Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 470
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Spørsmålet er: Endar skyttargravene og minefelta ved grensa? Eller har russarane førebudd seg på at ukrainarane kunne finne på å okkupere eit lite område for å falle russarane i ryggen? Eg håpar elles at @Brother Ursus dukkar opp att med nye bidrag etter ein velfortent ferie.
  2. Nrk-sak med liknande tema: https://www.nrk.no/rogaland/trond-harald-haland-ble-tvangsinnlagt-pa-sykehus-etter-heftig-facebook-posting-1.16523010
  3. Ukraina har som målsetjing å jage Russland ut av Ukraina. Spørsmålet er då om det kan vere enklare å gå via Russland og bak forsvarslinjene enn å stange mot forsvarslinjene slik dei har gjort i sommar. Men Russland er sikkert førebudde også på dette, så det blir nok ikkje enkelt uansett.
  4. https://www.nrk.no/urix/kim-kaller-forsok-pa-gjenforening-med-sor-korea-en-feil-_-varsler-forberedelser-pa-a-utslette-landet-1.16697114
  5. Det er elles ikkje berre Russland som blokkerer vedtak i sikkerheitsrådet. Det har vi sett i samband med ein annan krig. Resultatet er uansett at FN blir sett på sidelinja. Store deler av verda er nok meir opptekne av krigen på Gaza enn skjebnen til Ukraina eller Europa, og nokre titals drepne eller skadde i Ukraina er trass alt småtteri i forhold til tapstala ein ser på Gaza. Om USA fordømmer Russland vil dei bli sett på som hyklarar, og det med rette. Ein kan berre spekulere i kven som drog i trådane før terrorangrepet i Israel, men krigen på Gaza var på alle måtar kjærkommen for Putin og Russland. Og når det er sagt: Eg forstår kvifor ein ikkje ynskjer (permanent) våpenkvile på Gaza. Det er av same grunn som at ein ikkje ynskjer våpenkvile i Ukraina. Våpenkvile løyser ingen problem, men vil kunne tillate motstandaren å komme sterkare tilbake ein annan gong.
  6. Ein må vel også sjå på dette som ei uttale som fyrst og fremst har effekt innanrikspolitisk i Russland ved å skape ein illusjon om at Russland fører ein edel krig for å "beskytte" ukrainarane. Forresten er ikkje dette så ulikt den tyske/nazistiske propagandaen frå då Tyskland gjekk til krig mot Norge 9/4 1940. Offisielt heitte det at Tyskland kom for å "beskytte" Norge.
  7. Dette blir off topic, men butikkane her i Sunnfjord var faktisk tomme for egg her om dagen. Spørsmålet er om eggkrise i Russland er ei isolert hending, eller om det er ein indikasjon på større og alvorlegare økonomiske problem. Vi får håpe at det er det sistnemnde som er tilfelle.
  8. Det er ei oppmuntring for dei som kjempar ved fronten at presidenten er med dei og ikkje berre sit på eit beskytta kontor langt vekke frå krigen. Dette er også viktig for å halde på oppslutninga om både Zelenskyj og den harde linja der krigen må vinnast og russarane jagast ut av alle ukrainske område. Difor er dette kanskje spesielt viktig no når støtte frå Vesten uteblir og russarane atter ein gong er på frammarsj. Samstundes bør Zelenskyj vere forsiktig. Han er langt viktigare som levande president enn som ein martyr. Skulle han bli borte vil det også kunne oppstå intern strid om makta.
  9. Russifiseringa av Mariupol går sin gang: https://www.nrk.no/urix/xl/slik-blir-mariupol-russifisert-1.16632778
  10. Romania innførte vel flyforbodssone mot grensa til Ukraina for å hindre at sivile farty skulle kunne bli offer for russiske rakettar eller eventuelle forsøk på å skyte desse ned. Polen burde vel kunne gjere noko liknande. Elles held vel både radarar og Nato sine AWACS-fly oppsikt over kva som går føre seg langt inn i Ukraina og andre land i aust, så Polen burde vel vere informerte allereie før det russiske missilet kjem inn i polsk luftrom? Elles ville det jo vere fritt fram for Russland å bombe Polen før nokon rekk å reagere.
  11. https://www.nrk.no/norge/massive-luftangrep-mot-ukrainas-hovedstad-og-flere-andre-byer-1.16695415
  12. Er det kanskje noko i det han skriv?
  13. Kvifor sender russarane utstyr den lange vegen om Svartehavet og Krim til Adviika, i staden for direkte gjennom Russland?
  14. Om eg har forstått det rett er det fritt fram å ta vaksine, også for dei som ikkje blir anbefalt. Altså slik det alltid har vore når det gjeld influensavaksiner. Då er det opp til folk flest å vurdere nytte opp mot mogelege biverknader. Særleg unge bør vere forsiktige, men samstundes har eg inntrykk av at mange som får korona blir skikkeleg dårlege. Dermed vil vaksiner kunne ha ein viss nytteverdi ved å gje mild sjukdom og som ikkje varer så lenge som den elles ville ha gjort.
  15. Det er betre at ammunisjonen blir brukt til å forsvare Europa mot Russland enn til å øydeleggje sjukehus på Gaza. Eg må heilt ærleg seie at eg er lei konflikten i Midtausten for lenge sidan.
  16. God morgon. Det ser ut til at Ukraina har skote ned ikkje berre eitt, men to fly til. Dessutan har ein øydelagt rikeleg med stridsvogner, køyretøy, diverse utstyr, artilleri og litt luftvern.
  17. Skilnaden er vel at det eine gjeld fram til 1/1 2024, og det andre gjeld etter 1/1 2024.
  18. Dette ville ha vore oppsiktsvekkjande med tanke på treneringa og somlinga som har vore. Og Rutte skal ikkje ha gitt nokon tidsplan, tvert imot: https://www.theguardian.com/world/live/2023/dec/22/russia-ukraine-war-latest-news-updates Det er freistande å sitere Greta Thunberg: "Bla bla bla..."
×
×
  • Opprett ny...