-
Innlegg
44 848 -
Ble med
-
Dager vunnet
1
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Zeph
-
Registreringsdato. OFV skriv alltid “registrert”, ikkje “solgt”. Om ein bil var bestilt eit år før registreringsdatoen eller dagen før veit me ikkje. Kun kor mange som vart registrert. https://ofv.no/bilsalget/bilsalget-i-januar-2025
-
Forsikringsprisar varierer mykje, så den einaste måten å finne det beste tilbodet (ikkje nødvendigvis det billegaste) er å spørje alle. Har du medlemsskap i eit eller anna som gjev rabatt kan det hjelpe, men ikkje alltid. Får du kontakt med eit menneske så kan to personar i same bedrift gje to ulike tilbod, så noko flaks er det òg. Har du nok forsikringar for å kvalifisere til samlerabatt så kan det hjelpe, men igjen ikkje noko garanti. Frå selskapet sitt perspektiv er det alltid eit mål om at du betalar så mykje som mogleg. Får du ein god pris så hugs å sjekk når den blir fornya, kvart år. Dei kan fint heve prisen til over konkurrentane etter eit år. Då er det ny runde. Negative opplevingar kan gjere at du unngår enkelte selskap, men bruk gjerne databaser som Bytt.no i tillegg. Generelt er statistikk meir tunktvegande enn enkelttilfelle for min del. Årsaken til at ein har dårleg erfaring kan vere på grunn av ein enkelt person som var involvert, utan at det treng vere systematisk for selskapet. https://www.bytt.no/forsikring/bilforsikring
-
Det er eit risikoprosjekt som potensielt kan bli ganske dyrt. Har du planar om å skru på den sjølv?
-
Eg har null problem med å forstå at ein nabo ikkje oppsøker ein fest kl. 4 på natta, der det garantert er alkohol involvert. Den som klaga kan ha vore ein eldre person. Har du ikkje signert leigekontrakt der det står noko om husleigeloven? Loven er for øvrig gyldig utan kontrakt. På ein fest, spesielt med alkohol involvert, så er det ikkje lett å vite kva støy som er sjenerande. I blokker kan lyd bære veldig godt, og om du ligg vegg-i-vegg, men ikkje får sove pga. støy så er det festdeltakarane sitt problem. Sjølv normal prating, kanskje litt høgare enn normalt, kan vere nok. Eg har budd i tre blokker i livet og har god erfaring med støy. Jussen rundt fakturaen må nokon med kunnskap om emnet uttale seg om.
- 90 svar
-
- 7
-
-
https://www.motor.no/aktuelt/bremsestov-kan-vaere-mer-skadelig-enn-dieseleksos/305951 Nok ein positiv bi-effekt av elbilar som i aukande grad bruker regenerering som brems og reduserer bruk av bremsane.
-
Legg ut skjermskot frå forsikringsvilkåra. Enten har du ein god pris på den delen, eller så har du misforstått noko i teksten.
-
-
At ikkje alt er forklart er ein stor del av FS sine spel. Dei vil at du skal tenke, lese beskrivelser og lage dine eigne teoriar. Det fungerer dårleg som film eller serie, så ein adapsjon måtte ha forklart meir eller laga sitt eige univers som speglar spelet, litt som dei har gjort med Nightreign. Utan all mystikken, usvarte spørsmål og manglande detaljar ville ein stor del av tilhengarsamfunnet forsvunne.
-
Kollektive avtaler på fiber og TV er en flopp
Zeph svarte på Trulss sitt emne i Bredbånd og andre internett-tilkoblinger
@Salvesen. 378,- kroner for internett er dyrt? Kva univers lev du i og kva meiner du det bør koste?- 10 svar
-
- 4
-
-
Ta det av og sett på Toyota-logoen, så er det litt mindre fare for hærverk. 🎉 Kom over denne på elbilforumet:
-
Om du kjøper billige Kina-dekk i staden for Hakka, Goodyear osv. blir det sjølvsagt ein del å spare, men det er i alle fall ikkje dekkene eg sparer penger på. Der kjøper eg alltid blant dei beste i tester.
-
Som eg skreiv så har eg ikkje EAP fordi eg ikkje har bruk for dei funksjonane. Veit ikkje kva meir svar du tenkte på.
-
Var ikkje deg eg spurte.
-
Kva er dei viktigaste forskjellane som de brukar i kvardagen mellom Basic og Enhanced? Eg hadde ikkje bruk for det, så min vart kjøpt med basic. Synest ikkje Tesla sin CC er noko god, så den blir heller ikkje brukt noko særleg. Ikkje at veiane her eg bur egnar seg så godt til sånt uansett.
-
Du satte eit spørsmålsteikn ved prisen eg hadde skrive. Kva du vil ha av utstyr er opp til deg, men her var det snakk om startpris med kun inkludert utstyr, og korleis den prisen har endra seg. Dei fleste kjøper sjølvsagt vinterhjul, men bilprisar blir stort sett samanlikna utan å legge det til. Er du i same prissegment og biltype så tar dei fleste rundt 25k for vinterhjul. Kjøper du vinterhjul andre stader kan ein få det til 40-70% av prisen som leverandørane tilbyr.
-
Fleire kommenterer at den er mjukare, men framleis ikkje den med best komfort. Det er det mest negative med dagens modell for min del, komforten. Det skal ikkje mykje ruglete asfalt til før det rister i bilen. Ikkje at det hadde vore aktuelt uansett, men det høyrest ikkje ut som den er mjuk nok for min del no heller. Det blir interessant å sjå utviklinga på bruktbilar. Med eit prishopp på ny bil er det håp om at eg for solgt til ein grei pris ila. nokre månader. 535k er utgangspunktet, det minste du må ut med. Den blir sjølvsagt dyrare når du legg på vinterhjul og anna ekstra. Du har lagt til lakk, 20”, vinterhjul og EAP, som hever prisen med 120k.
-
Nye Model Y-prisar er ute. RWD SR: Frå 446.760,- til 476.996,-, opp 30.236,-. RWD LR: Frå 471.499,- til 501.660,-, opp 31.161,-. AWD LR: Frå 482.631,- til 535.813,-, opp 53.182,-. https://www.tesla.com/no_no/modely/design#overview https://www.tek.no/nyheter/sniktitt/i/dRQQEA/tesla-model-y-2025
-
Det er nok riktig, men samtidig så bør du behalde ein nykjøpt bil lenge, og om verditapet er stort hindrar det deg kanskje i å bytte den ut, så det kan bli vinn-vinn. Billegare i innkjøp og du får meir ut av å ha kjøpt ny bil. Skal du først ha LR så ville eg ikkje vurdert noko anna enn AWD sidan det berre er 10k forskjell, men frå SR er det 35k opp til LR AWD. Det som manglar er SR AWD.
-
Det er mykje som manglar, men eg har ikkje bruk for så veldig mykje meir heller. Det meste av funksjonar i Tesla-app og bil brukar eg aldri. Det viktigaste er å sjekke status på bilen, lading og varming/kjøling. Alt anna er kjekt å ha, men ikkje så viktig. Ein ting eg sakna er å kunne låse opp og igjen via app, som eg kunne på Kodiaq frå 2019, men dei ikkje har fått til på elbilane.
- 7 svar
-
- 1
-
-
Bilar som blir registrert no var enten bestilt for ei tid tilbake eller klar for levering og kjøpt direkte, men eg vil tru dei fleste var bestilt. Det er ein del MY klar for henting, mest demobilar. Så langt i februar:
-
Korleis veit du kva biler som finnes der? Dei siste dagane har det vore ein oppadgåande trend av TMY ute på Finn, men det er litt kort periode for å vurdere. Ein forhandlar ville gje 350k for min og sa dei kunne selge for 400k. Lågaste pris for tilsvarande bil eg fann på Finn er 425k, og då har dei dobbelt så mange kilometer på tellaren. Med tilsvarande km er dei oppe mot 450k, som verkar dyrt for ein 1.5-2 år gammal vil. Ikkje at det var aktuelt å bytte den inn.
-
Enkelttilfeller fortel ikkje så mykje om statistikken. Akkurat TMY har hatt store svingninger i nypris, spesielt januar 2023, så det blir veldig avhengig av kjøpetidspunktet. Her er eit utdrag frå ein VG-artikkel: Kva ein bil ligg ute til på Finn og kva den blir solgt for er ikkje alltid same sum. Forhandlarar kan ofte ta litt høgare pris enn private òg. Tala eg brukte er sikkert eit snitt over lengre tid, så det stemmer sjølvsagt ikkje med alle modellar, men gjev ein peikepinn på kva ein må rekne med.
