
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 840 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Det er heilt vanleg at den øvste leiaren har immunitet. Ein viktig grunn til dette er at det skal være mogleg å utøve myndigheit utan å heile tida bli stoppa av anklager om ulovlegheiter. Ein anna viktig grunn er at Staten må stå over lova for at vi ikkje skal få sirkelargumentasjon der lovbrytarar blir satt i fengsel og deretter blir påtalemyndigheita anklaga for friheitsberøving som også er ulovleg. For Norge sin del så gir det eit litt merkeleg utslag ettersom utøvinga av statsmakta ikkje lenger ligg til kongen som person. Sånn sett synes eg det er langt meir merkeleg at den amerikanske presidenten har benådningsfullmakt. At presidenten sjølv ikkje kan settast i fengsel blir litt slik som at kongen har immunitet, men at andre utan tilknytting til myndigheitsutøvinga skal kunne bli benåda av ein persons vilje er langt meir spesielt.
- 27 svar
-
- 1
-
-
Kan det være eit alternativ å tydeleggjere at dette er ei gåve ved at mora di gi dykk to ei mykje større pengegåve ein gong i staden for at dykk får eit stort pengebeløp på slutten av året kvart år? Sett utanifrå så virker det veldig som at det er betaling for arbeidet som har blitt utført dette året, og at det kan ligge ei gjensidig forventning om at dersom du gjer det same også komande år så vil du kunne forvente ei tilsvarande "gåve" også neste år. Gåver over 100 000 kr må du oppgi på skattemeldinga, men du skal fortsatt ikkje betale skatt av det du har fått i gåve, det er ei rein registreringsplikt for å kunne spore at pengane har eit lovleg opphav. Dersom din mor kunne gitt eit større beløp enten berre ein gong, eller med fleire års mellomrom så vil det være med å tydeleggjere at gåva ikkje fordrer at du utfører arbeid. Dersom det er ei reell gåve så skal det ikkje høyre med ei motyting. Så du skal stå heilt fritt til å slutte å hjelpe din mor utan at det i seg sjølv medfører at du neste år ikkje får "gåve". Ikkje at eg trur det er nokon fare for at du tek pengane og lar mora di klare seg utan hjelp, for som du seier så er det den naturlegaste ting å skulle hjelpe sin mor. Ved å gi eit større pengebeløp så vil din mor ta ein "risiko" på at ho ikkje nødvendigvis får noko tilbake i bytte mot gåva, det er nettopp dette som er definisjonen på ei gåve.
-
I kva samanheng søkes det etter menn? Slike stillingar er i all hovudsak i offentlege helseforetak og då vil det overraske meg sterkt dersom ein bryt diskrimineringslova ved å utelukke kvinnelege søkarar. I ei slik stilling så skal du eigentleg ikkje bruke makt, så det å være stor og sterk burde ikkje være eit kvalifikasjonskrav (men det er sjølvsagt alltid ein fordel i arbeidslivet og i livet forøvrig å være høg, sterk, smart og vakker). Kan det være at det ikkje søkes etter menn, men at menn oppfordres til å søke? På ein arbeidsplass der menn er sterkt underrepresentert så vil det etter diskrimineringslova være lov å oppfordre menn å søke. Dette er likevel mest vanleg å sjå brukt motsatt, altså at kvinner oppfordres til å søke på stillingar som er sterkt mannsdominerte. Sjølv om litt av jobbe i ei slik stilling vil være å kunne stå opp mot vanskelege og utagerande pasientar så skal du ikkje bruke fysisk makt, så eit krav om at du må være stor og sterk vil normalt ikkje være sakleg. Ofte vil små personar være godt egna til å ro ned situasjonar ettersom ein ved å ikkje framstå som ein fysisk trussel så er det lettare å roe ned personen utan at det ender opp med voldsbruk. Både dørvakter og politiet har gjort seg erfaringar om at vanskelege personar kan det være lettare å roe ned dersom den som prater ikkje sjølv er stor og "skummel". Ein bør likevel ha ein som er stor og sterk i bakgrunnen for å handtere situasjonen om pratinga ikkje fungerer. I slike yrker er det ofte veldig effektiv å jobbe i tospann der begge oppfyller litt ulike roller. Det som kan være sakleg er at du må være i fysisk stand til å unngå at du kjem til skade. Ein måte å kompansere for manglande fysiske størrelse er å være i god fysisk form og kanskje også trent i sjølvforsvarsteknikkar. Dette skal uansett ikkje være det viktigate kravet, slike stillingar er normalt eit helsefagleg stilling der det er helsekompetansen som er det vikitge, ikkje din evne til å utøve vold.
- 3 svar
-
- 2
-
-
Konsulent med mulighet til fast jobb, men må betale pendling selv
The Avatar svarte på Mephisto- sitt emne i Jobb og karriere
Her står du fritt til å inngå avtale. Ei personleg avtale vil overstyre kollektive avtalar, så sjølv om HR har føringar på 3 dagar i veka på kontoret så er ikkje det til hinder for at du kan gjere anna avtale som ei personleg ordning. Det er derimot ikkje sikkert at HR vil akseptere ei slik avtale, for dersom du får unntak frå føringa så vil det sikkert være mange andre som også vil ha avtale om unntak. På dette området står du friare som innleigd konsulent ettersom det ikkje gir føring for kva dei faste tilsette kan kreve. Det fyrste eg tenker er at dette kan løysast ved å kalkulere inn kostnadane i lønna. Om det koster 15 000 i reisekostnadar, og dette er kostnadar du får kvar veke så er nok likevel beløpet så stort at det er urealistisk å tenke at du skal få til ei avtale om å få omtrent ei heil årslønn på toppen av den vanlege lønna. Då skal du være særdeles ettertrakta. Normalt sett er pendlekostnadar noko som arbeidsgivar ikkje treng å tenke på. Dei fleste som har 7-8 timar reiseveg til jobben løyser dette ved å flytte nærmare jobben. Nokre få tek også på seg kostnaden sjølv, men då er det oftast fordi det er snakk om viktig arbeidserfaring som seinare opner for nye jobbmoglegheiter der ein kan tene inn igjen tapet. Slik som eg ser det så er det berre to realistiske løysingar. Enten at du flyttar for å ikkje ha så lang pendlarveg, eller at du får avtale om at du likevel får jobbe frå ekstern lokalitet, enten det er heimekontor eller at arbeidsgjevar leigar eit kontorlokale i ditt område slik at du får ein anna plass som du kan ha som din lokale oppmøteplass. -
Det er lov å gi bort gåver, og det er lov å betale lønn for utført arbeid. Men ein kan ikkje kalle lønnsutbetaling for ei gåve om det ikkje er det. Ei gåve er ikkje ei gåve om det i realiteten er knytt forventing om motyting, om gåva berre blir gitt til dei av slektningane som assisterer med daglege gjeremål så er det vanskeleg å hevde at dette er to heilt separate forhold. Her handlar det fyrst om denne gåva er ei reell gåve eller om det er ei godtgjering kamuflert som ei gåve. Og sekundært så handlar det om korleis det ser ut dersom Skatteetaten kjem for å stille spørsmål. Slik som du legg det fram så kjem du nok ikkje unna at Skatteetaten vil rekne dette som inntekt. Når du har utført ein jobb, og så synes den du har jobba for at du fortener å få pengar for jobben, så høyres det veldig ut som ein betalt jobb. Du må då eventuelt bevise at dette er ein jobb du gjer heilt utan forventning om å få ei "gåve" etterpå. Som nemnt så kan du motta inntill 6000 kr i året per arbeidsgjevar utan å skatte av inntekta så lenge det er snakk om småarbeid i arbeidsgivarens heim. Skatteetaten viser til eksempel som hagearbeid og reinhald. Strengt tatt er nok då arbeid som å dra på butikken eller ta med mora di til optikaren ikkje å rekne som arbeid i arbeidstakarens heim, men sett utifrå formålet så vil eg tru det skal gå greit så lenge du ikkje spesifiserer at det er lønn for småarbeid utanfor heimen. Dersom det er snakk om summar som klart overgår denne 6000 kroners grensa, som i tillegg berre går til dei slektningane som utfører arbeid for din mor, så er det vanskeleg å påstå at dette er ei gåve. I denne situasjonen så er det heller ikkje snakk om ei gåveutveksling, du gir ingenting tilbake anna enn den jobben du utfører.
- 26 svar
-
- 1
-
-
Vil tru at statistikken lyg litt. Dette er eit spel som eg trur mange vil vente med å kjøpe til det kjem på tilbod. Det ser ut til å være omtrent 16 timars speletid, mykje av dette som cut scenes. Slike spel brukar ofte å ha avgrensa med gjenspelingsverdi, dette er nok eit typisk spel som folk kjøper på 50% rabatt og speler gjennom ein gong. Det er nok uheldig at dette spelet kjem til å få mykje tyn på grunn av politiserte meiningar frå folk som i beste fall berre har sett traileren. Altså litt som at mesteparten av kritikken mot "The Last of Us 2" kom frå folk som antok handling basert på lekkasjer om handlinga. Eg har full forståing for at politisert underhaldning ikkje er for alle, og her blir det nok vanskeleg å finne anmeldingar ein kan stole på. Likevel er eg spent på korleis dette spelet løyser representasjons-spørsmålet. Basert på det som står i artikkelen om at handlinga omhandlar ei gruppe med utskot med overnatrulege krefter så er det godt mogleg at spelskaparane har klart å få til ein brei representasjon som også gir meining i speluniverset. Det kritikarane vanlegvis reagerer på er når representasjonen går på bekostning av det som gir meining i historia. Til dømes finnes det mange gode kvinnelege action heltar, men dei er typisk best når heile historia er tilpassa ei kvinne og ikkje at ein berre har re-casta ei rolle som var tiltenkt Dwayne "the rock" Johnson som skulle kaste rundt på 'bad guys' som om dei var filledukker, og så gir dei rollen til Bella Ramsey som ikkje på truverdig måte kan sloss på same måte utan å bli gitt overnaturlege evner.
- 194 svar
-
- 1
-
-
Er det verkeleg formykje forlangt å be om å få sjå skjermbilder som viser gameplay med brukergrensesnittet? Du veit, det du kjem til å bruke 99% av speletida på å stirre på. Det er eit skjermbilde som viser at kartet er delt inn i heksagon (som ikkje er veldig overraskande), men bortsett frå det så var det berre filmsekvenser og animerte bevegelsar som dei fleste spelarane kjem til å slå av rimeleg fort for at ei 8 timars runde med Civilization ikkje skal ta 4 døgn.
- 17 svar
-
- 1
-
-
Ofte er det et spor på innsiden for stort flatt skrujern.
-
Om det er same dimensjon så er det berre å skru ut. Kan være greitt å snakke med styret (eller ikkje gjere det) før montering få dettr kan ha betydning for brannklassifisering på døra.
-
Privat studie krever full betaling ved avbrudd før oppstart
The Avatar svarte på StineR sitt emne i Juss
Det å "møtes på midten" virker også å være et rart utgangspunkt. Dersom dei meiner at det føreligg ei gyldig avtale som ikkje kan seiast opp, så burde det vel også følge at at dei har rett til å få få dekt sine tapte forteneste. Så ville vel ha rekna med at eit kompromiss i ei slik sak er at kursholder får dekt sitt tap ved at studenten melder seg av, og at studenten slepp å betale for utgifter som kursholder ikkje har.- 52 svar
-
- 2
-
-
Kunne du blitt sammen med en uføretrygdet?
The Avatar svarte i et emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
I følge trådstarter blir det gamimg fordi du stirrer på ein skjerm. Akkurat som at å bruke fire timar om dagen på "sosiale" media er så mykje meir produktivt.- 386 svar
-
- 2
-
-
-
Kunne du blitt sammen med en uføretrygdet?
The Avatar svarte i et emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Dette er jo utelukkande fordi du har fordommen om at speling er det same som som barneleik. Å samanlikne alle spel med lego er som å samanlikne shopping med å kle opp Barbie dukker.- 386 svar
-
- 2
-
-
Kunne du blitt sammen med en uføretrygdet?
The Avatar svarte i et emne i Kjærlighet, relasjoner og dating
Du fyller inn usikkerheitene med antakingar. Å være ufør kan være så mangt, samtidig er kanskje ikkje sjukdomshistorikk det ein legg ut om på fyrste date. Om dette er noko for deg kjem heilt ann på kva du vil ha ut av eit forhold. Om det du vil ha er ein å dele bustadlånet med så er nok ein uføretrygda det du leitar etter, men vedkommamde kan ha mange andre gode kvalitetar sjølv om vedkommande ikkje er i stand til å reise på jobb kvar morgon. -
Vanlegaste grunnen til at du ikkje får kontakt med telefonen er at den er avslått eller at den er lagt i ein pose som blokkerer radiosignal. På kva måte mista du telefonen? Ein eldre telefon med liten verdi er ikkje spesielt attraktiv som tjuvgods, og ettersom du var på byen så er det nok langt meir sannsynleg at du har mista telefonen og/eller at ein full person har plukka den med seg i tru at det var deira eigen telefon eller på pur faen som ei impulushandling. I så tilfelle er det mest truleg at telefonen har blitt kasta i søppelet eller lagt i ei roteskuff med skrot dagen derpå utan at det føreligg onde hensikter eller kompetanse til å gjere noko med telefonen. Har du sendt kommando om låsing/sletting så vil telefonen bli låst om telefonen mottek nettverkstilgang. Det er sjølvsagt ingenting som er 100% sikkert. Har telefonen blitt stjelt av kinesiske spionar så klarer dei å omgå krypteringa om dei legg nok tid og ressursar i arbeidet. Vanlege amatører har ikkje slik kompetanse og ressursar. Og igjen, ein eldre telefon vil det ikkje være verdt å bruke tid på å prøve å låse opp. Det er nok ikkje ein stor fare for at dine personlege data har blitt lasta ned og delt på det mørke nettet, i alle fall om du ikkje er ein person som truleg har mykje spennande lagra på telefonen slik som topp-politikarar og kjendisar kanskje har. Det er likevel fornuftig å bytte passord så raskt som mogleg. Største faren for at data kan kome på avvege er eigentleg om telefonen vart stjelt rett etter at du brukte den slik at den fortsatt er opplåst, for ein tjuv som då held telefonen aktiv så lenge batteriet varer så vil ein med ein opplåst telefon kunne gå inn på appar og tenester der du er innlogga frå før. Ein tjuv som har tatt ein ulåst telefon kan potensielt klare å låse deg ut frå andre innloggingstenester ved å bestille nytt passord og få det sendt på SMS eller epost som tjuven då har tilgang til i form av ein opplåst telefon der du alt er innlogga på eposten.
-
Nei. Havne- og farvannsloven med mine uthevingar. Losen gir rettleiing skipsfører og/eller navigatør men tek ikkje over ansvaret. At Losen ikkje tek over ansvaret som skipsføraren har er understreka i neste paragraf. Og igjen presisert under paragrafen om Losens plikter, at losen skal rettleie skipsføraren. Losen er ein rådgivar. Ordninga er eigentleg heilt lik på land. Dersom du som bilførar skal rygge til dømes med tilhengar slik at du har dårleg oversikt så skal du få nokon til å dirigere deg slik at rygginga kan foregå på ein trygg måte. Men det er fortsatt du som bilførar som har alt ansvar for køyringa. Dirigenten kan rope og vifte så mykje han eller ho berre vil, men om du som bilførar ikkje trykker på bremsen så er det din feil. Nytter ikkje å skulde på fotgjengaren då.
- 117 svar
-
- 7
-
-
-
Kanskje ikkje isolert sett, men i denne situasjonen var det alt for høg hastigheit når det var mørkt og smalt. Det at HI var eit krigsskip tilseier også at ulykka burde være mogleg å unngå til tross for feil lanternebruk, ein segler ikkje mot lyskjelder utan å ha kontroll på fart og avstand. Eit krigsskip skal ikkje vere avhengig av å segle visuelt basert på lanternebruk når brua er fyllt med teknisk utstyr for å kunne segle under dårlege siktforhold. Dersom sjøforsvaret er avhengige av at fienden har tendte lanterner for å ikkje kollidere så er vi ille ute. Om eg ikkje huskar feil så seilte også HI mørklagt, noko som ytterlegare tilseier at HI har eit ansvar for å unngå ulykker ettersom andre sjøfarande ikkje lett kan sjå og unngå HI.
- 117 svar
-
- 5
-
-
Eg kan være med på at vaktsjefen har blitt ofra som skuldebukk. Sjølv om han reint objektivt har ansvaret så var vaktskiftet få minutt før openbart så mangelfult at vaktsjefen i realiteten ikkje hadde moglegheit til å skaffe seg ei tilstrekkeleg situasjonsforståing under fart. Men det er heilt klart sjøforsvaret som foretak som burde ta mesteparten av skulda. Det framstår som openbart at Sjøforsvaret ikkje har godt nok fokus på sikkerheita når ein legg opp til å halde ei slik fart i slike farvatn, på natta, og etter ei større militærøving.
- 117 svar
-
- 4
-
-
-
Overvåkninskamera - Hva trenger jeg?
The Avatar svarte på torbjornhb sitt emne i Hus, hage og oppussing
Spørsmålet er kva behov ein har. Eg er einig i at å betale 500 kr i måneden for abonnement med Verisure eller Securitas nok ikkje er verdt det for dei aller fleste. Men det å betale for at det kjem ein vekter å sjekker opp vil sjølvsagt være veldig fornuftig dersom ein er mykje bortreist og ikkje har vennar eller familie i nærheita som kan sjekke for deg. Det andre spørsmålet er kor stort sikkerheitsnivå som er ønskeleg. Ein ulempe med kamera som lagrer til SD-kort er at eventuelle innbruddstjuvar kan ta med seg opptaket etter eit raid, men det er ikkje sikkert det treng å være så stor bekymring. -
Eg ville nemnt det dersom denne matlukta er noko som kan opplevast som plagsomt, men du treng ikkje å overdrive heller. Eg tenker at TG2-merknaden er for vag til å kunne reknast som dekkande for lukt frå naboen. Dårleg ventilasjon vil vanlegvis forståast som ei svakheit som berre gjelde inne i den aktuelle leilegheita. Det avgjerande spørsmålet om dette vil utgjere ein manglande/uriktig opplysning om eigedommen. Dersom opplysningane om matlukt kunne ha påvirka kjøpsavtalen, herunder prisen, så kan kjøparen hevde at dette er ein mangel ved eigedommen. Ein slik mangel pliktar då selgaren å rette, gi prisavslag, eller i alvorlege tilfeller kan gi grunnlag for å heve heile kjøpsavtalen. Ved å ha gitt opplysningar om at det kan kome matlukt frå naboen så kan ikkje kjøparen pårope dette som ein mangel. Det er då sjølvsagt ein fordel at slik informasjon er gitt skriftleg slik at du kan dokumentere at informasjonen er gitt. Den enkle tommelfingerregelen er dersom du trur at dette er forhold som har betydning for verdien av eigedommen så er det også forhold som du er plikt til å opplyse om. Dersom dette er heilt bakatellmessige forhold så treng du ikkje å opplyse om det. Min umiddelbare tanke er uansett at det å av og til (ikkje alltid) kjenne matlukt frå naboen kjem litt i same kategori som at du av og til kan høyre at naboen har fest. Det er heilt normalt og pårekneleg at du merker at du har naboar når du bur tett på andre, samtidig så vil til dømes hyppig festbråk frå naboen kunne danne grunnlag for å påberope seg at det føreligg ein mangel på grunn av manglande eller feilaktige opplysningar frå selgar.
-
Er vi nærmest maktesløse mot politivold i Norge?
The Avatar svarte på Lyncs sitt emne i Politikk og samfunn
Eg er heilt einig i at det er ei problemstilling, samtidig så vil mobilbruk under køyring i praksis bli lovleg om det berre er tekniske bevis som kan brukast. Om telefonen har vært brukt til å ringe eller sende tekstmelding under køyring så kan det bevisast utifrå teleloggen, bruk av internett kan nok også lesast ut frå teleselskapet men vil nok ha dårlegare bevisverdi sidan det ikkje nødvendigvis er så lett å skille mellom dataforbruk som bilføraren har aktivt nytta seg av og datatrafikk som telefonen automatisk brukar i bakgrunnen. Skal ein ha veldig strenge beviskrav i slike saker så må nok også straffenivået auke tilsvarande for at straffa skal være avskrekkande til tross for mikroskopisk sjanse for å bli tatt. Det som likevel burde endrast umiddelbart er ordninga med førarkortbeslag på staden. I dag følgjer ikkje førarretten det fysiske plastkortet så der politiet før måtte ta frå deg førarkortet ved kontrollstaden for å ikkje trenge å oppsøke bilføraren heime eller på jobb for å hente sertifikatet seinare, så blir i dag førarretten deaktivert i registeret i staden for. Politiet bør sjølsagt kunne ta frå deg førarkortet på staden i openbare tilfeller som ved fyllekøyring der du sjølvsagt ikkje skal få køyre vidare etter å ha fått bota, men får du for mange prikkar, bryt vikeplikta, køyrer for fort, osv så er det liten grunn til å tru at bilføraren kjem til å gjere nøyaktige det same lovbrotet 2 minutt seinare om vedkommande får lov til å køyre frå staden. Straffa med bot og førarkortbeslag blir jo nøyaktig den same om dette skjer ei veke seinare etter at politijuristen har fått sjå på saka. Den einaste forskjellen er at rettssikkerheita blir betre ivaretatt ved at det ikkje er utelukkande opp til kva som var politibetjentens inntrykk av situasjonen. (Strengt tatt vil eg argumentere at du lærer meir dersom du mister sertifikatet på grunn av høg fart og deretter må sette deg i bilen og køyre vidare med ei dyrekjøpt erfaring. Eg er heilt sikker på at dei komande dagane er ein då veldig nøye på å følgje med på både speedometer og trafikkskilt. Om du ikkje får praktisere bilkøyring det neste halve året så kan ein risikere at mykje av det som burde være god erfaringslæring blir gløymt før du får sette deg bak rattet igjen). Sjølv om det å ha førarkort ikkje er ei rettigheit så vil det opplevast som ei straff å være midlertidig utan førarkort i tre veker i påvente av at trafikksaka mot deg blir henlagt. Ikkje får kreve erstatta dine meirutgifter som følger etter ved at du må bruke taxi eller alternative transportmiddel som tek lengre tid. -
Varene som blir solgt til rabattert pris er ikkje utgått på dato, det som blir solgt er mat som snart går ut på dato. Rå matvarer kan du bearbeide heime ved varmebehandling for å auke holdbarheita, matvarer som alt har blitt bearbeida bør etast opp i løpet av siste forbruksdag. Alt som er merka best før kan etast lenge etter datoen, einaste forskjellen er at det ikkje nødvendigvis smaker nøyaktig som eit ferskt produkt. Biff, ost og liknande kan heilt fint lagrast og modnast til langt over datoen. Uansett, med 300 kr per dag i matbudsjett så treng du ikkje å nytte deg av gode tilbud. Bruker du 30 kr på eit godt brød og 70 kr på flott pålegg så har du mat til frokost, lunsj og kvelds. Dei siste 200 kronene av dagsbudsjettet kan du bruke til å kjøpe middag på ein restaurant.
- 34 svar
-
- 1
-
-
Off-topic. Slike ting er sjølvsagt heilt uproblematisk fram til den dagen det blir eit problem. Adressefastsetting følgjer eit system som enkelt forklart går ut på at gateadressa skal være den gata inngangsdøra vender ut mot. Dersom inngangen som gir adgang til blokka i realiteten ligg i nabogata så vil det gjere det vanskelegare for folk å finne både blokka og inngangen, noko som kan utgjere alt frå små problem som at bodbilen ikkje finn postkassene slik at bebuarane må sjølv dra til postkontoret for å hente pakken, til langt større problem med at ambulansen står i feil gate og ikkje kjem seg inn til den som treng hjelp i ei av leilegheitene, som på tilsvarande måte også er nummererte etter eit logisk system som gjer at ein ikkje treng å banke på alle dørene for å finne rett leilegheit. Heile poenget med å ha eit adressesystem er at det skal være logisk og forutsigbart, som blant anna at alle bygg med partalsadresse er å finne på eine sida av gata, og alle husa med oddetal er på motsatt side. Ein kan sjølvsagt alltids diskutere i kor stor grad det er nødvendig å rette opp i gamle feil, men heilt vekkasta er det ikkje å gjere besøkande i stand til å finne fram. Tilbake til On-Topic. Det er dette som er problemet med å kartlegge alle unødvendige jobbar. Det er ikkje alle jobbane som er like openbart nødvendige, men det vil likevel merkast dersom jobben ikkje blir utført.
- 57 svar
-
- 1
-
-
Er vi nærmest maktesløse mot politivold i Norge?
The Avatar svarte på Lyncs sitt emne i Politikk og samfunn
Det som er vanskeleg er at talet på anmeldt politivold treng ikkje å ha samanheng med talet på faktisk politivold. Politiet er naturlegvis svært utsatt for både direkte falske voldsanmeldingar for å forsøke å redusere kredibiliteten til politiet som seinare skal vitne mot den som er arrestert, til anmeldingar av voldsbruk som er objektivt innafor det som er lovleg sjølv om den som har blitt handtert av politiet ikkje har same opplevinga. Det sagt så kan vi også store mørketal andre vegen, veldig ofte så har den som er i kontakt med politiet liten til ingen moglegheit til å få dokumentert kva politiet gjer. Som i politivoldsaka i Kongsberg så var det videoovervåkinga på bensinstasjonen som gjorde det mogleg å reise sak mot politiet. Utan disse bilda så ville det ikkje vært bevis mot politiet sidan mobilvideoen vart sletta og blåmerka vart bortforklart med å anmelde dei to kompisane for vold mot tenestemann slik at voldsbruken framtsod som legitim. Ei løysing kan være bodycam, men det har også sine ulemper. Fyrst og fremst ved at politiet kan slå av kameraet om dei ikkje ynskjer å dokumetere kva dei gjer, men også fordi at opptak frå politiets synspunkt har svakheiter, som til dømes at det i opptaket vil høyres godt kva politiet har sagt/ropt sjølv om den mistenkte ikkje nødvendigvis oppfatta det på 10 meters avstand, og motsatt så vil ofte det som den mistenkte seier ikkje bli godt fanga på film. Vi får dermed eit videopptak som ikkje nødvendigvis gir eit nøytralt inntrykk av situasjonen. Alt i alt så er eg einig i at politivold nok ikkje er ei stor utfordring i Norge. Vi har relativt få saker, mykje på grunn av at det norske politiet har god opplæring. Sånn sett er det nok ei mykje større utfordring at det er for få politiressursar. Dette gir sitt utslag både i henlagte saker, men det kan også potensielt føre til at politiet må bruke meir vold når ein skal få kontroll på ein person med berre ein eller to politibetjentar. Dette var også ein del av det som vart kritisert i Kongsbergsaken. Dei fire politibetjentane burde kunne få kontroll på denne eine personen utan bruk av vold eller med lite vold. Hadde den voldsdømte politimannen vært åleine utan kollegaer til stades så kan det kanskje være at voldsbruken hadde vært lovleg og akseptabel ettersom politimannen måtte få kontroll på den mistenkte av omsyn til eiga sikkerheit, men fire stykk med alt mogleg av utstyr burde klare å bryte ned ein mistenkt person, og det burde i alle fall ikkje være nødvendig med meir enn eit par slag med batongen for å få han ned i kneståande sjølv om han hadde vært aggresiv. -
Sveits er eit høgkostland og ligg godt over norsk prisnivå. Her er ei oversikt over matvareprisar i ulike land. https://www.numbeo.com/cost-of-living/rankings_by_country.jsp?title=2024-mid&displayColumn=3 Topp 3 dyre land er Sveits, Island og Hong Kong. Norge er rangert på 7 plass, Frankrike på 13 og Italia heilt nede på 27 plass. I denne statistikken er alle prisane vekta opp mot prisnivået i New York, ein score på 100 betyr at prisnivået er likt som i New York. Det er likevel ikkje alltid heilt beint fram å samanlikne matvareprisane, for det er også eit spørsmål om prisnivå sett opp mot inntektsnivå, og sjølv om denne indeksen har prøvd å ta omsyn til inntekt og husleigeprisane i dei ulike landa så blir det ikkje heilt lik samanlikning. Ein stor X faktor når ein ser på matvareprisar er også kvaliteten på matvarene. I Norge har vi særdeles høge kvalitetskrav på matvarer, både når det gjeld matvaresikkerheit der e.coli og salmonella er nesten heilt fråværande, men også når det gjeld kva grønsaker som er pene nok til å kunne selgast i butikk. Dette enorme fokuset på matvaresikkerheit bidreg sjølvsagt også til at maten blir dyrare enn den kunne vært om vi ikkje hadde like strenge reglar og normer for matvareproduksjon. Eg trur også at dei norske matvareprisane du oppgir ikkje er heilt representative. Eg trur ikkje du klarer å oppdrive egg til under 40 kr/kg i dag. Skal du kjøpe 1 kg med ost så må du nok opp i 110 kr for kiloen, brød kostar vanlegvis rundt 30 kr, billigbrød ned mot 20 kr, brød til 10 kr har eg ikkje sett på lenge. Dei prisane du oppgir er kanskje mogleg å oppnå når du er veldig prisbevist og hamstrer opp når det er tilbod, men det er ikkje prisnivået du kan rekne med å finne på ein tilfeldig dagligvarebutikk.
- 2 svar
-
- 1
-
-
Anmeldelse: Borderlands
The Avatar svarte på Spillredaksjonen sitt emne i Diskutér artikler (Gamer.no)
Eg har ikkje sett filmen, men basert på det som eg har sett av trailere og anmeldelser så har eg vanskeleg for å tru at filmen er så dårleg som enkelte skal ha det til. Eg har blant anna sett klaging på at spesialeffektene er dårlege, og her kan det være at det er traileren som har berre dei beste scenene men eg ser ingenting i CGI-grafikken som er heilt på tryne. Her skal eg ta eit lite atterhald på ettersom dette er ein film basert på spela så har eg nok grafiske forventningar på dataspelnivå og ikkje på fotorealisme nivå. Eg synes også at det ser ut til at miljø og kostymer er veldig likt som i spela, eg vart nesten imponert over kor likt spelet dei har klart å lage kostymer og miljø. Eg forstår likevel at manus og historia er nok ikkje mykje å rope hurra for, men samtidig så synes eg det virker openbart at dette er meint som ein popcorn-film med mykje action og lite handling. På dette aspektet så trur eg kanskje ulike spelarar har ulike forventningar. Enkelte har nok kosa seg med Borderland spela som reine skytespel fulle av action, medan andre har latt seg engasjere meir av historien og er nok kanskje litt skuffa over at filmen ikkje har gått djupare ned i historiedelen av spela.- 16 svar
-
- 2
-