Gå til innhold

- DNV GL-rapport fortoner seg som et bestillingsverk for sol-kraft- og vindkraftindustrien

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

For de aller fleste land ser vind og sol ut til å bli løsningen på behovet for stadig mer energi. Noreng kjemper i intens motbakke!

Ikkje gløym bioenergi! Å byggje om eit kolkraftverk til å gå på biomasse, eller ei blanding av kol og biomasse, er ei enkel og billig oppgradering. Produksjonen er like regulerbar som kolkraft. Tyskland er 2/3 dekt av skog, og produserer like mykje straum frå bioenergi som frå sol. DONG Energy i Danmark skal erstatte alt kol med biomasse innan 2023, og dei er på god veg. Frå 2006 til 2016 reduserte dei kolforbruket frå 6,2 til 1,7 millionar tonn i året.

Jeg tror ikke biomasse er en så god løsning på lang sikt. Så vidt jeg vet så importerer Danmark mesteparten av biomassen til varmekraftverkene sine. Videre så bygger de (privat)husene sine i betong i stedet for tre fordi det er deres tradisjon (eller for lite trematerialer i Danmark?) til tross for at tre er bedre for klima og at de ønsker å legge mer vekt på det totale klimaregnskap for bygninger, ikke bare drift.

Med sine mange varmekraftverk som lett kan endre balansen mellom å produsere strøm og varmtvann (fjernvarme) så har Danmark en god støtte for vindkraften når vinden uteblir. På sikt ser jeg heller for meg at det varme vannet produseres av strøm og varmepumper, at det produseres hydrogen når vind produserer mer enn forbruket og at hydrogenet varmer vannet når strømproduksjonen er lav. I dag burde en kunne få fram troverdige overslag på hva slike løsninger ville koste i forhold til dagens situasjon.

Hydrogen kan også brukes til tung skipsfart og luftfart og ved i størrelsesorden en måneds lagringskapasitet, ville dette også bidra til bedre balanse mellom produksjon og bruk av strøm.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

Øystein Noreng er nå pensjonist så han trenger ikke skrive for oljeindustrien for å livberge seg. Men det er ikke poenget: de som bare henger seg opp i hans petroleumsbakgrunn, unnlater å gå inn i hans argumentasjon.

Jeg er langt på vei enig i hans kommentarer: DNV-GL rapporten er sterkt teknologioptimistisk. Bl.a. er det åpenbart at de ikke tar høyde for den sterke utbyggingen av kullkraft som foregår i India, Indonesia og mellomstore land i Afrika og Asia. Disse verkene vil produsere langt forbi 2040 og antagelig 2050.

Vesentlig er også Øysteins påpekning av reguleringsutfordringen. Batterientusiastene overvurderer hva batterier kan dekke. Husk kraftforsyning ute i verden er mer enn lys i private hjem som lett kan slår av og på. Selv med dagens velstandsutvikling går rundt 75% av Kinas kraftkonsum til industri som trenger stabil tilførsel. Det er ikke lett å skaffe 200GW (dagens sol og vind kapasitet i Kina) fra batterier over flere grå og stille dager på vinteren. Og lettere blir det ikke hvis 1000 GW kullkraft skal fases ut.

I europeisk målestokk vil en meget omfattende utbygging av høyspentnett (HVDC) et stykke på vei kunne redusere reguleringsproblemet. Vindfarmer fra Nordsjøen til Nordkapp vil ha høy produksjon om vinteren med begrenset solkraft fra sentral og sør Europa. Omvendt om sommeren, solkraft sendes nordover når det er rolig sjø i nord. Norsk vannkraft som batteri? Tja, hvis vi dobler kapasiteten i kraftverkene (+20GW) og dobler kapasiteten på nettet innen og flerdobler ut av Norge, men det blir vel ikke godt mottatt av naturvernere.

Det får holde for nå.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

For de aller fleste land ser vind og sol ut til å bli løsningen på behovet for stadig mer energi. Noreng kjemper i intens motbakke!

Ikkje gløym bioenergi! Å byggje om eit kolkraftverk til å gå på biomasse, eller ei blanding av kol og biomasse, er ei enkel og billig oppgradering. Produksjonen er like regulerbar som kolkraft. Tyskland er 2/3 dekt av skog, og produserer like mykje straum frå bioenergi som frå sol. DONG Energy i Danmark skal erstatte alt kol med biomasse innan 2023, og dei er på god veg. Frå 2006 til 2016 reduserte dei kolforbruket frå 6,2 til 1,7 millionar tonn i året.

Den norske debatten lider av småskala-tenkning: DK har kapasitetsbehov i MW-klassen, for Europa snakker vi om GW. Eller kraftbehov: DK bruker ca 33 TWh, Norge ca 120 TWh, EU ca 3000 TWh. Biomasse kan bare bli av betydning i lille DK med mye landbruksareal per capita. Det er helt riktig at DK har en effektiv politikk for redusert kullforbruk. Deres høye vindkraftdekning er mulig fordi de har meget stor kapasitet på nett mot NO, SE og DE, samt strømforbruk som bare er ca 1/4 av hver nordmann...

Lenke til kommentar

Bla bla konspirasjonsteori bla bla eksponentiell vekst osv osv.

DNV rapporten er tull, fordi den antar at folk frivillig vil gi avkall på høy levestandard (det er veldig sterk korrelasjon mellom energibruk og levestandard) og fordi den totalt ignorerer areal-utfordringene med storskala fornybarenergi.

Her er det bare for våre venner i konsulentbransjen å sette seg ned med salige prof. MacKays mesterverk SEWTHA og lese seg opp før neste synserapport...

Lenke til kommentar

For de aller fleste land ser vind og sol ut til å bli løsningen på behovet for stadig mer energi. Noreng kjemper i intens motbakke!

Ikkje gløym bioenergi! Å byggje om eit kolkraftverk til å gå på biomasse, eller ei blanding av kol og biomasse, er ei enkel og billig oppgradering. Produksjonen er like regulerbar som kolkraft. Tyskland er 2/3 dekt av skog, og produserer like mykje straum frå bioenergi som frå sol. DONG Energy i Danmark skal erstatte alt kol med biomasse innan 2023, og dei er på god veg. Frå 2006 til 2016 reduserte dei kolforbruket frå 6,2 til 1,7 millionar tonn i året.

Det er grenser for kor mykje bioenergi kan dekke inn. Ein sak er at om hogsten vert stor nok byrjar folk å protestere, noko anna er røykgassar og partikkelforureining. Brenning av ved er ikkje den beste kjelda til oppvarming i sentrale strok.

Sjølv har eg eit større håp om at Kina får til eitt eller fleire utviklingsløp innan atomkraft. Visstnok er mange av kolkraftverka dei har bygd dei seinaste åra førebudd på å byte brennkammer med reaktor. Om det vert "Pebble bed" eller MSR eller noko anna attstår å sjå, men eg er overtydd om at atom må med i blandinga skal me ha ein sjanse.

Jeg tror ikke biomasse er en så god løsning på lang sikt. Så vidt jeg vet så importerer Danmark mesteparten av biomassen til varmekraftverkene sine.
Nettopp difor bør både nordmenn og svenskar setje stor pris på at Danmark importerer trepellets! Synd at Norske Skog satsa på avispapir i staden. Bioenergi kan erstatte kol utan å utgjere ein stort større del av den danske energimiksen enn i dag. Danmark har framleis plass til meir vindkraft. Trikset er å bruke billig straum til å varme fjernvarmen når det er full storm ute, i staden for å la varmekraftverka stå og fyre og la kraftverket rotere. Då sparer dei brennstoffet til det er vindstille.

På sikt ser jeg heller for meg at det varme vannet produseres av strøm og varmepumper, at det produseres hydrogen når vind produserer mer enn forbruket og at hydrogenet varmer vannet når strømproduksjonen er lav. I dag burde en kunne få fram troverdige overslag på hva slike løsninger ville koste i forhold til dagens situasjon.

Varme er lett å lagre direkte, til dømes i eit faseskiftmateriale. Då kan du bruke varmempumper eller direkte elkjelar (billigare) til å varme det opp når det er overskot av kraft, og avgje varmen direkte til fjernvarmesystemet når det ikkje er vind. Verknadsgrada til ei varmepumpe er mykje større enn for elektrolyse, og sjølv ein elkjel har dobbelt so høg verknadsgrad til ein brøkdel av prisen.

Førebels trengst det ikkje. Periodane med overskot av vindkraft er ikkje lange nok, og det er mykje varmekapasitet berre i vatnet i røyra på eit fjernvarmeanlegg.

Hydrogen kan også brukes til tung skipsfart og luftfart og ved i størrelsesorden en måneds lagringskapasitet, ville dette også bidra til bedre balanse mellom produksjon og bruk av strøm.

Nei, nei, nei. Gjødselproduksjon er den største utsleppskjelda i landet som ikkje er knytt direkte til olje- og gassindustrien. Årsaka er at dei produserer hydrogen av olje. Det er hydrogen som trengst som råstoff til ammoniakk-produksjonen. Dei kan ikkje bruke noko anna. Skips- og luftfart kan bruke noko anna. Luftfarten er på full fart mot batteri, og skipsfarten mot hybridar med LNG som lett kan skiftast ut med LBG (flytande biogass).
Lenke til kommentar

Øystein Noreng er nå pensjonist så han trenger ikke skrive for oljeindustrien for å livberge seg.

I fylgje Wikipedia er han framleis styremedlem i RWE-DEA, og han er professor emeritus ved BI i iet professorat sponsa av Total.

Men det er ikke poenget: de som bare henger seg opp i hans petroleumsbakgrunn, unnlater å gå inn i hans argumentasjon.

Det er mange her som går inn i argumentasjonen hans òg. Til dømes at han fullstendig unngår å nemne bioenergi, som han veit vil øydeleggje heile argumentasjonsrekkja. Eg trur ikkje han er dum. Han kjenner til bioenergi, og korleis det er i ferd med å erstatte kol til det einaste kol kan brukast til i kraftproduksjon. Han kan heller ikkje unngå å ha fått med seg at fornybar energi har vorte billigare enn kolkraft.

Jeg er langt på vei enig i hans kommentarer: DNV-GL rapporten er sterkt teknologioptimistisk. Bl.a. er det åpenbart at de ikke tar høyde for den sterke utbyggingen av kullkraft som foregår i India, Indonesia og mellomstore land i Afrika og Asia. Disse verkene vil produsere langt forbi 2040 og antagelig 2050.

Det føregår ikkje ei sterk utbygging av kolkraft i dei landa. Tvert imot.

Auken i kolforbruk i India i fjor var berre halvparten av gjennomsnittleg årleg auke kvart år dei siste ti åra. Dei har lagt planlagde kolkraftverk på is og byggjer ut solenergi i staden, fordi det er billigare og produserer automatisk når dei treng mest straum. Held vi Egypt og Sør-Afrika utanfor, gjekk kolforbruket i Afrika ned over 10% i fjor. Solenergi erstattar kolkraft. Indonesia er det einaste landet som framleis satsar på kol, men dei erstattar olje. Det er ikkje store skilnaden i utslepp eller forbruk frå eit nytt kolkraftverk og eit gammalt oljekraftverk.

Det er nokre få kolkraftverk under bygging i verda, men ikkje nok til å erstatte alle som vert nedlagde. Kol er på full retrett globalt. Det er slett ikkje sikkert at dei nye kolkraftverka kjem til å brenne kol til 2050. I Europa er det mange døme på at berre få år gamle kolkraftverk har vorte ombygde til å gå på biomasse. Kvifor ignorerer Noreng denne naturlege utviklinga? Veit han ikkje betre, eller er han desperat?

Vesentlig er også Øysteins påpekning av reguleringsutfordringen.

Nei, der tek han rett og slett feil. Som andre har påpeika – Danmark produserer nesten halvparten av straumen sin med vind, og har det mest stabile straumnettet i verda. Dei har mål om å dekkje over 80% av forbruket med vindkraft. Måten å oppnå det på, er å smarte opp forbrukssida gjennom prissignal, i staden for å berre ha sentralregulering av produksjonssida. Dei klarer dette utan anna lagring enn biomasse og varme i fjernvarmeverka.

Batterientusiastene overvurderer hva batterier kan dekke. Husk kraftforsyning ute i verden er mer enn lys i private hjem som lett kan slår av og på. Selv med dagens velstandsutvikling går rundt 75% av Kinas kraftkonsum til industri som trenger stabil tilførsel. Det er ikke lett å skaffe 200GW (dagens sol og vind kapasitet i Kina) fra batterier over flere grå og stille dager på vinteren. Og lettere blir det ikke hvis 1000 GW kullkraft skal fases ut.

Kina er verdas største produsent av vasskraft, og aukar stadig. Dei har eit enormt potensiale, spesielt under Tibet-platået. No dekkjer vasskraft 20% av forbruket i Kina. I tillegg har Kina mykje pumpekraft 30 TWh pumpa vasskraft produserte dei i 2016 (opp 94% frå 2015), mot 66 TWh solenergi. Lagring er ikkje noko problem førebels. Dei slår på pumpene når sol og vind produserer meir enn dei treng, og produserer straum frå magasinert vasskraft når det er mørkt og vindstille. Ikkje undervurder kinesarane i planlegging.

At industrien treng stabil tilførsel, er ikkje det same som at dei brukar like mykje straum heile døgeret og året rundt. 75% inkluderer kraftforbruket til absolutt all kinesisk primær- og sekundærindustri, både tung og lett. Eg tvilar på at alt det der står på og krev like mykje straum heile døgeret og heile året.

I europeisk målestokk vil en meget omfattende utbygging av høyspentnett (HVDC) et stykke på vei kunne redusere reguleringsproblemet. Vindfarmer fra Nordsjøen til Nordkapp vil ha høy produksjon om vinteren med begrenset solkraft fra sentral og sør Europa. Omvendt om sommeren, solkraft sendes nordover når det er rolig sjø i nord. Norsk vannkraft som batteri? Tja, hvis vi dobler kapasiteten i kraftverkene (+20GW) og dobler kapasiteten på nettet innen og flerdobler ut av Norge, men det blir vel ikke godt mottatt av naturvernere.

Dobling av effektproduksjonen vert nok lett akseptert. Det skjer stadig ved modernisering av gamle kraftverk. Då byggjer dei kraftverk og røyrgater inn i fjellet, og riv ned det gamle som skjemmer utsida. Har ikkje høyrt ein einaste miljøvernarar protestere på det. Etter ein del møter med sinte miljøvernarar på fjellet har Statnett lært, og byggjer nye utlandskablar direkte til kraftverk som både har godt nett frå før og effekt til å fylle kabelen nesten åleine.
  • Liker 1
Lenke til kommentar

Bla bla konspirasjonsteori bla bla eksponentiell vekst osv osv.

DNV rapporten er tull, fordi den antar at folk frivillig vil gi avkall på høy levestandard (det er veldig sterk korrelasjon mellom energibruk og levestandard)

Det er direkte feil. Du får ikkje høgare levestandard av å byggje eit kolkraftverk med 20% verknadsgrad, enn om du byggjer eit kombinert kolkraftverk og fjernvarmeverk med 90% verknadsgrad. Tvert imot frigjer du ressursar som kan brukast på betre måtar for å auke levestandarden.

Sjølv IEA skriv at det no ikkje lenger er ein sterk samanheng mellom energibruk og økonomisk vekst. Økonomisk vekst kan like godt komme av meir effektiv energibruk. Til dømes drift av bilar med straum i staden for bensin. Det sparer mykje energi og tid.

og fordi den totalt ignorerer areal-utfordringene med storskala fornybarenergi.

På kva måte då? Mange kan produsere den straumen dei treng gjennom året med solcellepanel på taket. Vindturbinar kan lett kombinerast med til dømes landbruk eller fiske i same område. Noreg er sjølvforsynt med vasskraft, utan at det har lagd store arealproblem. Bioenergi utnyttar for det meste avfall frå landbruk og skogdrift.

Apropos – kva meiner du om arealutfordringane med kolkraft. Om du ser på eit satellittbilete av Tyskland, kan du zoome ut til heile landet får plass på skjermen, og du ser brunkolbrota som store grå felt. Du ser ingen solcelleparkar der. Ingen vindturbinar heller.

  • Liker 1
Lenke til kommentar

For de aller fleste land ser vind og sol ut til å bli løsningen på behovet for stadig mer energi. Noreng kjemper i intens motbakke!

Ikkje gløym bioenergi! Å byggje om eit kolkraftverk til å gå på biomasse, eller ei blanding av kol og biomasse, er ei enkel og billig oppgradering. Produksjonen er like regulerbar som kolkraft. Tyskland er 2/3 dekt av skog, og produserer like mykje straum frå bioenergi som frå sol. DONG Energy i Danmark skal erstatte alt kol med biomasse innan 2023, og dei er på god veg. Frå 2006 til 2016 reduserte dei kolforbruket frå 6,2 til 1,7 millionar tonn i året.

Det er grenser for kor mykje bioenergi kan dekke inn. Ein sak er at om hogsten vert stor nok byrjar folk å protestere, noko anna er røykgassar og partikkelforureining. Brenning av ved er ikkje den beste kjelda til oppvarming i sentrale strok.
Det er ikkje meir oske og røykgassar frå eit kolkraftverk som er ombygd til å gå på biomasse. No er det stort sett bos frå skogindustrien som vert til flis for fyring i desse kraftverka. Sagflis, hun, materiale med feil og liknande.

Sjølv har eg eit større håp om at Kina får til eitt eller fleire utviklingsløp innan atomkraft. Visstnok er mange av kolkraftverka dei har bygd dei seinaste åra førebudd på å byte brennkammer med reaktor. Om det vert "Pebble bed" eller MSR eller noko anna attstår å sjå, men eg er overtydd om at atom må med i blandinga skal me ha ein sjanse.

Kina auka kjernekraftproduksjonen med nesten 25% i 2016, og mykje meir er under bygging. Berre sol og vind (og pumpa vasskraft) aukar meir.
Lenke til kommentar

Noreng, sjekk denne nyheten fra IEA. https://www.iea.org/renewables/

Solceller vokste med 50% i 2016. Akkumulert kapasitet til 306 GW. Dine venner i UIO kan prøve å sette inn data for 2016 og se om modellen deres fremdeles gjelder. Prisene for solceller fortsetter å stupe. Flere store anlegg er solgt med priser på 3 cent per kwh, og de synker fortsatt. Siste rekord er på 2,4 cent/kwh. Til og med konservative IEA spår en rask vekst fremover.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
  • 3 måneder senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...