Jump to content

Sturle S

Medlemmer
  • Content Count

    6998
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    37

Everything posted by Sturle S

  1. Kan du då forklare kvifor salet av hydrogenbilar i Danmark stansa heilt opp straks heile landet var dekkja av hydrogenstasjonar og hydrogenbilane hadde mykje større avgiftsfordelar enn elbilar? Salet går ikkje akkurat opp i Tyskland heller, der dei har 84 stasjonar. I mange andre land, som Finland, Portugal og Spania, har dei teke konsekvenssen av salstala og lagt ned alle hydrogenstasjonane. Danmark gjer forsovidt det same når dei no er nede i 6. Ja, hydrogenbilar er alltid ti år fram i tid, ikkje sant? 🙂
  2. Kvifor det? Kvifor ikkje starte med dei kortaste rutene fyrst? Mange småflyplassar har jo berre ei eller to ruter, som ofte er "mjølkeruter" med fleire stopp. Kvifor det? Mange av kortbaneflyplassane har so og seie aldri to fly samstundes, og har i alle fall ikkje kapasitet til å handtere passasjerar og bagasje til to fly samstundes. Kvifor skal dei då kunne hurtiglade to fly samstundes? Kan hende det kjem eit småfly på same tid, fordi opningstida til flyplassen er tilpassa ruteflyet som går der, men hobbypilotar er ikkje ukjende med venting på fuel. Tenkjer det går heilt fint. Dei skal uansett ha seg ei pissepause, ein kaffikopp og ein brief om ver og andre forhold på neste leg. Dersom det tek for lang tid å lade ferja er ladaren underdimensjonert. Vanlegvis går det heilt greitt. Til dømes går Ampere fortare over fjorden enn dei andre ferjene på Lavik-Oppedal, for å få nok tid til å lade. Dermed får du kortare reisetid med den ferja, som elles fylgjer dei same rutetidene med avgang kvart 20. minutt som dei andre ferjene. Det tek alltid litt tid å ta av og på passasjerar og bagasje ved ei mellomlanding, og på den tida vil hurtiglading i mange tilfelle vere ferdig. Flyselskap må i dag ta høgde for vedlikehald på flya, som er omfattande arbeid ganske hyppig. Det som krev mest vedlikehald er motorane. Difor må dei ha eit fly i reserve og ta høgde for vedlikehald i ruteplanlegginga. Eit elektrisk fly vil ha mindre vedlikehald. Difor trur eg 10 minutt ekstra på bakken av og til vert spart inn på andre måtar. (Ikkje minst i drivstoffkostnader!) Lenger reisetid vert det berre dersom du er passasjer på ei "mjølkerute" som må lade meir enn den tida det tek å ta av og på passasjerar under ei mellomlanding. Flyet fylgjer rutetida, so det vert ikkje lenger tid å vente for andre. Går flyet klokka 15:10, kjem du til flyplassen klokka 15:00 som før. (Ein kortbaneflyplass dette, ikkje Gardermoen.) Fleire av dei kommersielle elfly-utviklarane har batteribyte som ein del av konseptet. Det gjer flya meir fleksible på store flyplassar, slik at dei ikkje vil vere avhengige av spesielle oppstillingsplassar for å lade.
  3. Du brukar nok lenger tid på å køyre av vegen og parkere framfor pumpa enn eg brukar på å plugge inn og ut ladekabelen heime.
  4. Kanskje nedgangen i salet av hydrogenbilar i alle land utanom Korea kan vere ein peikepinn om framtida? Eller den heller labre interessa i den nordiske undersøkinga om bilkjøp? Eg tykkjer ikkje det er åpenbart i det heile. Nesten alle bilprodusentar har lagt ned utviklinga av hydrogenbilar. For ti år sidan vart det lansert haugevis av konsept. No er det dørgande stille. Toyota skal komme med ein ny Mirai, men det er på høg tid. Gamle Mirai med berre 500 km rekkjevidde må dei snart betale for å kvitte seg med. Dei 13 bilane her har vore på lager sidan 2018! Interessa finst knapt. Heller ikkje nokon av dei ivrigaste haleluja-ropande hydrogenfanatikarane her har hydrogenbil. Dei køyrer elbil, og demonstrerer dermed at lading ikkje er noko praktisk problem for dei heller.
  5. 1000 reservasjonar? Tesla Cybertruck nådde 250.000 reservasjonar på under ei veke. Det siste talet eg såg, før Tesla opna for reservasjonar frå Kina, var 650.000. Kan hende det kjem av at Tesla faktisk har synt fram ein bil, ikkje berre illustrasjonar.
  6. Det reknestykkjet skulle eg likt å sjå! Økonomisk for hydrogenstasjonen då, eller? I alle fall ikkje for bilistane.
  7. Ein elbil kan køyre like langt på straumen ein hydrogenstasjon brukar på å komprimere 1 kg hydrogen frå lagertrykk til fylletrykk (typisk 200 til 800 bar – må vere godt over 700 for å fylle ein hydrogenbil full på kortare tid enn det tek å lade ein elbil) som ein hydrogenbil kan køyre på 1 kg hydrogen. Difor vil ein hydrogenstasjon bruke meir straum ein ein ladestasjon, sjølv om hydrogenstasjonen får tilkøyrt hydrogen!
  8. Vi veit litt om interessa for hydrogenbilar i Norden. 1% av alle i Norden seier dei kan tenkje seg å kjøpe ein bil som går på "biodrivstoff eller hydrogen". Dersom vi går utifrå at interessa for ein bil som går på til dømes bioetanol/biodiesel eller biogass er null, er det kanskje ein heil prosent som kan tenkje seg ein hydrogenbil. Det kan òg vere ingen, sidan interessa for avansert biodrivstoff er svært høg i Sverige og Finland. Vi veit i alle fall heilt sikkert at det ikkje er mange, og eg tippar dei aller fleste som kan tenkje seg ein hydrogenbil til normal pris allereie har kjøpt. I Finland var det so få at dei har lagt ned alle hydrogenstasjonane. I Danmark har dei lagt ned 4 av 10, men ingen av våre nordiske naboar har lagt ned like mange som Noreg. Vi hugsar "hydrogenveien" frå Oslo til Stavanger, til dømes. Der gjekk det med mange skattekroner!
  9. I natt mellom 2 og 3 er straumprisen 0 (gratis straum) i heile landet og mellom 4 og 5 er prisen for fyrste gong i historia negativ, -9,6 øre/kWh i NO1, NO2 og NO5 og heile Sverige, Danmark og Nederland. Det er berre å stille bilen til å lade 100% då folkens! NO3 og NO4 får ikkje negativ pris.
  10. Ja, vi har gigantiske magasin i fjella. Vi har nok magaisnkapasitet til normale vintrar. Ikkje til tørre og kalde vintrar. Då er vi avhengige av anten import eller auka innanlands produksjon om vinteren. Dersom vi skal ake forbruket, som vi må på grunn av overgang frå fossilt til fornybart, vil forbruket auke gjennom heile året. Då har vi for lite magasinkapasitet til sjølv normale vintrar. For å bøte på det har vi tre alternativ: Auke import-kapasiteten med fleire utlandskablar. Det fjernar konkurransefortrinnet vi har med billig kraft. Auke magasinkapasiteten i høgfjellet ved å ta av nasjonalparkane. Det medfører svært store naturinngrep og tap av naturmangfald. Auke den naturlege produksjonen om vinteren ved å byggje ut vindkraft. Det medfører små eller moderate naturinngrep. Det er heilt sikkert mogeleg, men det er ikkje mogeleg å utvide magasinkapasiteten til vinteren utan store naturinngrep. Eg trur ingen har komme med den påstanden heller, men eg reknar med du er samd i at store magasin som vert regulert med meir enn 3 meter over året er svært øydeleggjande for naturen. Ingen plantar som lever langs vasskanten og på botnen toler det. Det øydelegg i sin tur heile næringskjeda i og rundt vatnet og ofte langt nedover vassdraget. Vindturbinar har liten innverknad på naturen rundt. Dei er berre lettare å få auge på.
  11. Lite!? Dei fleste landa brukar mykje meir elektrisk energi enn Noreg. Tyskland er på 6. plass i verda i straumforbruk. Frankrike nr 10., Storbritannia 11, Italia 12, Spania på 16 osb. Noreg er heilt nede på 29. plass.
  12. Det vil alltid vere lønsamt med den lågaste kraftprisen. Dersom det vert utvunne færre bitcoin, til dømes fordi kursen går ned, vert det lettare å utvinne nye bitcoin. Automatisk. Ergo får ein fleire bitcoin for same investering i energi, og det er framleis lønsamt å utvinne bitcoin.
  13. So det er der bilane har hamna! Reagerte på at det i juni har vorte registrert ein haug Toyota Mirai med serienummer frå 2018! Tippar dei gjekk til ein veldig "gunstig pris", ja! Matpakkebilar med rekkjevidde deretter. Toyota vart vel lei av å ha desse gamle bilane ståande på lager, og fann til slutt nokon som aksepterte å lease dei for ei krone. Toyota registrerte forresten 14 slike Mirai produsert i 2018 i juni i år. Lurer på kvar den siste vart av. Det har vorte avregistrert og vraka nokre hydrogenbilar i det siste òg , so no er det 147 personbilar med HY-skilt i Noreg. 4 av dei skulle vore avskilta pga manglande EU-kontroll.
  14. Fleire kablar mellom Noreg og utlandet vil gje mindre svingningar over året. Til dømes er straumprisen i Danmark generelt lågare enn i Noreg om vinteren. Fleire kablar til Danmark vil difor gje litt høgare sommarprisar og litt lågare vinterprisar. Høgare sommarprisar gjer at vi slepp å sende vatnet forbi turbinane, og kan produsere meir kraft. Den journalisten har jo store problem med grunnleggjande rekning. Sjekk straumrekninga di. Når brukar du mest straum? Om sommaren eller om vinteren? Slik prisendringane fordeler seg over året vert auken i straumrekningane veldig mykje mindre enn journalisten påstår. I tillegg meiner eg NVE ikkje har teke høgde for den veldige auken i vindkraft i Skottland. Skottane har jo allereie hatt periodar med negative prisar, fleire år før NVE la til grunn at det kunne skje.
  15. Den forstod eg ikkje. Kva eigeninteresser har NVE i dei kablane? Med mindre det er vinter, då går prisane til himmels. Om sommaren er straumrekninga mi på hundrelappar pga snøsmelting og lågt forbruk, men om vinteren bryr eg meg.
  16. Alle EU-land med gode vindressursar gjer det. Danmark får over 50% av krafta si frå vind. Irland er over 30%. Både Portugal, Tyskland, Storbritannia og Spania er over 20%. Sverige, Austerrike, Romania, Belgia, Nederland og Hellas er alle godt over 10%. Frankrike og Italia er dei 4. og 5. største vindkraftnasjonane i EU målt i installert effekt, men vind står framleis for litt under 10% av produksjonen i dei landa. (Danmark ligg på 8. plass i EU målt i installert effekt.) I heile EU dekkja vindkraft 15% av kraftforbruket i 2019. Noreg har dei beste vindressursane i Europa, men heng veldig langt etter. Du er kanskje ikkje mykje ute og reiser?
  17. Ein vindturbin på 4 MW har nøyaktig same skattereglar som eit vasskraftverk på 4 MW. Med dei skattereglane er vindkraft lønsamt, ikkje vasskraft.
  18. Her er dokumentasjon. Grafen syner tilsig, kraftpoduksjon og forbruk gjennom året 2017. Nesten heile potensialet for oppgradering aukar produksjonen i periodar meg høg snøsmelting. Då har vi allereie overproduksjon. Skal vi auke vinterproduksjonen med vasskraft, må vi utvide magasinkapasiteten i fjellet. Det er ikkje mogeleg utan store naturinngrep. Vindturbinar produserer mest om vinteren, i motfase med snøsmeltinga. Dei er det perfekte supplement til vasskrafta vår. Vi kan gjerne kombinere med oppgradering av vasskraft, men oppgradering av vasskraft åleine vil berre auke produksjonen om sommaren og litt om hausten. Vi treng mest kraft om vinteren, og må auke produksjonen då og for å kunne auke forbruket utan å gjere oss avhengige av import om vinteren.
  19. Trist, men sidan dette er heilt ukontroversielle prosjekt reknar eg med det går greitt å få ny konsesjon med større turbinar. Evt selje prosjekta til ein utanlandsk storkapital som har kapasitet til å få opp vindparkane innan tidsfristen.
  20. Nei, NVE har sagt det tvert motsette. Prisen (om vinteren) vert mykje høgare utan utlanskablar. Kjelde: https://www.nve.no/Media/7167/2018_08_16_notat-om-kraftpriser-uten-handelsmuligheter.pdf Nettleiga vert lågare pga handelsinntektene frå kablane. For ti år sidan lanserte Ola Borten Moe Noreg som "Europas batteri" med masse utlandskablar som skulle tene pengar på å yte fleksibilitet til europeisk fornybar kaftproduksjon. No har han investert pengar i oljeselskapet Okea, og den nye Olja Borten Moe har fått partiet sitt med på at vi heller skal eksportere gass. Dei som trudde det var lite korrupsjon i norsk politikk kan ta seg ein bolle.
  21. I den skya som vert danna der luft kondenserer i kulda frå det flytande hydrogenet er det små dråpar av flytande oksygen og nitrogen frå lufta. Oksygen har høgast kokepunkt av dei to, og kondenserer lettast. Flytande oksygen er svært reaktivt og kan til og med få asfalt til å brenne eller organisk materiale til å eksplodere. Lurer på kva tilleggseffektar det kan få på alle former for brennbart materiale rundt utsleppet. Her vil oksygenet vere iblanda nitrogen og andre gassar, men er uansett meir konsentrert enn oksygen i luft. Om farer med flytande oksygen: https://archive.org/details/23004LiquidOxygenReceiptTransferStorageDisposal Eg ser at utsleppet var på "opp til" 0,83 kg/s (50 kg/min). Det er ca det same som når ein tank med komprimert hydrogen naudventilerer. Ikkje veldig mykje, men det vart ei god sky utav det.
  22. Det kjem til å skje, eller det vert ein lekkasje eller nokon bles i fløyta, og nettopp difor er Bosh-sjefen ute og åtvarar om "hybridgate" allereie no. Bosh produserer ein stor del av delane til bilbransjen og var involvert i dieselgate. Han veit nok kva han snakkar om og at bransjen ikkje er tent med fleire skandaler. Eventuelle avgiftsfordelar til ladehybridar må etter mi meining rette seg mot faktisk bruk, ikkje teoretiske utslepp dersom eigaren har eit svært spesielt køyremønster og stålkontroll på laderutiner. (Om eigaren har so god kontroll på lading, kvifor ikkje kjøpe ein elbil i staden?) Fokus må vere på full elektrifisering. No skal det byggjast nytt ventilasjonssystem til over ein milliard kroner i Lærdalstunnelen. Ei utgift vi ikkje hadde hatt med ein fullstendig elektrifisert bilpark.
  23. Tja, Statnett får jo råd til utbygging nord-sør med inntektene frå dei nye kablane. Kablane går heldigvis begge vegar, elles hadde Sør-Noreg fått minst like store problem som Midt-Noreg den vinteren reservekraftverka vart kjøpt.
  24. Kvifor skal du mate straum inn i nettet? Elbilar er eit alternativ til dagens manuelle ordning med utkoplbar last. Raskare, billigare og meir fleksibel både med omsyn til effekt og geografisk lokalisering.
×
×
  • Create New...