
The Avatar
Medlemmer-
Innlegg
20 822 -
Ble med
-
Besøkte siden sist
Innholdstype
Profiler
Forum
Hendelser
Blogger
Om forumet
Alt skrevet av The Avatar
-
Om begge partar er einige så kan dykk lage ein heilt ny leigeavtale med nye vilkår. Då er det den nye avtalen som blir ståande som gjeldande og ein kan ikkje angre seg og gå tilbake til den gamle avtalen. Einaste fallgruva er dersom den nye avtalen er inngått på uetisk vis, som til dømes at du utnytter din sterke posisjon som utleiger til å presse leigetakaren til å måtte akseptere ny avtale.
- 38 svar
-
- 4
-
-
Det fyrste som må avgjerast er om dette er korrupsjon. Det er masse spørsmål som er aktuelt å sjå på som om rabatten er unik for dei som jobbar i politiet eller om også andrr yrkesgrupper får rabatt. For at det skal være korrupsjon så må fordelen ha vært utilbørleg, altså at fordelen må ha vært meir enn ein lovleg fordel. Då er det særleg beløpet som blir avgjerande, med ein rabatt på 2600 kr i måneden så er nok det ganske betydeleg? Kva koster det vanlegvis med månedsabonnement på parkering utanfor ein arbeidsplass? Det er sjølvsagt stor forskjell på å få 10% rabatt kontra 90%. Eit anna moment er vel også i kva grad rabatten er eigna til å gi fordelar til den som har leigd ut parkeringsplassane? Den vanlegaste motytinga som ein får ved å tilby rabatt er lojale og langsiktige kundar, men i dette tilfeller må det vel være noko meir? Det er ikkje vanleg at det er veldig mange alternative stadar ein kan stå parkert heile dagen.
-
Å montere vassmålar på utleigedelen er heilt uproblematisk, men du kan ikkje pålegge leigetakaren å starte å betale for vatnet utan endring av leigeavtalen. Adgangen din til å endre leigeavtalen er at etter at leieforholdet har vart i 2,5 år så kan du med 6 månedars varsel endre husleiga til gjengs leige, men du kan ikkje endre anna enn prisen. Det er lov å avtale at leigetakar skal betale for straum, vatn og brensel i tillegg til husleiga, men du kan ikkje einsidig endre leigeavtalen til å ha ein slik klausul. Skal du endre leigeavtalen til at leigetakar sjølv betalar for vatnet så må du nok være villig til å tilby noko, som til dømes ein passande reduksjon i husleiga. Om du gir ein reduksjon som er tilpassa verdien av eit normalt vassforbruk så kan det gjere avtalen attraktiv for leigetakaren sidan leigetalaren potensielt kan spare pengar også til seg sjølv ved å redusere vassforbruket. Det å montere vassmålar i utleigedelen kan uansett være ein god idé, for sjølv om du ikkje kan kreve at leigetalaren betalar for vatnet sjølv så er det nyttig for deg å skaffe oversikt over vassforbruket. Det vil kanskje også ha oppdragande effekt på leigetakarane når vassforbruket blir synleggjort.
- 38 svar
-
- 5
-
-
Vil en sikkerhetsgaranti fra Trump ha noen verdi for Ukraina?
The Avatar svarte på Lyncs sitt emne i Politikk og samfunn
Det kjem heilt ann på kva garantiane går ut på, og om det blir stilt garantiar. Tomme løfter om at Trump lover på tru og ære å beskytte Ukraina mot framtidige angrep er nok ikkje så mykje verdt, men Trump kan også demonstrere handlingsvilje. Til dømes ved å sende amerikanere til Ukraina, gjennom å opptre avskrekkande ovanfor Russland og andre ytre fiendar, osv. Einaste fordelen med mineralavtalen som Trump vil ha er at med den avtalen så får USA økonomiske interesser i Ukraina som dei sjølvsagt ikkje vil akseptere at fell i russiske hender.- 100 svar
-
- 1
-
-
Aviser er ikkje det offentlege, og sjølv om du berre meiner at den norske offentligheita som bruker Twitter så er det nesten berre journalistar som bruker Twitter. Kan også legge til at Twitter har gjort seg sjølv utilgjengeleg sidan ein må være innlogga for å kunne lese innlegg, så då er det nok få nye brukarar som kjem til.
-
Det offentlege har vel i stor grad kutta ut bruken av Twitter? Politiet bruker no ei anna plattform for informasjon.
- 119 svar
-
- 2
-
-
-
Det å jobbe innafor rettsvesenet enten det er i retten eller hos advokatfirma er eit relativt smalt område. Jobben som sakshandsamar er ikkje avgrensa til berre det offentlege, er masse juristar som jobbar med sakshandsaming i det private også, som til dømes å sakshandsame forsikringssaker for eit forsikringsselskap. Ein anna veldig stor og brei "yrkesgruppe" er rådgivning og støttefunksjonar i eit selskap. Mange juristar jobbar med avtaleinngåing i samband med kjøp og salg av varer og tenester. Juristar er i høgste grad "poteter" i arbeidslivet. Ein jurist kan utføre alle typer kontoroppgåver, der den viktigaste kompetansen ikkje er juridisk metode, men systematisk informasjonsinnhenting. Stillingar som er passande for juristar finn du overalt der det er kontorarbeidsplassar. Det er nok fleire jobbar å finne i byane, men det har meir med at det er i byane det er flest arbeidsplassar totalt sett. Som i andre proffesjonsstillingar så kan det være enklare å finne gode jobbar ute i distrikta sidan det der ofte er færre om beinet. Lønnsnivået vil være svært varierande alt etter innhold i stillinga, tek du deg ein jobb som kontor-assistent der du i liten grad får brukt utdanninga di så får du nok mindre lønn enn om du jobbar som advokatfullmektig. Fordelen er at som jurist så vil du utkonkurrere alle andre søkarar som berre har årsstudie i kontorfaget.
-
Hvorfor er det ingen usikkerhet i USA om artikkel 5?
The Avatar svarte på mellomkjøttet sitt emne i Politikk og samfunn
Det er ei heilt anna sak, det eg snakkar om er å undergrave heile fundamentet for forsvarsalliansen NATO. Om Europeiske leiarar svarar med same mynt og sår tvil på om USA kan forvente bistand frå den europeiske delen av NATO så er alliansen meir eller mindre verdilaus, og heile NATO blir meir utsatt for angrep. -
Hvorfor er det ingen usikkerhet i USA om artikkel 5?
The Avatar svarte på mellomkjøttet sitt emne i Politikk og samfunn
Her er det sjølvsagt ulike synspunkt på korleis ein skal tolke tala, den store forskjellen er likevel at nært 100% av det norske forsvaret er tilgjengeleg til å bistå i ein NATO krig, medan USA kan ikkje sette inn heile sitt forsvar til ein NATO krig utan å gi slepp på andre viktige militære områder, som til dømes militærbasane som USA har på andre kontinent. Det einaste vi i Norge taper ut om vi mobiliserer heile vårt forsvar er at det er ein handfull med militært personell på Jan Mayen som driv med overvåking, utanom det så har vi ingen militær tilstedeværelse utanfor Norge. Dette 2% kravet i NATO er forholdsvis lite spesifikt, men det er eit kompromiss for å ha noko som er målbart. Vi i Norge kunne ha oppfylt dette kravet ved å berre satse på å bygge forsvarsverk og andre faste installasjonar. Då vil vi kunne seie at vi har tatt vår del av NATO forpliktingane, samtidig som at vi hadde hatt omtrent ingenting av forsvar som andre medlemsland ville kunne nyttegjere seg av. Det er litt slik med USA også, det er ikkje alt av USA sin militærmakt som er tilgjengeleg for NATO, mykje kan omdisponerast til andre stadar men lang ifrå alt.- 26 svar
-
- 2
-
-
-
Lydisolasjon er eigentleg enkelt. Det handler om å bruke materialer som absorberer og sprer lydbølgene, og det handler om å bruke tjukke nok lag til at effekten blir best mogleg. Eg forstår at du skal prøve å gjere det billig, neste spørsmål er då om du kan tillate deg å bygge tjukke veggar. Alt du isloerer med vil hjelpe på, ting som til dømes tørt høy er forholdsvis effektiv isolasjon og er for dei fleste i praksis gratis.
-
Hvorfor er det ingen usikkerhet i USA om artikkel 5?
The Avatar svarte på mellomkjøttet sitt emne i Politikk og samfunn
Det er mange moment som spelar inn her. Dei to viktigaste er likevel at USA står ikkje ovanfor nokon umiddelbar fare for invasjonskrig. Og ikkje minst at europeiske leiarar har ikkje sådd tvil om viljen til å respektere alliansen og då er det naturleg nok heller ingen grunn til å tvile på at Europa vil kome til USAs forsvar om nødvendig. Europeiske leiarar må absolutt ikkje finne på å synke ned til Trump sitt nivå, om alle i NATO startar å offentleg uttale at dei ikkje lenger kan love å oppfylle forpliktingane etter NATO alliansen så er alliansen så godt som død.- 26 svar
-
- 2
-
-
Summen vil vurdere med alt frå kvaliteten på lokalet til beliggenheit. Det mest relevante er å enten vurdere kva som hadde vært markedsleige dersom du hadde leigd ut kontoret som hybel. Då kan du ofte søke litt rundt på finn.no for å sjå kva som er leigeprisen i ditt område. Det er ikkje så vanleg å leige ut berre eit soverom i huset lengre men ved å sjå på kva det kostar å leige i kollektiv med felles tilgang til kjøkken, stove og bad så får du ein god indikasjon. Den lettaste måten å fastesette ein leigepris på er nok likevel å vurdere kva som er utleigeverdien av heile bustaden din, og om rommet du skal bruke til kontor utgjer 8% av bruksarealet så sett du leigeprisen til 8% av det du kunne leigd ut heile bustaden for.
-
Eg har ikkje telefonnummeret til alle, men vi har ei oversikt på kven som bur kvar, nummeret må då ofte søkast opp. Vi har ikkje lov til å kontakte styreleiar etter kl 20 eller før kl 8 utan at det er ein nødssituasjon, der støyplager ikkje er rekna om ein nødsituasjon som krev at styret blir informert. Det er derfor ein skal ringe politiet. Eg synes også at det å ha ein avtale med eit vekterfima er ei god (dog dyr) løysing for eit sameige/burettslag, det er likevel viktig at det økonomiske er ivaretatt på ein ryddig måte, både med informasjon om ordninga generelt sett og ikkje minst i kva tilfelle ein andelseigar kan avkrevast ekstrabetaling. Ein ting er når nokon har oppført seg på ein slik måte at det var nødvendig for vekteren å kome, men kven dekker kostnaden når det viser seg at det ikkje var nødvendig å kome? Av omsyn til økonomien i laget så er det også eit spørsmål om kven som kan bestille vektaren. Det bør ikkje være slik at kven som helst i blokka kan bestille vektertenester og sende rekninga til naboen, og om det er den som ringer til vektaren som må betale 3000 kr om vektaren ikkje rekk fram før festen har blitt avslutta og støyen har stoppa så vil nok tersekelen for å bruke vektaren være desto mykje høgare. I dette konkrete tilfelle så er heller ikkje gitt at det var nødvendig at vektaren rykka ut, då det i følgje trådstarter ikkje står noko om støy i rapporten. Hadde rapporten slått fast at vektaren kom fram til trådstarters leilegheit og der var støynivået så høgt at vektaren måtte avbryte festen, så hadde det også vært enklare å kreve at trådstarter betalar sidan ein då også har dokumentasjon på at trådstarter har påført utleigar eit økonomisk tap ved å bryte husordensreglane.
- 90 svar
-
- 1
-
-
Det er på ingen måte gitt. Trådstarter seier at han ikkje kan huske at det var mykje støy, og han meiner at festen bestod av samtalar og bakgrunnsmusikk. Så er det sjølvsagt heilt klart at trådstarter sin forklaring er farga både av at han vil underdrive problemet, og ikkje minst det faktum at trådstarter var full og hadde nok svekka evne til å vurdere eige støynivå. Som omtalt tidlegare i tråden så er det ikkje alltid at det er musikk og prat/roping som utgjer støyproblematikken i ei gamal blokk, ofte kan det være dei andre lydane av at det er aktivtet i blokka som er mest plagsomt. Typisk då at det er mykje ekko i korridorane som forplantar lyden av dører som slår, eller at lyden av avløpsvatn frå toalettet i trådstarters leilegheit går ned i soveromsveggen til alle naboane slik at dei lett våker kvar gong ein av gjestane skyller ned i do. Hadde det vært eit reint helvete med høg musikk og skråling så finn eg det heilt usannsynleg at festen har fått pågå til kl 04 utan at nokon hadde gitt beskjed tidlegare.
-
Vil understreke at eg ikkje har sagt at dette var ei fornuftig forventning, eg seier berre at det er dette trådstartar har sagt at han forventa. Vil også legge til at den vanlegaste måten å klage på er å sende ein SMS nettopp for å sleppe å stå opp. Ein slik SMS kunne forøvrig med fordel ha vært sendt tidlegare på kvelden. Å skulle vente til langt på natt før ein ringer etter hjelp, og deretter måtte vente på at vektaren dukker opp burde være unødvendig. Det er nesten så eg er tilbøyeleg til å meine at dersom naboen har bråka til kl 04 om kvelden så kan ein nesten liksågodt gi F i å avslutte festen, for heile natta er uansett spolert. Som eg skreiv tidlegare i tråden så vil det i dag være urealistisk å forvente personleg oppmøte for å klage på støyen. Samfunnet har endra seg og det er stadig eksempel på at denne måten å klage på feststøy har ført til voldsbruk, og til og med drap. Det å møte opp på døra om natta er i dag ei politioppgåve, alternativt vekteroppgåve. Eg ville i alle tilfelle ikkje ha forventa at ein nabo skal møte opp åleine på døra for å prøve å avslutte ein fest. Det er ikkje min erfaring, politiet tek tak i slike saker, særleg når det er snakk om blokk der det er mange som blir berørt. Kor høgt politiet prioriterer slike oppdrag kjem mykje ann på kva anna som foregår. Det er nok vanskelegare å få bistand frå politiet i tidspunktet 01 til 03 dei fleste stadar då politiet då ofte er opptatt med det generelle utelivet med slossing og overstadig berusa personar, men kl 04 og utover så har politiet ofte ledig kapasitet. Dersom politiet er opptatt med andre oppdrag så har det uansett ein verdi å ringe politiet. Dersom klagen på støyen er så presis at ein veit kva leilegheit det er snakk om så vil politiet ofte ringe den som er registrert busatt i leilegheita. Då kan pålegg om å avslutte festen gis muntleg, og dei fleste som blir oppringt av politiet vil uansett ta hintet om at det er lurt å avslutte festen før politiet dukker opp fysisk. Den andre verdien av å ringe politiet er at dette blir loggført, sjølv om politiet ikkje gjer noko anna enn å loggføre klagen så vil denne loggen ha god verdi dersom det blir aktuelt med utkasting, og politiet vil gi større prioritet til å rykke ut til festbråkarar som det har komt mange klager på. Eit anna "tips" som nabo er koordinere seg slik at det er fleire som ringer til politiet for å klage på støyen. Ein naboklage kan være frå ein hårsår og grinete nabo som ringere politiet berre ein høyrer at nokon i blokka skyller ned i do, men to eller fleire klagarar viser godt at det er fleire som opplever dette som plagsomt.
- 90 svar
-
- 2
-
-
-
Sjølv eit vellykka attentat vil ha avgrensa med betydning. Sjølv om Putin opptrer som diktator og eineherskar så er han ikkje drivkrafta åleine, han har folk rundt seg som står klare til å ta over. Enten at nokon tek over direkte under påskot av at Russland er under angrep og det ikkje er tid til å gjennomføre valg. Det å gjennomføre eit valg bil uansett bli berre for syns skuld, Putin har rydda vekk det meste av politisk motstand så i realiteten er det ikkje nokon andre enn dei i Putins indre krets som er tilgjengelege for å bli valgt til ny president. Det einaste som er sikkert er at eit vellykka attentat fører til ei periode med panikk og uorden, noko som gir ei ypperleg muligheit for nokon å stjele makta, og kanskje aller farlegast så gir det generalane eit handlingsrom til å gjere ting på eige initiativ utan at nokon har kontroll på kva det medfører. Det som er interessant med Trump sitt fredsforslag er at det er merkeleg stille frå Russisk hold. Det som er kjent er at Trump vil ha tilgang på ukrainske naturressursar i bytte mot ein til dels uspesifisert amerikansk beskyttelse. I tillegg seier Trump at det skal bli gode handelsforbindingar med Russland. Spørmålet her er om Putin stiller hemmelege krav som ikkje er offentleg kjent, eller om Putin berre underheld Trump for å dra ut tida. Så lenge Trump trur at han er i stand til å få til ein avtale med Putin, og han ikkje er villig til å donere meir utstyr til Ukraina så lenge ein fredsavtale er like rundt hjørnet, så gir dette pusterom til Putin til å bygge opp sine styrkar medan det ukrainske forsvaret får mindre støtte utanifrå. Det er godt mogleg at Putin sin strategi er å holde forhandlingane i gang lenge nok til at han får nok kontroll i Ukraina til at fredsavtalen ikkje lenger er relevant.
-
Dette løyser eigentleg ikkje problemet til trådstarter. Det fyrste punktet er jo om dette er eit beløp som trådstarter skal betale i det heile tatt, og det neste punktet er berre eit godt råd for å ikkje kome opp i same situasjon på eit seinare tidspunkt. At trådstarter burde akseptere denne rekninga som ei straff til seg sjølv for dårleg oppførsel er ikkje det same som at dette er rett. For dette skal ikkje være ei straff, det er krav om å betale ei teneste som trådstarter ikkje har bestilt. Det er også slik at dersom ein ser på dette som straff så er det slik at bøter skal betalast til staten, ikkje til vekterselskapet. Sidan trådstarter finn det nødvendig å starte denne tråden så kan vi nok rimeleg trygt anta at trådstartar var ukjent med at det ville bli leigd inn vekter for å gjere denne jobben. Trådstarter skriv i fyrsteinnlegget at han hadde forventa å få beskjed direkte om aktiviteten var plagsom for naboane. Eg har derfor tatt utgangspunkt i at dette var ein kostnad som trådstarter ikkje var førebudd på. Sjølv utan eigne husordensrelgar så burde det være openbart at nachspiel til kl 04 om natta ligg utanfor det som det er greit å utsette naboane for, så den delen burde være rimeleg grei. Spørsmålet er meir på om dette var eit forventa utfall av eit regelbrot. Den vanlege måten å løyse slike saker på er at styret i ettertid sender skriftleg varsel der det også framgår at andelen vurderes tvangssolgt. Sidan dette er ein utleigedel så kan andelseigaren ta dette vidare med å varsle leigetakaren om at denne skriftlege advarselen kan bli brukt som sakleg grunnlag for å seie opp leigeavtalen. Altså at dei påreknelege konsekvensane etter feststøy er at ein blir kasta ut, og ikkje at ein får "bot" for å ha brutt husordensreglane.
-
Hvor mye må politikere tåle av trakassering ?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Den subjektive oppfattinga er av betydning år ein skal vurdere om dette var henslynsløs atferd, men då på begge sider av saka. Både vurderinga på lovlegheit og alvorlegheit skal sjåast opp mot intensjonen til den som utførte handlinga. I denne saka er derfor fyrste spørsmål om demonstranten hadde intensjon om å være skremmande eller plagsom, altså om det var med vilje. Retten må derfor ta stilling til det litt subjektive spørsmålet om demonstranten forstod eller måtte forstå at dette var skremmande, plagsom eller ei krenking av henne. Det neste spørsmålet er om Listhaug oppfatta situasjonen som skemmande, plagsom eller krenkande. Det må derfor også gjerast ei vurdering av Listhaug sin subjektive oppfatting av situasjonen. Og til slutt må disse to sidene vurderast samla. Om demonstranten ikkje prøvde å opptre på plagsom måte og Listhaug heller ikkje vart plaga, så har det ikkje blitt begått eit lovbrot. Eit typisk døme er i saker som handlar om trusslar mot dørvakter på uteplassar. Slike hendingar blir ofte anmeldt som fast ordning av omsyn til både sikkerheit og arbeidsmiljø for dei som jobbar på uteplassen. Sjølv med gode bevis som videoopptak av hendingar så er det ikkje alltid saka ender med dom. Når dørvakta blir bedt om å vitne, og dørvakta skal spele stor og tøff og står i retten og seier at han eigentleg ikkje vart redd når han stod der og mottok trusslane, då fell også straffbarheita vekk. Vilkåret for å bli dømt for trusslar er at omstendigheitene er egna til å framkalle alvorleg frykt. Når vekteren står i retten og seier at slike truande ord og handlingar er han godt vandt med, og at det ikkje er skummelt i det heile tatt, ja då er det faktisk ikkje straffbart å ytre tomme trusslar mot dørvakta. Så kort oppsumert så er det slik at den subjektive opplevinga får betydning for lovlegheita, men ein skal også gjere ei vurdering av intensjonen. Dette regelverket kan ikkje være heilt objektivt då ulike personar har ulike grenser for kva dei toler og kva dei oppfatter. Det er til dømes stor forskjell på å seie "faen ta deg" til ei dørvakt på byen som dette kraftuttrykket berre preller av på, kontra å ytre dei same orda til presten som kan ha ei heilt anna oppfatting av betydninga av disse orda i ein teologisk kontekst. -
Dette er eit heilt tema i seg sjølv, men vil likevel kommentere at det at du må til fastlegen for å få helseattest for å kunne fornye førarkortet er eit godt eksempel på ei ordning som fungerer dårleg. For både burde det være unødvendig å bruke fastlegens tid på det som veldig ofte er ei overfladisk undersøking av syn, synsfelt, samt ei stadfesting på at personen ikkje har eit sjukdomsbilde som legen vurderer som trafikkfarleg. Til dømes er det spørsmål om pasienten har kognitiv svikt, men legen skal berre krysse ja om pasienten både har kognitiv svikt og utgjer ein sikkerheitsrisiko i trafikken. For det andre så er denne ordninga uheldig opp mot den gruppa som det er viktigast å ta helsekontroll på, altså dei eldre. Det er ein stor og openbar svakheit at fastlegen som gjennom mange år har fått ein god relasjon til pasienten kan være tilbøyeleg til å vurdere pasienten på mest mulig positiv måte og la pasienten få fortsette å køyre bil sidan pasienten er berre litt kognetivt svekka, har berre litt dårleg koordinasjon, osv. Det hadde nok vært langt fleire eldre som hadde strøket på helseattesten sin om det var ein nøytral lege som hadde stått for vurderinga. Kan også legge til at den andre sida av saka er at dersom fastlegen fyrst ikkje godkjenner helseattesten så medfører det mykje byråkrati for å få tilbake førarretten. Ein ting er at ein må ta ny helseattest som viser at helsa har blitt god nok til å køyre bil igjen, deretter må ein til politiet for å få vedtak om at ein kan få tilbake førarretten, så må ein ta med begge deler på trafikkstasjonen for å bestille nytt førarkort, og det er berre om politiet ikkje i tillegg krev ny teoriprøve eller køyrevurdering som vilkår for å få tilbake førarretten. Alt dette gjer at mange fastlegar vil kvie seg frå å ikkje godkjennne pasienten sin, og i alle fall når det finnes håp for at helsa kan betre seg så vil dei fleste legane foreslå å utsette helseattesten sjølv om det er openbart at akkurat i dag har ikkje pasienten god nok helse til at det er forsvarleg å køyre bil. Så heile samspelet mellom fastlege, politi og vegvesen fungerer ikkje tilfredsstillande nok til å raskt kunne ta eldre førarar som utgjer ein trafikkfare ut av trafikken.
- 63 svar
-
- 1
-
-
Hvor mye må politikere tåle av trakassering ?
The Avatar svarte på Vokteren sitt emne i Politikk og samfunn
Eg meiner at dette ligg utanfor det som ein politikar skal måtte tole, men så er også mitt syn på yttringsfriheita at yttringsfriheit er meiningslaust om den ikkje skal brukast til konstruktiv meiningsutveksling med formål om at samfunnet vårt skal bli bittelitt betre etter meiningsutvekslinga enn det som var statusen før ein delte sin meining. Så forstår eg at andre har ei anna oppfatting og meiner at yttringsfriheit betyr at du skal ha lov til å heilt utan konsekvenser klatre opp på såpekassa kvar som helst og seie kva som helst. Mitt syn er at dette er å misbruke yttringsfriheita sidan det einaste ein potensielt kan oppnå er å provosere så mykje at det neste som skjer er at ein eller begge partar finn det nødvendig å bruke vold og makt, når det ein eigentleg burde brukt var argumentasjon. Det skal være lov å ytre seg, men det skal ikkje være lov å tvinge nokon til å høyre etter, som i dette tilfellet å følge etter personer for å gjenta same bodskapet igjen og igjen. For meg hadde saka stilt seg heilt annaleis om ho i 10 minutt hadde gått etter Listhaug for å liste opp nye argument. Slagord er ikkje argumentasjon I denne konkrete saka så meiner eg at det ikkje er eit forsvar at dette "berre" pågjekk i 10 minutt, ho som protesterte kunne ikkje vite om dette var dei 10 einaste minutta som politikaren måtte tåle trakasering eller om det stod ein ny demonstrant klar lengre borti gata for å ta opp tråden i 10 nye minutt, osv. Om situasjonen opplevdes som truande eller ikkje, er for meg irrelevant. Det som er viktigaste saka her er spørsmålet om trakasering. Eg er likevel også einig med demonstranten på at situasjonen burde og kunne vært løyst på ein anna måte, som å invitere til eit møte for å diskutere saken direkte. For det er noko anna, som folkevalgt må du tole å høyre at andre arguementerer for eit anna syn enn deg sjølv, men du skal ikkje trenge å tole å bli ropt til på gata. På den andre sida så får eg ikkje inntrykk av (basert på artikkel og video-klippet) at demonstrantane har gjort eit truverdig forsøk på å innlede til dialog og kanskje eit møte med Listhaug. I staden for å rope slagord om blod på henda, at barn dør, og at ho må skamme seg, så kunne dei ropt namnet til Listhaug for å få oppmerksomheit og deretter ropt ut ein forespørsmål om ho har to minutt til å snakke om Gaza. Då inviterer du til noko konstruktivt, og det ville då være forventa at ein folkevalgt politikar hadde stoppa opp i to minutt for å høyre argumenta. Så i staden for ein nyheitsartikkel om demonstrantar som har trakkasert Listhaug så ville vi med denne framgangsmåten kanskje fått ein artikkel om Frp-leiaren som ikkje ville lytte. Trakassering av politikarar, enten det er i lokalpolitikken eller på høgare nivå, er ein trussel mot demokratiet. Når vi høyrer om politikarar som må gi seg i politikken fordi det er for mykje trakassering så svekker det demokratiet. Eg tenker også at kompensasjonen for å være politikar ikkje er i nærheita av god nok til at vi kan meine at det gjer opp for ulempane med å bli trakassert. Som politikar i kommunestyret så får ein eit lite honorar, kor mykje dette utgjer varierer frå kommune til kommune, men sett opp mot kor mange timar ein som politikar må bruke både i møter og ikkje minst til å lese sakspapir så er det nok ikkje pengane som er drivkrafta. For stortingspolitikarane så er det litt annaleis, dei får lønn for jobben dei gjer, men det er etter mitt syn ikkje spesielt godt betalt når ein ser på det heile bildet. Ei årslønn på 1,2 mill er ei høg lønn, men samtidig er dette ei lønn som er låg samanlikna med leiarstillingar i det private næringsliv, og det er ei lønn som skal dekke langt meir enn ei arbeidsveke på 37,5 time. Som stortingspolitikar kan du i liten grad legge jobben til sides og ta heilt fri. Statsministeren har vel 2 mill i årslønn, som også er ei høg lønn men eigentleg ikkje godt betalt med tanke på kva slags toppjobb det eigentleg er å være "sjefen i Norge". Utan å gå alt for mykje off-topic så er det heller ikkje eit poeng i seg sjølv at politikarane må lønnast betre, for det har sine utfordringar igjen frå at ein prioriterer gjenvalg framfor politikk, at ein får inn feil personar i politiske verv.- 86 svar
-
- 2
-
-
Sånn sett er spel meir kunst enn mykje anna kunstverk. Det er ikkje mogleg å lage eit spel i det heile tatt utan eit minimum av kompetanse. Eit kunstmaleri kan oppstå ved eit uhell, som at ein kastar maling tilfeldig på lerrettet, eller at ein kaster leirklumpen i bakken og seier at det er ein skulptur. Ulike kunstuttrykk krev ulik ferdigheit, kven som helst på gata har ikkje ferdigheitene til å male eit portrett, men absolutt alle har ferdigheitene som trengs for å dyppe ein pensel i malingsspannet. Dataspel er heilt motsatt, minst 99% av befolkninga veit ikkje korleis ein skal skrive ei einaste kode. Så sett på den måten så er spel kunst på eit høgt nivå, på same måte som at det er svært få som har ferdigheitene til å lage gode klassiske kunstverk enten det er malerier, skulpturar eller liknande. Det kjem veldig ann på kva ein legg i at noko er kunst, og den debatten har store likeheiter mellom den debatten som foregår i klassiske kunstmiljø om kvar skillelinjene går mellom kunst og handtverk, og med underspørsmålet om kvar ein skal plassere brukskunst på skalaen. Eg er likevel med deg på tanken om at kunst som blir produsert i industriell skala av fleire hundre arbeidarar i eit spelstudio som nesten utelukkande er drevet av økonomiske interesser, vil ha ein litt lågare kunstnerisk verdi enn kunst som blir produsert av berre ein person heilt åleine, og der motivasjonen er skapelsesprosessen og ikkje økonomisk vinning. Kanskje er det ein god parallell å seie at masseproduserte spel har meir til felles med brukskunst enn til tradisjonell kunst?
-
Det mest fornuftige og det som medfører minst risiko er å bruke pengane på å betale ned huslånet. Har du fleksilån så vil du fint kunne auke bustadlånet med 800 000 kr på eit seinare tidspunkt om du finner ut at du trenger pengane. Det vil være vel så enkelt som å selge deg ut av eit fond, og det vil ikkje være risiko for at du må selge deg ut på eit ugunstig tidspunkt. Den einaste praktiske ulempen med å betale ned gjeld er at med dagens prisstiging så kan det være aktuelt å satse på å berre betale rente og la pris og verdistigninga spise opp verdien på lånet. 3,2 mill i dag enn 3,2 mill om 20 år når både kroneverdien og lønna di har endra seg medan kronebeløpet er uendra. Det er likevel verdt å merke at det er ein liten risiko med ein slik framgangsmåte, då resultatet vil bli heilt motsatt om lønnsveksten skulle stoppe opp og lånerenta går til himmels. Det er sjølvsagt fristande å fortsette å betale huslånet som normalt og ha disse 800k som "bonuspengar" som du kan bruke på kva som helst enten det er langstiktig investering eller forbruk. Det er likevel lite sannsynleg at du finn innvesteringar som er så gode at det lønner seg å investere 800k framfor å ha 800k mindre i gjeld. Det er på ingen måte umogleg, men då må du være litt meir risikovillig. Som nemnt så blir det å investere pengane litt som å ta opp tilsvarande sum som lån for å investere ein stad som gjer det lønnsomt å ha investert lånte pengar.
- 49 svar
-
- 2
-
-
Lurt har du nok ikkje blitt, men eg sitt igjen med eit tydeleg inntrykk av at grunnen til at styret krevde fjerning av veggen er fordi dei ikkje var villige til å krangle med den forrige eigaren, og no når det kom inn ein ny eigar så såg dei eit håp for å sjekke om du var lettare å instruere. Det er godt mogleg at du kunne argumentert for at styret har akseptert denne veggen ved å ikkje har vært tidlegare på med krav om riving, særleg om veggen har stått der veldig lenge. Om det er slik at forrige eigar berre fekk munnleg beskjed om å ta ned veggen i samband med utflyttinga så er det rom for tvil om kva som eigentleg har skjedd. Den forrige eigaren kan til dømes ha oppfatta dette som eit reint forslag om å fjerne veggen, og det kan også være at han har oppfatta dette som eit forslag frå styreleiar(?) som privatperson/nabo og ikkje nødvendigvis som representant for styret. Sidan det tydelegvis ikkje har vært veldig viktig for styret å få fjerna veggen så fort ein oppdaga at veggen gav fuktproblem, då ein har venta heilt til forrige eigar flyttar ut, så indikerer det at dette var ei oppmoding og ikkje eit krav frå styret.
-
Slik som eg forstår trådstarter så er det meir ett spørsmål om denne saka kunne eller skulle vært handtert på ein anna måte, meir enn det er å be om råd for å ta ut søksmål. Når jobben no fyrst er gjort så vil eit eventuelt krav mot tidlegare eifar dreie seg om kostnaden til å kjøpe enkelt verktøy. Ein kan kreve erstatning for eigeninnsatsen, men det er eit vanskeleg erstatningskrav å dokumentere verdien på, også fordi det kjem inn ei vurdering av rimelegheit. Eg tenker også at det som er mest interessant er forholdet opp mot styret som krever veggen fjerna. Det er jo betimeleg å stille spørsmål om kvifor styret ikkje har brydd seg om veggen før trådstarter kom inn som ny eigar? Er det fordi styret gav opp på å tvinge tidlegare eigar til å rive veggen? I så tilfelle er det gode sjansar for at trådstarter også berre kunne sagt nei utan at styret hadde foretatt seg noko meir.
- 13 svar
-
- 1
-
-
I alle tilfeller er det høgst uvanleg å få ein vekter på døta som du verken har bestilt eller inngått avtale med. Det vil være like urimeleg å kreve inn eit slilt besøk om det skuldast andre ting enn brot på husordensreglane. Om utleigar trengte å sende leigetakaren ei påminning så vil det være urimeleg å fakturere for å ha sendt budbringar når ein SMS hadde vært like bra.
- 90 svar
-
- 1
-