Gå til innhold

Du kan spille som Norge i Civilization VI


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

For en som aldri har spilt denne serien før, er det like greit å begynne på VI som noe annet spill?

 

Javisst, det er ikke akkurat noen story å gå glipp av om man ikke spiller de eldre. Civ spill er kjent for å ha litt lite innhold på launch, selv om det virkelig ser ut til at de har gjort det annerledes på det området denne gangen, bare noe å være obs på.

Lenke til kommentar

Kjekt å vere representert, særleg når sivilisasjonen ser ut til å vere sopass bra. Plyndring kjem til å vere mykje meir effektivt i Civ 6, både fordi byane er spreidd utover, og fordi ein kan få andre ting enn gull når ein plyndrar. Tidleg maritim styrke og tidleg utforsking og kolonisering er både bra og tematisk passande, og eg trur Noreg blir ein artig sivilisasjon å spele.

Generelt synest eg dei har gjort ein veldig god jobb med dei sivilisasjonane dei har kunngjort. Dei ser ut til å vere både meir varierte og tematisk forskjellige enn i tidlegare Civilization-spel. Eksempelvis kunngjorde dei Kongo tidlegare i veka. Leiaren deira konverterte til kristendom, og dette er gjenspegla i at Kongo ikkje kan bygge religiøse distrikt og grunnlegge sin eigen religion. Dei har sjølvsagt andre fortrinn som kompenserar for dette, men dette gjer at Kongo fungerar veldig forskjellig frå t.d. Noreg.

Når det gjeld den grafiske stilen: eg synest det ser flott ut. Det er uansett dei mange nye mekanismene og sivilisasjonane som gjer at 21. oktober ikkje kan komme fort nok for min del. :)

Endret av KayAU
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Det kunne man i civ5 også, scenario eller uansett med mod. (mulig det var en add-on, men som en over sier - kjøp hele spillet på salg nå.)

 

Ikke kjøp dette spillet dag en. Det vil mest sannsynlig være horribelt. Et år senere er det verdens beste spill. Forhåndskjøper du dette spillet så er du helt på jordet. Civ-spill etter 3 får kun ut potensialet etter at alle bugs er vekk og alle addons er inne. Og mods, mange fine mods (veitaf*n om 6 støtter det, men det bør det vel)

Lenke til kommentar

Eg likte faktisk Civ5 på dag 1. Jaudå, det var ikkje like funksjonsrikt som Civ4 hadde blitt, men der var mange endringar eg likte, som t.d.:

* Heksagonale felt, bra både for spelbarheit og det visuelle

* Betre system for luksusressursar og strategiske ressursar

* Vegar blir brukt til å kople byar saman, ikkje til å forbetre kvar hex

* Ikkje alle underverk kan byggast overalt (eg likar generelt situasjonsbestemte ting fordi dei gir variasjon mellom gjennomspelingar, og Civ VI går vidare i denne retninga)

* Bygrenser utvidar seg på ein meir interessant måte

* Større skilnadar mellom sivilisasjonane

* Naturlege underverk

* Bystatar

* 1 militær eining per hex + einingar har 2 flytt

 

Med ekspansjonane vart det fantastisk, men eg synest faktisk det var bra på dag 1.

 

Når det gjeld førehandskjøp, er eg nok i dette tilfellet heilt på jordet. :p Eg førehandskjøper generelt ikkje, men Civ er det eine unntaket. Grunnen er enkel: eg veit veldig mykje om spelet allereie, og eg skal ha det uansett. Eg kjenner Civilization-serien veldig godt, og eg har so langt aldri blitt skuffa av ein oppfølgjar i hovudserien. Når det gjeld Civ 6 spesifikt, har eg allereie sett fleire timar av det. Det er ikkje eit blindt kjøp.

  • Liker 2
Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...