldig, men akkurat ein tusenlapp over budsjettet... https://www.multicom.no/multicom-kunshan-p960rc-161-144hz/cat-p/c1004235/p1500011072 Elles så har eg gjort som du føreslår og kikka både på Prisguide.no og Prisjakt.no, lese testar og alt mogeleg slikt. Eg tenkte berre eg ville høyre innpå her om det var nokon som hadde nokon gode forslag som eg ikkje hadde funne enno.
  18. Eg vurderer å skifte ut min noverande berbare PC med ein ny i næraste framtid, og vil såleis gjerne høyre om nokon her har eit bra tips eller to til meg i så måte. PC-en skal i stor grad brukast til kontorarbeid, men eg vil gjerne kunne spele dataspel òg utan å måtte inngå for mykje kompromiss på grafikk-kvalitet og yting. Dei spela eg helst ser føre meg å kunne spele er av typen MechWarrior Online (https://mwomercs.com/), The Witcher 3: Wild Hunt (https://thewitcher.com/en/witcher3/), Battletech (http://harebrained-schemes.com/battletech/), World of Tanks (https://worldoftanks.eu/) og (på sikt) MechWarrior 5: Mercenaries (https://mw5mercs.com/). Det ideelle hadde vore å kunne køyre slike spel som dette med alle grafikkinnstillingar på maks, men det er kanskje utopisk for ein berbar PC innanfor ein nokolunde vitug prisklasse...? Eg ynskjer meg stor skjerm, gjerne 17-toms, som er god og behageleg å sjå på. Vekt og storleik på PC-en har lite og ingenting å bety, eg er nok meir ute etter ein "flyttbar PC" enn ein "berbar PC". Batterilevetid har heller ikkje mykje å seie, det er ikkje mange gongene i året eg har behov for å bruke den eg har no utan å ha tilgang til straum. Eg er ikkje så veldig begeistra for slike bling-blong-greier med mangefarga ljos i tastaturet og den slags. Eg ynskjer ein meir nøytral utsjånad sidan han trass alt skal brukast i jobbsamanheng (men så lenge det går an å slå av ljoset så kan eg sjølvsagt fint leve med at det finst der). Eg ville sett stor pris på ein stillegåande PC, men dette er vel gjerne òg ein eigenskap som er vanskeleg å finne viss ein skal ha høg yting i ei såpass lita pakke. Når det gjeld prisklasse så kunne eg godt tenkt meg å kome under kr 10.000,-. Likevel så kan eg nok gå over dette viss eg må, men eg ser uansett føre meg kr 15.000,- som ei absolutt grense. Alle stalltips vert mottekne med takk!
  19. Deimos_Anomaly og Kyrre S.: Takk for svar! Eg prøvar meg nok på noko i tråd med det de føreslår når eg kjem så langt.
  20. Den vasskjølte PC-en min begynner å verte nokon år gammal no, så eg vurderer sterkt å byggje meg ein ny. I den samanheng så er det eit par ting eg lurar på. I den PC-en eg har i dag så har eg ein 360-radiator i toppen av kabinettet og ein 120-radiator i botnen. Båe to trekkjer luft utanfrå. Så har eg ei 120-vifte i øvre bakkant av kabinettet som blæs luft ut. Tanken med dette var at då får båe radiatorane kaldast mogeleg luft frå utsida av kabinettet, samt at der vert overtrykk inni kabinettet med tanke på støv. Når eg leitar rundt på nettet så får eg nok eit inntrykk av at dette ikkje er den heilt optimale løysinga. Ville det ha vore betre å til dømes hatt ein 360-radiator (eller større) i botnen som trekkjer luft inn, og så ein 120- eller 240-radiator i toppen som blæs lufta ut att, slik at ein fylgjer fysikkens lover med at varm luft stig opp? Eg ville kanskje tenkt at det ikkje var optimalt å blåse varm luft frå innsida av kabinettet gjennom nokon av radiatorane, men så lenge der er grei gjennomstrøyming av luft så er det gjerne ikkje så rare lufttemperaturforskjellen mellom innsida og utsida av kabinettet? Når det gjeld dette med overtrykk i kabinettet, er det slik at nyare kabinett er såpass tette og har såpass gode støvfilter at ein ikkje treng å tenkje så mykje på dette?
  21. Utan tvil, Habla! Det var fornuftige og gode tips du òg kom med, så viss eg ikkje hadde snubla over denne opninga ut frå skissene til KVTL så måtte eg gått vidare med dine forslag!
  22. Då går dagens 10-poengar til KVTL! Sjølv om den sida du la inn ei lenkje til ikkje hadde akkurat vår modell av CR-V så var det nær nok på den som var der! Det viste seg at eg hadde oversett ei kabelgjennomføring av di eg trudde det var noko heilt anna (eg hadde ikkje sett nøye nok). Så no er alt i orden! (Det syner seg òg at Google Translate har eit noko snodig forhold til det finske språket, med gullkorn som "hårete bukspyttkjertel" og "det er et godt valg, men det er ikke bare bra å velge" då eg prøva å få omsett teksten i brukarrettleiinga... )
×
×
  • Create New...