Eg har meir tru på handlekraft frå Erna Solberg og Guri Melby enn frå Støre for å seie det slik. Det var også Ap som stod for det brotne geværs politikk, og som ikkje mobiliserte før det var for seint då Tyskland gjekk til krig 9/4 1940. Eg er klar over at det er skilnad på sosialistar i 1940 og 2024, men likevel.
I Norge har vi fleirpartisystem der ein er vant til å samarbeide. Ein har stor grad av konsensus, og då særleg om utanrikspolitikk og forsvar. UK har elles i praksis eit topartisystem, og ein skulle då kanskje forvente sterkare politiske skiljelinjer, slik som i USA? Difor stiller eg spørsmålet.