Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 475
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Samisk nasjonalisme er ikkje det eg har mest greie på, men eg har ein viss sympati for sørsamane som opplever å få øydelagt beiteområda der dei har hatt beiterettar i lang tid. For dei er dette alvor, og dei er nok glade for støtta dei får frå samar generelt. Sørsamane er ein liten minoritet blant samane. Elles er spørsmålet om utbygging av naturområde vs. vern av natur og kultur eit viktig prinsippspørsmål, og det er også mange andre stader der ein vil kunne få liknande konfliktar. Eg trur uansett at vindkraft aldri vil monne i det grøne skiftet. Krafta er dessutan for ustabil. Det vil nok vere meir fornuftig å satse på m.a. atomkraft. Politikarane er derimot ikkje villige til å ta dette inn over seg, på same måten som dei ikkje har tatt inn over seg den endra sikkerheitssituasjonen. Men no får eg vel gje meg med samar og vindkraft, som kan vere eit godt tema for ein eigen tråd.
  2. Dette er vel fyrst og fremst fordi miljørørsla har størst tilslutning på venstresida. Det var vel Siv Jensen som ein gong uttalte om Mdg at dei var som ein melon, grøn utanpå og raud inni.
  3. Det spørst kor lenge vi hadde hatt mjølkeproduksjon i Norge dersom det hadde gått slik. Marknadsordningane er der av ein grunn. Det å ha landbruk i heile Norge er eit politisk val.
  4. Dette har ikkje eg fått med meg. Er det demonstrantane mot vindmøllene på Fosen du karakteriserer på denne måten?
  5. Er det sannsynleg at evt. nye utbrot vil komme dei same stadene som dei to siste utbrota, eller kan det komme nye utbrot inne i sjølve byen? Dersom magnakammeret ligg under Svartsengi, kvifor kjem det ikkje utbrot der?
  6. Lenketeksten og innhaldet i artikkelen er motstridande:
  7. Borna vil vel ha verger som skal ta vare på deira interesser. Då skulle ein tru at verga takka nei på vegne av borna til å ta over gjelda.
  8. Lang utgreiing lenger nede i wikipedia-artikkelen. https://no.m.wikipedia.org/wiki/Eldfell
  9. Det skulle dei ikkje ha gjort. Men sidan det såg ut til at eventuelle utbrot ville komme lenger nordaust er det forståeleg med tanke på fôrsituasjonen at dei tok med seg dyra tilbake.
  10. Jordskjelvkartet viser vel mindre- og meir spreidd aktivitet under byen?
  11. Var det ikkje slik at ein sprøytte sjøvatn på lavaen for å avgrense/stanse lavastraumen under utbrotet på Vestmannaøyane i 1973? Kvifor prøver ein ikkje dette no?
  12. Her var det tydelegvis ikkje snakk om uforsiktige turistar:
  13. Det er nok ikkje lenge før han er bak lås og slå.
  14. I følgje siste oppdatering er nøyaktig 370 000 russiske soldatar ute av krigen, og det minkar jamnt og trutt på både tanks, armerte køyretøy, andre køyretøy og litt luftvern.
  15. Gorbatsjov gjorde mykje bra, men var imot at statar skulle kunne melde seg ut av Sovjetunionen. Det er vel også eit spørsmål om ikkje Gorbatsjov også følte eit press frå dei kreftene som ville gå tilbake til det gamle diktaturet, og at han difor følte at han måtte svare på forsøket frå Litauen på å bli uavhengig. Som mange vil hugse prøvde desse kreftene å kuppe makta i august same året, og Gorbatsjov vart då sett i husarrest på Krim. Men russarane hadde fått smaken på demokrati og ytringsfridom, og støtta Jeltsin som talte kuppmakarane imot. Resultatet vart at Jeltsin kom sigrande ut, og Gorbatsjov hamna i skuggen. Leiarane av Russland, Kviterussland og Ukraina gjorde avtale om å melde seg ut av Sovjetunionen og oppretta i staden ein laus union. Dermed var Sovjetunionen historie, og Gorbatsjov gjekk frivillig av som Sovjetunionen sin siste leiar 1. juledag 1991. Tenk om folket i Russland kunne få ein ny sjanse.
  16. https://www.nrk.no/urix/presidentvalget-pa-taiwan-som-kan-oke-spenningen-med-kina-1.16711976
  17. Det stemmer, og det med sovjetstaten var eit svar på kommentaren om kva oblast Sunnfjord låg i. Likevel var innlegget også alvorleg meint. Det skal mykje meir til enn eggmangel eller dyre tomatar til for å seie at sanksjonane virkar. (Difor samanlikninga med norske forhold). Dei fleste som diskuterer her ynskjer at Ukraina skal vinne krigen, men om ein ikkje er villig til å diskutere kor hardt Russland er ramma av sanksjonane lurer ein berre seg sjølv. Eit forum som berre nemner det som går bra for Ukraina og dårleg for Russland blir eit ekkokammer. Eg vil ha ein fri diskusjon om forhold rundt krigen i Ukraina og det som følgjer med. Og eg meiner at litt humor ikkje skadar, sjølv om situasjonen er alvorleg og forferdeleg for dei som står midt oppe i krigen.
  18. Det må vel bli Vestland i den siste sovjetstaten Norge. Eggkrisa i jula var visstnok eit nasjonalt problem der Nortura berre greidde å levere ein tredel av det butikkane bestilte. Dei butikkane som i tillegg bestilte egg frå lokale eggprodusentar hadde visstnok også egg i butikkhyllene. Igjen ser ein litt av det same i den siste sovjetstaten: https://www.firda.no/desse-varene-auka-mest-i-pris-i-fjor/s/5-15-1676035 Det er rett nok ein viss skilnad på 24% og 120%. Poenget mitt er uansett at det skal litt meir til enn mangel på egg og dyre tomatar for å slå fast at det går på ræva med økonomien i Russland. Så får vi håpe at dette berre er starten, og at det er symptom på større problem. Dersom opplysningane om straumbrot og bustadblokk-oppgangar som er dekka av is er representative er iallefall det ei lovande utvikling.
  19. Det vil alltid vere ei avveging å skilje mellom lovlege ytringar på den eine sida og aktivitet som er så skadeleg at ein er nøydd til å slå ned på den på den andre sida. Eksempel på det siste er hatytringar, truslar (i lovas forstand), planlegging eller oppfordring til terror og no altså påverknadsoperasjonar utført av framande land. Ein har tidlegare diskutert om ein burde forby brenning av heilage bøker på offentleg stad, noko som eg meiner bør vere mogeleg. Men då pleier eg å møte motbør frå folk som meiner at koranbrenningar er viktig på grunn av ytringsfridom. Kva dersom koranbrennarane er sponsa av f.eks. Russland? Endrar det på saka?
  20. https://www.bt.no/politikk/i/l3dx7M/peter-froelich-faar-aeresmedalje-av-zelenskyj
  21. https://www.nrk.no/nyheter/regjeringen-vil-gjore-pavirkningsoperasjoner-i-norge-straffbart-1.16713460
  22. https://www.nrk.no/urix/unge-velgere-kan-snu-taiwan-_-og-verden-_-litt-pa-hodet-1.16704764
×
×
  • Opprett ny...