Jump to content

PosteMonopolet

Medlemmer
  • Content Count

    717
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by PosteMonopolet

  1. Prøvde å finne sletteknapp, men fann det ikkje. Eg reknar med at brukaren min automatisk forsvinn den dagen VG skal tvinge alle over på eit anna kontosystem.
  2. Melder meg ut av Diskusjon.no VG kjem garantert til å fucke til denne nettstaden også.
  3. Håpar ikkje det blir like dårleg som Trilogy, sjølv om dette var gode spel for 20 år sidan.
  4. Synd at samfunnet er så negativt innstilt på atomkraft, slik det ser ut no så blir det prioritert å brenne opp all olje og kull før det blir satsa på atomkraft. Utsleppet frå fossile kraftverk skadar nok mykje meir enn nokon få atomulykker.
  5. Dei som har fått oppdateringa har garantert lagt merke til forandringar i det siste: tlnr.no/t-we-nytt Kva synst dykk om oppdateringa? Min meining er menyane er rotete og dekodaren opplevast treigare heilt forferdeleg å bruke. Verst av alt: den fryst seg to gongar i standby, etter den andre gongen så vil ikkje operativsystemet starte meir så no har har eg ein ubrukeleg dekodar som ikkje vil starte. Dette skjedde berre tre døgn etter oppdateringa. Dekodartype: ADB-5743CDX, fungert bra i tre år før oppdateringa øydela dekodaren. Oppdatering: Prøvde å starte dekodaren i dag og den fungerte igjen, truleg er det overoppheiting forårsaka av ny og tyngre programmvare som skaper problema.
  6. Eg skjønnar ikkje den logikken at Norge greier å seie nei til dyre medisiner, men seier ja til å stenge ned samfunnet uansett pris. Som sagt før så er det slik at gjennomsnittsalderen til dei som døyr av koronavirus i Norge oppnår forventa levealder, så det er veldig lite levetid å hente på å stoppe koronaviruset. Om ein ser vekk frå pengar så er prisen av nedstenginga redusert livskvallitet for veldig mange. Elles så kunne pengane heller blitt brukt på å hjelpe mange til betre liv.
  7. Det er lenge sidan sist generasjon kom ut, folk må forvente inflasjon slik som med mobiltelefonar. Eg reknar med prisen blir rundt 8-10 000 kr ved lansering. Likevel eit godt kjøp med tanke på maskinvaren i forhold til PC.
  8. Nei, eg vil aller helst ikkje ha slike varslingar som ikkje har anna effekt enn å påføre meg unødvendig frykt. Dessutan er eg mot det jævla koronahysteriet så eg boikottar denne appen.
  9. Sjukehusa går berre for halv kapasitet no: https://www.dagbladet.no/nyheter/dette-skremmer---den-neste-krisa/72347763 Så regjeringa kan trygt opne samfunnet raskare.
  10. Er det verdt å stoppe samfunnet opp slik at livskvalliteten til folk flest reduserast, når statistikken viser at dei som døyr av koronavirus likevel har oppnådd forventa levetid? Eg ville sagt nei og at hysteriet er den største tragedien av det heile.
  11. Eg hadde forventa at prisane på spel skulle gå opp med tanke på svakare krone, men ser at det er gode tilbod på nedlastingar akkurat no. Har kjøpt eit par spel som eg skal kose meg med i tida kjem (Red dead redemption 2, og Tomb Raider definitive edition).🙂
  12. Ulempa med NRK er at dei er stort sett fokuserer på elendighet og negative ting slik at befolkninga skal bli deprimert. Det er ein uting at underhaldningsprogrammer som for eksempel Alle mot 1 skal vere fulle av påminningar om koronakrisa.
  13. Korona hysteriet er beviset på at nordmenn aksepterer diktatur. Ingen som bryr seg om at prisen av hysteriet er redusert livskvallitet for folk flest. Folk vil til og med ha det endå strengare.
  14. No har eg gjort bytte frå DNB Teknologi A til DNB Norge indeks A. Fordi norske krona er ekstra svak og at norge betaler seg ut av krisa, slik at Oslo børs får ein boost.
  15. Mange som påstår at Xbox One X er veldig stillegåande. Eg synst vifta i min Xbox One X bråka veldig med den "durelyden". Høyrest ut som eit dårleg lager i vifta. No har eg sendt den inn i håp om å få ein meir stillegåande vifte.
  16. Det er utvilsomt brudd på ein skriftlig avtale frå seljar. Eigentleg så ville eg ikkje ha gjort noko meir utav saka, det blir berre vekkasta arbeid. Som straff kan du gje seljar ein ubehageleg og sur samtale, med mål om at seljar ikkje skal gere dette meir.
  17. Står det på klistermerket på boksen til hovudkortet kva BIOS den er levert med? Sjekk på MSI sin nettside om denne BIOS-versjonen er kompatibel med prosessoren. Synst det var litt merkeleg at ikkje viftene starta når CPU står i. Eg har opplevd før at når BIOS ikkje var kompatibel med prosessor så har viftene starta, men ingen bilete på skjermen.
  18. Mine tips: Bruke "Eye Saver modus" om skjermen har dette innebygd Dimme ned lysstyrken i skjermen Bruke mørk-modus i programmvarene og websider som har dette. Unngå å bruke små skjermar i kombinasjon med liten skriftstørrelse. Ta pausar med å for eksempel ta tur ute, det hjelper når ein er sliten av skjermarbeid
  19. Viss du vil ha byggesett som tek lenger tid enn Lego så kan prøve plastbyggesett med maling.
  20. Interessert i å høyre kva andre meina sidan eg sjølv ikkje ser den store verdien i snusing, mens «alle» andre snusar og betaler kva det kostar. Reknestykket er slik: 92 kr/boks*365 boks/år = 33580 kr/år.
  21. Jaja, eg får vel sende den inn på reparasjon etter juleferien slik at det ikkje blir ein trist jul utan. Elles er eg fornøgd med Xbox One X, fordelen med å vere seint ute er godt utval av spel og låge prisar på spela, så eg får garantert mykje glede av den.
  22. Eg trudde Xbox One X skulle vere stillegåande, men no som eg har fått mitt eksemplar og prøvd den så irriterer eg meg over den durelyden frå vifta sjølv sjølv på lågt turntall, så eg trudde det var noko gale med mitt eksemplar. Eg ser det er mange som har lagt ut på Youtube med den same lyden som i min. Er det slik lyd frå alle Xbox One X, eller er det nokon som er heldige og fått betre vifte enn oss andre?
  23. Synst du det er akseptabelt at folk bestemmer seg for å vere ein anna art enn menneske, som for eksempel å vere ein katt? Prinsippet er vel det same som å kunne bestemme sitt kjønn? https://p3.no/matte-laere-meg-a-vere-menneske/
×
×
  • Create New...