Gå til innhold

torbjornen

Medlemmer
  • Innlegg

    10 298
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av torbjornen

  1. Det spørst om dette er så lurt. Ein burde heller ha brukt flagget til dei russiske rebellane, og sett russiske rebellar til å kontrollere område ein har vunne. Då Norge vart frigjort var det norske motstandsfolk som tok over kontrollen frå tyskarane.
  2. Er det verkeleg slik at hudfargen til ein drapsmann skal utløyse store demonstrasjonar og opptøyar? Dette blir for dumt.
  3. Det kan det sjølvsagt også vere.
  4. Eg har ikkje følgd så godt med på dette, men det ein ser er at politiet har gått ut og sagt heilt klart at dette er ein person som er fødd i Storbritannia, og at det har blitt spreidd falske nyheiter på sosiale media som seier noko anna. Altså er det ein ser ein klassisk påvirkningsoperasjon. Høgreekstreme krefter (som kan ha støtte frå Russland) har skapt- og utnyttar det som skjer, og så blir sikkert også ein del vanlege folk rivne med, opptrer som nyttige idiotar og er med på å lage kaos. Dermed er påverknadsoperasjonen vellukka. Det same gjeld også på motsett side, jf. palestinaaktivistane. Uansett er mangel på tillit i eit samfunn gift, men er derimot gull for krefter som vil undergrave landet. Kven som har utført desse drapa burde eigentleg vere irrelevant. Om det hadde vore ein kvit mann med berre britisk blod som stod bak, skulle ein då plutseleg byrje å demonstrere og/eller lynsje tilfeldige menn og kvinner ein trefte på gata?
  5. VG har derimot folk på jobb. https://www.vg.no/nyheter/utenriks/i/lwndAM/hevder-det-paagaar-kamper-paa-russisk-side-av-grensen-miniseier-for-ukraina
  6. Kva er det vi ser her? Er drona kapra av ukrainarar.
  7. Medan Ukraina sin operasjon i Kursk-området går sin gang har Nrk fokuset på dei "viktige" sakene: Og på Gaza har det blitt drepe så og så mange siste døgn. Normalen er det og det. Ikkje eitt ord om Kursk. Men eg kom over noko anna: https://www.nrk.no/urix/mali-og-niger-kutter-diplomatiske-band-med-ukraina-1.16991199 Kva som eigentleg skjedde i Mali virkar å vere uklart. Men at desse Russland-vennlege kupp-regima i Sahel-beltet bryt diplomatiske forbindelsar med Ukraina er vel uansett ikkje noko stor sak. Dei støttar Russland uansett. Og din fiende sin fiende er din venn.
  8. Og dersom ein då likevel skulle velje å gå til krig ville ein måtte mobilisere vanlege middelklassefolk frå Moskva og St. Petersburg som kanonføde i staden for fangar, minoritetar, innvandrarar eller utanlandske leigesoldatar.
  9. Det er kortare til Kharkhiv. Ein skal vel ikkje sjå vekk frå at denne heilt spesielle militære operasjonen kan gjere det lettare å få russarane ut derifrå.
  10. Og ikkje minst også ytre høgre. Det er ikkje usannsynleg at Russland har ein finger med i spelet når det gjeld høgreekstremistane som har snudd Storbritannia på hovudet i det siste.
  11. Er det rebellane som er på ferde igjen?
  12. Oslo-fokus var det iallefall nok av når det gjaldt vaksinering. Fyrst skulle ein vaksinere risikogruppene. Men så snudde ein tvert om og vaksinerte friske Oslo-folk langt nedover i aldersgruppene lenge før risikogruppene i distrikts-Norge var vaksinerte. Samstundes hevda ein at risikogruppene stort sett var vaksinerte, noko som ikkje stemte i det heile teke.
  13. Var dette før ein hadde bygd opp testkapasitet?
  14. Det positive med dette er at Russland blir stadig meir isolert.
  15. Det virkar som at russarane i større og større grad får smake sin eigen medisin.
  16. Så Ukraina har allereie fått danske F16 i tillegg til dei nederlandske?
  17. Grå fly merka med det ukrainske "gaffel"-emblemet (som eg ikkje hugsar kva symboliserte) i gult og blått er ikkje akkurat stygt å sjå på det heller. Det viktigaste er uansett ikkje korleis flya ser ut, men jobben dei skal gjere.
  18. Her burde også det tsjekkiske initiativet nemnast.
  19. Då har Nrk vakna. https://www.nrk.no/urix/ukraina-har-tatt-i-bruk-f-16-flyene-1.16988782 Artikkelen nemner litt om m.a.
  20. 4,7% av 1 000 000 blir 47 000. 4,7% av 500 000 blir halvparten. Edit: Beklagar at eg ikkje fanga opp at barfoo allereie har nemnt det same ovanfor.
  21. Er det ikkje slik at ein må betale tilbake skatt dersom ein tek pengane ut av BSU utan å bruke dei på bustad?
  22. Dersom dette stemmer er det oppsiktsvekkjande, sidan Tyskland heile tida har framstått som eit av dei landa som er mest redde for "eskalering". Samstundes har Storbritannia tidlegare stått fram som ein sterk støttespelar for Ukraina. Nærmar vi oss ei løysing der NATO-land aktivt går inn og deler på ansvaret for å drifte eit luftvernskjold over vestlege deler av Ukraina?
  23. We don't need no education...
  24. Det står vel Sveits på youtube-profilen hans. Om dette stemmer veit eg ikkje. Det spelar uansett inga rolle.
×
×
  • Opprett ny...