Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 243
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Ikkje når den russiskortodokse kyrkja i praksis er ein politisk organisasjon som er innretta for å spreie propaganda og fremje Putin sitt verdsbilete. Eg meiner å hugse å ha sett intervju med ukrainarar på tv i samband med at den ukrainske kyrkja braut med Moskva, og at presten som stod midt oppe i det kunne fortelje at det som hadde komme sentralt frå Moskva dei seinare områda hadde dreia seg mest om politikk i staden for religion. Det finst heilt sikkert mange både i maktapparatet, den russiske hæren osv. som hadde vore bra folk om det ikkje var for at dei støttar krig og eit fascistisk regime, men det har ikkje så mykje med poenget å gjere.
  2. Då får eg berre beklage at eg misforstod.
  3. Dette biletet beviser ikkje noko som helst. For meg ser biletet ut til å vere teke i ei rein kosta gate i fredelege omgjevnader, langt frå nokon krig.
  4. Som sagt: Det er kanskje betre å investere i sjølve banken enn å ha sparepengane ståande i banken. Eg har ein del av sparepengane i rentefond. Desse gjer det dårlegare enn aksjefond, men betre enn ein bankkonto. Rentefonda svingar (vanlegvis) mindre enn aksjefond, og pengane er dermed lett tilgjengelege og eg søv godt om natta. Unntaket er dersom det kjem sjokk som pandemi, bankkrise o.l. I mars 2020 stupte mange høgrentefond med 25%, men desse henta seg stort sett inn att i løpet av året. I år har eg så langt ei avkastning på 8-10%, og det får ein ikkje på nokon sparekonto.
  5. Om evt. val av speaker på tvers av partigrensene: Heilt umogeleg er det altså ikkje. https://www.nytimes.com/2023/10/17/us/hakeem-jeffries-house-speaker.html
  6. Ok. Så då kan trådstartar ta over garden på odel dersom forelderen tek over garden fyrst, men altså ikkje direkte frå onkelen.
  7. Eg har ein LED arbeidslampe på 50W i garasja. Den gjev godt lys.
  8. Kva i all verda er den svarte boksen(?) som ligg på golvet ved sida av lampen? Er det ein dimmer? Evt. transformator? Var den gamle pæra ei vanleg 220V pære?
  9. Eg har mange gamle lampar med dei vanlege pærene med E27 skrusokkel, og har aldri hatt noko problem med LED-pærer i desse lampane. Når LED-pærene omsider ryk vil dei ofte bli ståande og blinke. Brukar du noko dimmer på denne lampen, og virkar den i så fall som den skal når du koplar til utan dimmer? Virkar pæra når du set den tilbake i den andre lampen? Kan det evt. ha oppstått ein feil/dårleg kontakt i sjølve lampen? (Virkar den gamle 60-wattspæra dersom du prøver den i den andre lampen?)
  10. Om motstanden er liten vil det bli ein stor straum (kortslutning).
  11. Eg meiner at @TAC-2 og @krikkerthar rett. Odel gjeld frå 2014(?) berre i rett nedgåande linje. Før 2014 kunne odel også gå til sysken, og dermed også nevøar eller nieser. Sidan det i dette tilfellet ikkje er odel på garden kan onkelen din selje til den han vil, som f.eks. deg sjølv. Om garden er over ein viss storleik må du søkje konsesjon, og sannsynlegvis oppfylle 5 års buplikt samt varig driveplikt.
  12. Så er spørsmålet om kongressen blir i stand til å bestemme noko som helst i tida framover. Det er ufatteleg for oss nordmenn at ein ikkje berre sikrar fleirtal for ein demokratisk speaker. Det var eit innslag på Dagsrevyen for nokre dagar sidan (Nr. 16 her: https://tv.nrk.no/serie/dagsrevyen/202310/NNFA19101523/avspiller ) om ein eldre utvandra nordmann som er frisør i Washington DC. Han hadde hatt ein ganske "fin" kundekrets, og hadde klipt både førstedamer og politikarar frå begge leirar. Han fekk spørsmål om korleis politikken hadde endra seg, og kunne då fortelje at det var slik før at sjølv om folk var ueinige i kongressen på dagtid var dei vener når dei var ute om kveldane. Men slik var det ikkje lenger. Han hadde såleis funne ut at det var best å ikkje snakke politikk med kundane. Dette seier vel det meste om polariseringa i USA, og det blir dermed også "umogeleg" å få valt ein leiar i representanthuset på den opplagte måten sett med norske auge, nemleg ved å hente nokre få stemmer på tvers av partigrensene.
  13. Poenget her er at eg har redigert sitatet, slik at det viser skilnaden mellom valdagsmålinga og det endelege resultatet.
  14. Då skulle det endelege resultatet med andre ord bli slik: Eg legg elles merke til at det også har vore halde val på eit senat, og der ser det ut til å vere eit enno tydelegare fleirtal til opposisjonen. Kva for rolle har dette huset?
  15. Det er stor skilnad frå då folkemengdene protesterte mot kuppmakarane i Sovjetunionen i august 1991 og den passiviteten ein ser i dag. Nokre her i tråden påstår at russarane alltid har vore passive og imperialistiske, men det var eit heilt anna Russland ein såg på byrjinga av 90-talet. Gorbatsjov hadde gitt russarane ytringsfridom og val med fleire parti, og det var stor interesse for demokrati, reformer og for å bli ein del av Vesten. Mykje gjekk gale under Jeltsin, og Putin har fått forme landet til det det er blitt i dag.
  16. Kom det noko endeleg resultat i dette valet? Nrk viser snart berre sakte-tv frå krigen i Midtausten, og slik er det vel med dei fleste norske media. Kva som elles går føre seg får ein ikkje vite. Polen (og Ukraina) er langt viktigare for Norge og Europa enn den evigvarande konflikten i Midtausten.
  17. Eit batteri virkar dårlegare når det er kaldt, så dersom batteriet er dårleg kan kulda gjere utslaget.
  18. 6 helikopter og 1 fly. Elles tyder vel kanskje tala på at det russiske angrepet på Avdviika har roa seg litt?
  19. Er det komme noko resultat frå dette valet, eller er det framleis berre ei valdagsmåling ein har å forhalde seg til? Slike valdagsmålingar har i seinare tid hatt det med å bomme.
  20. Lovande valdagsmålingar i Polen: https://www.nrk.no/urix/valjubel-i-warszawa_-_-forst-blei-vi-kvitt-kommunistane_-no-blir-vi-kvitt-autokratane-1.16595814 Men Polen er eit splitta land: Minner ikkje dette litt om Ukraina før 2014?
  21. Men fyrst må det politiske teateret avsluttast.
  22. Politisk teater eignar seg dårleg når representanthuset i verdas einaste supermakt er sett ut av spel i ei verd som er farlegare enn på svært lenge. Er det eigentleg noko i vegen for at republikanarane kan finne ein moderat kandidat som kan få stemmer frå nok demokratar til at han kan få fleirtal, eller evt. at demokratane kan foreslå ein moderat kandidat og få med seg nok republikanarar til at det blir fleirtal?
  23. No var det vel i Gorbatsjov og Jeltsin si tid fornuftige folk som ville ha demokrati og som ville samarbeide med Vesten, men det var også krefter som ville skru klokka tilbake (som ved kuppforsøket i 1991) eller føre landet i nasjonalistisk retning og konfrontasjon med Vesten. Jeltsin var ein fyllik og ei skam for Russland, og mykje gjekk gale med mafia og ein ekstrem kapitalisme der rikdommane hamna på nokre få hender. Putin fekk orden på ting slik at folk fekk løn og pensjon i rett tid, og har sidan gjort Russland autoritært og fjerna all opposisjon bortsett frå dei ekstreme nasjonalistane. Dermed er vi der vi er i dag. I etterklokskapens lys skal vi vel vere glade for at ikkje Russland er eit NATO-land mykje verre enn Tyrkia og Ungarn, men det var ikkje gitt at ting skulle gå så gale som det har gjort. Då Putin tok over var media frie i Russland, og då ubåten Kursk forliste vart alt bretta ut for heile verda og folk fekk sjå ein president som var handlingslamma. Noko av det fyrste Putin gjorde etterpå var å få kontroll over media.
×
×
  • Opprett ny...