Gå til innhold

Kontantløst samfunn?


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse
Dubious skrev (På 17.5.2022 den 10.38):

Hvorfor fungerer Vipps til private, men ikke til Rema?

Rema tar Vipps...  (her ihvertfall)

Fordi Vipps i terminal regnes som en korttransaksjon (BankAxept) og går via NETS. Vipps privat fungerer som en enkel bankoverføring og går derfor ikke via NETS.

Lenke til kommentar
  • 2 uker senere...
sedsberg skrev (På 28.5.2022 den 14.53):

Eg kan absolutt sjå at det kan være interessant å samle inn slik detaljert statistikk.
Spørsmålet som også blir reist i artikkelen er om det er forholdsmessig å samle inn så mykje detaljert informasjon er absolutt relevant. Ein ting er det som går på personvern og sikker lagring av opplysningane, men det er også eit spørsmål om kva opplysningane kan brukast til. At det er av akademisk interesse å sjå på ting som kosthold, bruk av billigmerker, og handelsmønster blant ulike sosiale grupperingar er ein ting, men denne statistikken er nok også av vesentleg interesse for daglegvarebutikkane som kan pushe meir usunn mat og auke innteninga si dersom dei tilrettelegg butikkane mot dei sosiale gruppene som brukar mest pengar på dårleg mat.

Andre forhold som ein må vurdere er at sjølv om det nok ikkje er spesielt nyttig å vite at Kari alltid kjøper tomat når ho er på butikken og Finn alltid handlar 5 min før stengetid, så vil "big data" om vårt handlemønster kunne misbrukast f.eks. av utanlandske statar som kan sjå nøyaktig når betalingssystemet bør hackast for å maksimere skadepotensialet.

Eg er nok også litt skeptisk til personvernet, særleg om slike detaljerte data blir lagra over lang tid. Daglegvarebutikkane selg ikkje berre mat, det er også mange produkt som er særdeles avslørande for personlege forhold. Til dømes kjøp av kondomar og tampong/bind. Det er ein ting at dette kan være ting som ein ikkje ønsker skal loggførast, men verre er det at ein kan gå tilbake i statistikken og finne ut nøyaktig når Kari slutta å kjøpe tampongar i tre månadar slik at ein dermed også finn ut at ho hadde ein spontanabort, eller når Finn starta å kjøpe kondomar 10 år ut i ekteskapet der kona brukte anna prevensjon slik at ein då kan bruke statistikken og finne ut både når Finn starta å være utro og når det blei slutt med elskerinna.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...