Jump to content

Sturle S

Medlemmer
  • Content Count

    5592
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    31

Sturle S last won the day on January 5

Sturle S had the most liked content!

Community Reputation

8144 :)

1 Follower

Recent Profile Visitors

8450 profile views
  1. Eksosbilar har visst og eit ressursproblem, og det er større. Det er mykje verre å skalere opp produksjonen av palladium, som verda no skrik etter pga skifte frå diesel til bensin i personbilar: https://www.bbc.com/news/business-51171391
  2. Poenget du gjekk glipp av er at det er eit klårt skilje mellom fakta og meiningar. No er du langt utanfor emnet for denne tråden. Eg konstaterer at du ikkje finn feil i denne faktasjekken, og då er eg tilfreds med det. Fakta er viktig for meg, for eit ordskifte som ikkje byggjer på fakta tykkjer eg er meiningslaust.
  3. Alle gasskraftverka vart kjøpt under Stoltenberg-regjeringa i 2009 og 2010. Det var spesielt AP og SP som ivra for at Statkraft skulle byte vasskraftinvesteringar i Sverige mot fossil kraftproduksjon i Tyskland og Storbritannia. Trond Giske ga Statkraft 14 mrd kroner til å investere for. Solberg-regjeringa la ned ned forbod mot slike "investeringar" i 2014. Kraftprosjekt i utviklingsland har vore ein del av sammfunnsoppdraget til Statkraft i mange år. Engasjementet i EU-land var det Stoltenberg-regjeringa som starta. Pga forbodet mot å engasjere seg i fossil kraftproduksjon, har engasjementet endra seg over tid. At Statkraft driv med krafthandel i andre land er ikkje so unaturleg når dei allereie har produksjon der. Det ville òg vere unaturleg at regjeringa gjekk inn og detaljstyrte Statkraft meir enn dei har gjort, når det ikkje er fleirtal på Stortinget for å trekkje seg ut. Både dei raudgrøne og miljøpartia støttar at Statkraft engasjerer seg i fornybar energi i utlandet, i tillegg til heime. Den største skandala etter mi meining var då Stoltenberg-regjeringa bytte svensk vasskraft mot tysk gasskraft. Men det var det Stoltenberg-regjeringa som gjorde, og dei ga Statkraft 14 mrd i kapitalinnsprøyting for å gjere det. Pengane kjem frå skattebetalarane, ikkje straumkundane spesielt. Berre for å få dette klårt: Er det Stoltenberg-regjeringa du meiner dreiv høgrepolitikk ved å overføre milliardar til Statkraft for at dei skulle handle i utlandet, eller Høgre-regjeringa som ikkje har gjort anna enn å forby fleire investeringar i fossil kraftproduksjon? Det kan hende eg misforstår her, men det verkar på meg som om du meiner at Stoltenberg-regjeringa dreiv høgrepolitikk, medan dagens regjering ikkje gjer det..
  4. Eg har lese heile tråden. Det ser ut til at enkelte ynskjer at faktisk.no sjekka eit anna utsegn enn dei faktisk sjekka, men då er det jo berre å leggje fram alternative utsegn du ynskjer sjekka for faktisk.no. Elles er responsen for det meste av typen "eg er usamd i påstanden, og då må han vere feil, det er ingen grunn til å sjekke noko som helst". Eg tykkjer faktasjekken er god, og han får med seg nyansane i tillegg. Som du ser er det ikkje ein gong fleirtal som seier nei til dette spørsmålet: "Er det greit å ta urørt natur i din hjemkommune for å bygge ut vindkraft med vindturbiner eller vindmøller?" Det er eit klårt mindretal som svarer "Nei" og eit fleirtal svarer ein variant av "ja". Eit mindretal av dei som svarer "ja" ynskjer ikkje å sjå vindturbinane, men dei seier framleis klårt og tydeleg ja. Dei er ikkje mot vindmøller. Det er veldig mykje snevrare enn påstanden som vart faktasjekka, som var: "Det er ikke flertall i Norge mot vindmøller."
  5. Eg trur du misforstår meininga med faktisk.no. Det er ikkje å komme med meiningar, men faktaopplysningar. Fakta kan sjølvsagt øydeleggje for folk med sterke meiningar som ikkje byggjer på fakta. Dersom du er av den sterke meining at vi må satse heile oljefondet på måneferder for å drive gruvedrift etter ost, som vi kan selje på jorda til høg pris, vil du kanskje føle deg litt rakka ned på om faktisk.no undersøkjer saka og kan informere om at månen ikkje er lagd av ost. Det er like fullt ei faktaopplysning at månen ikkje er lagd av ost. Etter mi meining vert ordskiftet mykje sunnare om vi byggjer det på fakta, enn om vi byggjer det på kva du føler inni deg at er sant. Om du føler at månen er av ost eller at det er fleirtal mot vindmøller, er fullstendig uinteressant. For meg er det viktig kva som faktisk er sant. Det er sjølvsagt lov å vere usamd i at fakta er viktig. For deg er det kanskje slik. Dersom nokon føler at månen er av ost, er det rett å satse oljefondet på ein månebase som skal utvinne osten og sende han til jorda. Då kan du sjå på faktisk.no som ei teneste for oss andre, som ynskjer eit opplyst ordskifte basert på fakta.
  6. Du må vere meir konkret enn det. Kva er det du meiner dei heller bør faktasjekke? Har du prøvd å sende dei eit framlegg til ei sak? Kva meiningsmåling har dei feiltolka? I Pravda var det jo lett å finne faktafeil. Du ser ut til å slite med å finne faktafeil her. Då er det ikkje det same. Skiljet mellom meiningar og fakta er skarpt. Fakta er etterprøvbar informasjon. Meiningar ei oppfatning om korleis ting bør vere.
  7. Det var ein sterk påstand. Kva er det her du meiner er subjektivt?
  8. Ho vil ha inntekt i fengselet og har sikkert allereie fått eit bok-tilbod eller fire. Elles er det ikkje vanleg at utanrikstenesta spekulerer i folk si framtidige inntekt når dei vurderer korleis dei skal assistere nordmenn som står fast i utlandet med å komme seg heim.
  9. Eg skal ikkje leggje meg borti staten sitt val av transportmetode. Det har dei nok gode grunnar til, og det seier kanskje mest om kor sjuk ungen er. Men det er vanleg at staten yter konsulær bistand til nordmenn som står fast i utlandet, og det inkluderer naudsynt hjelp til å komme seg heim. Den retten er ikkje reell dersom du meiner ho skal gå til fots i eit krigsherja område med ein unge på slep. Nei, Noreg har ikkje ei plikt til å hente nokon, men norske statsborgarar har rett til å komme heim. Den retten må vere reell. Dersom dei ikkje kan komme seg heim utan å verte henta, er det vanleg at utanrikstenesta yter naudsynt assistanse. Kva meiner du om at Joshua French, leigesoldat og dømd drapsmann, vart henta heim? Det kosta skattebetalarane millionar av kroner. Eg veit ikkje om han har fått rekning, eller om staten har betalt.
  10. Dagens regjering har ikkje stykka opp Statkraft. Det var Stoltenberg-regjeringa som sendte Statkraft til utlandet for å gjere dumme kjøp av gasskraftverk. Dagens regjering har sett ned foten for at Statkraft skal involvere seg i meir fossil kraftproduksjon i utlandet. Elles har Statkraft vore engasjert i vasskraftprosjekt i utviklingsland sidan Gerhardsen-regjeringane.
  11. Då har dei vald ei svært dårleg løysing. Det totale tapet i verdas lengste sjøkabel, NorNed, er ikkje meir enn omlag 3,5%. (Gjennomsnitt, avhengig av last.)
  12. Hugsar du då oljeforbruket steig med 2 millionar fat om dagen, ca 2% av verdas forbruk? Oljeprisen gjekk rett i dass og knapt eit einaste felt i Nordsjøen var lønsamt med dei prisane. Det same kjem til å skje når forbruket går ned med 2%. Personbilar står for godt over halvparten av verdas oljeforbruk, og i Noreg går allereie forbruket ned med 2% i året. Resten av verda heng ikkje meir enn fem år etter. Skal vi då pøse på med subsidiar for å oppretthalde sysselsettinga i oljeindustrien, slik vi gjer med leitesubsidiane, eller skal vi gjere oss mest mogeleg avhengige av oljeindustrien før prisen kollapsar?
  13. Sovidt eg veit er det eit EU-regulativ om "mikrogrid" på veg, som vil tvinge Noreg til å tillate private nett mellom private (og offentlege) bygg.
  14. Dei gjer det òg, men problemet er ikkje å eige land i Amazonas. Problemet er at dei som høgg og brenn skogen ulovleg ikkje bryr seg ein døyt om kven som eig skogen, som er ulovleg å hogge ned og brenne i utgangspunktet. Med det noverande regimet i Brasil trur eg ikkje ein får mykje att for å sponse politiarbeid mot ulovleg hogst og brenning heller.
×
×
  • Create New...