Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 281
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Sannsynlegvis vil SMS og internett virke. Det vil derimot ikkje vere mogeleg å ringe/ta imot samtalar utan vidare. Men er det heilt umogeleg å lage ein app til slike gamle mobiltelefonar som gjer at ein kan ringe/ta imot samtalar via 4G?
  2. Den er vel inkluert i nettleiga tenkjer eg.
  3. No er vel ikkje stortingsrepresentantane valt fordi dei skal drive med spøk, latter og moro. Og dette var vel ikkje spesielt morosamt heller. Eg tykkjer at den einaste verknaden er at det kan feste seg eit inntrykk av at Astrup og partiet hans er lite seriøse.
  4. Det er vel alminneleg inntekt som blir vist i skattelistene. Dette inkluderer også renter på lån/innskot og utbytte samt frådrag. https://www.skatteetaten.no/satser/alminnelig-inntekt/ Personinntekta (lønns- og/eller næringsinntekt) blir brukt til å berekne trygdeavgift og trinnskatt. Personinntekta er ikkje med i skattelistene, og desse kan dermed gje eit feilaktig inntrykk av kva folk tener.
  5. Det er svært mange land som avstår frå å meine noko, deriblant også land som Armenia, Kazhakhstan og dei andre post-sovjetiske landa i sentral-Asia. Nokre land som f.eks. Azerbaijdsjan, Serbia og Tyrkia ser ut til å "løyse" dette ved å ikkje ein gong møte opp. Er det fordi alle desse landa ikkje torer å utfordre Russland? Det er i det minste gledeleg at Russlandvennlege land som Ungarn, Slovakia og Georgia har stemt for resolusjonen. Det er forresten interessant å merke seg at Kina er blant landa som avstår frå å stemme (i motsetnad til å stemme imot resolusjonen). Heller ikkje Kuwait som i si tid vart invadert av Irak har greidd å gjere seg opp ei meining om resolusjonen... medan Russlandvennlege Sør-Afrika har stemt for. Syria, som fekk hjelp av Ukraina til å frigjere landet har ikkje gidda å møte opp.
  6. Dette håpar eg at dei går vidare med. At Facebook er blitt ein boltreplass for svindlarar er ei av årsakene til at eg ikkje brukar mykje tid der.
  7. https://www.nrk.no/nordland/sprengde-fregatt-midt-i-fiskefelt-_-minister-varslar-full-gjennomgang-1.17676458
  8. Aporopos naturvern, det blir mykje å rydde opp i når krigen er over og Ukraina igjen er fritt.
  9. Er Trump og Maduro på veg vekk frå hjørnet dei har malt seg inn i?
  10. Det var lite blått i den posen, men mykje raudt, grønt og gult. Kanskje kan Krf bli ein del av dei blanda dropsa ein gong i framtida? Det er ikkje så mange år sidan partiet nesten skifta til å bli raudgrønt midt i ein stortingsperiode.
  11. USA bør halde seg langt unna desse pengane.
  12. Så då er det framleis fyrst og fremst nokre få land som bidreg? Norge, Nederland, Canada og Tyskland. Kor tid kjem resten etter?
  13. Dette trur eg ikkje før eg får sjå det. Men eg har bokmerka innlegget ditt. Det blir spennande kvar ein står om eit år.
  14. Har Tsjekkia framleis ei regjering som er Ukrainavennleg?
  15. https://www.nrk.no/norge/partitoppene-samlet-hos-brenna-_-samtalene-om-statsbudsjett-fortsetter-1.17676832 Dei raudgrøne partia er blitt einige om statsbudsjettet. MDG har fått gjennomslag for å setje ned ein kommisjon. SV fekk ikkje viljen sin når det gjaldt å setje oljefondet på spel.
  16. Å støtte Ukraina blir billegare enn å ta imot flyktningestraumen som kjem dersom Russland får valse over Ukraina. I tillegg slepp ein kostnaden med enno meir opprusting når Russland går vidare og angrip neste land i Europa. Ein bør derimot ikkje kaste vekk mykje pengar på Gaza, og iallefall ikkje før krigen er over, ein har fått eit fungerande styre, sikkerheit for befolkninga og HAMAS er rydda av vegen. Krigen på Gaza er ikkje "vår" krig. Ein milliard er vel det ein kan kalle ein symbolsk sum, som Raudt og SV kan vise til slik at dei kan hevde å ha oppnådd noko.
  17. Kortversjonen: Europa prøver å hindre USA i å presse Ukraina til å kapitulere for Russland. Difor er Putin sint på Europa.
  18. Ville det ikkje ideelt sett også vere bra for dei å ha aktivitetar der dei kan "rive seg laus" på noko konstruktivt, og få ut aggresjonen på den måten? Og så kan dei slappe av med rolege aktivitetar etterpå? Under normale omstende ville eksempel på dette kunne vere f.eks. å hogge ved. Men når dei er villige til å bruke ting som våpen mot kvarandre ville det å gje dei ei øks kunne bli farleg...
×
×
  • Opprett ny...