Ingen i Vesten ynskte denne krigen, og den nølande hjelpa starta med at ein donerte hjelmar og skotsikre vestar. "Alle" trudde at Russland ville innta Kyiv på få dagar.
Dersom det var 9. april på nytt. Meiner du at det ville vere like greit å kapitulere med ein gong, for å spare menneskeliv? Har det noko å seie at heile befolkninga må leve under okkupasjon av nazistar, og at det ikkje finst ytringsfridom, folket sin kultur og eigenart blir utviska slik at folk flest skal bli "gode" nazistar osv? Har fridom nokon verdi, og er den verdt å kjempe for?