Gå til innhold

PL: 31.12.2011 Manchester United v Blackburn Rovers


archanios

Anbefalte innlegg

Manchester United v Blackburn Rovers

 

31.12.2011, 13.45, Old Trafford, Manchester.

TV2 PL1

 

Sir-Alex-Ferguson-8.gif

 

Blackburn Rovers kjem til Old Trafford for laga sin siste kamp i 2011. Kampen fungerer også som bursdagsfeiring for Sir Alex Ferguson som blir 70år same dag og som har leia United i meir enn 25 år. Sir Alex vil neppe vere nøgd med noko anna enn ein siger, ettersom det vil føre til at United er ligaleiar ved inngangen til 2012. (Om enn med ein kamp meir spelt enn City)

 

Både United og Rovers sliter med mykje skader før denne kampen, men begge har også forhåpningar om å få tilbake nokre spelarar til møtet på Old Trafford. United har pr dags dato 12 spelarar ute, noko som er tre meir enn Arsenal og Blackburn, som er dei neste laga på Physioroom si oversikt. For United sin del kan Smalling, Ferdinand og Jones vere tilbake til kampen mot Blackburn, men det får vi neppe svar på før tidlegast på Sir Alex si pressekonferanse fredag. Dunn, Hoilett og Robinson kan vere aktuelle for Blackburn.

 

For statistikkhorene: Om United vinner med to mål eller meir utan å sleppe inn mål, vil United vere laget som har scora mest mål i snitt pr. kamp i 2011, samt vere laget som har sluppe inn minst mål i snitt pr. kamp 2011. Kjelde

 

Forrige møte på Old Trafford mellom desse to laga endte med ein overbevisande 7-1 siger til Manchester United. Då var Dimitar Berbatov i fantastisk form og noterte seg for fem scoringar, eit meir enn han har til no denne sesongen.

 

 

 

United sine fem siste:

Wigan (h) 5-0

Fulham (b) 5-0

QPR (b) 2-0

Wolves (h) 4-1

Villa (b) 1-0

 

Blackburn sine fem siste:

Liverpool (b) 1-1

Bolton (h) 1-2

WBA (h) 1-2

Sunderland (b) 1-2

Swansea (h) 4-2

 

Medan United har vunne alle sine fem siste kampar i PL og samstundes berre sluppe inn eit mål, har Blackburn slete noko meir, med ein siger, eit uavgjort-resultat og tre tap. United er klare favorittar framom denne kampen og ser ut til å ha funne utav det til tross for alvorlege skadeproblem og ein altfor tidleg exit frå Champions League. I Blackburn har det stort sett vore bråk heile sesongen og for mange er det ein voldsom overraskelse at Steve Kean framleis er sjef i klubben. United kan toppe Premier League med siger i denne kampen, medan Blackburn har fem poeng opp til sikker plass og vil vere på sisteplass med tap for United.

 

For min eigen del håpar eg på å få sjå eit United-lag som går ut i same stil som ein har i dei siste kampane. Wigan-kampen fekk ikkje eg sett grunna besøk av Dagmar, men no er heldigvis internettet tilbake og straum-tilførselen forhåpentlegvis nokonlunde stabil. Eg trur neppe at vi scorar 7 mål denne sesongen også, og Rovers har nok fått litt sjølvtillit etter poeng mot Liverpool, men dette skal og bør verte tre poeng for United og ei skikkeleg bursdagsgåve til Sir Alex. Med 3,4 mål i snitt på dei fem siste kampane og mot eit Blackburn-lag som har sluppe inn 2,16 mål i snitt pr kamp så langt denne sesongen har eg gode håp om at vi skal kunne få ei positiv avslutning på året for United sin del.

  • Liker 4
Lenke til kommentar
Videoannonse
Annonse

Det spørs nok ein del på kven som evt kan verte klare i forsvaret. Sist stilte vi vel

 

Lindegaard

Val Evans(ute) Carrick Evra

Park Gibbo Giggs Nani

Berba Hernandez

 

Håper vi kan stille med noko sånt som dette:

De Gea/Lindegaard

Jones Smalling Rio Evra

Val Giggs Carrick Nani

Rooney Welbeck

 

Evt:

Keeper

Val Skadefri Carrick Evra

Nani Giggs Park/Gibson Young

Rooney Welbeck

 

Samstundes ser eg veldig gjerne at Berbatov får ein start til. Som kjent var han strålande sist laga møttest på OT og han har sett temmelig bra ut i det siste til tross begrensa speletid.

Lenke til kommentar

De Gea

Valencia, Carrick, Jones, Evra

Nani, Giggs, Park, Young

Rooney, Welbeck

 

Kan fort bli noko sånt som dette i dag, men håpar strengt tatt på at Dimi får starte i dag. Det kan også hende at Gibson kan bli foretrukke sentralt på bana igjen, for å gjere ein defensiv jobb. Om vi kunne klare å få eit tidleg mål denne kampen også, så er nok kampen stort sett over, men eg håpar verkeleg at det blir satsa skikkeleg frå start og at vi kan pøse på for å ikkje gå på ein smell.

 

Forresten så kan vel Rafael muligens vere klar for spel.

Endret av archanios
Lenke til kommentar

OFFICIAL MUFC TEAM:

 

de Gea

 

Rafael

Carrick

Jones

Evra

 

Valencia

Park

Nani

 

Welbeck

Berbatov

Hernandez

 

subs; Lindegaard, Anderson, Diouf, Pogba, W. Keane, Fryers, Cole

 

Ingen Rooney, ingen Giggs, ingen Gibson. Anderson tilbake på benken to månadar før venta! Førsteellveren bør vinne det, for det er ikkje veldig mykje krutt på benken.

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Hadde vore strålande om vi kunne kjøre på frå start og få nokre mål, sidan vi har tre potensielle ligadebutantar på benken i dag. Cole har vore solid og god lenge for reservelaget, Keane er ein veldig solid avsluttar og Pogba er blant dei to største talenta vi har. Faren i dag er at det blir ein slitekamp der vi får skader på ein eller to spelarar og blir tvungne til å gjere bytter med spelarar i uvante posisjonar.

 

Blackburn: Bunn, Lowe, Samba, Hanley, Pedersen, Henley, Nzonzi, Petrovic, Rochina, Formica, Yakubu. Subs: Kean, Slew, Blackman, Goodwillie, Vukcevic, Morris, Linganzi.

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Problemer? Enten så har han fått seg ein smell, ikkje heilt frisk, eller så blir han kvilt til Newcastle-kampen på onsdag. Offensivt bør vi vere gode nok til å score mål utan han. Eg tvilar også sterkt på at Ferguson legger opp taktikken sin for at du skal vinne på fantasy.

 

ESPN: Rooney rested due to strains here and there.

 

Rafael og Park sentralt. :D

Endret av archanios
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...