Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 281
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. EU treng Norge. Og Norge treng EU. Men Norge og Norden kan ikkje åleine syte for energisikkerheit for eit EU der politikarane driv sjølvskading slik dei gjorde då dei la ned atomkraftverka og gjorde seg avhengig av russisk gass.
  2. Eg er einig i mykje her, bortsett frå at det er hos ytre høgre at dei fornuftige meiningane er. Det er vel heller slik at når meiningane til den etablerte politiske eliten ikkje alltid er fornuftige, så stemmer folk på alternativet i protest.
  3. Ja, ting tek si tid. Om russarane invaderer eit NATO-land håpar eg at det ikkje går 3 månader før nokon reagerer.
  4. Når ein har lova ting på førehand kan ein ikkje bruke dei same sakene som brekkstang i forhandlingar. Det er elles fleire brotne lovnader som enno ikkje er ordna opp i. Eit eksempel er at ein har bestemt seg for å auke skatten på dei minste småkraftverka, trass i at ein lova det motsette før valet. Dette skjer i ei tid med høge straumprisar der ein prøver å få til eit grønt skifte. Resultatet kan bli at mange av desse minste småkraftverka går dukken. https://www.firda.no/dette-er-eit-bygderan/s/5-15-1961304 https://www.firda.no/foreininga-fekk-lovnad-fra-ap-fusk-og-fanteri/s/5-15-1961873
  5. Gitt at alle godtek at jødar, arabarar, kristne, palestinarar og/eller israelarar blir likeverdige borgarar med dei same borgarrettane, og at dei greier å leve saman i fred vil dette vere ei svært god løysing som vil tene alle partar. For at dette skal fungere må begge partar leggje historia bak seg og sjå framover. Og ikkje minst slutte å sjå på seg sjølv som "offer".
  6. Folk som er religiøse er ofte fredelege folk. Problemet er ikkje nødvendigvis religion i seg sjølv, men at religion blir brukt politisk til å drive splitt-og-hersk ved å peike på "oss" og "dei".
  7. Det er vel ikkje noko i vegen for å dele ut appelsiner, eple og bananer i staden for snop?
  8. Frølich ynskjer ikkje å bli Høgre-leiar, men vil gjerne vere nestleiar: Om ein kunne få Søreide som leiar og Frølich som nestleiar burde dette bli eit slagkraftig lag med tanke på utanrikspolitikk, forsvarspolitikk og støtte til Ukraina.
  9. Ein treng politikarar som kan ha fleire tankar i hovudet på same tid. Dialog blir viktig når krigen ein dag er over, forhåpentlegvis med "rett" utfall.
  10. eller jarnbaneutbygging på Austlandet. (Dei stadene i landet som du refererte til manglar jernbane).
  11. Også julefeiringa blir kva ein sjølv gjer den til. For min del held det lenge å ta fram dei gamle adventsstakane og juletrepynten. Men så har eg heller ikkje born. Det er i det heile godt å sleppe alt stresset og pengemaset. Men eg brukar litt ekstra på god mat i jula.
  12. Sjølv om ikkje alt er rosenraudt har det vore fred i Nord-Irland i snart 30 år. Det finst mange stader der folk med ulike religionar lever i fred og sameksistens.
  13. At finansministeren har innverknad på statsbudsjettet er vel ganske naturleg. Men uansett var det morosamt då ein trøytt Stoltenberg etter valsigeren kalla seg sjølv statsminister og Støre for finansminister. https://www.vg.no/stories/341268/jens-stoltenberg-om-store-sa-jeg-noe-feil-na
  14. Det mest interessante er vel kor mange kom gjennom og nådde måla sine.
  15. Kvifor skal ikkje USA kunne teste atomvåpen når våre fiendar gjer det og i tillegg truar Vesten i eitt sett? Det er mykje eg er ueinig i når det gjeld Trumps politikk, men i dette spørsmålet er eg faktisk einig. (Og så håpar eg også at USA kan støtte Ukraina meir og leggje sterkt press på Russland også på andre område).
  16. Eg tykkjer ikkje at det russiske flagget ser ekte ut. Er dette eit bilete laga av KI?
  17. Ikkje gløym at dei same bussane også er tekne i bruk fleire stader, m.a. på Vestlandet. Så her er det i så fall mange som burde ta sin hatt og gå.
  18. https://www.nrk.no/stor-oslo/ruters-egne-tester-viser_-oslos-elbusser-kan-fjernstyres-1.17629321
  19. Same mann sa vel at meldingane om ein kommande invasjon av Ukraina i 2022 var "hysteri".
×
×
  • Opprett ny...