-
Innlegg
1 479 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av Gazer75
-
Svært få stasjonar i distrikta som har slik pris. Her er off peak prisen 5,10 no på dei fleste rundt meg. Abonnement for meg har aldri vore aktuelt. Såg eg hadde lada 4-5 gonger på SuC sidan vi fekk lading siste dagane i mai. Og heime visar appen under 300kWh brukt så langt.
-
Såg på den tidlegare i år, men når ein legg til varmepumpe og adaptiv cruise så vart den jo nesten 400k om eg hugsar rett. Har ikkje fått testa MGS5, men den virkar vere meir for pengane.
-
Du bur sikkert langs kysten og nær Bergen? Ser at det kan vere lågare pris der enn i distrikta. Medlemskap hadde eg vel ein gong på 90-talet med noko bonuskort, men ikkje etter det. Var vel noko greier der ein sparte opp over eit heilt år og så kunne bruke det på fylling året etter. Kan vere prisen har gått ned sidan eg slutta fylle drivstoff og difor ikkje lagt merke til prisen. Dei gongene eg hugsar så har eg berre vore glad for at eg har elbil. Såg dieselen var godt over 24kr her ein gong. Men så lenge eg hadde diesel fram til mai 2023 så var prisen er normalt 21-23kr siste åra.
-
Om ein brukar dei dyre stasjonane så kanskje. Spørs også kva ein samanliknar med. Blir tullete å samanlikne ein liten 1.4L diesel som brukar lite med ein stor SUV elbil. Typisk det anti elbil brigaden gjer. Såg jo ein på Youtube som samanlikna ein Model Y performance med ein Mazda 2 og meinte det var tull å kjøpe elbil. Om ein brukar 150Wh/km i ein effektiv elbil og ladar for 6kr/kWh så må ein fossil som fyller for 22kr/l ned på 0,41 på mila for å vere lik på drivstoff. Ikkje så vanskeleg å få prisen ned mot 5kr/kWh og då er det snakk om 0,34 på mila. Problemet er vel at dei fleste ladar heime og dermed bryr seg ikkje om dei få gongene dei hurtigladar til 6kr/kWh. Avtalen med Ionity krev faktisk ikkje så mykje lading før ein går i null, ca 56kWh/mnd. Den dyraste rett over 69kWh/mnd. Om ein ladar ofte heile året så har dei jo no eit heilt år til same pris som 10 månader. Så då blir den minste 560kWh for å gå i null på eit år. For Tesla varierer det ein del men typisk rundt 90-100kWh/mnd for å gå i null.
-
Prisen på diesel og bensin har ikkje vore 19kr i snitt på fleire år. Trur ikkje eg har sett drivstoff til under 21kr her vest på lang tid. Min samanlikning var enkel. Gamle Golf'en (diesel) brukte 0,65 på mila i snitt. E-Golf'en brukte i snitt 145Wh/km. Prisen på diesel har vore 21-23kr literen. Hurtiglading kosta meg under 5kr/kWh så lenge eg ikkje hadde lading heime.
-
Har klart meg med Tesla, Eviny og Uno-X. Mindre Uno-X no etter at prisen hoppa til 5,30kr, dei var 4,80kr tidlegare. Fine med Eviny er at som registrert får du 10% rabatt og ein kan bruke ein RFID som ein eventuelt har til boksen heime. Dei krev ikkje eigen RFID slik som Kople, Recharge osv. Eviny var 4,99kr lenge og då blir jo det 4,50kr med rabatten. No med 5,39kr så blir det 4,85kr med rabatt. Så prioriteten var Tesla (utanom peak), Eviny og så Uno-X. For Tesla så varierer det jo litt sidan ein del plassar er dyre. Ladar ikkje på ein Tesla til 5,10kr peak om det er ein Eviny nær eller eg kan fortsette til ein anna Tesla som kostar 4,60kr. Ionity er for langt borte og svært få rundt her. Har ikkje rekkevidd på e-Golf'en til å nytte desse. F.eks. så har Aurland alle 3 men der har Tesla vore rimelegare fram til no off peak, ellers er det Eviny som er lågast pris. Etter at Tesla auka prisen til 5,10kr off peak drop-in på mange stasjonar så vil jo Ionity med app vere 4,96kr og rimelegare. Er ein på ferie og må lade ein del så vil jo ein mnd abonnement hjå Tesla eller Ionity potensielt spare ein god del.
-
Dette er spesielt for USA kor prisen på bensin er svært låg. Hurtiglading der kan faktisk vere dyrare. Her i Norge vil ein fint spare 30-40% i forhold til diesel/bensin om ein hurtiglader på tur. Må berre tenke seg om og bruke dei operatørane som er rimelege. Bruk av fordyrande element som Elton app osv gjev lågare sparing. Har aldri lada hjå Kople, Mer, Circle K og Ragde. Brukar heller ikkje Recharge lenger. Desse er kun eit alternativ i nøden.
-
Han hadde nok noko heilt anna i tankane enn ein CLA. Sikkert fin bil, men dyr å halde sidan det er MB. Minst 300k over mitt budsjett
-
Tullete samanlikning... Får vel bilar i dag nede på 300-350k som klarar 300km. Må vel opp mot 400k for å klare 300km på vinteren.
-
Ikkje om det er lading over alt og folk kan stoppe når dei føler for det. Dette jaget etter høg ladefart er tullete. Mange bilar er jo nede på knapt 100kW ved 50% SoC. Mange bilistar køyrer ikkje til bilen er nede på 10% for å få 300kW i eit par minutt. Lågare effektuttak betyr rimelegare driftskostnad. Viktigare at ladaren faktisk er i bruk.
-
Poenget er jo at det gjer plassering enklare på små rasteplassar. Få plassar som ikkje er i nærleiken av ei 22kV linje/kabel. Ein treng heller ikkje meir enn kanskje 2 stk 150kW med deling på dei mindre plassane. Om folk stoppar når dei føler for det så kan bilen ofte ha høg SoC og då ladar jo mange bilar med knapt 100kW uansett. Tenker at spesielt rasteplassar med toalett bør også ha litt lading om det er fysisk plass til dette.
-
Ein mangel der IMO. Rasteplassar burde ha lading. Er mange som er store nok til det. Spesielt om ein brukar type Kempower.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Prisen på balansekraft bør vel gå ned om det er meir effekt tilgjengeleg? Fleire som byr på dette. Driftskostnader i nettet blir jo fordelt på både produsent og forbrukar. Produsentane må jo betale for å mate inn. Når det er meir effekt tilgjengeleg så vil vel også pristoppane gå ned sidan det ikkje er mangel på effekt. Einaste som då vil avgrense er mangel på vatn i magasina til å gi slik effekt. Men om kraftverka ikkje produserer meir totalt sett så går det vel fint. Samtidig så er vel forventningane at vi får eit villare og våtare klima som vi gje meir tilsig i magasina. Det som er utfordringa framover er jo at ein må ha anna kraft enn sol og vind tilgjengeleg i svært lang tid framover. Batteri kan ikkje erstatte lengre periodar utan vind og sol på vinteren. Dette er også ofte då det er kaldast og folk brukar meir straum. Mange land i Europa brukar fortsatt mykje gass og andre petroleumsprodukt for å varme hus, vatn og å lage mat. Så dei vil jo ikkje bli like hardt straffa av høge prisar på straum i kalde periodar slik som vi gjer. https://ec.europa.eu/eurostat/statistics-explained/index.php?title=Energy_consumption_in_households -
Tog mellom dei store byane med dobbelt spor må til for å få ned flytrafikken. Hadde toget mellom Oslo og Bergen kunne køyrd i minst 160 heile vegen på dobbelt spor så kunne ein vel kutta eit par timar i reisetid. Her i vest så er det områder med fartsgrense på 30-50 mange plassar. Det er jo også fullt på dei fleste avgangar og den einaste strekninga som faktisk tener pengar om eg ikkje tek feil. Det ville også gi meir plass til godstog på strekninga.
-
AI er ikkje til å stole på. Den kan bruke utdaterte kjelder. Ei spørring i NVDB visar at det er 724 km med motorveg og 463 km med motortrafikkveg. Då er av- og påkøyringsrampar ikkje rekna med. Dei utgjer 249 og 132 km for dei to.
-
Golf/Passat GTE startar i e-modus som standard ned til -10C. Etter at foreldra mine selde ei "hytte" i fjorden så brukar dei vel knapt ein tank med drivstoff i året. Resten går på rein el. Dei har ein 2015 Golf GTE. Måtte ha noko som kunne trekke 1500kg hengar og der var tynt med elbilar som kunne det den gongen. Kvar gong eg er i bilen så lyser det for lite drivstoff så han køyrer med nær tom tank til vanleg. Hybriden sparar jo også 1000kr i avgift i året som gjev ein om lag ein full tank med bensin.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Må ha rekna feil ja. Var 21,2 øre med mva før og no blir det 5,225 øre så då sparar eg rett under 1600kr i året med 10k forbruk? Så då blir det litt over 4kr dagen. Nettleiga her er faktisk ikkje så ille samanlikna med andre. Ser det er mange selskap med mykje høgare effektpris. 2-5kW er 272kr/mnd og så er det 51,8 og 45,5 dag og natt per kWh. Prisane er inkludert alle avgifter og mva før elavgiftsreduksjonen få oktober. Tippar eg brukar 5-7% av det eg har å rutte med på straum i året. -
Kor mange km som er køyrd bør ha lite med personvern å gjere. Men om det blir registrert kor ein har vore så er det noko heilt anna. Problemet med rein km basert prising er at folk køyrer på svært ulike vegar. Skal ein som kan køyre på fin motorveg kvar dag til jobb betale like mykje som ein som må bruke ein holete grusa fylkesveg til jobb? Ein del plassar er vegen så gjørmete at folk er tving til å køyre høge bilar med firhjulstrekk osv. Var vel så ille på ein veg i nord at sjåføren nekta køyre skulebussen på vegen.
-
Å flytte alle avgifter over på bruk er mykje betre enn at ein skal betale ei avgift uansett om bilen står eller ikkje. Ein betalar no over 1000kr meir per år i trafikkforsikringsavgift på elbil vs fossil. Flytt denne over på per km og tving forsikringsselskapa til å tilby 1000km intervallar og ikkje 2-4k som i dag. Kvifor skal ein som køyrer <8k i året betale like mykje avgift som ein som køyrer 20k? 1000kr er 40-45 liter diesel som ville gitt meg 7-800km på gamle dieselen. Det vil vere vore 10-15% av eit års forbruk på den gamle bilen. Ja eg kunne sikkert avregistrert bilen av og til og så hatt den registrert i 2 veker som er minimum mellom kvar avregistrering. Men systemet er så tullete kompleks når det kjem til forsikring. Kvar gong bilen er avregistrert så har den ingen forsikring, så eventuelle ytre skadar når den står parkert blir ikkje dekka.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Fantastisk!... not... For min del vil det bety under 1,50 kr ekstra å rutte med per dag i snitt. -
Dei kan lett sette avgift per km på forsikringa for elbilar.
-
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Ser den var "feil veg" i dag tidleg kl. 06-08 mellom NO3 og NO5. Kan vere noko ifbm at Ørskog-Viklandet er ute frå kl 8 i dag. Kanskje noko linje greier ifbm stormen som var også. Ser ingen ting openbart på UMM sida til NordPool. Mykje rart etter at dei bytta til såkalla flytbasert kobling. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Vore mange slike prosjekt siste 10-15 åra. Alt for tidleg å seie. Dei har ikkje nytta kapasiteten endå heller. Maks etter at linja var aktiv er 550MW NO3->NO5 som er under kapasiteten før oppgradering. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
Det er styrt av kor effektivt dei driftar. Og det betyr ikkje at dei kan spare og ikkje bruke pengar heller. Om dei ikkje leverer så får dei KILE kostnader som et opp ramma. -
Nei, kraftkrisen er ikke enkel å løse
Gazer75 svarte på inside_997084 sitt emne i Diskuter artikler (Tu.no)
https://www.nve.no/reguleringsmyndigheten/regulering/nettvirksomhet/oekonomisk-regulering-av-nettselskap/
