-
Innlegg
1 493 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Gazer75
-
Ein mangel der IMO. Rasteplassar burde ha lading. Er mange som er store nok til det. Spesielt om ein brukar type Kempower.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Prisen på balansekraft bør vel gå ned om det er meir effekt tilgjengeleg? Fleire som byr på dette. Driftskostnader i nettet blir jo fordelt på både produsent og forbrukar. Produsentane må jo betale for å mate inn. Når det er meir effekt tilgjengeleg så vil vel også pristoppane gå ned sidan det ikkje er mangel på effekt. Einaste som då vil avgrense er mangel på vatn i magasina til å gi slik effekt. Men om kraftverka ikkje produserer meir totalt sett så går det vel fint. Samtidig så er vel forventningane at vi får eit villare og våtare klima som vi gje meir tilsig i magasina. Det som er utfordringa framover er jo at ein må ha anna kraft enn sol og vind tilgjengeleg i svært lang tid framover. Batteri kan ikkje erstatte lengre periodar utan vind og sol på vinteren. Dette er også ofte då det er kaldast og folk brukar meir straum. Mange land i Europa brukar fortsatt mykje gass og andre petroleumsprodukt for å varme hus, vatn og å lage mat. Så dei vil jo ikkje bli like hardt straffa av høge prisar på straum i kalde periodar slik som vi gjer. https://ec.europa.eu/eurostat/statistics-explained/index.php?title=Energy_consumption_in_households -
Tog mellom dei store byane med dobbelt spor må til for å få ned flytrafikken. Hadde toget mellom Oslo og Bergen kunne køyrd i minst 160 heile vegen på dobbelt spor så kunne ein vel kutta eit par timar i reisetid. Her i vest så er det områder med fartsgrense på 30-50 mange plassar. Det er jo også fullt på dei fleste avgangar og den einaste strekninga som faktisk tener pengar om eg ikkje tek feil. Det ville også gi meir plass til godstog på strekninga.
-
AI er ikkje til å stole på. Den kan bruke utdaterte kjelder. Ei spørring i NVDB visar at det er 724 km med motorveg og 463 km med motortrafikkveg. Då er av- og påkøyringsrampar ikkje rekna med. Dei utgjer 249 og 132 km for dei to.
-
Golf/Passat GTE startar i e-modus som standard ned til -10C. Etter at foreldra mine selde ei "hytte" i fjorden så brukar dei vel knapt ein tank med drivstoff i året. Resten går på rein el. Dei har ein 2015 Golf GTE. Måtte ha noko som kunne trekke 1500kg hengar og der var tynt med elbilar som kunne det den gongen. Kvar gong eg er i bilen så lyser det for lite drivstoff så han køyrer med nær tom tank til vanleg. Hybriden sparar jo også 1000kr i avgift i året som gjev ein om lag ein full tank med bensin.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Må ha rekna feil ja. Var 21,2 øre med mva før og no blir det 5,225 øre så då sparar eg rett under 1600kr i året med 10k forbruk? Så då blir det litt over 4kr dagen. Nettleiga her er faktisk ikkje så ille samanlikna med andre. Ser det er mange selskap med mykje høgare effektpris. 2-5kW er 272kr/mnd og så er det 51,8 og 45,5 dag og natt per kWh. Prisane er inkludert alle avgifter og mva før elavgiftsreduksjonen få oktober. Tippar eg brukar 5-7% av det eg har å rutte med på straum i året. -
Kor mange km som er køyrd bør ha lite med personvern å gjere. Men om det blir registrert kor ein har vore så er det noko heilt anna. Problemet med rein km basert prising er at folk køyrer på svært ulike vegar. Skal ein som kan køyre på fin motorveg kvar dag til jobb betale like mykje som ein som må bruke ein holete grusa fylkesveg til jobb? Ein del plassar er vegen så gjørmete at folk er tving til å køyre høge bilar med firhjulstrekk osv. Var vel så ille på ein veg i nord at sjåføren nekta køyre skulebussen på vegen.
-
Å flytte alle avgifter over på bruk er mykje betre enn at ein skal betale ei avgift uansett om bilen står eller ikkje. Ein betalar no over 1000kr meir per år i trafikkforsikringsavgift på elbil vs fossil. Flytt denne over på per km og tving forsikringsselskapa til å tilby 1000km intervallar og ikkje 2-4k som i dag. Kvifor skal ein som køyrer <8k i året betale like mykje avgift som ein som køyrer 20k? 1000kr er 40-45 liter diesel som ville gitt meg 7-800km på gamle dieselen. Det vil vere vore 10-15% av eit års forbruk på den gamle bilen. Ja eg kunne sikkert avregistrert bilen av og til og så hatt den registrert i 2 veker som er minimum mellom kvar avregistrering. Men systemet er så tullete kompleks når det kjem til forsikring. Kvar gong bilen er avregistrert så har den ingen forsikring, så eventuelle ytre skadar når den står parkert blir ikkje dekka.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Fantastisk!... not... For min del vil det bety under 1,50 kr ekstra å rutte med per dag i snitt. -
Dei kan lett sette avgift per km på forsikringa for elbilar.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Ser den var "feil veg" i dag tidleg kl. 06-08 mellom NO3 og NO5. Kan vere noko ifbm at Ørskog-Viklandet er ute frå kl 8 i dag. Kanskje noko linje greier ifbm stormen som var også. Ser ingen ting openbart på UMM sida til NordPool. Mykje rart etter at dei bytta til såkalla flytbasert kobling. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Vore mange slike prosjekt siste 10-15 åra. Alt for tidleg å seie. Dei har ikkje nytta kapasiteten endå heller. Maks etter at linja var aktiv er 550MW NO3->NO5 som er under kapasiteten før oppgradering. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Det er styrt av kor effektivt dei driftar. Og det betyr ikkje at dei kan spare og ikkje bruke pengar heller. Om dei ikkje leverer så får dei KILE kostnader som et opp ramma. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
https://www.nve.no/reguleringsmyndigheten/regulering/nettvirksomhet/oekonomisk-regulering-av-nettselskap/ -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Veldig få HVDC linkar som er monopol i dag. Dei kan operere som det, men med redusert kapasitet. Og nei ein må ikkje ha to ledere for monopol på land. Dei brukar elektrode linjer og så ei stort område der denne er kopla til bakken. https://en.wikipedia.org/wiki/Electrode_line -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Av 3300MW SE1->SE2 så er 2300MW tilgjengeleg. (70%) Av 7300MW SE2->SE3 så er 5000MW tilgjengeleg. (69%) Av 6200MW SE3->SE4 så er 4100MW tilgjengeleg. (66%) Samtidig er 30-40% av kapasiteten til/frå NO4 ute, og 60% av kapasiteten på NO1<->SE3. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Heile greia med eigne selskap som sel straum kan samanliknast med forsikringsselskap i USA som lønnar sikkert ein million ekstra tilsette for å jobbe med helseforsikringar. Det at nettselskapet er monopolist har har ingen innverknad på spotpisen. Påslaget vi betalar til selskapa i dag er for å lønne ei unødvendig næring som fordyrar alt. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Endre lova slik at eigaren som har selskap i Norge må skatte til Norge. Om dette ikkje vert betalt så blir selskapet skattepliktig direkte. Det vil også få slutt på alle desse som stikk av til Sveits osv. Alternativt at selskapsskatten når eigaren er i utlandet aukast for gjere ting rettferdig for lokale eigarar. Dette systemet kan også vere fleksibelt slika at det er justert etter prosent eigedel som er i utlandet. Eller så må formueskatten bort og selskapsskatten aukast over heile linja slik at det går i null totalt. Om dei ikkje finn dette greit så kan dei berre ryke og reise om du spør meg. Slik det er i dag så har utanlandske eigarar ein stor fordel som gjer ting urettferdig. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Tap pga avstad for HVDC er ekstremt lågt. Men vil jo klart vere ein del over så lange avstandar. Litt research visar ca 3-3,5% per 1000km -
Dårleg erfaring med base modellar. Krev ofte høyrselsvern
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Sorry, men då er systemet for dårleg. 99,9% av vanlege folk vil ikkje bruke tid på slikt tull. Om nettselskapa vil unngå toppar så får dei investere i automasjon for forbrukaren. Dette bør ikkje vere folk flest sitt ansvar sidan det slår svært skeivt ut økonomisk. Dei som har råd til å investerte gjer det for å "spare", men dei som har dårleg råd kan ikkje investere. Denne Enova avgifta er noko skammeleg tull som burde vore avvikla for lenge sidan. Ein ekstra skatt for dei med lite frå før slik at dei med god råd skal få støtte til å investere i sparetiltak. Og så deler dei ut milliardar til diverse prosjekt. Hywind Tampen fekk vel ein god del om eg hugsar rett. For min del ryk alt anna av ekstra ting å bruke pengar på før eg bryr meg med å flytte forbruk. Eg testa dette for eit par år sidan og vart heilt tullete av det. Var rett og slett lei og i dårleg humør av alt jaget for å sjekke pris og finne ut når eg skulle ta dusjen og om eg skulle lage varm mat eller ikkje osv. Investering i smarte løysingar fann eg ut ville teke 30+ år å spare inn og noko ein kan sjå langt etter når ein leiger bustad. Mest sannsynleg er det ikkje spart inn før eg er i grava uansett. For meg er største forbrukt 2kW på varmtvasstank og varmekabel i stova. Om eg flyttar desse så kunne eg kanskje spart 10-20 kr/mnd. Ville sikkert vore meir å spare om vi ikkje hadde noko støtte, men uansett ikkje noko eg kan gjere som leigetakar. Hadde faktisk ein timer på den gamle tanken slik at den ikkje var på dei timane som normalt hadde høg pris, men så vart den bytta og då vart stikken på veggen fjerna. Spurte om smart tank, men den var vist dobbelt så dyr og uaktuelt så klart. Er jo ikkje eigar som betalar for straumen. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Dei kunne heller ha redusert dagens topp til 65 øre før 90% støtte og så sett minste pris til 20 utan mva. Ein minstepris vil også gjere det enklare å investere og vurdere inntening for kraftverka. Men vil då måtte vere eit system på Nord Pool. Dei har jo allereie ein makspris, så burde vore lett å innføre minimum også. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Trafoen i ein vindtubin har ikkje pumpe så langt eg veit. Desse er små 0,69/22(33)kV transformatorar. Mange slike rundt om i mindre kraftstasjonar også. Typisk generatorspenning på mindre vassturbinar på 6-10MW er opp til 6,6kV, 2-6MW ~4,5kV, og så 690V under det. Større modellar har ofte radiatorar som då sirkulerer olja. Og så vifter utanpå for å auke kapasiteten ekstra. Om eg ikkje tek feil så gir vifter rundt 25% ekstra yting frå ein trafo. https://www.maddox.com/resources/articles/transformer-cooling-classes Mest vanlege er så langt eg veit ONAN og ONAF. -
Og rykta seier også at det kun er meir VRAM. Skal klare meg fint med 16GB ei god stund. Har kun 8GB i dag og ingen problem så langt.
-
Har 7800X3D og 32GB RAM så klarar meg fint. Men 3070Ti varer nok ikkje så lenge no. Ventar nok med å oppgradere CPU til Zen 6 eller kanskje Zen 7 om rykta stemmer.
