Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 832
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det kan være, men det kan også være eit heilt vanleg panikkanfall som vanlegvis heil ufarleg fysisk sett men som kan være ganske så lammande likevel. Det kan til og med være ein kombinasjon av fleire ting.
  2. I likheit med spørsmålet om kor langt er eit tau så kan også PTSD kome i mange variantar. I ytterste konsekvens kan også PTSD være dødeleg, både indirekte ved at ein er meir utsatt for sjølvmord eller ved at ein gjer ufrivillige handlingar som å flykte ut i trafikken. Men det kan også være livstruande heilt direkte ved at ein får ein så kraftig panikkreaksjon at ein får pusteproblem. For dei fleste så er det mest problematiske med PTSD at ein slit med søvn på grunn av mareritt, ein blit slått ut av flashback som kan inntre på uønska tidspunkt, og at ein generelt går rundt med nervane i høgspenn.
  3. Det er fortsatt vanleg men det er eit tilbod som ikkje alltid blir annonsert særleg mykje. Dei fleste stadar må du ta kontakt med hotellet for å bestille. Ser at Grand Hotell i Oslo annonserer at det koster 450 kr pr. pers å kjøpe frokost i Grand Café om du ikkje har overnatta. På hotell Britannia i Trondheim koster det 495 kr for voksne og 210 kr for barn å kjøpe hotellfrokost i Palmehaven. Dette er så vidt eg veit dei fyraste og sværaste hotellfrokostar som ein kan få i Norge. Ein får også kjøpt billegare hotellfrokostar, ser at mange Thon hotell selg hotellfrokost for 249 kr pr. pers. (prisen varierer litt frå hotell til hotell).
  4. Som mykje anna så koker det nok ned til økonomi, og at ein ikkje ønsker å bruke opp tilgjengelege nummer. Det kostar litt med eit slikt spesialnummer som er gratis å ringe, men største kostnaden er nok bemanningsmessig, giftinformasjonen har rundt 20 tilsette, og utan at eg har detaljert informasjon om de så vil eg tru at vakttelefonen er bekjent av 1, maks 2 personar til ei kvar tid. Dette er nok tilstrekkeleg i normalsituasjonar men det er nok for sårbart om giftinformasjonen skal fungere som ein nødsentral for heile landet. Eg rekner med at for giftinformasjonen så er det tenkt at dette ikkje er eit nummer som er så akutt at det er nødvendig å huske på det, og at i dei tilfella det er snakk om akutt forgifting så skal ein heller bruke 116 117 til legevakta, eller direkte til 113 alt etter kor akutt situasjonen er. I den grad helsepersonell treng å rådføre seg med giftinformasjonen så er det nok heilt akseptabelt å ringe eit 8-siffra nummer som nok uansett er lagra som hurtigtast. I tillegg er nok hovudtyngda av telefonar som giftinformasjonsssentralen meir generell rådgiving, som i tilfellet til trådstarter der ein vil ha bistand til å vurdere for det fyrste om ein har fått i seg gift, og kva som er anbefalt behandling. I Norge har vi fire nødnummer: 110, 112, 113, og 1412 som er nødnummeret for hørselshemmede (krever førehandsregistrering). Vi har også eit "nødnummer" for bruk til sjøs, Dette nummeret har ikkje status som nødnummer. Men du kan likevel ringe 120 for å kome til kystradioen, som eit telefonisk alternativ til kanal 16 på VHF. Telefonnummer 120 koplar deg til nærmaste kystradio og kan også brukast til andre ting enn berre nødmeldingar, som til dømes opplysningar om været. Reint praktisk så er det slik at dersom du er i havsnød så kan du likegjerne ringe 112. Det er heller ikkje alle tresifra telefonnummer som er brukandes, til dømes er nummera 102, 103, 111, 114, 118 og 123 blokkerte fordi det kan føre til feilanrop av dei som prøver å nå ein av nødetatane. (eg meiner på at nokre av disse nummera blir automatisk vidarekopla til 112 om du prøver å ringe til dei). Det sagt så har vi nummer i nærheita som er ledige til bruk: 100, 101, 104-109, 115, 117, 121-122, 125-126, 127, 129, 134-140, 144, 146, 170 ,176 og 178-179. Fordi vanlege åttesifra telefonnummer startar med nr. 20 00 00 00 og oppover så er dei einaste tresifra nødnummara som kan brukast i serien 100-115, 117-179, og 190-199. Nummeret 116 kan ikkje brukast fordi det er fyrste del av nummeret til blant anna legevakta som har nummer 116 117. Kravet for tresifra telefonnummer er at tenesten er landsomfattande og av stor samfunnsmessig verdi, eller at tenesten er nært knytta til telefontenesten og er til stor nytte for alle som bruker telefonnettet. Det er derfor at vi har f.eks nr. 145 for å melde inn om feil på telenettet. Andre eksempel på tresifra telefonnummer som ikkje er nødnummer er 177 for ruteopplysning, 175 for vegtrafikksentralen og 128 for automatisk oppsett av samtalar til skip. I tilegg er det ei rekke tresifra nummer som er skjulte men som brukes til andre tenester som feilmedingar og sporing. Firesifra nummer er øyremerka til nummeropplysning og som kode for å velge tilbydar av telefontenester (er vel i praksis ikkje i bruk lengre). Femsifra telefonnummer som politiets 02800 er tilgjengelege for alle som vil ha det, typisk bedrifter og organisasjonar. Før var det ekstra dyrt å ringe til femsifra spesialnummer men no er det vanleg takst. Sekssifra nummer er også eit alternativ. Den tilgjengelege serien er ikkje så stor: 116 000 - 116 999, men dette er nummer som berre kan brukast av samfunnsnyttige tenester. Det er nok på lista over sekssifra nummer at giftinformasjonen hadde typisk passa best inn. Der er det også mange ledige nummer. Dei einaste som er i bruk er: 116 006: Hjelpelinje for offer for kriminalitet 116 111: Hjelpelinje for barn 116 117: Legevakt 116 123: Krisetelefon for personar i psykologisk krise Så her burde det være ein smal sak å gi giftinformasjonen eit eige nummer (sjølv om forskjellen på eit sekssifra og åttesifra nummer kanskje ikkje er så stor i praksis).
  5. Det som eg synes er dårlegast med buffét, er at sjølv på ein ganske bra buffét så blir det mykje mat av heilt grei kvalitet og ikkje meir enn det. Dette kombinert med at det må være stort matsvinn på disse bufféane så gjer det at eg eigentleg ikkje synes så mykje om det verken med tanke på matglede, fedmeproblematikk og miljøomsyn. Særleg hotellfrokostane som kanskje flest har erfaring med så synes eg at kvaliteten er heller laber dei fleste stadar. Det går ofte i speilegg, bacon som enten er mjukt eller hardt og ikkje sprøtt, eggerøre av pulveregg, halvgrove brød, og pålegg som ikkje lenger ser like appetittvekkande ut etter at det har ligger framme ei stund og 100-vis av personar har vært der og rota med pålegget. For ikkje å snakke om dessertbordet som består av 10 ulike tørre kaker som alle smakar det same, og 10 puddingar i forskjellig farge som også smaker det same. Her ville eg heller at hotella fokuserte på meir tradisjonell norsk frokost av betre kvalitet, og heller ha mindre utvalg. Eg vil mykje heller ha eit par skiver med sprøtt bacon enn ein liten haug av mjukt bacon, og om eggerøra/omletten må lagast med pulver så vil eg heller ha eit enkelt kokt egg, osv. Med alt det matsvinnet som er på slike bufféar så blir det etter mitt syn nesten parodisk at det same hotellet oppfordrar sine gjestar til å henge opp hankledet og bruke dei ein gong til av omsyn til miljøet, eg er heilt sikker på at hotellet kunne oppnådd vell så stort miljøkutt ved å endre på frokostbufféen, men dette har kanskje blitt så tradisjonsbundet at hotellgjestane forventer ein stor bufféet med relativt dårlig mat? Slike bufféar må vel også være reine marerittet for folk med matallergi? Folk flest manglar openbart kunnskap eller vilje til å ta omsyn til å ikkje flytte allergenar frå ein matrett til den neste. Særleg dei som har veldig alvorleg matalargi må vel berre anta at alt som ligg på bufféen er forureina med spor etter allergenar?
  6. Heilt einig. Sjølv om det ikkje skal skje så er det like gale når folk etterpå kritiserer for å "unødvendig" ha søkt hjelp. Giftininformasjonen er tydelegvis ikkje viktig nok ein ha fått eige nødnummer, så at folk gløymer at det nummeret eksisterer er ikkje så rart. Samtidig så er det heilt forståeleg at ein frisk og symptomfri person ikkje vil ringe 113 for å be om redningshelikopter.
  7. Du har forhåpentlegvis fått sakkyndige råd. Det som er viktig å være oppmerksom på er at symptoma kan kome timar eller dagar etter inntak. Så om du ikkje har tatt kontakt med lege og du får symptom om eit par veker så er det viktig at du kan knytte dette opp mot forgifting slik at du får rask behandling. Typisk behandling vil være å prøve å få fjerna soppen før kroppen tek opp gifta, hovudsakleg ved å tømme magesekken eventuelt også tarmskylling om det har gått så lang tid at soppen har komt dit. Utanom det så vil ein vurdere å sette deg på dialyse for å beskytte nyrene dine. Din store fordel er at du kan ta dette tidleg før gifta kan gjere stor skade, og ikkje etter 1-3 dagar når symptoma på nyresvikt er eit faktum. Jo lenger du venter, jo verre blir det. Har du ikkje ringt giftinformasjonen enda så må du no vurdere om du skal ringe legevakta på 116 117.
  8. Einaste som er problematisk med denne løysinga er at det ikkje er alle restane som kjem av at ein har overforsynt seg. Særleg på slike bufféar kan det være mykje mat som ikkje er det du trur det er på grunn av dårleg eller feilaktig merking. Har også vært borti mat som det eigentleg ikkje er forsvarleg å ete opp på grunn av at det er alt for salt, eller klassikaren biffen som såg innbydande ut men som er så seig at det er uråd å ete den utan skarp biffkniv.
  9. Det koker nok meir ned til gjerrigheit enn noko anna. Når folk skal ha valuta for pemgane så blir det å fylle opp med den dyraste maten, dette påvirker prisen for buffeen, solovokal igjen gir meir grådigheit, osv. I tillegg varer cruiset så kort at ting ikkje får normalisert seg. Grådigheita er størst dei fyrste dagane, så blir ein litt lei og vil heller ha gode matkombinasjonar i passelege mengder. Dette ser du godt på frokostbufféen på hotell, det er stor forskjell på dei gjestane som sjeldan er på hotell og vil utnytte muligheita frå dei som er mykje på hotell og berre vil ha to brødskiver med kvitost og ein kopp kaffe.
  10. Det er nok vanskeleg å finne ein advokat som vil påstå seg som ekspert på alle rettsområder. Eg trur kanskje at det nærmaste vi har det du etterspør er juridisk rådgivning, der vil du typisk kome i kontakt med ein jurist i fyrste omgang og så bli henvist vidare om du treng meir avansert rådgiving (og er villig til å betale for dette).
  11. Det er vanleg at hovudarbeidsgivar setter krav om godkjenning av biarbeidsgivar, men det må i så tilfelle være avtalt. Om det ikkje er avtalt så kan ikkje hovedarbeidsgivar kreve anna enn at du møter utkvilt til avtalt arbeidstid. Når du som tilkallingsvikar skal møte er heilt avhengig av kva som er avtalt. Som tilkallingsvikar så vil du vanlegvis ikkje ha fast arbeidstid og sjefen din må spørre om du er ledig. Sjefen kam sjølvsagt ha forventningar til deg, men dine forpliktingar er knytt til det som er avtalt. Det å sjonglere mellom to arbeidsgivarar vil uansett være ditt ansvar å få til, og er ein risiko du tek når du tek på deg forpliktingar ovanfor to ulike arveidsgivarar.
  12. Fordelen med å bu åleine er at du står litt meir fritt til å gjere endringar. Kan du til dømes gå ned i bustandandard? Ved å leige noko som et litt mindre, litt eldre, og litt lengre unna sentrum så kan du spare mykje i husleige. Det blir nokre pendlekostnadar men ofte er dette relativt små summar om du kan reise kollektivt. Matutgiftener er nemt, ved å kjøpe billig råvarer og lage mat sjølv i staden for å kjøpe ferdigmat er det også mykje å spare. Eg vil også nevne det å vurdere kva som er nødvendige kostnadar og kva du fint kan klare deg utan. Blant anna alkohol og tobakk, her er det det mykje å spare ved sjølv forsiktig reduksjon. Tilsvarande med anna underholdning, abonnerer du på fleire strømmetenester? kan du klare deg med å berre ha eit aktivt abonnement om gongen? Eg trur også at det er viktig å sette seg eit sparemål som du kan jobbe mot. Særleg om du sparer så mykje at det delvis går utover trivselen, så er det viktig å ha klart for seg at alt er verdt det når du har spart nok til å kjøpe leilegheit, reise til syden, eller kva du sparer mot. Sparemålet treng ikkje å være slike store ting, det kan også være så enkelt og oppnåeleg som at dersom du klarer å spare minst 200 kr på matbudsjettet komande veke så tillater du deg sjølv å bruke opptil 200 kr på alkohol eller snop i helga.
  13. Det kan være at du har ein sak, men det kjem mykje ann på omstendigheitene. Heving har ganske høg terskel fordi kjøparen ikkje kan gjere gjeldande ein mangel som burde vært oppdaga ved undersøking av tingen. Her er det nok heller ikkje grunnlag til å påstå at selger har gitt uriktige opplysningar om tingen. At barnevogna er "pent brukt" står ikkje i kontrast til kjøpers påstand om at barnevogna lukter. Så det mest realistiske her er nok å kreve prisavslag, men det er igjen litt avhengig av barnevognas verdi om den ikkje hadde lukt, barnevognas noværande verdi, og kva du betalte for den. Sjølv om barnevogna ikkje er solgt med ein "som den er" klausul, så er fortsatt prinsippet at du får kva du betalar for. Så eit stort spørsmål er jo då om du har fått varer som er verdt omtrent 5000 kr (4500 kr med 10% avslaget). Jo meir du har betalt over vanleg verdi, jo sterkare sak har du. Og jo billegare du har fått vogna jo svakare sak har du.
  14. Eit raskt kontrollspørsmål: Ringer telefonen når du prøver å ringe henne fleire dagar seinare? Om telefonen fortsatt ringer så har ho nok ikkje gjort alvor ut av det ho seier, men det betyr berre at dette fortsatt er ein akutt situasjon der ho bør få hjelp så raskt som råd. Eg tenker at eit greit fyrste steg kan være å ringe ein hjelpetelefon som: 22 49 19 22 Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse 116 123 Mental helse 22 40 00 40 Kirkens SOS Eller lokal legevakt på 116 117 Der kan du i det minste få litt fagkyndige råd om kva du bør gjere, kva ressursar som finnes, og ikkje minst hjelp til å analysere innholdet i varselet du har fått. Det er alltid litt vanskeleg med ting som skjer i utlandet, men det beste er om du får varsla lokalt politi i Tyskland. Om det er vanskeleg så er det mogleg å få hjelp av norsk politi, eller kanskje enda betre ved å ta kontakt med den norske ambassaden i Tyskland som kan hjelpe deg med å sette deg i kontakt med lokale ressursar. Om du veit kva land ho er statsborgar i så kan også det landets ambassade være relevant å kontakte. Den meir uformelle vegen å gå er å opprette kontakt med besteforeldra som ho sa ho skulle besøke. Det er kanskje ikkje ein typisk ting å vite namnet på besteforeldra i utlandet til ei du har vært saman med i berre nokre månadar, men det burde være mogleg å spore dei opp, kanskje med hjelp av ambassaden til det landet ho kjem ifrå (sidan det er naturleg at også besteforeldra har eller har hatt same statsborgarskap).
  15. Sjølv om det er fustrerande så er det dette som er poenget med forliksrådet. Ein vil så raskt som mogleg finne ei løysing som får saka ut av verden. For forliksrådet er det nesten heilt irrelevant kven som har retten på sin side, for forliksrådet så er det viktigaste å få til ei minneleg løysing, og den løysinga vil typisk være skulddeling der begge partane berre får halvparten av det dei krevde. Om det er snakk om ei erstatningssak så vil ein typisk forliksdom være at skadevoldaren betalar halve erstatningssummen og at den skadelidande aksepterer dekke den andre halvparten sjølv. I ein god del tilfeller så kan eit slikt resultat være akseptabelt for begge partane sjølv om begge to kjenner seg feilbehandla. Tek ein saka vidare til tingretten så vil dommen typisk bli enten eller, altså full erstatning eller ingen erstatning. Sett opp mot den tida og kostnadane ein sparer ved å ikkje ta søksmålet til tingretten så kan eit slikt kompromiss være akseptabelt sjølv om det er surt. Det som er viktig å være klar over er at forliksrådet ikkje har som mål å være rettferdige eller vurdere kven som har rett. Det einaste målet er å finne ein konklusjon som gjer at saka forsvinn ut av systemet. Og den jobben gjer forliksrådet veldig godt. Sjølv så meiner eg at det burde vært stilt større krav til at forliksrådet i det minste skal legge juridiske prinsipp til grunn sjølv om dei som utgjer forliksrådet typisk ikkje har juridisk kompetanse. Om absolutt nødvendig så kunne fyrste runda med forslag om at begge partar gir slepp på 50% av sitt krav vært ein rein skrivebordsøving der dette forslaget blir sendt per post og med 3 dagars frist til å akseptere. Det er etter mitt syn unødvendig å sette krav til fysisk oppmøte om forliksrådet uansett ikkje har tenkt å sette seg nevneverdig inn i kva lova seier eller kva bevisa i saka tyder på.
  16. Ein avtale om dekt reise og opphold er ofte lettare å få til som konsulent, arbeidsgivar er då innstilt på at konsulentar må fraktast inn. Ofte er nok den viktigaste motivasjonen for å tilby konsulenten ei fast stilling nettopp det å sleppe slike tilleggsutgifter. Det at bedrifta slepp momsen når det er dei som betalar for reisa er eit fint argument. Eit tilsvarande argument er at dette "godet" blir meir attraktivt for deg sidan du sparer inntektsskatten og arbeidsgivar sparar arbeidsgivaravgifta når ein ikkje går omvegen ved å fyrste betale ut pengane som lønn. Eg synes det er litt vanskeleg å gi deg konkrete forhandlingsråd ettersom eg ikkje har fått heilt taket på viktige ting som reiseutgifter, reisetid, og detaljane på kvifor det ikkje er aktuelt å flytte. Eg berre så det er sagt så har eg full forståing for at du ynskjer å være tilbakeholden med opplysningane av omsyn til anonymiteten. Reisekostnaden har eg no forstått det slik at det er snakk om 15 000 kr per tur/retur reise. Reknar med at dette er då flybillettar, køyring til flyplass, parkering på flyplassen medan du er vekke, og kanskje at du reiser ein stad der kollektivtilbodet er så dårleg at du må ha leigebil eller taxi for å kome deg frå flyplassen? Er det realistisk for deg med pendlarbustad? Eller med andre ord, er grunnen til at du ikkje kan flytte at du av ulike grunnar må være folkeregistrert der du no bur eller har du forpliktingar (barn, hund, osv) som gjer at du ikkje kan være vekke over fleire døgn? Mange løyser denne problematikken med å ha ein pendlarbustad for å ikkje trenge å reise like ofte. Med reisekostnadar på 15 000 så er det nok uansett uaktuelt å vekependle, men kan det være eit alternativ at du bur i pendlarbustaden ein månad om gongen? Du vil fortsatt trenge eit unntak frå regelen om å møte opp fysisk 3 dagar i veka, men samtidig kan det være eit godt kompromiss om du har moglegheit til å møte fysisk fleire veker på rad, og så har ei lengre periode med heimekontor. Er det forresten nokon muligheit for å redusere reisekostnadane? Særleg dersom du kan ha pendlarbustad for å ikkje trenge å reise så ofte så kan det kanskje være aktuelt å reise på anna måte enn fly sjølv om det tek lengre tid? Sidan du kalkulerer reisekostnadane som så høge som du gjer så tek eg det for gitt det her er snakk om å reise mellom nord- og sørnorge med minst eit flybytte. Er det mogleg å reise med tog, båt eller buss til ein billigare penge? Særleg på tog så vil du kunne ha gode greie nok fasilitetar til at du kan utnytte ein god del av reisetida som arbeidstid, og då er det ikkje like farleg om du brukar 1-2 dagar på å reise sidan du får utnytta tida. Om mykje av reisekostnadane er knytt til taxi eller liknande så kan det ved hyppig reising fort være lønnsomt å investere i ein billig elbil eller to som du kan bruke til og frå flyplass på begge sider. Og igjen. I denne situasjonen er det ingen grunn til å ikkje være kravstor. Mest sannsynleg blir det for dyrt for at dette er realistisk å få til i samsvar med HR forventningane, men du har ingenting å tape på å ikkje kome med eit krav om at enten må du få jobbe fast frå heimekontor eller så må jobben dekke reisekostnadane dine. Det er jo allitd ein sjans for at bedrifta er så interessert i å få tilsett deg i fast stilling at ein er villig til å bruke så mykje pengar på deg.
  17. Det blir nok litt lenge å sitte på jobbtilbodet du har når du på den andre jobben ikkje ein gong har komt til fyrste intervju. Har du prøvetid i jobbtilbudet du har fått? Om du har det så er det relativt uproblematisk å seie opp med 14 dagars varsel for å ta den andre jobben om du skulle få tilbod. Kor fort det går i staten kjem også litt ann på om den som tilsetter har satt av tid til å prioritere tilsettingsprosessen. Kven som går vidare til intervju skal gjerne diskuterast med tillitsvalgte, det burde ikkje ta så lang tid. Eg ville nok forventa at dei som får tilbod om intervju blir kontakta i løpet av morgondagen når fristen var på måndag, og at det blir intervju over helga. Deretter går det nok fort ei veke til før jo tilbodet er klart for utsending. Så sjølv om du er beste kandidaten så vil det nok ta nokre veker før du har eit jobbtilbod i handa.
  18. Sidan den umiddelbare reaksjonen på avsløringa var å sjukemelde seg og trekke seg frå jobben med umiddelbar virkning så er det ikkje så lett å skulle argumentere for at pengebruken er innafor. Pengebruken er i alle fall kritikkverdig om den ikkje er direkte ulovleg. Mesteparten av beløpa som er belasta er problematiske på grunn av manglande dokumentasjon. I følgje Høgre sin rapportering av transaksjonane, gjengitt av VG så dreier det seg om. 8813 kr brukt på netthandel. Ingen dokumentasjon som tilseier om dette var privathandel eller jobbrelatert. 4901 kr for flybillett til Alicante. Skal angiveleg være dekning fordi ho måtte kjøpe ny billett fordi Erna Solberg kom på besøk, utan at det er dokumentert. 3479 kr for flybillett til Oslo utan at det er dokumentert at reisa var jobbrelatert 5000 kr tatt ut som kontantar, ingen dokumentasjon på kva pengane vart brukt på. 3900 kr for gåve til partimedlem. 11 996 kr for kjøp av festivalpass til 3 familiemedlemmer av høgre politikarar. Det vart samtidig kjøpt festivalpass til 8 høgrepolitikarar som er ei godkjent partiutgift. 7500 kr i resturantrekning etter valgkampen 4000 kr i resturantrekning på valgdagen. 1559 kr for kjøp av flybillett til person utan formell tilknytting til høgre Om denne versjonen som er levert av partiet Høgre stemmer så er det nok fleire av disse transaksjonane som hadde vært heilt innafor dersom det var dokumentert på ordentleg vis. Som til dømes flyreisene burde det ikkje være så vanskeleg å legge fram dokumentasjon i form av møteinnkalling for dersom det var jobbrelaterte reiser og ikkje berre for privat formål. Restaurantrekningane er på kanten for kva som det er greit å bruke partimidlar på, men det er ikkje heilt uvanleg at ein i arbeidslivet ellers feirer og markerer viktige anledningar med eit restaurantbesøk. Som til dømes utgifta til festivalbilletter viser jo tydeleg at det være forsiktig med pengebruken ikkje stod høgt i kurs i partiet. Sjølv om ho har betalt tilbake 12 000 kr for dei tre familiemedlemmane som ikkje burde fått billett påspandert av partiet, så les vi jo mellom linjene at dei 32 000 kronene som vart brukt på festivalbillett til dei 8 høgre-politikarane var heilt innafor i følge revisoren. Så kan ein jo spørre seg om kor viktig det var for lokalpartiet å bruke 4000 kr per pers på festivalbillettar. Dei fekk sikkert snakka med mange poteniselle velgarar på festivalen mellom musikkinnslaga, men eg trur nok at dei hadde fått snakke med mykje velgarar om dei brukte 32 000 kr på noko anna enn festivalbillettar også. Sånn sett så synes eg det er rart at denne ex-ordføreren var så rask med å legge seg flat og ikkje tok til motmele på å hevde at dette var nødvendige og saklege jobbrelaterte utgifter, og at einaste feilen var at ho burde dokumentert betre kva pengane vart brukt på.
  19. Som med alt mogleg anna så er det ikkje heilt svart/kvitt. Her er det ikkje kriminaliteten i seg sjølv som er grunnlaget for sjukemeldinga, det er den psykiske belastninga av å ha blitt tatt. For ein person i offentlegheitas søkelys så er det naturleg å forvente at den psykiske belastninga blir større ved at saka er samtaletema rundt lunsjbordet i heile landet. Ein sykkeltyv som blir tatt vil i media berre bli omtalt med kjønn og ca alder, og slepp å få namn og billete bretta ut i media. Det som sånn sett er mest betenkeleg i denne saka er at det kan være grunn til å tru at legen har gitt sjukemelding basert på sannsynleg psykisk belastning. Normalt skal sjukemelding være begrunna i at ein er arbeidsufør på grunn av sjukdom eller skade. Vi skal sjølvsagt være forsiktige med å synse så mykje om kva legen har vurdert, men ved anna psykisk sjukdom så så får ein vanlegvis beskjed om å prøve seg på jobb fyrst, og deretter sjukemelde seg om ein ikkje klarer å stå i jobben. Og sjølv om ein blir sjukemeldt så er det ikkje gitt at 100% sjukemelding er einaste løysinga. Eg forstår at den delen av ordførarjobben som medfører å uttale seg i media nok er ei stor belastning akkurat no, men samtidig så er det nok også mange kontoroppgåver som ordføraren kan utføre slik at ein kunne blitt sjukmeldt frå berre delar av stillinga. Eg vil også ta eit lite atterhald på at sjølv om dei i artikkelen står at ho er sjukemeldt, så treng ikkje det å være tilfellet. Mange omtalar også eigenmelding som sjukemelding. I ei IA bedrift som kommuner typisk er så kan bruke eigenmelding i opptil 8 dagar før ein treng å ente møte på jobb igjen eller skaffe formell sjukemelding frå ein lege. Det kan derfor være at det her er begrepsbruken som er feilaktig brukt. Det er ikkje utenkeleg at ho har trekt seg frå jobben som som ordførar, og at kommunen har akseptert at ho sluttar på dagen mot at ho også sluttar å få lønn frå og med den same datoen. Og at denne ordføraren påstår seg sjukemeldt for å ikkje bli nedringt av journalistar. Uansett kva som er tilfelle så er det eit uheldig signal å gi til folket at det er berre å sjukemelde seg om ein får det tøft på jobben. Sjølv om det nok objektivt sett er ei større belastning for ein offentleg person, så er det nok mange som kan kjenne seg igjen i at dei har tabba seg ut på jobb og eigentleg ikkje har så lyst til å dra på jobben dei neste dagane men som ikkje har noko anna valg fordi dei ikkje får sjukemelding av lege.
  20. Problemet her er vel at arbeidsgiver ønsker å tilby fast stilling med fast oppmøtestad på kontoret minst 3 dagar i veka etter HR føringane. Då vil ikkje reise til kontoret være ein reisekostnad som ein har rett på å få dekt. Reise og diettgodtgjersle fører ein i dei tilfella ein blir pålagt å møte på ein anna arbeidsstad enn den faste oppmøtestaden. Om reisekostnadane er 15 000 kr så er ikkje dette gjennomførbart uansett kven som tek rekninga. Skal ein følgje føringa om 3 dagar i veka, og ein gjer dette på mest rasjonelle måten og legg opp til at ein tek tre dagar på rad på kontoret og to dagar pluss helga heime så blir det omtrent 65 000 i måneden berre i reisekostnad når ei tek utgangspunkt i at det i snitt er 4,33 veker pr måned. Som arbeidstakar så vil du heilt sikkert ikkje få så høg lønn at dette reknestykket går opp, og tilsvarande så er det nok tvilsomt at arbeidsgivar vil finne deg så verdifull at det er verdt å dekke så mykje i reiseutgifter. Einaste moglegheita er som tidlegare nemt å få til ein personleg avtale om å få jobbe frå heimekontor så mykje du vil. Sjølv med berre eit oppmøte i måneden så utgjer dette ein kostnad på 165 000 kr i året (og da har eg trekt frå at du i juli har ferie og ikkje treng å reise. Eg tenker at dei pengane (og tida du må bruke på å reise) vil det nok for deg være betre å investere i å ta vidareutdanning slik at du kan få nye spennande arbeidsmuligheiter på den måten.
  21. Leigetakaren har uansett erstatningsansvar for utgifter som skuldast feil eller forsømming frå leigetakarens side. Fravikelse er ikkje nødvendig ettersom det ikkje er nokon leigetakar å hive ut. Det beste er vel å bruke hevingsretten og sende skriftleg beskjed til leigetakaren om at du hever leigeavtalen, begrunna i § 9-9 om at dette misleghaldet gjer det nødvendig å heve leigeavtalen. Teknisk sett så er leigetakaren her berre nokre dagar forsinka med å betale fyrste husleiga (og depositum?), men utifrå situasjonen så virker det lite hensiktsmessig å skulle sende skriftleg advarsel om innbetaling av husleige då dette kjem i konflikt med din ulovfesta tapsbegrensningsplikt. Det einaste du eigentleg oppnår med å ta dette som ei vanleg sak med forsinka husleige er jo at leigeforholdet varer lengre enn nødvendig slik at leigetakaren blir skuldig meir husleige.
  22. Traileren gir oss lite å gå på, om dette blir ein bra eller dårleg film kjem heilt ann på kva historie som blir fortalt, og tonen i resten av filmen. Eg får inntrykk av at filmen ikkje tek seg sjølv så seriøst og at dei omfavner spelmekanismane gir godt gameplay med som gir ingen eller lite meining i ein realistisk setting. Så då er det store spørsmålet; blir dette ein bra film som parodierer Minecraft verdenen, eller prøver filmskaparane å lage ein seriøs film? Som parodi så trur eg dette kan bli fin underholdning. Det er massevis av sketsjer som kan filmatiserast og lagast vistar ut av. Traileren viser eit lite klipp av den litt absurde måten ein i Minecraft crafter utstyr. Reknar med at vi også får vitsar basert på at det i denne verden er fint mogleg å holde 64 m³ med stein i ei hand, men at det er umogleg å holde meir enn ei LP-plate eller flaske med elixir. Det er nok fint mogleg å ha mykje morro med at nesten alt er firkanta med fotorealistiske teksturar, det gir eit heilt absurd inntrykk som for meg var uventa. Eg hadde forventa at til dømes sauen hadde enten sett ut som ein meir realistisk sau satt i ein Minecraft verden, eller at filmskaparane hadde gått heilt motsatt veg med den meir urealistiske stilen som vi er kjent med frå spelet. Den som eg kanskje er mest bekymra for, og der eg ser den klaraste parallellen til Borderlands-filmen er castinga. Eg veit ikkje heilt kven eg ser for meg ein realistisk Steve karakter, men utifrå avataren så ville eg tenkt på ein heilt standard kvit mann som er nesten 2 meter høg basert på målestokken i spelet, kanskje i 20-30 års alderen, med halvblondt hår og litt skjegg på haka. Eg hadde ikkje sett for meg ein kort halvfeit 60 åring med stort buskete hår og skjegg. Så i likheit med Bordelandsfilmen så har dei nok gått i fella med å caste kjente skodespelarar som er alt for gamle. Dette valget trur eg blir spesielt problematisk for Minecraftfilmen som reint kommersielt sett er nødt til å treffe segmentet av barn og ungdom som speler Minecraft. Jack Black, Jason Momoa og Daniel Brooks er vel alle for gamle til å fenge den typiske 12 åringen? No kan det være at det er dei to ungdommane som skal bære filmen og være hovudkarakterane som skal fenge publikum, men i så tilfelle så klarer ikkje traileren å gi det inntrykket.
  23. Eg foreslår ikkje å innføre fotgjengarsertifikat. Det er nettopp fordi det ikkje kreves opplæring for å gå i trafikken at ansvaret ved påkjørsel er plassert på bilføraren. Strengt tatt er ansvaret ettter bilansvarslova plassert som eit objektiv erstatningsansvar som følgjer bilen, også i tilfeller der det er ingen som kan skuldast for skaden. Det er derfor det er pålagt at alle bilar må ha ansvarserstatning. Same lova har også ein bestemmelse om avkortning av erstatninga dersom den skadelidde har blitt skada med vilje eller aktlausheit, men ansvaret som bilføraren har for å køyre på ein slik måte at det ikkje kan oppstå fare vil gjelde uansett. Eg er ikkje einig i at det er eit sjukdomsteikn at kvalifikasjonar skal dokumenterast, det er heilt på sin plass at det blir stilt minstekrav. Eg kan likevel være einig i at det kan slå uheldig ut dersom krava til dokumentert kompetanse blir unødvendig byråkratisk. Sjølv om eg som tidlegare nemt ikkje skal ta til orde for at ein må ha sertifikat for å være fotgjengar, så er det likevel heilt på sin plass at kompetansen ein har kan dokumenterast. Som du skriv så får dei fleste trafikkopplæring gjennom skulen, for dei aller fleste vil det då være godt nok dokumentert gjennom opplæringsplanen for det aktuelle skuletrinnet at ein har fått slik opplæring. Tvert i mot vil eg hevde at det er eit sjukdomsteikn for samfunnet om læraren får friheit til å undervise i akkurat det han/ho vil fortelle om utan at det finnes eit einaste spor av dokumentasjon på kva elevane har fått lære om. Det er stor forskjell på å ha enkel dokumentasjon på at ein har motteke opplæring i eit emne, og det å kreve at ein skal ta til dømes eit sertifikat med eksamen og autorisert undervisningspersonell.
  24. Har ein buffer på eit par-tre månedslønningar og i tillegg lever litt sparsommeleg så vil nok denne karantenetida gå greit for dei fleste, det er likevel ikkje nokon ideell situasjon å skulle bruke opp sparepengane sine på livsopphold og så være på bar bakke igjen utan særleg med buffer. Karantenetida skal svi slik at ikkje folk leverer oppseiing i hytt og gevær for å heller leve på NAV, men samtidig skal det ikkje svi så mykje at det er heilt uråd å gå frå ein jobb som ein ikkje held ut i. 18 veker er såleis eit kompromiss der det er lenge nok til at det svir økonomisk men ikkje så lenge at NAV må betale ut sosialhjelp for at vedkommande skal ha hus og mat. Det er derfor sterkt å anbefale å søke nye jobbar slik at du har ein ny jobb å gå til. Om du tenker at den nye jobben skal være midlertidig i eit års tid, så betyr det også veldig lite kva lønnsnivået i den nye jobben er. Om du tenker at nye-jobben er eit midlertidig arbeid i 12 månedar så vil du måtte gå ned meir enn 35% i lønn for at det økonomiske tapet med å ta ein ny jobb med dårlegare lønn skal bli større enn det økonomiske tapet ved å klare seg gjennom karantenetida heilt utan inntekt. Omtrent kva som helst av jobb vil være eit betre alternativ enn seie opp jobben utan å ha noko nytt å gå til.
  25. Det som er med kortvarige arbeidsforhold er at det ofte kostar meir enn det er verdt, litt avhengig av kor kortvarig vi snakker om. Om du tek ein midlertidig jobb så må du melde inn at ein ikkje lenger er arbeidssøkande slik at NAV kan stoppe dagpengeutbetalinga. Når dudå tre dagar seinare er ferdig med jobben så må du på nytt melde seg som arbeidssøkande, då vil du få tre dagar med ventetid før du igjen kan motta dagpengar frå den fjerde dagen etter at du slutta å jobbe. Så både taper du tre dagar med dagpengar kvar gong du tek ein kortvarig jobb, i tillegg så må også NAV bruke tid på å saksbehandle endringa i status. Det er ikkje det at det ikkje skal være lov å ta kortvarige jobbar, men det er lite hensiktsmessig ikkje berre for arbeidstakaren sjølv, men også fordi det staten vil ha er gode skattebetalarar i trygg jobb som kan ha fast skattetrekk som ikkje krev så mykje administrativ oppfølging. Før var løysinga ofte bemanningsbyrå ettersom ein då kunne ha fast arbeidsforhold i bemanningsbyrået som berre utbetalte lønn om ein var i jobb. For nokre år sidan vart bemanningsbyråa også stramma inn, så no må også bemanningsbyråa tilby ein definert stillingsprosent og dermed forplikte seg til å tilby arbeid/lønn som tilsvarer den stillingsprosenten også om det manglar arbeidsoppdrag.
×
×
  • Opprett ny...