-
Innlegg
9 470 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av torbjornen
-
Det må vel vere eit "men" her ein stad, sidan f.eks. Jehovas Vitner har mista statsstøtta?
- 132 svar
-
- 5
-
-
-
Litt bakgrunnsopplysning om kva nettstad ein har med å gjere i opningsinnlegget kan vere nyttig: https://no.m.wikipedia.org/wiki/Human_Rights_Service Eg har iallefall ein viss skepsis for "nyheiter" frå ein høgreradikal nettstad. Men om det er slik at ikkje ungdommar som er over den kriminelle lågalderen kan straffast for valdtekt eller drap meiner eg at noko er fundamentalt feil med rettssystemet. Det er heller ingen motsetnad mellom straff og rehabilitering. Det er fullt mogeleg å gje desse ungdommane både ei skikkeleg oppdraging og ei utdanning medan dei sonar straffa i eit fengsel. Er det born under den kriminelle lågalderen som gjer seg skuldige i grove lovbrot er det barnevernet som må ta seg av desse, og også det vil i dei fleste tilfelle opplevast som straff. Det er difor viktig at også slike saker blir skikkeleg etterforska i motsetnad til det ein har sett i Silje-saka frå Trondheim, der ting kan tyde på at tre uskuldige gutar blei stempla som barnemordarar, fekk øydelagd barndommen og er blitt merka for livet.
- 132 svar
-
- 6
-
-
-
Om kvinner eller born skal vere trygge mot overfall er det også mogeleg å gå saman to og to. Det same gjeld vel også menn, det er fullt mogeleg å bli slått ned eller rana på open gate. Og slikt burde sjølvsagt ikkje vere nødvendig.
- 132 svar
-
- 3
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Er det russisk utpressing og truslar om å avslutte fiskerisamarbeidet som gjer at ein aksepterer dette? Det er gale nok å logre med halen for Kina, men å sleppe til russiske "forskingsskip" i norske farvatn i den sikkerheitssituasjonen ein er i no er galskap. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Samanlikninga med USA og Finland er eit poeng, trass i at samanlikninga ikkje held fordi straumen med flyktningar er eit akutt problem påført av Russland med mål om å drive sabotasje. Men når det gjeld USA har måten det blir gjort på noko å seie. Det vil uansett vere eit spørsmål om kor mykje ein skal begrense innvandring. Det er naturleg at folk flyttar på seg, enten det er på grunn av forfølgjing, for å få ein betre jobb, ein cv med "internasjonal erfaring", stifte familie eller rett og slett å sleppe unna fattigdom og skaffe seg ei betre framtid. Ein vil aldri kunne stanse innvandring (eller utvandring) totalt om ein ikkje er totalitære statar som f.eks. Nord-Korea. Det som gjer USA litt spesielt er at landet er bygd på innvandring. Den opprinnelege befolkninga vart i stor grad forfølgd og utrydda. Det er f.eks. fleire amerikanarar med "norsk" blod i årane enn det er nordmenn i Norge. (Årsaka er at Norge for 100-150 år sidan hadde sterk befolkningsvekst, samstundes som land som Irland og Norge var blant dei fattigaste i Europa). -
Jeg vil søke på kredittkort men vet ikke om jeg har inntekt
torbjornen svarte på PipelinePunch sitt emne i Privatøkonomi
No kan det jo tenkjast at TS allereie har nok å bruke studielånet på, men om h?n ikkje har teke opp studielån er dette vanlegvis det fyrste lånet ein bør ta og det siste lånet ein bør kvitte seg med. Å kjøpe brukt er eit godt råd, og gjenbruk er også bra for miljøet. -
Jeg vil søke på kredittkort men vet ikke om jeg har inntekt
torbjornen svarte på PipelinePunch sitt emne i Privatøkonomi
Her i huset står det ein flatskjerm som eg fekk frå eit syskenbarn då skjermen vart "for liten" til å sjå fotballkampar frå Premier League. Den fungerer heilt fint til å sjå dagsrevyen, sjølv om skjermen er ein del år gammal. Det finst mange billege eller brukte mobiltelefonar som heilt sikkert kan brukast til både ringing, surfing, vipps og bankid. Eg har brukt ein Samsung Galaxy S4 kjøpt i 2014, og med LineageOS har eg kunne bruke både vipps og bankid fram til no. Men mobilen manglar tale over 4G, og måtte dermed uansett skiftast ut. Har no gått direkte til S23 Ultra (kjøpt under Black Week), og satsar på at den varer 10 år til. Hadde eg ikkje hatt ein buffer ville eg heilt sikkert greidd meg med ein billeg mobil i nokre år til. -
Jeg vil søke på kredittkort men vet ikke om jeg har inntekt
torbjornen svarte på PipelinePunch sitt emne i Privatøkonomi
Det er dyrt å vere fattig... Butikkane vil ha ein til å handle så raskt som mogeleg, "løp og kjøp", "siste sjanse" osv. Men om ein ventar er det ein ting som er sikkert, og det er at det kjem nye kampanjar frå butikkane. Har ein fyrst spart seg opp ein buffer har ein også mogelegheit til å slå til på gode kjøp utan å kaste vekk pengar på kredittkortrenter. -
Jeg vil søke på kredittkort men vet ikke om jeg har inntekt
torbjornen svarte på PipelinePunch sitt emne i Privatøkonomi
Å spare er eigentleg moro. Om trådstartar sparer jamnt og trutt vil h?n vere betre stilt enn foreldra, og vil ha færre bekymringar og kan slappe av når det dukkar opp uføresette utgifter som f.eks. når vaskemaskina ryk. Sparer ein lenge nok vil ein også lettare få lån til å kjøpe hus, og kanskje også med tid og stund bli økonomisk uavhengig. Skulle ein bli arbeidslaus eller ufør ein gong i framtida har ein litt å gå på. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg går ut frå at du meinte Krim. -
For din eigen del er nok brikka det tryggaste. Men for samfunnet i heilheit er app det som gjev færrast svindeltilfelle å handtere for banken. For min eigen del brukar eg BankID app utan biometri, dermed slepp eg å gje frå meg biometriske data til nokon.
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
https://www.dagbladet.no/nyheter/ma-betale-for-feilene-sine/80617414 Kritikk mot Zelenskyj og fallande popularitet er noko som ein ikkje har høyrt mykje om før. Det viktigaste er at ein greier å stå samla fram til krigen er over, men då kjem det nok ein debatt om Ukraina kunne ha vore betre førebudd på krigen, og kva som har vore bra eller kva som kunne ha vore gjort betre i sjølve krigen. Det som Klitsjko seier virkar såleis stort sett fornuftig. Zelenskyj trudde vel ikkje på informasjonen som kom om at russarane ville angripe, og dette hadde han til felles med mange av oss andre. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Artikkelen er bak betalingsmur. Vil dette seie at Ukraina-hjelpa ikkje blir redusert? Har denne pakken ein sjanse til å bli vedteken? Forresten fekk denne gamle Trump-videoen meg til å le: -
Har banken noe med hva jeg bruker pengene mine til?
torbjornen svarte på Tabby sitt emne i Privatøkonomi
Om banken er i tvil går eg ut frå at dei vil kontakte betalar og spørje kva betalinga gjeld. Om betalar har ei god forklaring vil banken akseptere denne. -
Jeg vil søke på kredittkort men vet ikke om jeg har inntekt
torbjornen svarte på PipelinePunch sitt emne i Privatøkonomi
På skulefritidsordninga vaska vi opp i vatn som var så varmt at ein berre såvidt greidde det med hanskar. Dette var midt på 1980-talet. Men det blir litt andre krav når det er eit utal born som kan ha både omgangssjuke, forkjølelse og andre ting. I eit vanleg hushald vil dette vanlegvis ikkje vere nødvendig.- 83 svar
-
- 1
-
-
Jeg vil søke på kredittkort men vet ikke om jeg har inntekt
torbjornen svarte på PipelinePunch sitt emne i Privatøkonomi
Tull! Om ein vaskar opp med ein viss temperatur blir det reint nok. Det er få eller ingen som har blitt sjuke av å ta oppvasken for hand, då er det nok eit større problem at immunforsvaret til mange i dag ikkje virkar som det skal fordi miljøet er altfor sterilt. Resultatet er at stadig fleire får problem med allergiar, astma, matintoleranse eller autoimmune sjukdommar.- 83 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Tilgjengeleg ja. Altså 40-50% meir enn det utstyret som var kampklart i utgangspunktet då krigen byrja. -
Jeg vil søke på kredittkort men vet ikke om jeg har inntekt
torbjornen svarte på PipelinePunch sitt emne i Privatøkonomi
Kjøp heller ein oppvaskkost og ei flaske Zalo, spar pengane i to månader og kjøp oppvaskmaskina då.- 83 svar
-
- 3
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Artikkelen inneheld fleire eksempel på folk frå Moskva som blir kidnappa. Byrjar det å minke på fangar, gjestearbeidarar og unge menn frå etniske minoritetar langt aust eller sør i Russland? -
Utan tvang kan det ende slik: https://www.nrk.no/innlandet/valdres-saken_-moren-dommes-til-tre-ars-fengsel-1.14669998
- 7 svar
-
- 1
-
-
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Eg håpar at eg kan stille eit spørsmål som er litt på sida av temaet: Ein republikanar er kasta ut av representanthuset. Vil det bli omval, eller vil huset halde fram med ein representant mindre? Redigert: Eg fann svaret sjølv - det blir omval i januar. Då håpar eg at den som vinn er demokrat. https://time.com/6341848/george-santos-seat-special-election/ -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Her håpar eg iallefall at Nrk tek grundig feil, det finst ting som er langt viktigare enn omdømmet til Nrk. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Aporopos flagg: Ein kunne også ha teikna eit ukrainsk flagg med davidstjerne på. Ukraina har all rett til å forsvare seg mot imperialist- og fasciststaten Russland, og eg kunne godt ha tenkt meg at noko av engasjementet i USA til støtte for Israel heller vart kanalisert til støtte for Ukraina. Krigen i Ukraina er i stor grad svart-kvitt, og er dessutan langt viktigare enn den evigvarande konflikten i Midtausten. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Håpet må vere at det ein gong oppstår ein snøball som veks seg stor for raskt til at den kan stansast. Ein såg under Wagner-opprøret at folk heller støtta Wagner enn regimet. Eit opprør er mogeleg, men ein har sett f.eks. i Iran kor vanskeleg det er å velte eit valdeleg regime. -
Russlands invasjon av Ukraina [Ny tråd, les førstepost]
torbjornen svarte i et emne i Politikk og samfunn
Det flagget der har eg ikkje sett før. Skal dette kanskje symbolisere at Palestina-engasjementet heller bør overførast til Ukraina? Det er i så fall noko som eg støttar fullt ut.