Gå til innhold

Zeph

Medlemmer
  • Innlegg

    44 034
  • Ble med

  • Dager vunnet

    1

Alt skrevet av Zeph

  1. Billig billig, men frå Kina-produsent.
  2. Ein elbil har òg forureina fordi den i det heile tatt vart bygd. Ikkje like mykje som det totale utsleppet til ein drivstoffbil om elbilen får leve lenge nok, men utsleppsfri er den ikkje. Elbilane har derimot ingen lokale utslepp, med mindre ein tar med dekk, svevestøv osv. Det er ingen myte av drivstoffbilar forureinar, så TS har nok misforstått eit eller anna. Det finnes heller ikkje teknologi som kan fjerne all forureining frå ein drivstoffbil, i alle fall ikkje på kommersielt nivå. Edit: Gløymde utslepp ifm. produksjon av straum, som sjølvsagt må bli ein del av reknestykket. Normalen er ikkje så rein kraft som i Norge.
  3. Me har TV2, men ikkje så mykje me ser der. Tid for hjem og Truls ala Hellstrøm er dei einaste eg kjem på i farten. Videounderhaldning har endra seg mykje, og om fleire burettslag hadde kutta avtalar om lineær-TV så ville nok mange fleire forsvunnet.
  4. Zeph

    Elbil-tråden

    Det er den prisen som dukkar opp her: https://www.circlek.no/elbillading/hjemmelading/borettslag-sameie/boligportal-borettslag-sameie Om eg skriv inn tilfeldige bokstavar og får opp andre burettslag så er det 17-20k der òg. Var ein nabo som først sa at dei betalte 25k, så han har vel tatt med kabel.
  5. 1. Feilen var ikkje der då du solgte bilen og du kjente ikkje til noko potensiell feil som kunne føre til lekkasje. 2. Han har sjølv skrudd på bilen og mest sannsynleg forårsaka lekkasjen. 3. Bilen har høg alder og då må kjøpar rekne med at det dukker opp feil som ikkje er kjent. Spesielt når den blir skrudd på. Eg kan ikkje sjå at kjøpar har noko sak her.
  6. Det er uansett umogleg å oppgje ei rekkevidde som er universal sidan forbruket varierer med så mange faktorar. Det ryddigaste er å ha frå-til-rekkevidder. Gjerne eigne for vinter, som vel skal på plass for WLTP i alle fall.
  7. Eg har gått frå spot til fast etter å ha hatt spot i alle år. Det er riktig nok ein fastpris, ikkje “fast”-variabel spot. Spot er framleis anbefalt, men i desse tider finnes det sjansar til gode fastprisar om ein vil ta sjansen. Tar var riktig nok avtale frå september og ny i januar, så dei er nok blitt meir forsiktige i dag.
  8. WLTP-testen blir faktisk utført på ruller i eit laboratorie, men dei reknar luftmotstand inn i formelen som til slutt gjev resultatet. Testen blir utført i ulike hastigheiter.
  9. Kva venta dei eigentleg? WLTP er ein definert test der alle bilane får lik “løype”. Om du ikkje utfører ein test som er 100% identisk med WLTP så veit du ikkje kva du kan vente. Produsentane berre testar bilane etter WLTP-normen, og så får dei den rekkevidda dei får. Det betyr ikkje at bilen vil kjøre akkurat den lengda i ein vilkårlig test at Motor. Som alltid er testløypa ganske teit, mest pga. det får mange hundre høgdemeter nedover mot slutten av ruta for bilane som kjem seg over toppen. Og sommartest i starten på juni med 13 grader?
  10. Det er ganske trasig at me i eit av verdas rikaste land har eit så stort fokus på at mat skal koste så lite som mogleg, når me i tillegg produserer mykje kvalitetsvare sjølve som blir nedprioritert over billig og smaklause greier frå utlandet eller dei store kjedene. Me hadde besøk av ei frå Sveits som nesten vart litt sjokkert over tilstanden her oppe. Nedover i Europa har dei eit heilt anna forhold til mat, måltider og matglede. Her oppe verkar det som at det viktigaste er at det er billig og enkelt, så ein har tid til 2x100% jobb i heimen. Eg har handla mykje på Coop opp gjennom åra, men no har det stoppa ganske godt opp. Det er så mykje billig, importert Xtra og Coop-varer at det er reint deprimerande. For ikkje å snakke om dårleg frukt og grønt. Coop er vel samtidig ein av dei, om ikkje den einaste, som ikkje vil vise korleis produksjon av kyllingen deira ser ut.
  11. Zeph

    Elbil-tråden

    Er visst Circle K me har avtale med. 20k for installasjon og boks så vidt eg kan sjå og 78 kr/mnd i abonnement. 2800,- for ladekabel. Det får vente inntil vidare.
×
×
  • Opprett ny...