Gå til innhold

Bioshock 1, 2 eller Infinite, kva var best? *Spoilers*


Anbefalte innlegg

Eg klarte å sulle meg til å prøve Bioshock 1 for nokre veker sidan. Hadde prøvd nokre ganger før, men Medical Pavillion freista meg ikkje til å returnere. Tredje kvelden var det gjort og eg kom verkeleg inn i spelet. No er Rapture blitt eit av mine favorittunivers innanfor spel opp gjennom tidene.

 

For å gjere ein lang historie kort så endte eg opp med å spele 1, 2 og Infinite dei siste vekene. I ettertid har eg lese litt på nettet om kva folk meiner og vart litt overraska. Mange føretrekk Infinite over dei to føregåande og synest generelt det er eit betre spel. Her er nokre av mine synspunkt for kvifor eg synest 1 og 2 var betre:

 

Fiendane i 1/2 kjentes ekte.

  • Dei surra rundt i si eiga verd og prata med seg sjølv og kvarandre. Ein av mine favorittar var ein Splicer som gjekk og sang på "Jesus loves me this I know". Når du møtte ein Splicer hadde dei og noko å fortelje deg før dei prøvde å ta livet ditt. Eg følte at alle fiendane var der av ein grunn, og dei var ein del av spelet. Gjennom spelet fekk me og møte mange karakterar, som Sander Cohen og J.S. Steinman. Du vart kjend med desse karakterane og møtte dei i sitt rette element. I Infinite vart du møtt av ei mengd grunts med varierande eigenskapar og helse. Eg fekk ikkje noko kjensle til dei i det heile tatt. Dei hadde litt dialogar, men det var ingenting eg hugsar igjen i dag. Kom du for nærme dei så byrja dei plutseleg å skyte, tilsynelatande utan noko anna grunn enn at du no var ein halv meter nærmare.

Karakterane hadde ei betre historie

  • Me fekk innsyn i ein del karakterar i alle spela. I Infinite føltes det heile litt overfladisk, samt at karakterane hadde sterke likhetstrekk med dei me møtte i Rapture. Me fekk betre kontakt med Fontaine, Tannenbaum og Ryan i Rapture enn Comstock, Slate og Fink i Columbia.

Rapture hadde ein betre stemning enn Columbia

  • For all del, Columbia var visuelt sett ein vakker plass, men ut over det var områda du var innom keisame og repetive. I Rapture er alt meir dystert og mørkt, men det er fleire gode detaljar og gjenstandar som set sitt preg på byen. Du får verkeleg inntrykk av at dette var ein flott plass før det vart kaos. Den beste scenen i Infinite for min del var då me returnerte til Rapture. Eg hadde ei høgtidleg avreise då eg forlot Rapture i Bioshock 2, så eg måtte ha ein ny seremoni i Infinite. Songbird fekk ikkje mykje merksemd frå mi side der den kava i havet utanfor vindauga. Eg var meir opptatt av musikken, stemningen og det at eg var tilbake i Rapture. I Rapture er du innom mange forskjellige område som har sine særpreg, mens det i Infinite gjekk mykje i det same, med unntak av enkelte bygningar med overdrevne statuar og 3-4 rom etter kvarandre som kun besto av enorme konstruksjonar for å få det til å sjå bra ut. Det såg bra ut, men vart for overdrive for min del.

Plottet og avslutninga i Infinite var tafatt

  • Eg fekk eit forhold til Elizabeth, men ikkje på same måte som til karakterane i Rapture. Ho endra kjapt meiningar og kunne snu på ein femøring dersom situasjonen tilsa det. Avslutningen synest eg var teit, sjølv om det var ein litt artig tvist. Det vart for mykje når dei blanda inn utallige univers, tidsreiser osv. Rapture føltes meir ekte for min del. Comstock var ein ekstremist som ville reindyrke sin ideologi. Ryan ville skape ei betre verd for menneska og hadde ikkje gitt opp håpet mot slutten. Eg trudde meir på Ryan og det han ville med Rapture enn Comstock sin galskap. Historien i Bioshock 2 var ikkje like god som i første del, men det kjentes framleis meir ekte ut enn Infinite. DLC-spelet Minerva's Den hadde ein veldig god historie som dei godt kunne brukt i staden for Eleanor. Dei forskjellige avslutningane du kunne få i B1 og B2 var positivt.

Plasmids og tonics var betre enn vigors og gear

  • Her skuffa Infinite stort. Vigors var keisame og trasige greier. Det var langt artigare å bruke Electro Bolt, Winter Blast og Insect Swarm enn det me fekk servert i Infinite. Tonics-systemet var og veldig artig sidan du kunne putte inn så mange samtidig. Med kun fire gears samtidig i Infinite var det stort sett snakk om å finne den beste og bruke den resten av spelet.

Bioshock 1 og 2 hadde artigare våpen

  • Våpna i Infinite var ikkje veldig spanande, samt at du kun kunne bære med deg to om gangen. Det gjer kanskje spelet litt meir utfordrande, men det kan og føre til at du stort sett held deg til to våpen. Når du skal bruke pengar på både våpen og vigors måtte du prioritere oppgradering av nokre få våpen.

Bioshock 1 og 2 hadde betre gameplay

  • Det artigaste med Infinite var kanskje Sky-Hook-systemet, men det var ikkje nok for min del. Med kjekkare våpen, plasmids og fiendar i 1 og 2 var kampane mykje artigare. Infinite var meir som eit kva som helst FPS for min del. Berre lyden av maskingeværet og anti-personell-ammunisjon i 1 og 2 var nok til at det heile var meir engasjerande. Du høyrte at dei vart rivne i fillebitar. Research-konseptet var og ein artig sak i 1 og 2, det la til eit ekstra element i kampane i spelet.

Totalt sett veit eg ikkje om eg kjem på noko i Infinite som var betre enn i 1 og 2. Eg ser på Bioshock 1 og 2 som eitt samanhengande spel. Nummer 2 hadde ein del forbetra gameplayelement, mens den første totalt sett var betre.

Det viktigaste for min del var gameplay, stemning og historie, der Infinite ikkje klarte å følje opp sine forgjengarar. Dersom 2K vil fortsetje denne serien håpar eg at dei returnerer til Rapture i eit eller anna tidsrom.

/rant

 

Eg fant inspirasjon til denne tråden i dette innlegget på IGN-forumet, som for øvrig ikkje har ein einaste paragraf og er eit slit å lese, men poengterer likevel mange ting eg er heilt einig i.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Helt enig, Infinity er et resultat av det alle andre "store" spill sliter med nå til dags...

 

Tror jeg overlevde 30 min med infinity før jeg la spillet på hylla og har ikke rørt det siden det kom ut. Kanskje en kveld eg kjeder livet utav meg så tar jeg det opp igjen som a last resort

Lenke til kommentar

B1-B2-Infinite.

 

En helt annen stemning under vann, og jeg liker heller ikke hvordan disse Handyman'ene ble designet. Irriterer meg veldig mye mer over enkelte ting i Infinite enn gjorde i B1 og 2tilsammen. Satser på B4 er under vann igjen, men har mine tvil...

Lenke til kommentar

Infinite skuffet meg, for å være ærlig. Starten der man går rundt i byen var meget interessant, men straks fiendene dukket opp ble det bare en ren korridorskyter der man plaffer ned alt som rører seg - sivile inkludert, om man vil. Man taper ingenting på å plaffe dem ned. Hva er poenget med å ha dem med da?

 

Men skal vi diskutere hva man synes er best i denne serien vil jeg faktisk gå helt tilbake til System Shock 2. BioShock er den spirituelle oppfølgeren, og ble laget fordi de ikke lengre eide rettighetene til System Shock. I dag ser det jo ikke så bra ut som man kunne ha ønsket, men det er fortsatt "bra nok". Det kan for øvrig skaffes for en billig penge på gog.com om man vil se hvor Bioshock kom fra. :)

 

En annen morsom ting er at System Shock 1 kunne spilles med tidspress. Når man starter teller en klokke ned, og når den når null er spillet over. Litt stressende, for å si det mildt. :p

Lenke til kommentar
  • 6 måneder senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...