Gå til innhold

Den store GoPro tråden!


Anbefalte innlegg

Videoannonse
Annonse

Hei, folkens!

Eg har bruka ein del tid no på å prøve å finne ut kva slags batterilevetid eg realistisk kan forvente frå eit GoPro Hero5 Black-kamera. Eg har sjølvsagt sett på dei tidene som er opplyste på GoPro sine offisielle nettsider. Eg stolar likevel aldri heilt på slike data frå produsenten, for desse har (i alle fall etter mi erfaring) ein tendens til å vere for optimistiske/overdrivne, og berre gjeldande under ideelle forhold.

 

Etter å ha søkt på nettet og kikka på ein haug av nettsider og testar har eg sett svært sprikande tal: I den eine enden av spekteret så er det fleire som hevdar å få betre batterilevetider enn det GoPro sjølve seier (i overkant av to timar med høgaste oppløysing og dei fleste/alle funksjonar aktive), og i den andre enden så har du dei som har opplevd å berre klare 15 minutt (!!!) med opptak før batteriet tek kvelden... Med så store sprik i brukarerfaringane er det ikkje godt å vite kva ein skal tru, akkurat...

Eg har per i dag eit Hero3 Black, og eg lyt seie at eg er rimeleg skuffa over batterilevetida på dette, sjølv med ekstra batteri (BacPac) kopla til. Eg vurderer å selje dette og skaffe meg eit Hero5 Black i staden, men før eg gjer det så vil eg kjenne meg rimeleg sikker på at eg kan oppnå atskillig betre batterilevetid enn med det kameraet eg har no (min fullt opplada Hero3 med BacPac er som regel rimeleg utlada etter ikring ein halv time med filming i 1080p og 50 fps, med Wi-Fi på).

Det eg er interessert i er å høyre nokon brukarerfaringar angåande batterilevetid ved bruk av nokon av (eller alle) dei fylgjande video-oppløysingane for Hero5 Black:

  • 4k og 25 fps
  • 2,7k og 50 fps
  • 2,7 k og 25 fps
  • 1080p og 50 fps
  • 1080p og 25 fps

For alle desse, gå ut frå at GPS er av, stemmekontroll er av og WiFi/Bluetooth er på. Gå ut frå ein utetemperatur i området 15°C.

På førehand takk for alle innspel, det hadde vore særs interessant å høyre kva slags brukstider faktiske brukarar av Hero5 Black opplever i kvardagen!  :) 

Endret av Garegaupa
Lenke til kommentar
  • 3 uker senere...

 

Hei 

 

Har glemt passordet når man skal logge seg i på nettet på gopro med mobil?

Noen som kan hjelp meg med det? 

 

"Resetting the WiFi password can be done via the camera's menu. All you need to do is go to your camera's settings, select “RESET CAM” and then “RESET WI-FI”. That's it! Now you can pair yourphone through the GoPro app with your camera the same way as you did it the first time."

 

 

 

Det har vi prøvd å det gikk ikke

Lenke til kommentar
  • 3 uker senere...

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...