Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 277
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Samstundes må ein hugse at russarar er individ med ulike meiningar, akkurat som oss. Det er synd at Russland sine handlingar skaper mistanke mot russarar flest, samstundes er det gode grunnar til å vere årvakne.
  2. Las du innlegget mitt i det heile teke? Russland angreip Ukraina i 2014, før dette var ikkje NATO-spørsmålet ei problemstilling sidan ukrainarane sjølv ikkje ynskte dette. Angrepet kom fordi ukrainarane ynskte å samarbeide med EU framfor Russland. Ynsket om NATO-medlemskap kom i hovudsak etter fullskalainvasjonen i 2022.
  3. Er det nokon som har høyrt noko om ukrainske angrep på russiske oljeraffineri o.l. etter at Trump kom med denne "fredsplanen"? Eller har USA allereie slutta å dele etterretning med Ukraina? Det er tragisk at Europa skal vere så avhengige av USA, og at ein ikkje kan stå på eigne bein. Eg håpar at NATO/Europa kan greie å kompensere bortfallet av USA så godt som mogeleg.
  4. Årsaka til krigsutbrotet i 2014 var at Janukovic vart kasta etter at Russland hadde pressa han til å ikkje skrive under på ein avtale med EU.
  5. Og det finst eksempel på det motsette, slik som ein opplevde 9. april 1940. Britane prøvde å "snakke" med Hitler. Politikken vart kalla "appeasement". Var det hjelp i?
  6. Det ein lærte etter 2. verdskrigen var at appeasement ikkje fungerte. Hitler måtte stansast med makt.
  7. https://www.nrk.no/urix/amerikansk-russisk-fredsplan-moter-motstand-fra-ukraina-og-eu-1.17660895 Europeiske politikarar har komme på bana. Det er eigentleg rart at ikkje amerikanarane forstår med ein gong at "fredsplanen" deira er dødfødd. Ukraina vil aldri kapitulere for Trump og Putin.
  8. Om åleineforsørgaren har jobb i turistnæringa kan bevaring av kulturlandskapet ha noko å seie for om hen har ein jobb å gå til i framtida. Om åleineforsørgaren har jobb i landbruket, meieri, kjøtindustri eller alle dei som på ein eller annan måte yter tenester til bønder vil eit levedyktig landbruk ha alt å seie. Difor vil det vere interessant å vite korleis f.eks. våre naboland har løyst utfordringane med å ha eit levedyktig landbruk og å ta vare på kulturlandskapet etter at dei kom med i EU. Har vi noko å lære, eller har EU noko å lære av oss?
  9. Vestleg elektronikk finn vegen inn i russiske våpen via Kina. https://www.nrk.no/norge/xl/de-dodelige-delene-fra-vesten-1.17620715
  10. Eller så hadde han raskt blitt styrta og sett i fengsel saman med dei andre quisling-politikarane som var i Ukraina på dette tidspunktet.
  11. Ein del av problemet er vel at naturvernarar og pressgrupper har fått for mykje makt. Dermed går prosessane i stå, og ting blir ikkje gjort før det er for seint.
  12. Eg var fødd eit år for seint til å kunne delta i siste folkeavstemming. No er eg snart 50, og kunne godt ha tenkt meg å få høve til å seie mi meining i ei folkeavstemming om EU. Ein heil generasjon som har komme etter har heller ikkje fått denne sjansen. I tillegg har mykje endra seg sidan 1994, m.a. er optimismen etter murens fall erstatta av krig i Europa. USA er heller ikkje det det ein gong var. I tillegg veit ein meir om verknadene av EØS-avtalen enn ein gjorde i 1994. Politikken har også endra seg må mange område sidan 1994, m.a. har klima og naturvern eit heilt anna fokus i dag enn då. Mange, inkludert meg sjølv har også endra standpunkt til eit EU-medlemsskap på dei drygt 30 åra som er gått.
  13. Det stemmer. Men så har ein også greidd å ta vare på matproduksjon og kulturlandskap i heile landet. Det opne, grøne jordbrukslandskapet langs ein vestlandsfjord gjev eit særpreg som ein forbind med Norge. Men det kostar å drifte dette landskapet. Dei norske fjordane ville aldri ha blitt dei same dersom landskapet rundt var meir eller mindre dekka av skog. Korleis har det gått med svensk og finsk landbruk i tungdrivne område etter at desse landa kom med i EU? Har ein greidd å oppretthalde kulturlandskapet og eit livskraftig landbruk?
  14. Det stemmer. Nrk har ein artikkel som nyanserer saka litt. Det går også fram at tiltaket skal vere midlertidig, og at EU ikkje har planar om liknande toll på f.eks. aluminium. https://www.nrk.no/urix/eu-til-nrk-om-toll_-_-har-retten-pa-var-side-1.17660339
  15. Storbritannia trudde at dei skulle få bukt med innvandringa berre dei gjekk ut av EU. Så langt har det ikkje hjelpt, og det einaste som ein har oppnådd så langt er å skade økonomien.
  16. Det er vel også eit problem at norske politikarar berre snakkar om vindkraft og stadig utset avgjerda om å satse på eigne atomkraftverk. Ei avgjerd som vil vere ein føresetnad dersom ein ynskjer eit grønt skifte.
  17. På kva for varer har oransjemannen innført eksporttoll?
  18. Droner med fiberkabel er vel umogeleg å jamme.
  19. Forsvaret rundt Pokrovsk er bra. Det er lenger sør at russarane har hatt den største framgangen, og det er ikkje så forferdeleg langt frå fronten til Zaporizhjia i vest.
  20. https://www.nrk.no/urix/slik-tapte-norge-tollstriden-i-brussel-1.17657741
  21. Spørsmålet er om ikkje det ein ser er 1939 på nytt, og at denne krigen ikkje går over før Russland har drege heile NATO med i krigen slik at vestlege politikarar blir nøydde til å handle.
×
×
  • Opprett ny...