Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 292
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. https://www.nrk.no/tromsogfinnmark/gps-jamming-hindret-wideroe-fly-a-lande-i-vardo-i-finnmark-1.17573015
  2. No skal ein visstnok kjønnsteste menn i boksing: https://www.nrk.no/sport/vil-kjonnsteste-menn-_-noreg-reagerer-kraftig-1.17563184 Her ramlar eg av lasset. Kva er vitsen med å teste det kjønnet som uansett vil ha ein fordel i konkurransen? Her prøver ein å løyse eit problem som ikkje eksisterer i utgangspunktet.
  3. Religion og nasjonalisme høyrer vel ofte saman. Og så har ein autoritære land som f.eks. Iran som brukar religion som ein måte å utøve makt og å undertrykkje folket. Men at religion blir brukt så systematisk som eit politisk verkemiddel til å vinne folk over på si side som i Russland er kanskje ikkje det mest vanlege.
  4. Kort oppsummert: Sikkerheitsgarantiar ved evt. fredsavtale er eit hypotetisk spørsmål så lenge Putin vil halde fram krigen. Det er mykje viktigare at ein aukar støtta til Ukraina no, slik at dei står sterkare mot Russland. Snakket om forhandlingar og våpenkvile har vel vore ein måte å jatte med "fredspriskandidaten" Donald Trump. Når dette renn ut i sanden og ein ser at Trump ikkje er villig til å støtte Ukraina eller leggje press på Russland må ein førebu seg på at krigen vil vare ei stund, og at ein må hjelpe Ukraina til å vinne denne krigen. Og ein kan ikkje forvente noko hjelp frå USA, heller tvert imot.
  5. Då har du følgt dårleg med. Den russisk-ortodokse kyrkja med patriark Kirill i spissen er ein viktig del av maktbasen til Putin.
  6. Han er vel nøydd til å seie det dersom han skal halde fram med å representere regimet. Alternativet ville ha vore å hoppe av og søkje politisk asyl i Norge.
  7. I Norge heiter det Storbritannia og Nord-Irland.
  8. Då må ein bruke droner eller elektronisk krigføring. Ukraina er det einaste vestlege landet som har erfaring med dronekrig. Denys Davydov nemnte nyleg at ukrainarar skulle trene polakkar i bruk av droner. Vestlege land er ikkje førebudde på dronekrig. Både ukrainske og russiske stridsvogner er utstyrte med nett som til ei viss grad beskyttar mot droner. Vestlege stridsvogner utan slik beskyttelse ville bli øydelagde i løpet av kort tid.
  9. Verdssamfunnet sat og såg på krigane på Balkan i årevis utan å gripe inn. I Srebrenica vart det utført folkemord medan FN-soldatane såg på. Men det enda med NATO-krig mot Serbia i 1999, og 2 år etterpå fall regimet. Mykje kan skje også før Ukraina-krigen er over. Men det er kanskje meir sannsynleg med internt opprør i Russland enn at NATO går direkte inn i krigen på ukrainsk side.
  10. Kjem russarane til å skape den neste pandemien, på same måten som spanskesjuka som oppstod i kjølvatnet av fyrste verdskrigen?
  11. Om ein les artikkelen står det at dette er sesongvariasjonar. Det har vi også her i landet, der f.eks. nypotetene om sommaren er dobbelt så dyre som elles i året. I følgje sentralbanken er inflasjonen framleis høg, men på veg ned. Så vil tida vise korleis dette endar.
  12. Det har vist seg at desse missila var ganske upresise. Men youtubaren Denys Davydov trur at det blir jobba med treffsikkerheita, slik at dei vil gjere betre nytte for seg.
  13. Og ei viktig årsak til den konkrete hendinga er truleg at Putin vil at militær støtte skal sendast til Polen på bekostning av Ukraina. Putin bør ikkje få det slik han ynskjer. Ein må både trygge Polen og auke støtta til Ukraina. Det fyrste har NATO allereie gjort.
  14. Er det ikkje snart på tide at Trump besøkjer Kyiv?
  15. Ukraina treng luftvernet meir enn Polen. Det står vel ein del luftvern i Tyskland og andre land i Sentral- eller Vest-Europa? Noko av dette bør kunne flyttast til Ukraina, eller i det minste til Polen/Baltikum. Kan eit land som Ungarn ha noko å tilby? Orban er jo venn med Russland, og som vi ser er landet då heller ikkje utsett for russiske droner. Iallefall enn så lenge. Det er vel presidentval til våren.
  16. For meg ser dette ut som eit svar som ikkje reduserer støtta til Ukraina. Men det aukar heller ikkje støtta til Ukraina.
  17. Eit liknande scenario er dersom det kjem ein dårleg fredsavtale som bind opp europeiske soldatar til å passe på Russland inne i Ukraina. Då har ein mindre å stille opp med dersom Russland går til angrep ein annan stad, som f.eks. Moldova.
  18. Om alt skulle handle om EU ville vel regjeringa Raudt+Sv+Sp+Frp ha sett dagens lys.
  19. Skal Frankrike fylle det maktpolitiske tomrommet som er i ferd med å oppstå når USA trekkjer seg meir og meir ut?
  20. Det betyr at også USA har stemt for. Interessant.
  21. Begge partia kunne heller ha vore ein del av ei sentrumsregjering som også omfatta Ap og Høgre.
  22. Dette kunne evt. ha vore eit forsøk på å vinne Belarus over på amerikansk side og vekk frå Russland. Men eg tvilar på at Trump og idiotane rundt han vil lukkast.
  23. Det er ikkje godt å seie. Dersom Sp går saman med borgarleg side i alt for mange saker kan det bli vanskelegare å samarbeide med partia på venstresida i neste periode (2029).
×
×
  • Opprett ny...