Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    9 471
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Dette ville ha vore oppsiktsvekkjande med tanke på treneringa og somlinga som har vore. Og Rutte skal ikkje ha gitt nokon tidsplan, tvert imot: https://www.theguardian.com/world/live/2023/dec/22/russia-ukraine-war-latest-news-updates Det er freistande å sitere Greta Thunberg: "Bla bla bla..."
  2. Feilpost. (Fekk ikkje med med at noko var før 1/1 2024 og det andre etter).
  3. Gjer dei dette med vitande vilje, eller er dei ikkje betre informerte? Det er tragisk at desse idiotane skal kunne påverke beslutningar om hjelpepakkar til Ukraina eller i det heile ha noko å seie i beslutningsprosessar i USA.
  4. Zalusjny har vel lenge vore den mest populære leiaren. Zelenskyj er politikar og samlar støtte til Ukraina. Zakusjnyj er fagmannen som styrer krigen. Dersom dei to leiarane ikkje skulle greie å leggje evt. ueinigheiter til side og stå saman ville sjølvsagt dette svekke Ukraina og tene Russland. Samstundes viser diskusjon rundt krigen at Ukraina praktiserer ytringsfridom. I den grad ein ser noko liknande i Russland er dette vanlegvis styrt for å gje eit inntrykk av at ein tolererer ulike meiningar. Dei som kritiserer sjølve krigen hamnar derimot i fengsel.
  5. Det beste ville vel vere "ja takk, begge deler". Men det vesentlege er at det blir gjort noko med det du skriv ovanfor.
  6. Det er mogeleg at eg formulerte meg klønete, men det er det siste spørsmålet eg håpar nokon kan svare på. Eg har fått eit inntrykk av at ho ikkje blir gitt så store sjansar. Stemmer dette?
  7. Ville Kamala Harris vere ein god presidentkandidat? Kvifor/kvifor ikkje?
  8. Erdogan og Orban har allereie demonstrert at dette ikkje er teori.
  9. Dette er ikkje mitt inntrykk, heller tvert imot. Særleg Russland bryr seg katten, enten det gjeld krigsfangar eller vanlege sivile. Slik ein har sett både i Mariupol, Butcha, Lyman og andre stader.
  10. Om vestlege land kvittar seg med atomvåpen vil autoritære land som Russland, Kina og Nord-Korea bli einerådande. Det ville då bli fritt fram for desse landa å angripe vestlege land med atomvåpen. Er det ynskjeleg?
  11. https://www.nrk.no/sport/jelena-valbe-og-tidligere-olympisk-mester-aleksandr-legkov-gar-inn-i-_putin-lag_-1.16682193
  12. Det spørst om politikarar og folk flest forstår alvoret før Russland går til angrep på eit NATO-land og 3. verdskrig er i gang.
  13. Å leggje ned atomkraft var ein stor feil. Det virkar som at mange politikarar framleis ikkje forstår- eller vil ta inn over seg at atomkraft er ein uunngåeleg del av det grøne skiftet. Vindkraft er for ustabilt, øydelegg natur og vil aldri kunne gje tilstrekkeleg kraft.
  14. Eit alternativ er å setje pengane i rentefond. Då kan ein setje inn og ta ut pengar når ein vil. Vanlege pengemarknadsfond svingar lite, men kan falle opp til 5% dersom det kjem store sjokk (pandemi, krig osv.) Høgrentefond gjev betre avkastning, men har ein risiko som minner meir om aksjefond. (F.eks. stupte desse 25% i mars 2020). Desse passar med andre ord ikkje så godt til kortsiktige investeringar.
  15. For at det ikkje skal vere nokon tvil om kva eg meinte: Hitler brukte tyskspråklege minoritetar som påskot for å skaffe seg "lebensraum". Putin har brukt den same taktikken i Ukraina. Og no er det Orban som brukar den ungarskspråklege minoriteten i Ukraina som brekkstang. Han reknar vel kanskje med å kunne forsyne seg av det som er att når russarane er ferdige og har teke det som dei er interesserte i?
  16. Det har vore mange tilfelle der folk blir lurt av Facebook-artiklar som lovar raske pengar, slik at kontoen blir hacka og artiklane spreidde vidare. Ein del folk er diverre lette å lure, og er ein fyrst skeptisk til styresmaktene og mottakeleg for alternative synspunkt er det fort gjort å gå fem på.
  17. Kva tenkjer du på no? Det er kanskje ikkje heilt utenkjeleg at nazisten Putin (som Orban ser ut til å etterlikne) kan hevde at norske samar blir diskriminerte, for deretter å komme med territorielle krav. (Det er jo samar i Russland). Eg trur likevel at det er meir sannsynleg at det er den russiske befolkninga i Kirkenes som vil bli brukt fyrst.
  18. https://www.nrk.no/nyheter/slar-alarm-om-rekordhoye-nivaer-av-metan-over-norge-1.16678579
  19. Høyrest ikkje dette kjent ut? Samstundes seier leiarane for den ungarskspråklege minoriteten dette: https://www.nrk.no/urix/ungarn-kan-blokkere-for-ukrainas-eu-forhandlinger-1.16677887
  20. Slik som straumselskapa altså. Der har det ofte vore slik at ein blir flytta over på ein dyrare avtale etter ei tid, samstundes som det dukkar opp ein ny Kvitfjell dot spot avtale, som ein må byte til for å få billegast pris.
  21. Det er interessant at både Kina og dei sentral-asiatiske landa stemte for resolusjonen som krev våpenkvile på Gaza. Kvifor er ikkje Kina "nøytrale" denne gongen, og kvifor kunne ikkje Kazhakhstan og dei andre sentralasiatiske landa ha brukt den same stemma til å fordømme Russland og krigen i Ukraina? Var dei sentralasiatiske landa redde for kva Putin kan finne på?
×
×
  • Opprett ny...