Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 240
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. https://newsukraine.rbc.ua/news/russia-deploys-kalibr-carriers-to-black-sea-1737870515.html https://newsukraine.rbc.ua/news/russia-attacked-kharkiv-with-drones-and-damaged-1737862612.html Har det gått surr i kalenderen for denne journalisten?
  2. Trump og folka hans er kanskje lurare enn det ein trur, og seier ein ting men gjer noko heilt anna? Det er ingen grunn til å opplyse russarane om kva støtte ein til ei kvar tid sender til Ukraina.
  3. Korrespondentbrev frå nær fronten i Ukraina: https://www.nrk.no/urix/hvorfor-er-det-viktig-a-rapportere-fra-frontlinjen_-1.17220982
  4. Var det ikkje slik at opprørarane var støtta av Wagner/Russland, og at Ukraina har gitt støtte til regjeringsstyrkane? Hadde det ikkje vore for Russland hadde det kanskje ikkje blitt nokon storkrig der.
  5. Putin gjentek Trump sine usanne påstandar, og vil gjerne ha ein avtale med Trump over hovudet på Ukraina og Europa. https://www.vg.no/nyheter/i/930doW/putin-om-trump-intelligent-og-pragmatisk Sidan dei to leiarane ser ut til å tenkje på same måten (jf. Panama og Grønland) kan dette bli farleg.
  6. Nrk-sak om korleis sosiale media endrar på retningslinjer over natta etter at Trump vart president. Essensen er at det skal bli mindre vekt på mangfald og inkludering: https://www.nrk.no/norge/meta-tillater-brukere-a-kalle-skeive-psykisk-syke-1.17219100 Det er nesten vanskeleg å tru det som no skjer med USA. USA under Trump liknar meir og meir på Putins Russland.
  7. Bergens Tidende har ein litt lenger NTB-artikkel enn Nrk. Den nemner blant anna også at https://www.bt.no/utenriks/i/RzQdQJ/trump-mener-alvor-om-groenland-danskene-slaar-alarm
  8. Då har ein fasiten på kva Trump meiner med "forhandlingar". Med mindre NATO og Europa gjer noko blir det Zelenskyj som må forhandle, medan Putin for ein stor del får det slik han vil. I mellomtida har det komme fram at Trump skal ha vore aggressiv i ein telefonsamtale med Mette Fredriksen, og at han meiner alvor med at han vil kjøpe Grønland. Putin og Trump ser ut til å tenkje- og oppføre seg på same måten, og vår til no viktigaste allierte er blitt til ein ny trussel mot Europa.
  9. Det ukrainarane er redde for er nok at Putin og Trump skal forhandle fram ein "avtale" over hovudet på dei.
  10. Men Putin er ein luring. Om han skulle finne på å gje litt etter blir det fort Ukraina som blir skvisa.
  11. Det mest fornuftige er å aldri byrje med røyking eller snus, samt sjeldan eller aldri drikke alkoholhaldig drikke. Då har ein mykje pengar som ein kan bruke på anna moro.
  12. Å koke poteter er enkelt, når du kan stikke kniven gjennom utan motstand er dei kokte. Det er også mogeleg å koke gulrøter i tillegg. Så kan ein steike f.eks. kjøtkaker, pølser, laksefilet eller kotelettar på steikepanna. Eg likar surkålen best når den er kald. Til laksen brukar eg rømmedressing frå Idun. Poteter og gulrøter er vanlegvis billegast når det står FirstPrice eller Coop Xtra på posen.
  13. Det er vel slik at skøyteleidning ikkje skal vere til permanent bruk. Her i huset innebar det at det måtte opp ny veggkontakt ved vaskemaskina. I mjølkerommet i fjøsen måtte det på plass nye stikkontaktar i taket over mjølketanken, slik at dei altfor korte leidningane rakk utan bruk av skøyteleidning. Eit alternativ kunne ha vore å skifta ut leidningane på vaskemaskina eller mjølketanken, slik at dei rakk til nærmaste veggkontakt. Når det gjeld "juletre" av greinkontaktar kan dette føre til overbelastning av veggkontakten dersom ein koplar til mange apparat som brukar mykje straum. Men det vil vel uansett vere like greit å få ein elektrikar til å montere nok veggkontaktar til at ein ikkje treng å bruke forgreiningar. Då blir det ryddig og pent også.
  14. https://www.chilimobil.no/mobilabonnement/fri-data/ For 250 kr. får ein også mobilt internett inkludert, men 3 mbit/s. er vel kanskje i minste laget for streaming. Eg har sjølv det dyraste abonnementet, og sidan eg aldri brukar opp kvoten på 100 GB på ein månad har eg ikkje behov for noko eiga internettlinje i tillegg. Når ein bur i Oslo er vel også ICE eit alternativ, dei har vel 1000 GB kvote så lenge ein er kopla på deira eige nett. Då har ein iallefall ikkje bruk for eige abonnement på internett. https://www.ice.no/produkt/data-frihet/
  15. Om USA skal involverast og godkjenne alle mål må ein vel rekne med at russarane allereie er informert og har rokke å flytte vekk det dei kan av utstyr og personell før angrepet kjem? Invasjonen i Kursk kom som kjent overraskande på Russland fordi USA ikkje var informert, og det dermed ikkje kunne oppstå lekkasjar.
  16. Dei som går ope ut og seier at dei støttar Russland veit vi kvar vi har. Dei som verkeleg utgjer ein fare for rikets sikkerheit vil som regel gå stilt i dørene, og vil også kunne utgje seg som politiske flyktningar. Eit meiningspoliti ville dermed ikkje ha den effekten som du ynskjer.
  17. Eg har ein slektning med den diagnosen. Det tok fleire år før han fekk rett diagnose, og så var det visstnok også ein del prøving og feiling før han fekk rett medisin. Eg har forstått det slik at han lever eit godt liv no. Så sjølv om ting ser håplaust ut akkurat no må du ikkje gje opp. Denne årstida kan vere tung, men det går mot lysare tider.
  18. Når han blir utvist frå Norge fordi han har vore her i x antal år kan det vel ikkje ha vore så enkelt at han berre kunne ha sendt ein søknad og fått innvilga norsk statsborgarskap.
  19. Det er dette som er vanskeleg i eit demokrati. Ein kan ikkje utvise folk på bakgrunn av kva dei meiner, om dei så støttar krigen aldri så mykje. Då er det nok enklare å skilje på fargen i passet. Det som er viktig er at folk flest følgjer med, og at PST held oppsyn med folk som støttar Russland eller andre terrorregime, uavhengig av kva for statsborgarskap dei har- eller ikkje har.
  20. https://www.nrk.no/vestland/latviske-vadim-er-utvist-etter-15-ar-i-noreg-_-har-feil-type-latvisk-pass-1.17214213
  21. Er det den sviktande helsa som gjer at du ikkje har lappen?
  22. Kvifor er eit godt spørsmål. Om Trump skulle gjere alvor av truslane er vel det eigentlege målet å rane til seg ressursar, slik noko av målsetjinga til Putin kanskje også var.
×
×
  • Opprett ny...