Gå til innhold

Lov å være alene i butikk?


Vitis

Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

I forhold til ran så vil det ikkje spele noken rolle om det er 1 eller 100 ansatte på jobb.

Eg rekner med at ransinstruksen seier at ved ran skal forholde deg rolig å gi ranaren det han/ho ber om? Det er ikkje slik at du/dere som er på jobb skal prøve å stoppe ranaren.

 

Uansett så er ikkje slike ting lovregulert. På arbeidsplasser der det vil være ein sikkerheitsrisiko å berre være en på jobb så vil det være regelverk som kan være aktuelt å bruke. Arbeidsgiver skal etter arbeidsmiljølova sørge for at arbeidsmiljøet til ei kvar tid er ansvarlig. Etter internkontrollforskrifta så skal også arbeidsgiver dokumentere at arbeidsforholda oppfyller vanlige HMS-krav.

Det er også mulig at antallet ansatte som er på jobb er avtalefesta i arbeidsavtale eller tariffavtale.

 

I slike situasjonar blir det alltid ei avvegning mellom kostnaden ved å ha fleire ansatte, og nytten av fleire ansatte. På ein liten butikk vil det typisk ikkje være kundegrunnlag for å ha fleire ansatte på jobb samtidig, då er dei praktiske alternativa å enten ha berre ein ansatt på jobb, eventuelt å stenge.

I enkelte tilfeller vil personsikkerheita være så viktig at ein må ha fleire personar på jobb enn kva det vanligvis er arbeid til. Typisk eksempel er nattevakter på sjukeheimer. Det er ikkje eigentleg arbeid for to personar kvar natt, men dersom det f.eks begynder å brenne så må ein ha minst X antall ansatte på jobb for å kunne redde ut bebuerane.

 

Om du er usikker på dette så er det ikkje verre enn at du tar det opp med sjefen. Kanskje det finnes argumenter til kvifor det bør være minst to på jobb til ei kvar tid som det ikkje har vært tenkt på?

Men akkurat faren for ran vil nok ha forholdsvis liten vekt då fleire ansatte ikkje vil kompansere for denne faren. Men om butikken ligger i eit belasta område så kan det kanskje være grunnlag for at det er fleire på jobb.

Det er dette som gjer at mange døgnåpne kiosker har vektere i kiosken om natta når det er mange fulle folk innom. Ikkje fordi ein absolutt må ha ein ekstra person til, men fordi det er greit å være fleire dersom ein full kunde skulle slå seg vrang.

Lenke til kommentar

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
×
×
  • Opprett ny...