
Samms
Medlemmer-
Innlegg
2 090 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Samms
-
Det kan bli i overkant spennande for resten av verda også. Ein av hypotesane om Covid som fekk liten publisitet var at flaggermus hadde smitta griser på grisegårder og viruset muterte etter som det spreidde seg blant griser i store besetninger. Før det hoppa over på røktarane. Og med USA ute av WHO og kutt i CDC og FDA så er risikoen at andre land ikkje får vite om det før viruset er ute av USA.
-
Interessant, men stor risiko: USAs helsesjef vil la fugleinfluensaen herje fritt i fjørfeflokker USAs helseminister vil la fugleinfluensaen herje fritt blant høner. Helseminister i USA, Robert F. Kennedy Jr., foreslår kontroversielt tiltak mot fugleinfluensa.
-
Og det finnes ein omveg rundt det. Når dei er ute må militære ha med seg ein "sivilist" frå FBI, Homeland Security eller ein av dei andre føderale organisasjonane med politimyndigheit. Denne "sivilisten" er då den som står for arrestasjonen. Dei arresterte kan deretter plukkast opp og transporterast vekk av eit privat sikkerheitsfirma. Det stod noko i ei avis om at Eric Prince hadde kontakta presidentadministrasjonen for å presentere kva hans firma kan bidra med.
-
Eller det berre er år med dårleg vedlikehald som fører til feil. Det har og vært tilfeller der transformatorstasjoner har vært skada etter å ha blitt skutt på. Nokre gonger målretta med ulik type motivasjon, andre gonger fordi skyttarar ignorerte å sjekke om dei hadde sikker bakgrunn.
-
Det som har gjort USA rikt er at dei har trekt til seg talent, resurser og kapital frå resten av verda. Aliansebygging har gjort USA til ei stormakt. Stopper dette opp så klarer USA seg, men det blir eit stort land som andre store land. Får dei i tillegg dårleg politisk styre og ein dårleg fungerande administrasjon så kjem dei ikkje til å vere teknologisk leiande. Militært og økonomisk kan dei bli mindre enn både Kina og EU.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
Samms svarte i et emne i Politikk og samfunn
Og det har vel heller ikkje alltid fungert mot "lavteknologiske" motstandarar heller så lenge dei har vært kompetente nok til å sjå svakheitene til fienden. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
Samms svarte i et emne i Politikk og samfunn
"Networ centric" er eit av buzzorda frå miliære brosjyrer. Til lands, til vans og i luften med. Og då ikkje berre datalink mellom til dømes to fly, men eit nettverk mellom alle aktive einingar. Akkurat denne integrasjonen er det som har gjort vestlege styrkar "effektive" sjølv om dei har vært få i talet. Haken er at det ikkje er sikkert det fungerer mot kompetente motstandarar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
Samms svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eit av salsargumenta for F-35 er vel datalinken og korleis denne integrer flya med AWACS, signaletteretning og alle andre våpen og støttefunksjoner i eit nettverk. Det aukar effektiviteten til flya og andre våpensystem, så lenge det fungerer. Og ja, kineserne har skjønt at det då lønner seg å gå etter AWACS og signaletteretningsfly. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
Samms svarte i et emne i Politikk og samfunn
USA har ein stor kapasitet, ingen tvil om det. Poenget mitt var at Kina, og vel også Iran, har prioritert våpen for effektivt å forsvare eigne grenser. Ein av tinga dei har gjort er å utvikle våpen for å gjere det enkelte fly eller skip mindre effektivt. I lufta er det å lage våpen slik at AWACS, tankfly og signaletteretningsfly ikkje kan fly så nær og dermed ikkje gje så effektiv støtte til angripande jagerfly og bombefly. Tilsvarande mot sjømål, ballistiske sjømålmissil aukar risikoen for hangarskip å operere nær ein fiendtleg kyst. Og må hangarskipa halde seg lengre frå kysten må flyene fly lengre og det reduserer kapasiteten. Flytida aukar, kvart tokt tar lengre tid. Hangarskip er for å projisere makt og angripe land langt unna. Dei er lite effektive til å forsvare ein kyst, då kan flya heller være basert på land. Gjerne i fjellanlegg slik Kina har ein del av. Berre rullebanen er i dagen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
Samms svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kina, Iran og Russland har merka seg at USA har jobba med å integrere og operere våpensystem i nettverk for å gjere dei meir effektive. Mange av våpena dei då har utvikla er då sikta på å øydelegge samhandlinga i nettverk til amerikanske våpen. Når det gjelder fly så har i alle fall Kina bygd opp kapasitet til å skyte ned AWACS, tankfly og signaletteretningsfly på lang avstand. I tilfelle krig og det fungerer må då amerikanske jagerfly i større grad fly utan radar og signalspaningskapasitet og begrensa rekkevidde/drivstoff. Dette mot fly som kankje ikkje er riktig så avanserte, men har radarstøtte og full tank. Det kan fort bli tap i luftkamp eller tomt for drivstoff og krasj på heimvegen. -
Kina? Kan sikkert levere det meste og kjem då i den økonomisk gunstige posisjonen at dei leverer til begge sider i krigen.
-
Og ikkje med nokon av alternativa er Ukraina noko kandidat for EU medlemskap med det første.
-
USAID, NOAA, FEMA og fleire. Det kjem til å bite tilbake. Ein ting er at spesielt Kina kan få meir innflytelse internasjonalt, internt gjer det USA meir sårbart for naturkatastrofer. Historisk har vel naturkatastrofer vært slutten på mange riker. Og ulikt der eit rike forsvinner på grunn av krig eller borgerkrig og noko nytt tar over så har det etter naturkatastrofer fleire gonger i historia ikkje kome noko nytt etterpå.
-
USAID og andre departemang må gjenreisast? Presidentadministrasjonen kan gjere det etter påleggets bokstav, men ikkje intensjon. Etter å ha anka og trenert heile vegen gjennom rettsystemet. Resultatet blir at USAID og dei andre som vart lagt ned for alle praktiske formål er avvikla i den form dei eksisterte. Namnet blir værande, men ikkje funksjonen. Så nokre år fram finnes det kanskje eit lite USAID kontor leda av Trump lojalist som gjev penger til nokre få prosjekt presidentadministrasjonen meiner det gjev god pr å støtte. Eventuelt for å smøre utenlandske ledere i bytte mot handelsavtaler gunstige berre for USA.
-
Eller som har blitt sagt nedlatande om F-35, dei er bygd for å bombe kameler. Det vil seie låg intensitet krig mot ein fiende med begrensa luftvern. Det vil seie ein fiende utan kapastitet til tidleg varsling, utan missiler som kan nå meir enn ti kilometer opp og ikkje areal stort nok til at flyet må fly ei stund i fiendtleg luftrom.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
Samms svarte i et emne i Politikk og samfunn
Onde tunger hevder at Kina skaffet seg alle tegninger på F-35 og bygde sin variant, betre enn F-35.😉 -
Software er ikkje problement, problemet er organiseringa av delelageret. Mekaniske deler. I stor grad er det basert på nokre få sentral-lager og det har vært problem med få deler på lager, lang leveringstid på deler og manglande oversikt over delane på lager. Og USA har akkurat same problemet som alle andre brukarar av flya. Risikoen er at deler kjem seint fordi dei ikkje var på lager, det var vanskeleg å finne dei på lageret eller transporten tok lengre tid enn estimert.
-
Korleis var det med Sovjetunionen og Jugoslavia før dei gjekk i oppløysing? Om det ender med borgerkrig som nokre spår her spelar avhengigheita ingen rolle. Om USA blir delt så kan det like gjerne være i nokre blokker istadenfor mange enkeltstater. Vest amerika, nord øst amerika, midt amerika og Texas.
-
Absolutt ingen vits i å gi vekk F-35 flya og Gripen er absolutt eitalternativ som nummer to fly. Så salg av F-35 berre hvis prisen er riktig. Det er mykje om at USA kan setje F-35 flya på bakken hvis dei ynsker. Eit større problem er at flya kan bli ståande på bakken, også for USA, på grunn av mangel på reservedeler. Det har kome bekmringsmeldinger om reservedelslogistikken i media.
-
Referer ti Vest Sahara for eit døme der på at det lønner seg for angripande makt?
-
USA har etter kvart få jagerfly. Med litt hell så kan Norge "selge" dei tilbake til USA når USA trenger fleir fly raskt. For å forberede dette bør Norge starte å kjøpe ein alternativt flytype raskt. Ein passe difus grunn for å velge noko anna enn F-35 finnes sikkert.
-
Kva som skjer i USA er bortimot umulig å spå. Eit utfall kan være at føderasjonen går i oppløysing og at statane blir meir likt suverene nasjonar.
-
Kanskje også USA som føderasjon havner på historias skraphaug. Om det skjer noko lunde fredeleg er det neppe noko katastrofe med det USA no har utvikla seg til politisk.
-
USA kan importere frå andre land enn Canada. Toll flytter på forsyningsruter, utvinningsstader og produksjonsstader. Råvarer kan bli dyrare i ein overgangsperiode, spesielt om overgangen er dårleg håndtert. Det kan gje ein prisauke om det er rom for å auke pris til forbruker, hvis ikkje går det ut over marginane i verdikjeda fram til forbruker. Når det gjelder gjødsel, Russland har stor produksjon. Mineraler har dei også. Kanskje planen er å finne billigare leverandører i Russland? Russland er i ein dårlegare posisjon til å forhandle pris på varer enn Canada. Og med forsyningar frå Russland kan pris frå Canada pressast meir også.
-
Repeterer svaret til Altimeter: USA er eit mykje større land end Norge med meir diversifisert industri, fleire typar råvarer innenlands og fleire typar jordbruksprodukt. Det betyr at det for mange varer finnes eit alternativ produsert i USA til importerte varer. Ikkje samme vare, men likevel eit alternativ der det er konkuranse mellom tilbydarane. Produksjonskost i USA går nok opp på grunn av korleis forsyningslinjene er organisert. Om dei kan ta det ut i pris er ikkje sikkert, prisauke dei siste åra har kanskje allt tatt ut allt potensiale for høgare prisar. Sjekk Youtube for videoar med usolgte bilar i USA, eller grav deg ned i tala til bilprodusentane.