-
Innlegg
10 304 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
https://www.nrk.no/urix/det-israelske-forsvaret-atvarar-mot-_jodisk-terrorisme_-pa-vestbreidda-1.17023244 Trass i at Israel har ei ytterleggåande høgrevridd regjering er det deler av det israelske systemet som fangar opp det som skjer på Vestbreidda, og som forstår at busetjarvalden kan føre til at situasjonen kjem ut av kontroll.
- 309 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Brother Ursus har nemnt at dei offensive styrkane i Kursk ikkje ville ha hatt noko i ein skyttargravskrig å gjere. Denys Davydov nemner akkurat det same i si siste youtube-oppdatering, som elles i si heilheit er via den kritiske situasjonen på austfronten. Denne gongen er han ikkje nådig. Årsaker som blir nemnt er at andre ikkje har laga skikkelege skyttargraver i forkant som soldatane kan trekkje seg tilbake til, for dårleg kommunikasjon og samhandling, jamming som rammar eigne droner like mykje som dei russiske (berre 15% av ukrainske droner når målet sitt), underordna som lyg til overordna om situasjonen på bakken fordi dei fryktar represalier om dei fortel sanninga (kvar har vi høyrt om liknande før?), overordna som tek feil beslutningar med fatale konsekvensar fordi dei er feilinformerte - kort sagt at filosofien framleis i stor grad er eks-sovjetisk. Det er viktig at slik systemkritikk får komme fram, og at den ikkje utan vidare blir stempla som pro-russisk. Det same gjeld f.eks. innlegga frå JK22. For dersom det berre er positive nyheiter som får komme fram vil ein aldri lære noko, slik at ein får lagt om kursen. Ein får verkeleg håpe at både dei som sit på toppen i Ukraina, samt dei vestlege støttespelarane får med seg- og lyttar på kritiske stemmer.- 88 013 svar
-
- 12
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette er vel ikkje så ulikt NAMMO, som ikkje ville sende nordmenn til det som var "eit legitimt militært mål". Kva dersom ein byter ut ordet Ukraina med ordet Israel? Ville USA, Storbritannia eller andre ha henta heim alle eigne borgarar fordi Iran trua med å angripe med nokre hundre missil, og så berre la det stå til? Nei, då bidreg ein i staden med både luftvern og flystøtte slik at ikkje ein einaste rakett når målet sitt. Den manglande vestlege støtta til Ukraina vil nok bli hugsa i generasjonar framover. Ukraina vil måtte gjere som Polen, men i enno større grad. Ruste opp, slik at ein kan greie seg sjølv. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg meiner å hugse at Mike Johnson har uttalt seg positivt om å fjerne restriksjonane. Dessutan stod leiaren i utanrikskomiteen i huset (McCaul, republikanar) under grilling av Blinken og viste fram eit kart og fortalde at her har Russland trygge tilfluktstader for å angripe Ukraina. Han streka under at kongressen ikkje hadde lagt begrensningar på støtta - men at dette vart gjort av Biden-administrasjonen. Kunne Biden ha gjort ting verre dersom han tok republikanarane på ordet, og fjerna restriksjonane ein gong for alle? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Dette har eg ikkje fått med meg. Tyrkia sitt kjøp av russisk luftvern førte vel til at USA ikkje ville selje F35, og treneringa av svensk og finsk NATO-søknad førte vel til at dei heller ikkje fekk fleire F16 før treneringa tok slutt. Så då har tydelegvis Erdogan forstått at å støtte Russland har ein pris. -
Ei anna sak frå same lokalavis: https://www.firda.no/selja-forlag-vann-over-fosse-soskena-i-lagmannsretten/s/5-15-1489749
-
Eg kom til å tenkje på ei sak som vart bretta ut i avisa Firda for nokre år sidan: https://www.firda.no/nyheiter/hoyanger/rettssak/kommunen-gjev-opp-etter-a-ha-brukt-nar-ein-million-pa-tunstriden-i-vadheim/s/5-15-577323
- 47 svar
-
- 4
-
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det er viktig at Putin ikkje misforstår og trur at han kan ta Finland på 3 dagar. Det er betre å førebyggje krig enn å måtte delta i krigen.- 88 013 svar
-
- 12
-
-
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/finland-ber-norge-om-militaer-hjelp-til-felles-nato-styrke-i-nord-finland-1.16995065 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.nrk.no/norge/smarte-landinger-skal-spare-tonnevis-1.17002233 Så spørst det om dette er så smart dersom Russland jammar GPS-signala. Beredskap er ikkje nemnt med eit ord i artikkelen. Blir sikkerheit prioritert lågare enn ynsket om å spare litt CO2? Eller vil det vere enkelt å bruke det gamle systemet som backup dersom GPS-signala skulle falle ut midt under landinga? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
... til etter at presidentvalet er over. Også amerikanarar likar vinnarar og at det blir slutt på krigen. Om Kamala gjev Ukraina nok støtte til å få avslutta krigen raskt kan det også koste USA mindre økonomisk enn å kjempe til siste ukrainar. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Sjølv om mange serbiske fotballfans støttar Russland har landet markert avstand til Russland og ser ut til å bevege seg mot Europa. Har dei ledige russiske fly som kan sendast til Ukraina? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Skulle ikkje Ukraina ha utvikla eit missil som skulle kunne gjere mykje det same som amerikanske ATACMS (og med eit namn som er vanskeleg å uttale for russarar)? Eller er dette blitt oppskrytt. Forresten er det vel januar som ikkje kan komme raskt nok. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Morten Jentoft har skrive ein artikkel om Kashakhstan og forholdet til Russland: https://www.nrk.no/urix/kasakhstan-_-mer-enn-et-langtvekkistan-1.17021801 -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Denys Davydov hevdar i youtube-video publisert for nokre timar sidan at ukrainarane er for dårlege til å grave skyttargraver, og at dette forklarar noko av den store framgangen russarane har i aust. Om eg forstår det rett burde ein ha brukt maskiner, medan realiteten er at soldatane har måtta gjere dette med spadar og handemakt. Han viser samstundes til at russarane har bygd nye skyttargraver i Kursk på rekordtid. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
For ei stund sidan brukte arbeidarane her tida til å plante blomster langs vegane i staden for å grave skyttargraver. Då kan ein stille spørsmålet om moralen er fallande, og at folk rett og slett har gitt opp. At folk er lei krigen er forståeleg. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Polen truar nok ikkje med atomvåpen. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Frankrike slit med å danne ei styringsdyktig regjering etter parlamentsvalet. https://www.nrk.no/urix/sju-veker-etter-valet-star-frankrike-framleis-utan-ei-regjering-1.17019385 (Frankrike er viktig som støttespelar for Ukraina). -
Hadde ho rett likevel? Forskar og lege vart "frosen ut" etter å ha delteke i "Debatten" hos Fredrik Solvang i mars 2020. https://www.nrk.no/buskerud/xl/virusvarsleren-1.16898600
- 182 svar
-
- 1
-
-
Israels utanriksminister med propaganda-utspel på Twitter: https://www.nrk.no/urix/israels-utanriksminister-seier-store-jobbar-for-ein-terrorstat-styrt-av-hamas-og-iran-1.17016014 Har dette utspelet med bilete av Geiranger noko som helst slags rot i verkelegheita? Dette minner vel mest om ting ein ser frå russiske propagandistar i samband med Ukraina-krigen. Sjølv Kina oppførte seg ikkje på denne måten då dei boikotta Norge etter den kontroversielle fredsprisutdelinga. Til det som står i artikkelen: Den norske regjeringa gjorde ein grov feil når det tok dei heile 4 dagar før dei omsider valde å kalle angrepet 7/10 for terror.
- 309 svar
-
- 2
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Russland brukar arrestasjonen av Telegram-grunnleggjaren til å drive propaganda: https://www.nrk.no/urix/telegram_-_-pavel-durov-har-ingenting-a-skjule-1.17016638 Krigen er også ein informasjonskrig, og denne hendinga har vel vore eit bidrag til å styrke russiske narrativ. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kvar blir det av det vestlege luftvernet som er lova? Neste steg bør vere å bombe basane der dronene og missila kjem frå. Om ikkje USA vil la dei bruke amerikanske våpen får Ukraina bruke eigenutvikla Neptun-missil eller droner. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Treng ein ikkje begge deler? Det er liten vits i å følgje med på ein tråd dersom den er eit ekkokammer som berre formidlar ein del av sanninga. I staden for å fokusere på personar bør ein diskutere sak. At kvaliteten på mobiliserte ukrainarar ikkje alltid er så god som den burde vere ser ut til å vere eit reelt problem. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Kan du utdjupe dei fyrste tinga litt? Kva var fiaskoen mot Russland i 1992, og var det ikkje republikanaren George Bush Sr. som var president fram til og med 1992? I 1999 gjekk trass alt NATO til krig mot Jugoslavia, slik at ein fekk slutt på serbiske overgrep mot Kosovo-albanarane. Rett nok var vel dette innblanding i interne forhold, og har blitt brukt som påskot for seinare russiske invasjonar i andre land. Meiner du at NATO burde ha halde seg unna? -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
No er vel påstandar frå ein russisk viseforsvarsminister på russisk propaganda-tv uansett ikkje så mykje å feste lit til. Dette kan vel like godt vere eit teikn på at russarane vil prøve å drepe Zelenskyj, jf. det at dei pleier å skulde andre for det dei har tenkt å gjere sjølv.
