Gå til innhold

The Avatar

Medlemmer
  • Innlegg

    20 837
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av The Avatar

  1. Det er heilt opp til partiet sjølv å definere kva som skal være aldersgrensen i ungdomspartiet. AUF har ei aldersgrense på 35 år, også 30 år ei ei vanleg grense. At leiaren av eit stort parti bør ha litt erfaring og modenheit har alt blitt forklart. Det som er poenget med eit ungdomsparti er at dei skal representere ungdommane betre enn moderpartiet. Arbeidarpartiet har AUF og FrP har FpU, for ungdom så er AUF eller FpU ein arena der dei kan fronte politikk som dei "gamle" politikarane ikkje bryr seg særleg mykje om. Det er ganske mykje av politikken som "voksen partiet" fører i dag som har sitt utspring frå idear og tankar som kom frå ungdomspartiet. Utan ungdomspartia så er det ikkje sikkert at nokon hadde verken turt eller fått kome til orde med nye tankar i eit parti som er dominert av godt voksne politikarar. Særleg når det gjeld politikk som kan være tabu å snakke om så er det ofte langt lettare for eit ungdomsparti å lodde stemninga blant folket enn at det store moderpartiet som kan miste mange velgarar om dei er for liberale/konservative i sin politikk. Ting som ruspolitikk, skulepolitikk, psykisk helsevern, homofiles rettigheiter, kjernekaft, ytringsfriheit, osv er typisk ting som ungdomspartia meiner mykje om men som dei voksne politikarane tørr å neme. Til dømes bruken av kjernekraft til oppfylle miljøkrava utan å gå ned i kraftproduksjon er ein politikk som har sitt utspring frå ungdomspartia (på begge sider). For nokre år sidan så var det ingen "voksenpolitikker" som turde å eingong nemne bygging av kjernekraft i Norge. Men i dag så har mange av dei store partia tatt signala blant folket og ser at folk flest vil heller ha små kjernekraftverk (som i dag er veldig trygge) framfor store vindturbinar i urørt natur.
  2. Kjært barn har mange navn. Det kan også være ein heilt reell pressefagleg ueinigheit som ligg til grunn, sjølv om at det nærmast er ein floskel at ein hevdar fagleg ueinigheit for å dekke over at det er klinsj mellom to personlegheitstyper.
  3. Det er kanskje litt på siden av topic, men eg vil ikkje seie at det er heilt off-topic. Tenker at spørsmålet om kva som er å rekne som overtid etter arbeidsmiljøloven (eller arbeids- eller tariffavtale) er heilt i kjerna av trådstarters spørsmål om når han/ho får overtidsbetaling. Feil bruk av begrepa, samt ulik intern praksis lagar store utfordringar, og etter min meining er det feilaktig bruk både hos arbeidstakarane og hos arbeidsgivarane, herunder samanblanding av kva som er overtid, meirarbeid, fleksitid og gjennomsnittsberekning. Det nærmaste vi kjem med eit svar til trådstarter er at etter arbeidsmiljøloven så er det fyrst ved arbeid utover alminnelig arbeidstid at du har rett på 40% overtidsbetaling. Alminnelig arbeidstid er 9 timar i løpet av 24 timar eller 40 timar i løpet av 7 dagar. Ettersom trådstarter har avtale om arbeidstid på 37,5 time i veka så betyr det at han kan påleggast å jobbe 2,5 time ekstra den veka før det utløyser krav om 40% overtidsbetaling, men at også dei fyrste 2,5 timane med vanleg betaling ikkje kan påleggast utan at det generelle vilkåret om at det føreligg eit særleg og tidsavgrensa behov. Tilsvarande har også trådstarter rett til å nekte å jobbe meir enn avtalt arbeidstid dersom helsemessige eller vektige sosiale grunnar tilseier det. @trådstarter Dersom det ikkje er avtalt anna i arbeidsavtalen så stemmer det som arbeidsgiver seier med at du ikkje får overtidsbetaling før du har jobba 40 timar den veka (eller 9 timar på same dag). Samtidig så er også lovens utgangspunkt at overtidsbetalinga skal være berre 40%, så alt etter kor mange overtidstimar det dreier seg om så blir det ein balansegang om du skal krangle så mykje på det at arbeidsgivar slår opp i arbeidsmiljølova og ser at han/ho kan sleppe unna med mindre overtidsbetaling. På den andre sida så kan det sjølvsagt være verdt å gå i forhandlingar for å prøve å oppnå ein betre avtale.
  4. Ja. Dersom du eig eit firma så kan du i teorien velge å berre ha innleigde konsulentar til å utføre jobben, men som nemnt så blir det veldig dyrt. Det du i praksis betalar for når du leiger inn ein konsulent er at du får inn ein kompetent arbeidstakar som du kan slutte å forholde deg til når arbeidet er utført. Konsulentar blir derfor ofte brukt på komplekse arbeidsoppgåver som er litt utanom det vanlege og med ein klar sluttdato. Skal du skifte datasystem i bedrifta så er det meir gunstig å leige ein konsulent i eit par månadar for å gjere jobben med det prosjektet, enn det er å tilsette ein teknikker i fast stilling som du deretter må finne nye arbeidsoppgaver til etter at prosjektet er ferdig. Konsulentar tek seg godt betalt, fordi det du betalar for konsulenten skal dekke opp ei heil rekke med utgifter. Det skal dekke lønna til konsulenten Det skal dekke alle utgiftene med at eit anna firma har alle arbeidsgivarkostnadane med konsulenten Det skal kompansere for at konsulenten ikkje har fast og sikkert arbeid og kan derfor risikere å gå utan inntekt i perioder. Og det skal sjølvsagt dekke eit overskot til utleigefirmaet. For dei som driv enkeltpersonsforetak så er ein vanleg tommelfingerregel at det du fakturer må minum være 1,5 x det du forventer å ha i timelønn, har du kostnadar med arbeidet (verktøy, utstyr, køyring, osv) så må fakturere tilsvarande mykje høgare. Skal du i eit ENK fakturere mindre enn 2x forventa timelønn så bør du ha god kontroll på at du ikkje pådreg deg ytterlegare kostnadar.
  5. Det blir alltid surr når begge partane berre forteller sin subjektive oppfatting av kva som har skjedd, og ingen får innsyn i kva som faktisk vart sagt og gjort.
  6. Teknisk sett er det ei parkering sjølv om det var i samband med eit trafikkuhell, då det berre er korte stopp for på/avstiging av passasjerar og lessing av varer som er unntatt frå parkeringsdefinisjonen. Ei alternativ løysing er å betale bota, og så kreve dette tilbake frå forsikringsselskapet som ein del av dine saklege utgifter etter trafikkuhellet. At du måtte stoppe eit kort augeblikk for å vurdere skadene og oppnå kontakt med den andre bilføraren er ein heilt pårekneleg handling etter eit uhell, til tross for at det er uvanleg å få parkeringsbot etter ein kræsj.
  7. Hmm. https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2022-12-09-2156 Det som står er: Også ein dagleg leiar vil være tilsett, og skal i utgangspunktet følgje forskrifta med mindre ein også er eigaren. Vanlegvis er det nok ei stor problemstilling med at dagleg leiar blir betalt under tarifflønn. Her er det eit unntak som kan være relevant. Som dagleg leiar har ein den friheita at ein kan velge kor stor arbeidsinnsats ein sjølv vil legge inn og at ein derfor har gunstigare lønns og arbeidsforhold samla sett. Det er nok likevel lite hensiktsmessig å skulle få Arbeidstilsynet til å kreve at den daglege leiaren får tarifflønn (og litt over dobler sin inntekt ved fullt årsvern) for at Namsmannen skal kunne ta eit litt større lønnstrekk (minus levekostnader).
  8. Ja, det er lov å leige inn konsulentar frå eit firma utan at NRK må ta på seg arbeidsgivaransvaret. Det har vært lite detaljar om det juridiske, men det som står i media er at partane vart einige om å avslutte kontrakten. At han fekk sparken er den meir folkelege tolkinga. Det som ofte skjer i praksis er at den innleigde konsulenten legg ned arbeidet når oppdragsgivaren ber om det, og deretter blir det ei forhandling på om NRK må betale fullt ut heile kontraktsperioden, berre delar av perioden slik at Strømøy får tid til å finne anna arbeid, eller at ein blir einige om at kontrakta blir heva og at NRK også blir fritatt frå sin betalingsplikt frå same dag. Slik er det også ved avsluttinga i vanlege arbeidsforhold. Sjølv om arbeidstakaren har forplikta seg til å fortsette å jobbe 3 mnd etter oppseiinga, og arbeidsgivar har forplikta seg til å betale lønn for same periode, så kan ein bli einige om ei anna løysing. Om ein arbeidstakar får sparken og arbeidsgivar ikkje vil ha vedkommande på jobb så kan arbeidstakaren like fullt kreve full betaling for dei neste 3 mnd etter arbeidsavtalen. Men der partane er einige i å avslutte så er det ikkje uvanlege at ein blir einige om ei anna løysing, som til dømes at ein jobbar det ein treng til å sluttføre påbegynte oppgåver og får lønn for dette arbeidet, og at ein deretter får lov til å slutte å jobbe mot at arbeiddgivar også slepp å betale lønn for heile oppseiingstida.
  9. Sønnen er født i Norge og har heile tida hatt norsk statsborgarskap. Etter som eg har forstått så levde dei under dårlege sosiale forhold på Filippinane, sønnen hadde vel heller ikkje fått skulegang. Av det siste eg har høyrt så er dei i dag busatt på Stjørdal og har det ettersigande bra. Kona har funnet eit stort filippinsk miljø i Stjørdal og sonen har starta på skule. I tillegg så satt Bamsegutt og familien igjen med vel 3,6 mill kroner etter spleisen og etter at dei som ville trekke seg hadde fått tilbakebetalt sitt bidrag, så det kjem nok godt med. Eg vil tru at livet er nok mykje betre for dei alle tre no når dei sitt trygt i Norge i kommunal bustad og med millionar på konto. Om kona får heimlengsel så koster ein tur/retur billett til Fillepinane omrent 10 000 kr, så med pengane frå spleisen så kan heile familien dra til Fillepinane på ferie 120 gongar før pengane er brukt opp.
  10. Ofte blir meirarbeid brukt litt upresist i daglegtalen. Du har heilt rett i at per definisjon så er meirarbeid arbeid arbeid utover den avtale arbeidstiden, men fortsatt innafor dei grensene for at arbeidsmiljøloven definerer det som overtidsarbeid. Det er ganske vanleg å ha arbeidsavtaler som gir overtidskompensasjon så fort ein jobbar meir enn dei avtale 7,5 timane sjølv om lovkravet om overtidsbetaling fyrst slår inn etter 9 timar. Det er også vanleg i dei fleste arbeidsforhold å ha ei tydeleg skille mellom overtid som er pålagt og som du skal ha ekstra betalt for, og meirarbeid som arbeidstakaren sjølv har valgt. Veldig ofte så er det slik at ein kallar frivillig arbeid utover ordinær arbeidstid for meirarbeid, men strengt tatt så er det nok få som praktiserer det som at ein har jobba meir enn den avtalte arbeidstida. Dei aller fleste praktiserer nok dette som fleksitid. Slik at den eine timen du jobba ekstra på torsdagen får du igjen i form av å gå ein time tidlegare frå jobb på fredagen. Meirarbeid per definisjon er eigentleg når du jobber ein time lengre på torsdagen utan å avspassere neste dag slik at meirarbeidet medfører at du har auka årsverket med 1 time. Arbeidsmiljøloven slår også fast at arbeidstakaren har rett på fleksibel arbeidstid der dette kan utførast utan vestentleg ulempe for verksemda. Så veldig ofte blir meirarbeid og fleksitid brukt litt om kvarandre. Retten til slike småpauser som dopauser, kaffepausar, og liknande framgår også indirekte gjennom arbeidsmiljølova sine krav til arbeidsmiljøet. Om ein ikkje kan ta dopauser så kjem ein fort i konflikt med kravet om at arbeidsmiljøet skal være fullt ut forsvarleg på ein slik måte at arbeidstakaren sin fysiske og psykiske helse, samt velferd ikkje blir påvirka negativt. Det å måtte holde seg går fort utover den fysiske helsa til arbeidaren, og gjer ein frå seg i buksa fordi ein ikkje fekk gå på do så er nok det såpass nedverdigande at det definitivt påvirker både psyken og velferden negativt. Ein har sjølvsagt ikkje nødvendigvis rett til å bruke arbeidstida til dopauser, så ein litt firkanta arbeidsgivar kan kreve at du jobber inn tida du brukte på do eller ved kaffeautomaten. Eit slikt krav vil nok være uvanleg på dei fleste arbeidsplassar. På dei aller fleste arbeidsplassar kan dopauser gjennomførast utan særleg ulempe for verksemda, så då skal ein ha ganske gode grunnar for å nekte ei slik småpause. Det er likevel ein del yrker der ein av praktiske årsaker ikkje kan ta ei kort pause for å gå på do eller drikke kaffe akkurat når ein sjølv synes ein har behov for det. Der må ein som arbeidstakar rett og slett planlege sine kroppslege behov til utanom arbeidstida eller i ordinære pauser.
  11. Om Trump vann debatten eller ikkje kjem fyrst og fremst ann på korleis ein ser på det. Det var lite av dei saklege og faktabaserte argumenta, likevel så debatterer han akkurat slik dei fleste republikanske velgarane vil ha han. Etter mitt syn så tapte Trump debatten, både fordi Trump ikkje klarte å snakke om korleis han skal ordne opp i ting og i staden brukte tida på å kritisere andre. Men kanskje særleg fordi at Trump nok ikkje klarte å overbevise ein einaste ny velgar. Så i staden for å innhente fleire potensielle stemmegivarar så valgte han å pleie dei som alt støtter han. Harris på sin side har nok sikra seg nokre nye stemmer, særleg frå liberale republikanarar som ikkje liker Trump men som heller ikkje var villige til å stemme på Biden, men også frå velgarar som ellers hadde stemt uavhengig.
  12. Sitat: with millions of criminals and mentally deranged people pouring into to USA Det var sanneleg rette ræva som feis. Ikkje at Trump er innvandrar, men det er jo litt dobbeltmoralsk å kritisere innvandrarar som kjem inn i landet med akkurat dei same verdian som Trump sjølv står for. Han er heilt objektivt sett sjølv kriminell, og sjølv om at han ikkje medisinsk sett er "mentally deranged" på grunn av psykisk sjukdom så utviser han utvilsomt definisjonen av"deranged" som er den manglande evnen til å tenke eller handle på ein normal og logisk måte. Eg seier ikkje at Trump er sinnssjuk, men han har openbart ei unik personlegheit der han ikkje forheld seg til dei sosiale normene for korleis ein skal diskutere og argumentere politisk.
  13. The Avatar

    Tannregulering

    Støtteordninga har blitt justert enda sidan eg hadde tannregulering. No er det slik at den lågaste satsen for støtte er 40% refusjon, deretter 75% refusjon, og i dei alvorlegaste tilfella er det 100% dekning. I praksis så betyr dette at ein har lagt terskelen mykje høgare for å få offentlege støtte. Kva prisen for reguleringa blir kjem heilt ann på kva som blir gjort. Heilt standard tannregulering vil tannlegen typisk ta 20-40 000 kr for. Om du ender opp i det øvre eller nedre sjiktet kjem blant anna på kor raskt tannstillinga endrer seg og dermed på kor mange gangar ho må inn for å etterstramme. Det er også mogleg å ha tannregulering som ikkje vises, då snakker vi fort om ein omtrent dobling av prisen. Om det berre er snakk om eit enkelt mellomrom så kan det være mogleg å få til ein litt lågare pris ettersom det då ikkje er nødvendig med full tannregulering. Det kan også være at dette kan behandlast utan tannregulering. Mellomrom mellom tennene kan fyllast igjen eller skjulast med fasettar. Tannfasetter koster opp mot 5000 kr, det billegaste er å bruke fyllmasse som koster rundt 2000 kr. Det beste rådet er derfor å innhente pristilbod frå fleire aktuelle tannlegar. Prisen vil variere litt utfrå lokale forhold, der lønnsnivå og husleigeprisane avgjer kor mykje tannlegen kan presse ned prisen, og ikkje minst vil prisen variere mykje frå pasient til pasient. Som personleg anekdote så vil eg legge til at nytten av tannregulering ikkje nødvendigvis er veldig stor. Då eg hadde tannregulering i ung alder så opplevde eg at effekten var kortvarig og at tennene gjekk gradvis tilbake etter at eg var ferdig med tannreguleringa. Deretter så ordna tennene seg igjen når eg var fullt utvokst. Eg nemner dette fordi at dersom dette er reint kosmetisk så bør ein også vurdere sannsynlegheita for at tannstillinga kan ordne seg når ho er fullt utvokst. Det er ikkje så mange år til at ho med høg sannsynlegheit får visdomstenner, disse skal også ha plass i kjeven og vil kunne bidra til at mellomroma mellom tennene blir mindre.
  14. Det er ikkje eigentleg eit stort behov for å oppdatere krava i arbeidsmiljølova. Det norske arbeidsmarkedet er i stor grad basert på avtalefriheit, det er også derfor vi i Norge ikkje har minstelønn (utanom i nokre få bransjar som ikkje klarte å få til fornuftige arbeidsavtalar slik at Arbeidstilsynet måtte gripe inn). Dei fleste arbeidstakarane har betre arbeidsavtalar enn lova sine minstekrav, og tanken er at ein lokalt skal kunne finne eigne måtar å løyse ting til det beste for både arbeidstakarar og bedrifta. Som til dømes at ein får overtidsmiddag slik at du ikkje treng å forlate arbeidsplassen for å kjøpe middag før du returnerer seinare på kvelden for å jobbe. Du har ikkje krav på å få middag, det er nok ein gunstig avtale for begge partar i din bedrift, men ikkje nødvendigvis i alle bedrifter.
  15. Det kan det være, men det er ein glidande overgang mellom det som er nødvendig arbeid og som naboen må tåle, og det som er unødig/farleg og som utløyser erstatningsplikt. Kvar på skalaen dette ligg blir ei vurderingssak, det kan også være praktiske utfordringar rundt bevisføringa dersom saka ender opp i retten ettersom det kan være vanskeleg å i ettertid bevise kor plagsom lukta var. Dette er også ei vanleg problemstilling i saker med nabobråk der det også er vanskeleg å i ettertid bevise kor plagsom støyen var.
  16. Ja, så vidt eg har forstått så vart det aldri tatt opp i programmet direkte, men det var referert til indirekte men på ein slik måte at ein fekk meir forståinga for at Bamsegutt var offer for eit justismord og ikkje dømt for overgrep. I følge Tore Strømøy sjølv så var det NRK som ikkje ville at han skulle ta med opplysningar om dette, om det stemmer er det då delte meiningar om. Etter mitt syn så er det uansett ikkje gitt at det burde vært opplyst om denne dommen i programmet. Sjølv om det sitt igjen seks fornærma i saka som heilt sikkert har ei oppfatting av at Bamsegutt fekk for mild straff, så er er det jo slik at retten dømte han til betninga fengselsstraff med eit par år med prøvetid. Eg har ikkje gått i detaljar på kva eksakt denne sedelegheitsdommen gjekk ut på, men eg merker med at med ein betinga dom så ansåg ikkje retten det som nødvendig å sette Bamsegutt i fengsel.
  17. Svaret er dessverre ikkje like raskt. Det er avhengig av fleire forhold, særleg kva som står i arbeidsavtalen din, og om du eventuelt har tariffavtale. Reknar med at du her tenker på det som i arbeidsmiljølova blir kalla "beredskapsvakt utenfor arbeidsstedet", altså at det ikkje er snakk om ei ordinær arbeidsvakt der du er på arbeidsstaden under heile vakta. Arbeidsgivar har relativt fri tøylar gjennom sin styringsrett, så i den samanhengen så kan arbeidsgivar tvinge deg inn på ei vaktordning. Arbeidsgivar må likevel holde seg innafor det som er den avtalte arbeidstida. Eventuelt arbeid utover avtalt arbeidstid kan ikkje påleggast utan at det føreligg eit særleg og tidsavgrensa behov. Arbeid utover avtalt arbeidstid skal drøftast med din tillitsvalgte om du har dette. Pålagt arbeid utover grensa for alminnelig arbeidstid skal reknast som overtidsarbeid. Som arbeidstakar så har du rett til å bli fritatt for å jobbe utover avtalt arbeidstid dersom du ber om dette på grunn av helsemessige eller vektige sosiale grunnar, samt at arbeidsgivar pliktar å frita deg frå arbeid om arbeidet utan skade kan utførast av andre. Veldig ofte kan derfor arbeidsgivar tvinge deg inn i ei vaktordning innafor rammene av alminneleg arbeidstid og reglane for overtidsarbeid. I praksis så kjem det mykje ann på korleis vakta blir organisert, ein kan mellom anna unngå avgrensinga om arbeidstid ved at du blir fritatt frå det ordinære arbeidet på dagtid slik at den vanlege jobben ikkje kjem i tillegg. Til slutt vil eg legge til at ulempane med ei vaktording kjem veldig ann på kva slags vaktordning som blir innført. For beredskapsvakt skal du ha betalt for minst 1/7 timar etter arbeidsmiljølova, er vaktordninga belastande så skal du ha betalt for fleire timar. Merk at dette er betalinga for å være tilgjengeleg, dersom du må utføre arbeid så skal det lønnast som vanleg (overtids-)lønn. Kor belastande vakta er blir ei vurdering av kor ofte vakta medfører at du må utføre arbeid (kor ofte du blir oppringt), og til dels også kor lang responstid du er pålagt. Det er sjølvsagt stor forskjell på om du er forventa å kunne møte på om forventa responstid er 30 min slik at du omtrent ikkje kan gjere anna enn å sitte heime, og det å ha ei vakt der du kan bli bedt om å møte på jobb om 3+ timar.
  18. Eg er også einig i at hydrogen ikkje har særeg med framtid som drivstoff for privatbilar. Det betyr ikkje at det ikkje kan bli framtidas drivstoff, for det kjem heilt ann på kva vi som samfunn er villige til å akseptere av ulempar. Hydrogen vil alltid være ressurskrevande å produsere og distribuere som komprimert drivstoff, men det er også ressurskrevande å pumpe opp olje, rafinere til drivstoff og køyre ut til bensinstasjonar, så om vi vil legge ned oljeproduksjonen så kan ein nok gå over til hydrogen utan særleg ekstra kostnad. Det som gjer det ekstra dyrt med hydrogen akkurat no er at det må byggast opp ein parallell infrastruktur med den eksisterande infrastrukturen for bensin/diesel, og at det realistisk sett ikkje er mogleg å stenge oljekrana 1 januar. Akkurat no så framstår elektrisk drift med batterier som det mest aktuelle drivstoffet til å ta over, mest fordi den elektriske infrastrukturen låg klar slik at det berre var ladekapasiteten som måtte byggast ut. Og fordi dei fyrste elbilane kunne ladast i vanleg stikkontakt så var det mange som kunne kjøpe elbil tidleg, og lage grunnlaget for det ladenettverket som vi har i dag. Same fordelen har vi ikkje med hydrogen, kjøper du hydrogenbil så vil tilgangen på drivstoff alltid være ei utfordring ettersom vi har få/ingen hydrogenfyllestasjonar. Og med få hydrogenbilar så vil det være både dyrt og risikofylt å skulle investere i å bygge ut hydrogenfyllestasjonar. I tillegg så må vi som samfunn gjere oss nokre andre tankar om sikkerheitshandtering dersom bilparken skal gå på hydrogen. Både det enkle spørsmålet om kva vi vurderer som akseptabel risiko, for det er ikkje gitt at framtidas transportbehov skal være både miljøvenleg og trygt. Det som i praksis er spikeren i kista for norske hydrogenbilar i dag er den omfattande kontrollen av "gassanlegget" som bilen må gjennom ved fyrste EU-kontroll som i praksis blir for dyr til at det er lønnsomt. Det er likevel ikkje gitt at vi skal ha eit så strengt sikkerheitsopplegg. I snitt er det i dag 100 bilbrannar i måneden det store store fleirtalet er dieselbilar. Dersom vi hadde fått fjerna alle diesel/bensinbilar så må vi forvente at talet på bilbrannar hadde blitt sterkt redusert, og då kan det være at det er akseptabelt at vi får hydrogenbilbrannar med litt større skadepotensiale så lenge det skjer sjeldan. Transport vil alltid medføre ein risiko, men etter mitt syn så er skadepotensialet med hydrogen for stort til at det er forsvarleg å legge om heile bilparken. Hydrogen er eit problematisk stoff sidan molekyla er så små at det blir veldig lett lekkasjer. Likevel så skal eg ikkje utelukke hydrogen heilt, for vi kan fint redusere både risiko og kostnad ved å justere våre transportforventningar. Til dømes så er det ikkje gitt at alle husholdningar også i framtida kan ha 1-2 personbilar, og der er ikkje gitt at det i framtida skal være lov å parkere i ein parkeringskjellar eller bruke bilen i sentrumsnære strøk. Men det seier seg sjølv at mykje av poenget med ein hydrogenbil forsvinn om du berre kan bruke den utanfor byen, og så må du ha ein elektrisk bil i tillegg for bykøyring.
  19. Det tryggaste hadde sjølvsagt vært å ikkje fortelle historia. Når det gjeld at sedligheitsdommen ikkje vart nemt i serien så er det jo også eit spørsmål om kva TV-sjåarane kan forvente av bakgrunnsinformasjon. For spørsmålet om kor relevant forhistoria er, blir eit subjektivt spørsmål. Og sjølv om det er ei belastning for offera å sjå sin overgiper på TV mange år seinare, så er dette ei belastning som kriminaloffer ikkje har noko vern mot. Det er jo regelen meir enn unntaket at kriminaloffer må rekne med at dei kan både sjå og møte på sin gjerningsmann etter at vedkommande har sona sin straff. Om dokumentaren burde opplyst om denne sedligheitsdommen eller ikkje, er eg ikkje heilt sikker på. På den eine sida så forstår eg godt kritikken med at serien kanskje setter Bamsegutt i eit litt vel fordelsaktig lys. For det var jo ikkje tilfeldig at han utvandra til Filippinane utan intensjon om å returnere. Samtidig så var hovudpoenget med serien å vise kor hjelpelause nordmenn i utlandet kan bli, særleg når dei i tillegg har vanskar med å forstå det norske byråkratiet. Det andre store kritikkpunktet mot serien var Tore Strømøys samanblanding av roller, og då særleg det at han sjølv hjalp kona til Bamsegutt med å fylle ut søknaden om norsk opphaldsløyve. Objektivt sett så gjer det at Strømøy ikkje lenger er ein nøytral observatør. Men samtidig så er det ikkje eit ukjent grep i slike innslag. Når "TV2 hjelper deg" tek med seg ein misfornøgd kunde og trapper opp på bedriftas hovedkontor for å stille direktøren til veggs, så er heller ikkje dette ein nøytral journalistikk. Det er ikkje ofte at slike reportasjar også belyses butikkens versjon og forteller historia om den stakkars familiebedrifta som ikkje har råd til å gi kunden reklamasjon fordi omsettinga hadde vært så dårleg i andre kvartal. Tilsvarande blir det i serien "Ingen elsker Bamsegutt", det var ingen som hadde forventingar om at Tore Strømøy også skulle ta NAV og norske myndigheiter i forsvar for å forklare kvifor Bamsegutt måtte klare seg utan hjelp fordi skjemaet ikkje var rett utfylt.
  20. No har det gått nesten 72 timar frå trådstartar laga tråden, så det harmoniserer nok med at ein typisk får sympton mellom 36 timar og 6 dagar etter inntaket. Og viktigast i denne samanhengen at symptoma på nyresvikt vanlegvis kjem frå 3 til 17 dagar etter inntak. Eg mistenker likevel sterkt at dei pasientane som det står om i artikkelen har inntatt soppen mykje før trådstarter. Når mange plutseleg blir innlagt på sjukehus så er det fordi dei har spist giftig sopp utan å vite det, deretter har dei ignorert dei fyrste symptoma med diare/oppkast som omgangssyke, og fyrst når symptoma har blitt veldig alvorlege har ein sett samanhengen og kontakta helsehjelp. Trådstarter har i denne samanhengen vært langt meir opplyst enn dei fleste, då han/ho har vært klar over at det var mulig soppforgifting på gong. Slik som eg tolker trådstarter så var nok spørsmålet mest meint som eit spørsmål om kor farleg det eigentleg er med slik forgifting, og kva som i praksis kjem til å skje når han/ho møter opp på legevakta. Etter litt rask googling så kan det sjå ut som at det er normalt med ca 20 personar som kvart år blir innlagt på sjukehus etter soppforgifitng, i tillegg til at giftinformasjonen svarer ut rundt 40 000 telefonar. Rein gjetting frå min side, men eg vil nok tru at dei aller fleste som får i seg giftig sopp kan behandlast på legevakta utan sjukehusinnlegging, så mest truleg er det nok fleire hundre personar som kvart år pådreg seg ein eller anna form for forgifting. For dei som berre får i seg litt giftig sopp så er det sjølvsagt langt meir vanleg å bli kvalm og kaste opp enn det er å få akutt nyresvikt.
  21. Eg er ikkje einig i at det er heilt likt. Til dømes i spørsmålet om EU så er Høgre heilt klart for EU medlemsskap. Arbeidarpartiet er mot EU medlemsskap (men skjuler det litt bak å fyrst presisere at dei er for eit europeisk samarbeid). Når det gjeld EØS så er partia meir samstemte. Så vidt eg kjenner til så er det vel berre Raudt, SV og Sp som har tatt til orde for å trekke Norge ut av EØS avtalen. Den viktigaste grunnen til å stemme på eit anna parti er ofte for å vise misnøye. I praksis så er det ikkje alltid vi har særleg med alternativ dersom du er fornøgd med den overordna politiske samfunnsstyringa som både Høgre og Arbeidarpartiet står for. Det er ein del mindre parti som har eit litt anna syn, men disse partia har også eit ganske anna syn på heile samfunnsstrukturen. Dersom du til dømes er einig med Arbeidarpartiet i det aller meste, med unntak av at du sterkt imot EU og vil stemme på eit parti som er tydelgare i sitt nei til EU, så må du nesten stemme Raudt eller SV, men dei står også for ein heilt anna sosialpolitikk enn Arbeidarpartiet. Både Arbeidarpartiet og Høgre er eigentleg kompromissparti. Ingen av dei står for å innføre store samfunnsendringar då dette er det som gir flest stemmer. For det store fleirtalet så er det heilt akseptabelt med ei slik regjering. Sjølv om ein klart støttar Høgre så er det ingen krise om vi har Arbeidarpartiet i regjeringa, det som vil være krise er Ap-velgarane har tatt to skritt lengre mot venstre og gitt sin stemme til Raudt og SV, for dei to partia står for ein politikk som i mykje større grad er i strid med god Høgrepolitikk.
  22. Det er derfor eg skriv at dei unge har engasjementstillingar av same grunn som at dei eldre blir innleigde gjennom sitt ENK/AS. Det er svært vanskeleg å kome inn i varmen hos NRK som fast tilsett med dei rettigheitene det mefører. Som blant anna i denne saka så er det mykje enklare for NRK å handtere saka ved å enkelt og greit ikkje fornye avtalen med Tore Strømøy etter at den fyrste er gått ut pådato. Hadde Strømøy vært fast tilsett så hadde det nok ikkje vært grunnlag for ei oppseiing slik at NRK ville måtte finne ei anna løysing, mest truleg eit kontor nede i kjellaren utan oppfølging og utan noko å jobbe med.
  23. Slik er det vel ovet heile linja. Dei unge som jobbar i NRK har vel berre midlertidige engasjementstillingar av same grunn. Staten er på mange måtar den mest kyniske arbeidsgivaren. Når det gjeld saka om Tore Strømøy så er det ikkje så lett å få tak i kva som eigentleg har foregått på bakrommet. Det er derfor litt vanskeleg å konkludere på om Tore har blitt dårleg behandla eller om det er han sjølv som var valgt å gå eine vegar. Det sagt så synes eg at det er modig av Tore Strømøy å velge ei anna vinkling enn det som er den jamne oppfattinga. Som til dømes med Bamsegutt, hadde han vært så politisk korrekt at det berre vart fokusert på ugjerningane og at Bamsegutt hadde berre seg sjølv å takke, så hadde det ikkje vært mykje poeng i å bruke offentlege pengar på å lage dokumentaren. Heile poenget var vel å sjå saka i eit anna lys og fortelle ei historie som ikkje har blitt fortalt før?
  24. Etter den nye avhendingslova så er det satt ei grense der tap/kostnadar som er under 10 000 kr er ting som kjøparen må dekke sjølv. Eg er einig i at utfrå dei premissa du setter så skal det mykje til for at dette vil koste over 10 000 kr å utbetre, og sjølv om det skulle koste litt over 10 000 så er ditt ansvar då berre det overskytande beløpet. Det er sånn sett også eit spørsmål om dette i det heile tatt er ein mangel, både fordi at mangelen må være ein mangel som selgaren kjente eller måtte ha kjent til, og at mangelen er betydeleg nok til å ha hatt innvirkning på avtala. Tilsvarande kan heller ikkje kjøparen gjere gjeldande ein mangel som ein måtte ha blitt gjort kjent med ved å undersøke eigedommen før kjøpet, eller dersom kjøparen har avslått ei oppmodning om å undersøke eigedommen. Eg tenker at grunnlaget for dette kravet er tynt. Både rent objektivt ettersom den nye avhendingslova har ei konkret beløpsgrense, og fordi det er tvilsomt om dette er ein mangel som du som selger måtte ha vist om. Og dersom det er ein mangel som du som selgar måtte ha vist om, så er det aktuelt å stille oppfølgingssøprsmålet om ikkje dette er noko som kjøparen burde ha oppdaga på visning. Kjøpar tek openbart ein litt større risiko ved å kjøpe noko som ein ikkje sjølv har undersøkt. Og dersom kjøparen har brukt eit familiemedlem som har relevant yrkeskompetanse så vil det også kunne være med å flytte meir av ansvaret over på kva kjøpers fagmann burde ha oppdaga, kontra kva du som ufaglært selgar måtte ha vist om. Så er det eit stort spørsmål om kva som er omfanget av denne råteskaden. Er den så bagatellmessing at kjøparen ikkje kunne forvente å få særskilte opplysningar om den. Og er dette noko som din takstmann burde ha fanga opp? Off-topic: Det er slike saker som gjer at eg generelt sett vil anbefale å teikne forsikring som selgar. For då kan du overlate mykje av jobben med å avslå reklamasjonskrav til forsikringsselskapet. Som boligkjøpar så meiner eg at det har lite poeng i å teikne boligkjøparforsikring, dersom du som kjøper finn manglar så må du vanlegvis kjempe for dette sjølv. I praksis vil forsikringsselskapet avslå mangelen som for ubetydeleg til at forsikringsselskapet vil bruke pengar på å følge opp mangelen. Og skulle bustaden ha store og openbare manglar så treng du eigentleg ikkje hjelp av forsikringsselskapet for å reklamere. Eit tips kan være å sjekke om du har rettshjelp som ein del av innboforsikinga di. Mange innboforsikringar har denne tenesta inkludert, så her kan det være hensiktsmessig å be om bistand av nokon som kan vurdere denne spesifikke saka i litt meir detalj.
  25. Tenker at det er eit langt mindre problem. For det fyrste så er det nok få som er så gjerrige at dei bruker det trikset så veldig mange ganger, og for det andre så er største problemet med dei som forsyner seg grovt på bufféen at dette er mat som nokon andre kunne spist om resten fekk ligge igjen på bufféen. Alt som kunden har lagt på fatet må kastast etterpå uansett om det er urørt. Så vidt eg har forstått så er det heller ikkje brukandes til dyrefor av frykt for at maten kan inneholde tannpirkarar og andre gjenstandar som kan utgjere ein fare for dyret.
×
×
  • Opprett ny...