Gå til innhold

Esod Mef

Medlemmer
  • Innlegg

    227
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Nylige profilbesøk

1 774 profilvisninger

Esod Mef sine prestasjoner

334

Nettsamfunnsomdømme

  1. Takk for særs interessant lenke til foredrag. Materialtilgang er eit kritisk viktig tema eg håper fleire i maktposisjonar fokuserer på. Dette berre viser kor langt utanfor planetes bæregrenser vår moderne menneskelege sivilisasjon, befinn seg. Og eg tenkjer då ikkje på befolkningsantal. Til det er forbruksavtrykket til oss rikaste 1-5% altfor stort i høve til resten av verdast befolkning. Uansett utvikling, må me byrje å setje "tæring etter næring". Drastisk reduksjon i forbruk, design for lang levetid, enkel gjenbruk og resirkulering må til.
  2. I 2020 sidan tipsa eg ein representant frå Westcon på Vestnorsk ingeniørkonferanse om oppstarten Hydrogenious frå universitetet i Erlangen. Eg oppgav då også tettleiken på 57 kg H2/m3 i LOHC-olje kontra 70,85 kg H2/m3 for flytande nedkjølt hydrogen. Tilbakemeldinga var då at dette ikkje var så relevant for verken Westcon eller kundane. Litt artig at dette dukkar opp i media etter 2 år.
  3. Det er nok som vanleg utviklingstillatelsane som er det interessante her og mogeleg konvertering av desse til regulære produksjonstillatelsar. Interessa for teknologi er her underordna så lenge det er gratis å produsere lus, dumpe kloakk og skitne til felles ressursar og område. Det viste MOVI sin sabotasje av testen av Aquafarm Equipment sin merd i Skånevik for fleire år sidan. Fisken vart bevisst skada, slik at den lettare vart sjuk og testen kunne avbrytast før endelege resultat vart klare. Berre vent nokre år, så er utviklingslisensane skilt frå teknologiselskapet og ingen vil kjøpe teknologien sjølv om denne skulle vise seg overlegen.
  4. Eit anna alternativ er om dei kunne lagre varme i sand slik som Polar Night Energy i Finland. Om dette let seg kombinere med høgtemperatur varmepumper, kunne det jo vere endå betre. Dette burde vel mest vere eit studentprosjekt verdig.
  5. For mykje vind vert visst også ein brems. Og Tyskland betaler for lågare produksjon. https://jyllands-posten.dk/indland/ECE13785117/det-er-fuldstaendig-grotesk-at-slukke-for-vindmoeller-der-sagtens-kunne-producere-vaesentligt-mere/
  6. Eg tykkjer me skal snakke meir om insentiv og korleis marknadsaltoritmane fungerer. Verknader av ansvarspulverisering gjennom omorganisering i blåruss-regi, er velkjend. Det er same er "tragedy of the commons", som er ein versjon av dette. Ein kan gjerne spørje seg kor våt hausten er venta av kraftverksoperatørane, sidan så mange reservoar tappast så langt ned. Det vert litt som å tøme sparekontoen no fordi ein forventar å vinne i lotto. Ein kan jo spørje seg kva insentiv har kraftprodusentane for å halde att nok vatn til å unngå ågerprisar på straum (som me allereie har), i høve til insentiv for å oppretthalde beredskap. Eller om dei medvite utnytter situasjonen til å drive ein vedvarande anstrengt situasjon og høge prisar over tid. Det nyttar ikkje å sjå på antalet kablar for å frikjenne systemet. Ein må sjå på kapasitet og endring i kapasitet også.
  7. No var det vel ei nyhendesak for ei tid tilbake om at DJI visstnok skulle slutte å selgje droner i Russland og Ukraina for å forhindre "militær bruk". https://www.reuters.com/technology/chinese-drone-maker-dji-suspends-business-activities-russia-ukraine-2022-04-26/
  8. Det kan nok stemme, men nokon må jo produsere all denne plasten, samt lære opp folk i å kaste den frå seg. Dette var faktisk eit stort problem for plastbransjen på 50-talet, at folk tok vare på ting og brukte emballasje oppatt. Så spørsmålet vert kor ligg feilen?
  9. Høyrer ein del som klagar i “hobbymekk”-miljøet at celler frå el-bilar har vorte så dyre grunna mange firma som bygger husbatteri. Så det er nok mange som kjem til å glede seg over større mengder batteri etterkvart. Og med leveringsproblem, høge råvarekostnader og slikt, er det klare insentiv for å bedrive effektiv resirkulering. Så farane ligg nok heller i klassisk eksternalisering av kostnader samt desinformasjon frå fossilbransjen. https://www.tu.no/artikler/bygger-gjenbruks-og-resirkuleringsfabrikk-for-elbilbatterier-i-sor-norge/516849
  10. Håper verkeleg dei har fått inn nokre klausular i kontrakta med operatøren/lakseprodusenten som skal ha "biomassen" inn i dette egget, som vanskeleggjer sabotasje av testen. Andre utviklarar har opplevd at operatør har sabotert slik at testresultata ikkje nådde endeleg konklusjon og at laksen måtte slaktast prematurt. Årsaka ligg sjølvsagt i at "lakse(lus)produsentane" har sterkare insentiv for å skaffe utviklingslisensar med tanke på å konvertere desse til produksjonslisensar, enn å utvikle teknologi som kan redusere problema i bransjen. Ureining av felles ressursar, (fjordbassen) er billeg og utan konsekvens for "lakse(lus)produsentane". Utviklingslisensar må vere tidsavgrensa og aldri kunne konverterast til produksjonslisensar.
  11. Ei temmeleg stor auke må nok påreknast ja, men samstundes går det vel ha ha fleire tankar i hovudet samstundes. Det er jo ikkje akkurat slik at dagens eksisterande energi- og verdikjeder er utan negative verknader for folk og natur. For gruveprosjekt i Noreg er det jo svært interessant om avfallet kan inngå i ei verdikjede for geopolymer som erstatning for betong i byggebransjen.
  12. Så i følgje figuren over er det heilt rett at Saudi Arabia omtaler si olje som verdast reinaste, særskilt om ein tek omsyn til at usikkerheita rundt tala er større for Noreg. Azerbaijan ligg for øvrig også godt an. Danmark er jo betydeleg betre enn Noreg. Elles har ein jo også dette med volum. Om Saudi får noko betre praksis kring fakling tippar eg dei lett slår Noreg. Eg går då utifrå ein mogeleg reduksjon tilsvarande forskjellen på norsk og britisk sektor.
  13. Er dette del av ein bevisst politikk frå oljesmurte "høgrepolitikarar" for å byggje "fiendebilete" som kan rettferdiggjere vidare handlingar som rettferdiggjer "planetdrap", tru?
  14. No er vel 4 år i øvre del av spekteret, men eg forstår jo at du vil fremme det synet om du har ein agenda. Kjelde: https://cleantechnica.com/2018/02/03/solar-power-can-pay-easily/ Elles kan det jo argumenterast med at bidraget frå solceller på tak, på eksisterande bygg, ikkje medfører arealinngrep.
  15. Eg fekk opp 14 panel (5 kWp) på sørvendt garasjetak i mars. Så langt har eg ikkje tenkt på eige batteri, men benytter meg av virituelt batteri hos den lokale "faktura-bedrifta". Salg av inntil 500 kWt til 1kr/kWt freista lite så lenge eg må betale spotpris på over 2 kr/kWt. Ulempa er at eg må betale nettleige på "eigen straum", samstundes har eg mogelegheita til meir "sesonglagring".
×
×
  • Opprett ny...