
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 822 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Lønnsforhandlingene - krav om endring av stillingskode
The Avatar svarte på Bobly sitt emne i Jobb og karriere
I kommunal/offentleg samanheng så er det ofte ganske viktig å være fagorganisert ettersom mange kommuner praktiserer eit prinsipp om at uorganiserte ikkje får forhandle og dermed enten ikkje får lønnsjustering eller får berre ei låg symbolsk lønnsjustering som til dømes arbeidsgivars fyrste lønnstilbod. I tillegg kan du som uorganisert tape ut på ein del lokale særavtalar som gir deg ulike tillegg som kjem oppå vanleg lønn for å ta på seg ekstraoppgåver som å jobbe eit ekstra helgeskift eller ta på seg eit ansvar for å administrere eit fagsystem. Hadde kommunane sjølv fått bestemme så hadde dei innført krav om at alle tilsette skal være fagorganiserte i ei og same fagforeining slik at at det berre var ein kontaktperson for dei tilsette å forholde seg til, noko som hadde gitt vesentleg mindre ressursbruk for HR. -
Hva er egentlig privat og offentlig?
The Avatar svarte på DetteErBareMinMening sitt emne i Politikk og samfunn
At firmaet som vinn anbudet på å levere offentlege tenester også får sin betaling frå det offentlege er heilt naturleg. Heile poenget er at i dette tilfellet kommunen rekner på kva det vil koste å lønne og administrere ei eiga renovasjonsteneste, kontra kva det kostar å berre betale nokon andre for å gjere jobben. Tenesta blir i alle tilfelle betalt av det offentlege. Når dette fungerer så er det berre fordelar å hente. Kommunen ender opp med å betale mindre og får levert ei teneste som er like god eller betre enn dei kunne levert sjølv, og denne ordninga gir livsgrunnlag for etablering av private verksemder. I denne artikkelen så var det private selskapet i posisjon til å levere gode og billege tenester fordi dei hadde spesialisert på slike tenester. Det burde være gode moglegheiter for å hente ut stordriftfordelar når ein har ansvaret for å innhenting av husholdningsavfall i 150 norske kommuner, i tillegg til drifta i andre nordiske land. Ei vanleg norsk kommune som skal tilby same tenesta sjølv vil være langt meir sårbar. Berre noko så enkelt som dersom ein av renovasjonsbilane må på verksted. I ei lita kommune som kanskje berre har ei handfull med renovasjonsbilar så vil det gi store driftutfordringar. Eg reknar med at leasingmarkedet for å leige seg ein søppelbil i 14 dagar er relativt mangelfullt. Eit stort selskap som har slike bilar i halve norden kan nok relativt enkelt sideforflytte ressursane sine og sette inn ein bil frå til dømes Sverige som erstatningsbil. Problemet er når det ikkje fungerer, som i dette tilfellet der firmaet som vann anbodet hadde prisa seg for lavt for å vinne anbundet og endte opp med å gå konkurs. Då ender kommunen med å måtte ta på seg jobben sjølv likevel, pengane som er betalt inn til firmaet som fekk anbudet er i dei fleste tilfeller tapt når firmaet går konkurs, utfordringa no er at kommunen ikkje lenger har folk og køyretøy sjølv lenger til å kunne ta på seg jobben sidan jobben vart delegert ut til private nettopp for at kommunen ikkje skulle trenge å ha ein ståande beredskap med søppelbilar. I dette konkrete tilfellet vart løysinga at kommunane gjekk inn og tok over både tilsette og køyretøy, noko som er ganske ressurskrevande når ein skal bygge ein ny organisasjon som fungerer betre enn den organiseringa som førte til konkursen, i tillegg til at alle dei tilsette må formelt tilsettast i kommunen der både lønn og arbeidsforhold må bli tilpassa kommunale tariffavtalar. -
Dette er ei typisk sak for den europeiske menneskrettsdomstolen i Strasbourg, då denne saka kan relaterast direkte opp mot den europeiske menneskerettskonvensjonen som Norge har forplikta seg til å følge. Sidan advokaten seier at dei vurderer nye rettslege steg, og ikkje noko om anke, så kan eg ikkje forstå anna enn at planen er å melde inn saka for EMD. Suel Hussein Kassembo hevdar at det er fare for hans liv om han blir returnert og at det er den som er grunnen til at han ikkje reiste ut til tross for det fyrste avslaget på asyl. Her kan han hevde brot på både artikkel 2 om retten til liv, artikkel 5 om retten til friheit og sikkerheit, og artikkel 6 om retten til rettferdig rettergang. Det er også mulig at artikkel 9 om retten til religionsfriheit kan være aktuell å prøve på eit meir generelt grunnlag etter at Norge i 2023 oppheva restriksjonane som påla politiet og ikkje ta seg inn i kyrkjene med for å hente ut personar i kyrkjeasyl.
- 3 svar
-
- 1
-
-
Kva er det disse 3000 kronene har gått til? Er det ei rein husleige til deg som om ho var leigetakar og så har dykk delt alle forbruksutgifter på to? Eller er det hennar bidrag til husholdninga og har gått til å kjøpe inn mat, betale straumrekning, osv? Grovt sett så er det tre ulike modellar for ein rettferdig kosnadsfordeling. 1. Ho får bu heilt gratis hos deg, dykk delar forbruksutgifter som innkjøp av dagligvare, men that's it. Då har ho ingen buutgifter men ho har heller ingen rettigheiter om forholdet skulle ta slutt. 2. Ho blir rekna som leigetakar, der ho betalar ei fast husleige fastsatt etter markedsverdi for å leige husrom i eit kollektiv med felles kjøkken, bad, stove og i dette tilfellet soverom. Som leigetakar så får ho også leigetakarvern, som at ho kan kreve at du som utleigar står for vedlikehold, utbetrer manglar som skulle oppstå og ikkje minst har rett til å få minst ein måneds oppseiingstid. Det at ho får rett til oppseiingstid medfører at du som utleiger må betale erstatning dersom du skulle kaste henne ut før oppseiingstida er utløpt. 3. Ho betalar ikkje husleige, men ho betalar seg inn i bustaden eit avdrag om gangen og får då ein gradvis aukande eigarandel. Målet er at ho til slutt har betalt inn så mykje at dykk eig 50/50. Som deleigar så får ho då rett til å få sin del av gevinsten ved eit bustadsalg tilsvarande den eigarandelen ho har opparbeida seg. Kva som er mest rettferdig eller enklast for dykk å gjere no blir noko dykk må vurdere. Det som er viktigast å få ein felles forståing for er kva disse 3000 kronene er betaling for og kva er det ikkje betaling for. Det er her det ofte blir mest ueinigheit, der den eine parten har tenkt på dette som husleige og den andre parten har tenkt det som innbetaling. Eit råd her er å tenke gjennom kva som er yting og motyting, det er viktig at du ikkje anser dette som "gratis" pengar som ho ikkje får noko igjen for. Som nemt så er det slik at dersom ho har betalt husleige så bør ho også ha rettigheitene til ein leigetakar, sjølv om det er eit litt utradisjonelt leigeforhold når dykk også er sambuarar. Ulike par kjem opp med ulike løysingar for dette, blant anna ved å adoptere eit prinsipp om at ein betalar etter evne slik at den som har 400k i året betalar for 1/3 av forbruksvarer som straum, internett og mat medan den andre betalar 2/3 sidan vedkommande tener 800k. Om det er rettferdig at den som tener mest også skal betale mest blir noko dykk må finne ut sjølv. Du skriv at du kjem til å betale ein større del av utgiftene når du ender opp med å kjene godt for å kunne ha ein litt finare livsstil, det er då viktig å finne ut av om disse dyrare ferieturane og resturantbesøka er ein del av basisøkonomien i husholdninga eller om dette er noko du spanderer/gir til henne. Eit siste tips på vegen er at du også bør vurdere kor mykje arbeid du vil legge i dette. At du ikkje er ute etter å telle kronene er nok eit godt utgangspunkt om ho synes det er greit. Husk at det kan være like gale for forholdet at dykk har ein urettferdig husholdningsøkonomi som det er at dykk blir sittande å lage rekneskap over kvar ein minste ting for at alt skal være rettferdig. Som sagt, det finnes ingen fasit.
- 3 svar
-
- 1
-
-
Er ikkje ueinig, men samtidig så har ein ingen plikt til å køyre når køa startar å bevege seg eller når trafikklyset skifter til grønt. Ein kan sjølvsagt bruke aktsomheitsparagrafen som forbyr å unødig hindre trafikken, men skal ein då legge vekt på at alle bilførarar skal reagere med ein gong trafikkbildet endrer seg så burde strengt tatt dei billistane som sitter og dagdrømmer og ikkje får med seg at det vart grønt lys også få bøter og prikkar på same nivå. Grunnen til at HR har slått fast at det er ulovleg å bruke mobiltelefon også i stilleståande kø er at det i forskrifta står: "Fører av en motorvogn må ikke bruke mobiltelefon under kjøring", med den påfølgande forståinga av at "under køyring" er heile den tida der bilen ikkje har parkert, og står ein i ei stillestøande kø så har ein ikkje parkert, heller ikkje om ein har satt bilen i park og dratt til handbrekket. Ein er fortsatt i trafikken. Det er sjølvsagt rom for å diskutere om dette er ein fornuftig forståing av forskrifta, men tolkinga frå HR er ikkje feil. Det som eg synes er mest problematisk er at vi har eit detaljert forbod mot nettopp mobiltelefon, eit forbod som eg meiner burder være unødvendig så lenge vi har vegtrafikklovens § 3: "Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret". Eit spesifikt forbod mot mobiltelefon burde være heilt unødvendig, for det er sjølvsagt minst like farleg å brette Aftenposten ut over rattet under køyring for å lese nyheitene som det er å gløtte ned på ein mobilskjerm. Når vi no fyrst har eit eksplisitt forbod mot å bruke mobiltelefon, så lir det litt under at forskrifta er frå 1999 og er ikkje akkurat tilpassa dagens mobilteknologi lenger. Forskrifta er kort og presis: Her er det fleire ting som eg synes er uheldige. Definisjonen av mobiltelefon opner for å hevde at nettbrett utan simkort er noko anna enn ein mobiltelefon sidan ein då ikkje har radiokommunikasjon over offentleg nett. Tanken med å definere det slik har nok vært å lage unntak slik at politiets radiosamband ikkje skal definerast som mobiltelefon ettersom radioane til politiet går over eit eige kryptert samband. Her er det nok rom for å kverrulere på kva som er eit offentleg nett. Vil til dømes det å skaffe seg internettilgang via eit mobilt breiband via VPN og eksternt skrivebord på heime-PCen være å ansjå som eit offentleg nett? Neste punkt om at "bruk av mobiltelefon" skal definerast som einkvar betening av telefonens funksjonar, medfører at det også er ulovleg å bruke taleassistent då det utvilsomt også er å betene telefonens funksjonar. I dag er det ikkje nødvendig å trykke på ein knapp eller skjerm for å bruke mobiltelefonen. I § 2 er det laga eit unntak for at det likevel er lov å trykke på telefonen for å starte opp, gjennomføre og avslutte samtalar når telefonen er "håndfri" eller plassert i ein holdar. Det som forskrifta manglar heilt, og som eg synes burde være den viktigaste regelen er i kva grad det skal være lov å sjå på mobilskjermen. Når forskriftskravet er at ein mobilholdar skal være montert i synsfeltet til føraren, så er det lagt opp til at det er lov å sjå men ikkje røre. Om eg skal være veldig kverrulerande så kan eg ikkje sjå at det skulle være ulovleg å sjå på video på mobiltelefonen under køyring. Forutsetninga er berre at føraren ikkje kan bli så distrahert av videoen at ein er så uoppmerksom at oppførselen er forbode etter dei vanlege trafikkreglane. Det andre kravet er at avspelinga av videoen må være starta før køyringa sidan du ikkje har lov til å bruke mobiltelefonens funksjonar under køyring. Om du i tillegg har lasta ned videoen på førehand og har telefonen i flymodus slik at den ikkje kommuniserer på offentleg nett, så er det mobiltelefonen din i denne samanehengen heller ikkje å definere som ein mobiltelefon. I tillegg så manglar lova heilt omsynet til bilar med touchskjerm som er orginalinnredning. Og sjølv om ein kan påstå at bilprodusenten har tatt på seg ansvaret for å sørge for at brukergrensesnittet på bilskjermen er optimalisert for å unngå farlege situasjonar, så er det likevel slik at du i mange tilfeller kan speile heile mobiltelefonen din til bilskjermen. Og er det då å forstå at så lenge du skriv SMS eller gjer andre mobilting via bilens orginalskjerm så er det heilt innafor? Vi treng reglar som sikrar best mogleg trafikksikkerheit, men vi treng regelverk som er teknologiuavhengig, og som også er tilpassa den teknologien som kjem i morgon. Forbodet mot bruk av mobiltelefon burde være eit forbod mot å alt som er trafikkfarleg med mobiltelefonen, og ikkje berre det å bruke mobiltelefonen til å kommunisere over offentleg telenett.
- 17 svar
-
- 1
-
-
Så lenge det ikkje er krav til at du skal være eigar av tingen du forsikrer så kan du nok tegne forsikring. Du må likevel ha ein eller anna form for råderett over tingen for at forsikringa skal ha ein verdi. Skal du forsikre båten til foreldra dine så må du nok argumentere at dette er ein båt du får låne når du treng den, og at tap av denne båten vil gi deg eit øknomisk tap ved at du må kjøpe din eigen båt. Du må nok derfor kunne vise til at dersom det du har forsikra blir stjålet/skada/øydelagt så lir du eit økonomisk tap som forsikringa kan dekke. Om du forsikrer naboens bil så har ikkje du eit økonomisk tap å kreve dekka, din erstatningsutbetaling må då nødvendigvis blir 0 kr, noko som igjen betyr at heile forsikringa er meiningslaus. Tilsvarande ordning er ofte vanleg på til dømes innboforsikring. Dersom du har lånt TV frå naboen og huset ditt brenner ned så vil denne TVen vanlegvis være dekt på din innboforsikring fordi du har avtalt råderett over TVen sjølv om du ikkje er eigaren. Men om naboen har glemt igjen mobiltelefonen sin hos deg kvelden før huset ditt brenner ned så er det ikkje gitt at naboens telefon er dekt på din forsikring. For då er ikkje dette ein gjenstand som du hadde råderett over og som då var ein del av din husstand. Alt det sagt, i denne konkrete saka så ville eg fokusert meir på kva vilkår forsikringsselskapet setter for å gi deg rabatt. Ein ting er kva som det er teoretisk mogleg å tegne forsikring på, det største spørsmålet er om forsikringsselskapet vil anerkjenne dette som ein forsikringsavtale som kvalifiserer til rabatt. Om forsikringsselkapet gir 10% rabatt på alle forsikringar uansett, så er tre kjappe forsikringar å teikne: livsforsikring, uføreforsikring og sjukdomsforsikring som er tre ulike forsikringar i dei fleste selskap. Det er også andre forsikringar som du enkelt kan tegne for å utfylle eksisterande forsikringar. Mange forsikringsselskap tilbyr til dømes skadedyrforsikring som tilleggsforsikring til husforsikringa, slike forsikringar kostar vanlegvis veldig lite. Du kan også tegne eigne forsikringar på spesielt kostbare eigedelar, som sykkel, PC, bunad, kunst, osv. Å skaffe seg fire ulike forsikringar er ikkje vanskeleg i det heile tatt, men det kan fort være vanskeleg å inngå fire forsikringar som forsikringsselskapet er villig til å gi deg rabatt på.
-
Er heilt einig med deg at det å bygge ut jernbanelinjer kan være dyrt, særleg i krevande terreng og når ein skal bygge med enkle kvalitetar som dobbeltspor. Det er også masse prinsipielle spørsmål på korleis ein skal vektlegge miljøaspektet ved naturinngrepet og det arealet som jernbana krever, sett opp mot miljøgevinsten av å ha jernbane. Eg er heilt uneinig i påstanden om at jernbane krever spisskompetanse som Norge ikkje kan klare å skaffe. Det er ikkje spesielt mykje meir teknisk krevande å bygge jernbane enn det er å bygge ein bilveg, kan du bygge autovern så kan du også bygge jernbanespor. Ei jernbanelinje blir heller ikkje bygd med særleg til tekniske installasjonar mellom stasjonane, så der ein bilveg ofte blir utstyrt med lyktestolpar så slepp ein det ved å bygge jernbane. I den krad det er krevande å oppretthalde eit fagmiljø på jernbane i Norge så er det fordi vi har forholdsvis lite jernbane å ha eit fagmiljø på. Bygger vi meir jernbane så har vi også grunnlag til å skaffe større fagmiljø. Vedlikeholdet av ei jernbane er også svært lite krevande, til samanlikning er det mykje meir komplisert å skulle drive å asfaltere bilvegar. Eit jernbanespor er til samanlikning å rekne som permanent infrastruktur. Det er sjølvsagt dyrt å bygge jernbane i Norge, men det er heller ikkje billig å bygge bilveg. Den store fordelen til jernbane er at når vi fyrst har bygd jernbanen så er den ganske billig å vedlikeholde samanlikna med ein bilveg. Om ein berre tenker økonomi så er eg einig i å at det ikkje bør byggast ut eit jernbanenett i tillegg til vegnettet, det er tross alt billegare å berre ha eit vegnett. Det sagt så er det også mykje billegare å redusere kvaliteten på dagens vegsystem. Ein kunne spart mykje vegvedlikehald om alle fartsgrensene vart halvvert, det hadde gitt meir skånsom bruk av vegane og hadde redusert vedlikeholdet. Det hadde også vært mykje billegare å bygge "motorveg" med tillatt topphastigheit på 55 km/t sidan vegen då kunne blitt bygd mykje smalare og dermed også blitt mindre arealkrevande. Det er likevel også eit moment at mykje av vegslitasjen skuldast dei tyngre køyretøya, så hadde vi hatt eit jernbanenett som kunne tatt seg av mesteparen av transportbehovet slik at vi kunne hatt færre lastebilar og vogntog så ville det også vært positivt for økonomien. For ikkje å snakke om ulykkesstatistikken. I dag er det omtrent halvparten av alle dødsulykkene som innvolverer tunge køyretøy. Vegane hadde vært mykje tryggare for alle om det tyngste køyretøyet du kunne risikere å få i fronten hadde vært ein personbil med ca same vekt som din eigen bil.
- 14 svar
-
- 2
-
-
Lønnsforhandlingene - krav om endring av stillingskode
The Avatar svarte på Bobly sitt emne i Jobb og karriere
Det kan nok variere litt, men i fyrste omgang så ville eg kontakta fagforeininga på eit høgare nivå enn din tillitsvalgte. Om det stemmer at den tillitsvalgte har motarbeida eit medlem for å potensielt sjølv kunne kome i betre posisjon så vil nok det bryte ulike etiske retningslinjer, og kan vel gi grunnlag for at den tillitsvalgte blir fråtatt sin rolle eller endog kasta ut av fagforeininga. Det er i alle tilfeller feil. Det kan godt hende at firmaet ikkje vil betale meir enn den avtalte minstelønna, men tariffavtalen fastsetter berre garantilønn etter ulike kriterier. Firmaet kan sjølvsagt tilby høgare lønn om dei vil. Som firma så skal du ha veldig god tilgang på kompetent og stabil arbeidskraft om du skal klare å fylle stillingane ved å betale minstesatsen. Om bedrifta har eit tak som ligg 350k under det andre bedrifter tilbyr så har det ingenting med tariffavtalen å gjere, og alt med at ein har ein arbeidsgivarpolitikk på at ingen skal få betre vilkår enn det som er minstekravet. I slike bedrifter er eg 100% sikker på at du som tilsett må sjølv betale for kaffen sidan det ikkje står i tariffavtalen at arbeidsgivar skal spandere kaffe.- 43 svar
-
- 1
-
-
Ei anna mulig løysing, men som vil koste langt meir er å gjere om kjøkkenet til soverom ved å rive ut kjøkkeninnreiinga. Nytt kjøkken kan då etablerast som ein kjøkkenvegg på andre sida av veggen i stovedelen. Då får sjølvsagt stova mindre brukbart areal men du vil få ei relativt vanleg planløysing med open kjøkkenløysing. Om den nye stova/kjøkkenet blir for lite så kan du gjere kjøkkenet som no blir soverom litt mindre ved å flytte veggen oppover, og tilsvarande så kan du stjele litt areal frå det eine soverommet ved å flytte veggen frå stova inn i soverommet. Det gamle kjøkkenet vil då fungere som eit soverom då dette alt er eit rom som har vindu og er godkjent for varig opphold. Du har ikkje lagt med noko skisse over den øvste etasjen, men om det der alt er eit bad og ei (loft-) stove i tillegg til ditt soverom, så mistenker eg at den mest realistiske løysinga er å bygge om slik at den øvste etasjen berre består av to soverom og det andre badet om du klarer å etablere eit nytt soverom utan å rive badet. Kva er forresten trapperommet som er innteikna over walk-in-closet? Er det ei kjempebratt loftstrapp opp til ditt soverom? Er loftet godkjent for varig opphold?
-
Lønnsforhandlingene - krav om endring av stillingskode
The Avatar svarte på Bobly sitt emne i Jobb og karriere
Det er uvanleg at fagforeininga ikkje stiller seg bak eit lønnskrav, tenker dette er eit tydeleg signal på at du bør melde deg inn i eit anna forbund. Om eg skal gjette på grunnen til at fagforeinga satte seg på bakbeina så må det være fordi din framgang på ein eller anna måte vil ramme dei andre negativt. Til dømes at det er ein tanke om at lønnsaukinga som ville gått til deg ved endra stillingskode heller skulle vært fordelt i form av nokre få kroner ekstra til alle i gruppa. -
Teknologien med KI oversetting er på ingen måte moden nok til å erstatte tekstere. Det er eit fint verktøy å ha i verktøykassa dersom ein treng simultanteksting utan å ha nokon som kan tekste for handa, men resultatet og kvaliteten blir også deretter. Eg har også merka meg at KI oversetting er overraskande treigt, faktisk så treigt at gode tekstarar som tekstar direktesendt TV ofte klarer å henge med der KI ikkje klarer det. Når KI oversettinga både kjem nokre sekund for seint, og inneheld feil som endrar betydninga av det som vart sagt. Ja då kan ein ikkje baserer seg KI teksting. Mennesklege tekstarar gjer også feil på direktesendingar, men feilen er då feiltrykk på tastaturet som gjer det lett å forstå meininga likevel sjølv om ikkje alle bokstavane står på rette plassen i ordet. Den mennesklege tekstaren vil svært sjeldan gjere feil som endrar betydninga av det som er teksta. Nokre unntak finnes det blant anna, som i den Friends episoda der det var snakk om "make up sex" i betydninga av å ha sex etter ein krangel som då fekk den legendariske oversettinga "sminke sex", antagelegvis på grunn av at språkforståinga hos tekstaren ikkje var heilt på høgde med språkkunnskapen.
-
Kravet er likt for alle næringsbygg, uavhengig av kven som er eigar. Kravet til nødlysanlegg kom i 2014 og gjaldt då alle byggverk med tilsette, utan at eg kjenner historikken så meiner eg på at grunngjevinga den gongen var at det måtte være nødlys for at dei tilsette ikkje skulle skade seg på farlege maskiner ved straumutfall i industribygg. Kravet har uansett ikkje tilbakevirkande kraft, og gjeld då berre nybygg eller i bygg som har blitt rehabilitert eller bruksendra slik at kravet om å oppdatere til dagens regelverk slår inn. I byggeforskrifta frå 1985 så kom det krav til at sjukehus skulle ha markeringslys over rømingsvegane, men kravet til nødlys kom fyrst mange år seinare.
-
Eg kan ikkje sjå at styret har sakleg grunn for å nekte å godkjenne ein ny andelseigar i eit slikt tilfelle. Sjølv om at den nye andelseigaren er uvenn med ein av bebuarane så treng ikkje det å medføre at det å godkjenne andelseigaren vil føre til brot på husreglane. At voksne folk kjem til å kikke stygt på kvarandre når dei passerer kvarandre i gangane er nok ikkje sakleg nok. Det må likevel være ei konkret vurdering som ligg bak. Dersom ein har fått informasjon om at den nye andelseigaren har kjøpt nettopp denne andelen med det formålet å skulle dagleg trakassere eksen så blir det noko heilt anna. Det blir også ein del av vurderinga å vurdere kor tett denne andelseigaren kjem på eksen sin, sjølv om det er i same burettslag så er det stor forskjell på om ein bur vegg i vegg og deler balkong, kontra om ein har kjøpt leilegheit i den andre oppgangen. Dersom styret likevel kjem til at det her er stor fare for at dette uvennskapet vil føre til dårleg bumiljø i burettslaget så er det eit prinsipp at ein held med den som har budd der lengst. I eit slikt tilfelle er det betre å avvise den nye andelseigaren enn det er å at den eksisterande bebuaren må flytte. Terskelen for å ikkje godkjenne ein andelseigar er høg, styret i burettslaget har også avgrensa med tilgang til å innhente informasjon om bebuaren, ofte er behandlingsgrunnlaget berre eigarskiftemeldinga der det står navn, fødselsdato og tidlegare adresse. Dei aller fleste styrer vil nok behandle ein slik søknad på vanleg måte og overlate det til bebuarane å finne ein måte å bu i same blokk utan at det sjenerer dei andre bebuarane. Eg har sjølv berre vært med på å avslå ein slik søknad ein gong. Den saka handla om ein kjøpar som ikkje hadde til intensjon å bruke andelen som eigen bustad, formålet var utelukkande å kjøpe for å leige ut til nokon som kunne pusse opp og gjere leilegheita klar for å selge på nytt. Dette blei då avslått fordi det bryt med formålet til burettslaget.
- 16 svar
-
- 1
-
-
Det mangler nok mange stadar, men samtidig så ville det vært unødvendig firkanta om det var eit fast krav til naudstraumsaggregat. Til dømes ein brannstasjon er relativt lite avhengig av batteribackup eller aggregat. 110-sentralen må ha dette for å kunne holde telefonar og datamaskiner i drift. Ein rein brannstasjon vil fungere nesten like effektiv sjølv om det er heilt straumlaust. Så lenge radiokommunikasjonen er i drift, og det er mogleg å opne garasjeporten manuelt slik at brannbilen kjem seg ut så speler det liten rolle om straumen har gått. Det er sjølvsagt upraktisk om det er bekmørkt innendørs og at ein ikkje får trakta kaffe, men det er i liten grad kritisk. I grisgrendte strøk er brannstasjonen i mange tilfeller berre ei heilt vanleg garasje, der det einaste straumforbruket er ein taklampe, og moglegens at brannbilen er tilkopla ein batteriladar. Det same gjeld ambulansestasjonar og politistasjonar. Så lenge bilen kjem seg ut av garasjen så er etaten i stand til å gjere jobben sin. Sjølve politihuset har liten beredskapsmessig betydning, sjølv om det sikkert er noko upraktisk å skulle ha folk innelåst i cellene om det er straumlaust over lengre tid. På sjukehus så er det eit heilt anna behov ettersom det i praksis ikkje er mogleg å gi god pasientbehandling om straumen har gått, då alt frå pasientovervåking til journalsystem vil være utilgjengeleg. Dersom det skal være krav til at slike bygg skal ha naudstraum så må regelverket være svært detaljert slik at vi unngår krav om at sjølv små ambulansestasjonar må være utstyrt med kostbare tekniske installasjonar som i praksis berre tillater ambulansepersonalet å fortsette å sjå på TV medan dei venter på neste alarm.
-
Det er ikkje planlegginga som er dårleg, problemet er at dette er ein ønska politisk utvikling fordi det er både dyrt og upopulært å forhindre slike brannar. Planen har heile tida vært å vanstyre på billegaste måte ved å ikkje bevilge pengar til å ha eit brannvesen som kan handtere slike brannar, og ved å tillate bustadfelt som er heilt opptil utmarka og der ein attpåtil har plassert husa nesten heilt inntil kvarandre slik at når det fyrst oppstår ein brann så får den spreie.
-
Største ulempen med dødsstraff slik som eg ser det er at det også straffer venner og familie som har nære relasjonar til den dømte. Er drapsmannen dømt til livsvarig fengsel så kan ein fortsatt besøke den dømte, er den dømte henretta så medfører det også eit tap for dei etterlatte. Litt avhengig av kva tankar ein har om døden så kan ein nesten argumentere at dødsstraff er ei straff som rammer dei pårørande meir enn den dømte sjølv. Eg meiner også moglegheita til å få mildare straff er eit viktig "forhandlingskort" ovanfor kriminelle. Typisk i drapssaker der offeret aldri har blitt funnet så er det i dag mogleg å oppnå ei lågare straff om ein forteller alt, sjølv om det medfører at ein også må tilstå dei faktiske forhold slik at det er lettare å bli dømt. Sjølv om det er dei færraste kriminelle som er veldig analytiske av seg så vil eg ikkje ha eit samfunn der kriminelle tenker som så at har ein fyrst sagt A så kan ein like gjerne seie B. Litt avhengig av kvar ein sett grensa for dødsdom så kan ein få situasjonar der ein som fyrst har gjort noko som ein risikerer dødsstraff for liksågodt kan følgje opp med anna kriminalitet ettersom straffa uansett ikkje bli strengare. Typisk at ein etter å ha drept nokon også drep vitnet sidan ein får dødsstraff uansett om ein har drept 1 eller 2 personar, og ved å kvitte seg med vitnet så er det også meir sannsynleg at ein klarer å unndra seg straff. I dag er dette "forhandlingskortet" at den aller strengaste straffa ein kan få er 21/30 år i fengsel, men til tross for dette så kan ein også bli låst inne til evig tid på ein forvaringsdom. Befinner du deg i ein situasjon der du akkurat har drept nokon så veit du omtrent kva straff du kan vente deg, men du veit også at dersom du no begår anna grov kriminalitet så risikerer du forvaringsdom. Det som er så "genialt" med ein forvaringsdom er at det kan være ekte livsvarig fengsel, men med håpet om at ein alltid har moglegheita til å be om å få slepp fri tidlegare om ein oppfyller dei vilkåra. Det norske strafferegimet gjer at det er sjeldan at kriminelle blir pressa opp i eit hjørne der den einaste vegen ut som dei kan sjå er begå meir kriminalitet, som til dømes å drepe vitnene. Det er langt meir hensiktsmessig å snakke korleis dagens strafferegime eventuelt skal endrast. Både spørsmålet om at høgste strafferamme skal være berre 21 år og spørsmålet om ordninga med forvaring eigentleg fungerer. Eit anna stort spørsmål som også burde vært diskutert er under kva slags soningsforhold dei straffedømte skal sone under. I Norge har vi den innstillinga at straffa er å ikkje få styre tida si sjølv, og at ein ikkje skal utsettast for meir ubekvemme soningsforhold enn det som er nødvendig av sikkerheitsmessige årsaker. Vi straffer ikkje lenger fangane med å lenke dei fast til kjellarveggen og gi dei brød og vann til dei enten har sona ferdig eller har dødd på grunn av kulde og dårleg kosthold.
- 182 svar
-
- 1
-
-
Å seie at det er opp til byggherren blir ikkje heilt riktig. Kvar verksemd vil ha ulike krav til lokala for at dei skal kunne drive på ein hensiktsmessig måte, enten det er ein brannstasjon eller eit bakeri. Det står ingenting i teknisk forskrift om at eit bakeri må ha nok straum til å drifte store bakarovnar, at sjukehuset må straumbackup, eller at politistasjonen må ha stabile telefonlinjer, men det blir ei forutsetning for forsvarleg drift. Ansvaret vil ligge på den som drifter verksemda å syte for at dei har lokaler som er tilpassa drifta. Du kan nok fint bygge sjukehus utan naudstraum, men om det då oppstår straumbrot så må sjukehuset ha ein plan for å korleis den situasjonen skal løysast. Det kan være å starte naudstraumsaggregatet for å fortsette å drifte nesten som normalt, men det kan også være å evakuere pasientane til andre sjukehus i nærheita. Det nærmaste du finner lovkrav er nok i internkontrollforskrifta (som gjeld for alle verksemder), der det mellom anna er plikt til å risikokartlegge og lage planar om kva ein skal gjere dersom det oppstår unønska hendingar. Denne jobben er mykje enklare om bygget er utstyrt med forskjellige kvalitetar, alt frå om bygget har naudstraum, er bygd langt vekke frå flomområder, eller tilsvarande ting som gjer det mindre sannsynleg at drifta må stoppast.
- 54 svar
-
- 1
-
-
Kva som er enkelt blir veldig individuelt. Dei faga som er enklast er nok dei faga der du frå før har uformell kompetanse, må du lese deg opp frå grunnen av så skal det være omtrent lik arbeidsmengde i alle fag som gir 10 stp. For mange så er ulike formar for samfunnsfag enkle fag, nettopp fordi dei fleste har litt passiv forkunnskap gjennom å ha orientert seg om korleis samfunnet fungerer. Den største utfordringa er å finne eit emne som gir minst 10 stp og som fortsatt er opne for å melde seg opp til eksamen no til våren. Når det i tillegg skal være nettbasert så reduserer det også utvalget ditt. Har du moglegheit til å ta samlingsbaserte studier så har du litt meir å velge mellom.
- 10 svar
-
- 1
-
-
- nettstudie
- studiepoeng
-
(og 1 andre)
Merket med:
-
Om du skal avgrense deg til dei to eksisterande soveromma så har du berre to løysingar. Den fyrste og enklaste er å ta ned skilleveggen for å lage eit stort felles soverom. Du kan etablere sovealkover slik at kvar seng blir skjerma bak ein vegg men du kan ikkje sette inn dør, du kan likevel henge opp forheng. Då vil rommet likevel oppfylle kravet til dagslys i rom for varig opphald sjølv om det ikkje er vindu inne på sovealkovene. Den andre løysinga innebærer å sette inn eit nytt vindu og/eller bytte ut dei eksisterande vindua. Det blir veldig trangt å få til tre soverom som alle har eigne vindu mot syd så det tviler eg på er realistisk sjølv med kreativ planløysing. Då må du sette inn det tredje vinduet på vestveggen, men det blir trangt om du ikkje skal bruke av garderoben. Det nærmaste eg kjem til er noko slikt. Men det er ei håplaus planløysing, det krever søknad om å sette inn eit nytt vindu mot vest, og soveromma blir knapt større enn dagens walk-in-closet. Andre openbare ulemper er at eg har vanskeleg for å tru at ei slik planløysing er gunstig ved eit framtidig salg ettersom du no har tre ubrukelege soverom i staden for to funksjonelle soverom, så du må nok belage deg på å bygge om igjen før eit framtidig salg. Merk også at eg har fjerna dei to garderobeskapa som for å prøve å frigjere litt ekstra golvplass.
-
Strengt tatt finnes det ikkje slike krav til byggverk som huser slike funksjonar. Det blir derfor opp til kvar enkelt verksemd å finne tilfredsstillande løysingar. Ofte et nok planen at legevakta i nabokommunen dekker behovet ved straumstans, eller at ein har analoge system i backup.
- 54 svar
-
- 2
-
-
Ja du må sjølvsagt endre planløysing, men det er mykje enklare når du har tre vindu å planlegge utifrå. Den openbare løysinga er å trekke garderobeskapet inn i soverommet under, og la det soverommet bli L-forma.
- 13 svar
-
- 1
-
-
Korleis er muligheita for å sette inn vindu i walk in closet? Det er søknadspliktig fasadeendring, men det er stort sett ikkje spesielt problematisk. Problemet er dersom du har ein nabo nærmare enn 8 meter på venstre sida.
-
Det er i alle fall ein kompetanse som er etterspurt. Korleis markedet er for å leige inn elektroingeniørar for maks eit år om gongen kjenner eg ikkje til. Spørsmålet er vel meir kor attraktiv du er å leige inn når du berre vil jobbe anna kvart år. Eg tenker umiddelbart at slik kortvarig jobbing vil være enklare å kombinere med eit yrke som ikkje er fullt like avhengig av å være fagleg oppdatert.
-
Offshore turnus er populært blant unge dom ikkje har noko imot å jobbe mykje og intensivt. Husk at grunnen til at ordningane med lange friperioder er for å kompansere for den ulempen det er å jobbe omtrent konstant når du fyrst er ute. Det er langt frå alle som synes det er så attraktiv etter nokre år. Som ein mann med store ungar som likefullt velger slik turnus så representerer du stabil arbeidskraft med mykje erfaring. Det vil i seg sjølv være nok til å utkonkurrere ungdommen.
-
Synes du har gjort det vanskeleg for deg sjølv ved å nekte å behandle eventuelle søknadar, det er jo nærmast å be om å bli anklaga for diskriminering etter AML. Då er det du som arbeidsgivar som må sannsynleggjere ovanfor arbeidstilsynet at det ikkje har foregått diskriminering. Dette kunne du styrt mykje betre med å sette krav i utlysingsteksta som dine eksisterande tilsette ikkje oppfyller. Det stemmer at AML § 14-1 berre krev at du informerer, men du har heilt sikkert andre reguleringar som du du også må følge, og ikkje berre arbeidsmiljølova.
- 12 svar
-
- 1
-