Gå til innhold

Gazer75

Medlemmer
  • Innlegg

    1 498
  • Ble med

  • Besøkte siden sist

Alt skrevet av Gazer75

  1. Problemet her er jo at krav om utstyr med 4G/5G ikkje kom for lenge sidan. Om ein fortsatt har 2G som minstekrav så er det jo det som blir brukt sidan det er rimelegare. Hadde EU bestemt at utstyr etter ein viss dato må støtte 4G så ville ikkje dette vere noko problem. Då vil produkt med kun 2G dø ut før ein eventuelt legg ned nettet som desse treng. Dei har starta i feil ende og lar teleoperatørane styre ting. Eit aspekt som ingen bryr seg om er miljø. Kor mange millionar av dingsar må kastast før endt levetid pga at ein legg ned 2G? Litt som alle radioar som vart kasta ut når DAB kom. Sikkerheita til folk med alarmar er jo også eit problem. Ein allereie pressa økonomi i kommunane blir jo ikkje betre om dei må byte utstyr før endt levetid. Lurar på kor mange gamle heisar som kan få ny modul for alarm osv. Om det ikkje går kva skjer då? Må ein rive heile skiten og bygge ny heis til ein fin sum?
  2. Ikkje sikkert det. Nederland er jo på heimebane.
  3. Problemet er jo at spelereglane for kablane er veldig styrt av reguleringa til EU via Acer. Statnett kan ikkje bruke pengane dei tener på desse som dei vil. Dei skal brukast for å styrke nettet slik at ein reduserer flaskehalsar internt som vil utnytte HVDC kablane betre. Altså at heile Norge skal få Europeiske prisar. Reknar med at dei vedtaka om redusert nettleige frå flaskehalsinntekter som Statnett har fått lov til gjeld inntekter internt mellom våre regionar og ikkje utanlandsforbindelsar. Når ein då styrkar nettet så går inntektene her ned fordi skilnad på pris går ned. Då vil Statnett måtte sette opp nettleiga og det går vidare til sluttbrukar via nettselskapa. Så då må prisen på straum opp på sommaren. Og med meir solkraft så vil jo prisen gå andre vegen. Fine er vel at kraftverka med magasin då kan eksportere meir når sola ikkje skin sidan dei har produsert mindre elles. Vi har jo alt ein god del elvekraft som må gå uansett. Og ein del magasin må sleppe minstekrav i elvar som då også vil produsere kraft mange plassar. Som f.eks. Leiro under Sysendammen som mange sikkert har vore forbi på rv7 over Hardangervidda.
  4. Nettet er synleg på dei fleste flyfoto over heile verden. Det er også kartlagt i dei fleste land. https://openinframap.org er ein visning av Openstreetmap databasen for kraftlinjer og diverse anna infrastruktur. Ein må flytte alt under bakken for at dette ikkje skal vere synleg frå lufta eller satellittar.
  5. Litt spesiell situasjon for Frankrike og Nederland i dag. Vinnaren av gruppe 3 vil kunne møte Norge i ein semifinale dersom dei slår Ungarn. Om Frankrike vinn gruppe 3 så kan det fort bli finale mot Danmark om vi kjem dit. Ungarn-Nederland i kvartfinale kan bli jamn kamp. Ungarn tapte berre med eit mål mot Danmark is siste kamp i gruppe 1. Men då må Frankrike tape med vilje mot Nederland i kveld for å bytte side i tablået. Vinn dei så må Nederland møte Danmark igjen i kvartfinale. Vi vil møte vinnaren av den kvartfinalen om vil slår Montenegro.
  6. Det blir ikkje plutseleg reversert. Desse er planlagt på førehand. Det nordiske systemet har er ein 1400MW reserve for utfall av ein generator. Det er også ramping restriksjonar på HVDC linjene. NordLink og NordNed har f.eks. ein samla restriksjon på 450MW per 15 minutt, NSL er på 465MW og Skagerrak er på kun 225MW.
  7. Dette er for det meste kun riks- og fylkesveg enn så lenge. Dei fleste kommunar har ikkje data i NVDB.
  8. Så batteri backup bør bruke grid forming. Veit ikkje kor utvikla dette er, men vil nok vere svært viktig i framtida. Sikkert svært dyr endå, men burde jo vere noko vind- og solkraftverk kan implementere i framtida for meir stabil levering av straum.
  9. Om landet ein er investert i har lover som krev diverse skattar så er vel det greit. Då må ein vurdere selskapet. Det som er problemet er jo at det er urettferdig for norske eigarar som må betale diverse skattar og avgifter medan utanlandske eigarar i skatteparadis kan snike seg unna. Eg meiner at selskap som er i Norge må behandlast likt uansett kor eigaren held til.
  10. Problemet er vel at denne skatten er flat uansett effekt når ei kjem over grensa. Hadde grunnrenteskatt på småkraft vore delt i trinn så kunne nok ting fungert betre. Dei kunne f.eks. sette den til 2-3% per MVA opp til dagens 10 MVA. I dag er det vel 57,7% flatt når ein er over 10 MVA. Skal denne prosenten gjelde frå 1,5 MVA så er det klart at mange små får problem.
  11. Nei, ein må ha 3 toppar på 3 ulike dagar i ein månad. Så difor vil ein topp ikkje nødvendig vis vere utslagsgjevande for berekna effekt. Om ein normalt sett ligg rett rundt grensa for ein ny pris så er det jo irriterande. Tenker du at ein skal ha ein effekt pris som er per dag? Skal det vere ein time over så er du over, eller eit snitt over 3 ulike timar per dag? Det kunne kanskje gå. For min del så ville det vore 7, 9, 11 og 15 kroner for 0-2kW, 2-5kW, 5-10kW, 10-15kW osv. om ein rundar til heile kroner. Skal ein dele opp i 1kW steg så blir det øre i skilnad per kW.
  12. Er vel berre eit par nettselskap som har 1kW oppløysing og så 2-3 stk med 2kW opp til 10kW. Eine er Sygnir i indre Sogn som har blodpris på effekt. Er null problem å lage forskrift osv som pålegg nettselskapa å bruke 1kW oppløysing på effekt. Kunne vore 1kW opp til 10kW og så 2kW opp til 20kW. Stor skilnad på effekt prising. Elvia tek kun 190kr for 2-5kW medan fleire andre mindre tek 4-500kr for 2-5kW. Vang Energiverk skal ha 688kr for 2-5kW. Korleis tenker du at ein skal berekne effekt om ein ikkje fordeler det? Skal det vere toppen uansett slik at ein blir straffa for den eine toppen i ein månad? Hadde folk kunne styrt denne utan store kostnader for straumstyring så kunne det sikkert vore greit.
  13. Og kor mykje energi og tid går med på å få varmen opp att til skulane startar opp etter ferie? Tvilar på det er så mykje å spare på å skru av. Kanskje senke temperaturen ei grad eller to, men noko meir har lite for seg.
  14. Når offisielle tal er klare så brukar dei desse. ENTSOE er litt forseinka i tid med tala sine. Går ein 2 timar tilbake i tid så er det offisielle tal som gjeld.
  15. Gav opp den sida der når dei ikkje klarte å fikse CO2 verdi på vasskraft. Dei brukar UNECE tal frå 2022 i EU som er 11 gCO₂eq medan i andre land brukar dei IPCC 2014 verdi på 23 gCO₂eq.
  16. Gazer75

    Elbil-tråden

    Trillar gjer den, men om eg trykker på bremsen så er det regen først og så kjem bremsene på om ein trykker hardare. Men trur ikkje den trillar heilt fritt. Ser at i slak nedoverbakke så visar forbruket nær null som då må nulle ut vanleg forbruk. Bilen brukar 3-400W idle + eventuell HVAC. Om forbruket ligg rundt 1kW så går det i null når bilen trillar. D eller N virkar ikkje ha nokon effekt på dette. E-Golf har "ingen" regen i D mode og så har den D1, D2, D3, og B mode som gir meir og meir.
  17. Gazer75

    Elbil-tråden

    Er fortsatt regen på e-Golf. Er eit triks med å pumpe for å slå av regen, men har ikkje heilt fått det til konsekvent. Ein på tappe på bremsen kjapt ein gong før ein trykker den inn hard. Problemet er vel også at bilen vert lite brukt. Køyrer vel 6-8k i året kanskje. Heller ingen bakkar å snakke om der eg brukar bilen. Har verken armar eller plass til å fikse bremser sjølv. Har ikkje ein gong kunna byte hjul siste 5+ åra pga helsa. På det verste køyrde eg knapt bil heller. Var vel eit år eg brukte kun ein tank diesel 😛 Ikkje at eg har hatt interesse av å mekke sjølv sidan eg var tenåring og fikla med mopeden
  18. Gazer75

    Elbil-tråden

    Lurar på om slike ting blir sjekka ved såkalla "utvida inspeksjon". Min 2020 e-Golf var inne til service for slik inspeksjon og det kosta 3800kr. Så kom bremseveske service til rett over 1000kr. Og den verste var nye bremseskiver og klossar bak pga rust. Kosta meg ca 5300kr. Var skremmande dårlege bremser utan at eg var klar over det. Merka det når eg fekk att bilen kor mykje betre dei var. Den gjekk akkurat gjennom EU kontrollen i fjor pga rundt 50% rust på skivene bak. Så til alle som ikkje køyrer mykje og/eller eventuelt brukar mykje regen, det er ikkje verdt innsparinga på straumforbruket.
  19. Gazer75

    Elbil-tråden

    Næraste under 3kr for meg er vel taket på Gullgruven senter i Åsane utanfor Bergen. Køyrer du nordover så er Evje SuC 4,80. Lyngdal er 5,10 osv.
  20. Gazer75

    Elbil-tråden

    Svært få stasjonar i distrikta som har slik pris. Her er off peak prisen 5,10 no på dei fleste rundt meg. Abonnement for meg har aldri vore aktuelt. Såg eg hadde lada 4-5 gonger på SuC sidan vi fekk lading siste dagane i mai. Og heime visar appen under 300kWh brukt så langt.
  21. Gazer75

    Elbil-tråden

    Såg på den tidlegare i år, men når ein legg til varmepumpe og adaptiv cruise så vart den jo nesten 400k om eg hugsar rett. Har ikkje fått testa MGS5, men den virkar vere meir for pengane.
  22. Gazer75

    Elbil-tråden

    Du bur sikkert langs kysten og nær Bergen? Ser at det kan vere lågare pris der enn i distrikta. Medlemskap hadde eg vel ein gong på 90-talet med noko bonuskort, men ikkje etter det. Var vel noko greier der ein sparte opp over eit heilt år og så kunne bruke det på fylling året etter. Kan vere prisen har gått ned sidan eg slutta fylle drivstoff og difor ikkje lagt merke til prisen. Dei gongene eg hugsar så har eg berre vore glad for at eg har elbil. Såg dieselen var godt over 24kr her ein gong. Men så lenge eg hadde diesel fram til mai 2023 så var prisen er normalt 21-23kr siste åra.
  23. Gazer75

    Elbil-tråden

    Om ein brukar dei dyre stasjonane så kanskje. Spørs også kva ein samanliknar med. Blir tullete å samanlikne ein liten 1.4L diesel som brukar lite med ein stor SUV elbil. Typisk det anti elbil brigaden gjer. Såg jo ein på Youtube som samanlikna ein Model Y performance med ein Mazda 2 og meinte det var tull å kjøpe elbil. Om ein brukar 150Wh/km i ein effektiv elbil og ladar for 6kr/kWh så må ein fossil som fyller for 22kr/l ned på 0,41 på mila for å vere lik på drivstoff. Ikkje så vanskeleg å få prisen ned mot 5kr/kWh og då er det snakk om 0,34 på mila. Problemet er vel at dei fleste ladar heime og dermed bryr seg ikkje om dei få gongene dei hurtigladar til 6kr/kWh. Avtalen med Ionity krev faktisk ikkje så mykje lading før ein går i null, ca 56kWh/mnd. Den dyraste rett over 69kWh/mnd. Om ein ladar ofte heile året så har dei jo no eit heilt år til same pris som 10 månader. Så då blir den minste 560kWh for å gå i null på eit år. For Tesla varierer det ein del men typisk rundt 90-100kWh/mnd for å gå i null.
  24. Gazer75

    Elbil-tråden

    Prisen på diesel og bensin har ikkje vore 19kr i snitt på fleire år. Trur ikkje eg har sett drivstoff til under 21kr her vest på lang tid. Min samanlikning var enkel. Gamle Golf'en (diesel) brukte 0,65 på mila i snitt. E-Golf'en brukte i snitt 145Wh/km. Prisen på diesel har vore 21-23kr literen. Hurtiglading kosta meg under 5kr/kWh så lenge eg ikkje hadde lading heime.
  25. Gazer75

    Elbil-tråden

    Har klart meg med Tesla, Eviny og Uno-X. Mindre Uno-X no etter at prisen hoppa til 5,30kr, dei var 4,80kr tidlegare. Fine med Eviny er at som registrert får du 10% rabatt og ein kan bruke ein RFID som ein eventuelt har til boksen heime. Dei krev ikkje eigen RFID slik som Kople, Recharge osv. Eviny var 4,99kr lenge og då blir jo det 4,50kr med rabatten. No med 5,39kr så blir det 4,85kr med rabatt. Så prioriteten var Tesla (utanom peak), Eviny og så Uno-X. For Tesla så varierer det jo litt sidan ein del plassar er dyre. Ladar ikkje på ein Tesla til 5,10kr peak om det er ein Eviny nær eller eg kan fortsette til ein anna Tesla som kostar 4,60kr. Ionity er for langt borte og svært få rundt her. Har ikkje rekkevidd på e-Golf'en til å nytte desse. F.eks. så har Aurland alle 3 men der har Tesla vore rimelegare fram til no off peak, ellers er det Eviny som er lågast pris. Etter at Tesla auka prisen til 5,10kr off peak drop-in på mange stasjonar så vil jo Ionity med app vere 4,96kr og rimelegare. Er ein på ferie og må lade ein del så vil jo ein mnd abonnement hjå Tesla eller Ionity potensielt spare ein god del.
×
×
  • Opprett ny...