Gå til innhold
  
      
  
  
      
  

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 070
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. https://www.nrk.no/urix/nikki-haley-gir-seg-i-presidentkampen-1.16792064 Eg håpar at ho blir gitt ein ny sjanse ein annan gong. (Dette sjølv om eg meiner at det må leggjast press på Israel, slik at ein kan få til ei tostatsløysing eller noko liknande som gjev varig fred).
  2. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/navalnyj-bilder-utsatt-for-haerverk-1.16792368 Er det Putinvennlege russarar som står bak?
  3. Og i følgje oversikta er det berre teke 1 MLRS og helikopteret som kanskje var på krigsskipet er ikkje nemnt. Og russarane kastar vekk store mengder kjøt og utstyr for å prøve å avansere litt medan støtta frå USA står fast i kongressen.
  4. https://kyivindependent.com/cnn-johnson-opens-door-for-alternative-ukraine-aid-package-in-house/ Ein får berre håpe at Europa, Canada og andre kan trappe opp støtta slik at ein kan kompensere for bortfallet av støtte frå USA. F.eks. var det tsjekkiske initiativet gull verdt. Så får tida vise om republikanarane i kongressen kan greie å bli einige om noko som helst før krigen er over.
  5. Ungarn finn seg berre ei ny sak som dei kan trenere: Ungarn burde ha vore suspenderte frå både NATO og EU så lenge Orban er statsminister. Men om dette fører til at Stoltenberg blir sitjande er det iallefall ikkje så gale at det ikkje er godt for noko.
  6. Er det noko nytt om Mike Johnson og uthalinga av avstemninga over støttepakken til m.a. Ukraina?
  7. https://www.nrk.no/urix/strom-av-flydeler-inn-i-russland-_-usa-vil-straffe-medhjelpere-1.16787008 På tide! Så spørst det korleis Erdogan reagerer på dette.
  8. Mannen som (om eg hugsar rett) lak dokument som omhandla ukrainske strategiar, at ukrainarane var i ferd med å sleppe opp for luftvern osv.
  9. https://www.nrk.no/norge/navalnyj-skal-begraves-_-flere-tusen-personer-har-mott-opp-utenfor-kirken-1.16785250
  10. Det er lite hjelp i å sende inn NATO-troppar utan at dei har granatar til å skyte med. Det ukrainarane treng er F16, langtrekkande missil, droner og ammunisjon, slik at dei kan kaste ut russarane på eiga hand.
  11. Eg trur at det er lurt å halde litt igjen, men det er klart at dersom Putin prøver seg på nytt må ein kunne svare med alle midlar.
  12. Eg tykkjer det renn inn med droner jamnt og trutt (15 siste døgn), men det er mogeleg at ein også samlar opp til større angrep der ein prøver å overbelaste det ukrainske luftvernet. Du har nok forresten rett i at det har vore få missil i det siste.
  13. Så lenge ein kan oppnå dette med konvensjonelle våpen er bruk av atomvåpen heilt unødvendig.
  14. Dette skreiv Nrk 11/12 2023. Men det er ikkje mykje som minner om Trump i forhold til synet på Russland og Ukraina. Ein får håpe at han lukkast i å få fleire latinamerikanske land til å støtte Ukraina og ta avstand frå Russland og krigen deira.
  15. No var det vel Russland som gjorde dette til ei aktuell problemstilling. Det var stort fleirtal i Ukraina for å vere nøytrale fram til Russland starta fullskala invasjon i 2022. Som Stoltenberg har sagt det (fritt etter hukommelsen): "NATO has an open door policy. Russia has an open window policy".
  16. Skulle ein vere konsekvent måtte ein då også nekte å ta imot flyktningar og asylsøkjarar generelt, enten det var snakk om Russland, Iran, Nord-Korea, Kina, Gaza, diverse land i Afrika... og frå Ukraina. I staden for å komme til Norge burde dei bli verande der dei kom frå og stå opp mot diktatorar og fiendtlege soldatar. Hadde det berre vore så enkelt hadde ikkje diktatur vore på frammarsj over heile verda. Ein har sett kor "lett" det var for iranske kvinner å bli kvitt prestestyret eller kor enkelt det var å bli kvitt Lukasjenko i Kviterussland då folk demonstrerte veke etter veke, trass i at demonstrasjonane vart slått hardt ned på. Eg har like mykje tru på ein strategi der ein lar oppegåande folk få bli i andre land, og på den måten "tørkar ut" Russland for kompetanse. Dersom folk sit og hutrar i 30 kuldegrader innandørs utan vatn og straum fordi dei som kunne reparere sentralvarme eller elektrisitetsforsyning enten har dratt eller er gått til i kjøtkverna byrjar det å sjå betre ut. Det same gjeld dersom russarane ikkje lenger er i stand til å produsere militært utstyr, samstundes som dette forsvinn i rasande fart ved fronten. Mi viktigaste bekymring er mogelegheita for at Vesten og andre land skal bli infiltrert av russiske spionar. Hadde det ikkje vore for det skulle vi etter mi meining ha teke svært godt imot alle russarar som rømmer landet, og som dermed kan bidra til regimets fall. (Unntaket må vere dei som er rasistar eller nazistar, dei kan godt dra heim att der dei kom frå).
  17. Eg kan uansett ikkje forstå kva Russland potensielt kan utrette i Moldova så lenge dei verken har kontroll over landevegen gjennom Ukraina, Svartehavet eller luftrommet. Men Vesten bør ruste Moldova til å stå imot ein evt. russisk invasjon medan ein enno har sjansen, og ikkje vente til det er for seint slik ein gjorde i Ukraina.
  18. https://www.nrk.no/vestland/forsvaret-mistar-hundrevis-av-unge-tilsette-_-eirik-ostby-onskjer-fritid_-pensjon-og-mindre-pendling-1.16773313
  19. Det som har leke ut til no er vel at eit atomvåpenangrep på Ukraina vil kunne bli besvart med eit konvensjonelt angrep som set svartehavsflåten og/eller dei russiske styrkane inne i Ukraina ut av spel. Om russarane skulle finne på noko så dumt kan det vere dette som skal til for at Vesten får ei unnskyldning for endeleg å setje hardt mot hardt og avslutte krigen.
  20. Kva konkret dreier dette seg om? Er det ikkje betre at russarar får lov å søkje tilflukt i andre land framfor å bli sendt tilbake til Russland og potensielt ende i kjøtkverna i Ukraina?
  21. Storbritannia seier med dette at dei faktisk har personell inne i Ukraina.
×
×
  • Opprett ny...